5.1 Samandrag

Det vert i meldinga vist til at iNoreg er ein stor del av den samla, stasjonære energibruken knytt til bygg.

5.1.1 Mål

  • Energibruken i bygg skal reduserast monaleg innan 2020.

  • Regelverket skal vere med på å sikre at vi får bygg med lågt energibehov.

  • Stønadsordningar og informasjon skal vere med på å gjere bygg meir energieffektive.

5.1.2 Bygg, energibruk og klimagassutslepp

I Noreg kjem ein stor del av energibruken i bygg frå elektrisk kraft, hovudsakleg vasskraft. Energieffektivisering i bygg i Noreg vil derfor særleg påverke etterspurnaden etter elektrisitet, og vil ha mindre effekt på utslepp av klimagassar i Noreg.

I Noreg er energieffektivisering truleg den mest miljøvenlege måten å sikre kraftforsyninga på. Energieffektivisering vil vere med på å redusere den totale energibruken og den særleg høge bruken av straum i vinterhalvåret.

I nybygg og eksisterande bygg er det ulike utfordringar knytte til verkemiddel for energieffektivisering. For nye bygg (og ved hovudombyggingar) er krava i bygningsregelverket og byggteknisk forskrift (TEK) det viktigaste verkemidlet. Byggteknisk forskrift har i mange år hatt krav til energieffektivitet for å sikre eit lågt energibehov i nye bygg. I 1987, 1997 og 2007 kom det viktige endringar med mellom anna strengare krav til isolering.

Å bruke bygningsregelverket for å fremje energieffektivisering i eksisterande bygg er ikkje alltid like relevant. Dei som skal pusse opp småhus – og spesielt bustader – gjennomfører sjeldan ei søknadspliktig totalrehabilitering. Mange bustadeigarar har framleis relativt liten kunnskap om kva energitiltak som er mest effektive og om korleis dei kan unngå fuktskadar, eller korleis tiltak påverkar inneklimaet.

På den andre sida er det no mange som gjennomfører oppussingar som fører til at energibruken går ned. Saman med betre teknologi, varmare klima og redusert vekst i bustadareal per person har dette medverka til at den samla energibruken i hushalda har flata ut dei siste 20 åra.

Det er likevel i dei allereie eksisterande bygga det er størst teknisk potensial for energieffektivisering. Omtrent 80 pst. av dagens bygningsmasse kjem framleis til å stå i 2050. Å stimulere til miljøriktig forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling blir dermed eit svært viktig satsingsområde framover. For eksisterande bygg er det i tillegg til regelverket særleg informasjon, kompetanse og økonomiske verkemiddel som er aktuelt for å få til meir energieffektivisering.

Energibruken til drift av bustader og yrkesbygg, det vil seie lys, varme og elektrisk utstyr i bygg, var 83 i Norge TWh i 2009. Dette svarar til 37 pst. av energibruken innanlands.

I 2009 stod bustader og fritidshus for om lag 55 pst. av den totale energibruken i bygg. Energibruken per bustadeining har gått litt ned dei siste åra. Samtidig er det blitt fleire bustader, slik at den totale energibruken i bustader har vore relativt stabil dei siste åra.

Det er gjennom dei to siste endringane i byggteknisk forskrift (2007 og 2010) innført strenge krav til energiforsyning i nye bygg. I tillegg har det over fleire år vore gjennomført ei rekkje tiltak for å redusere bruken av fossile oppvarmingskjelder i eksisterande bygg. Regjeringa vil halde fram arbeidet med energiomlegging i bygg.

Det kan vere klimagassutslepp frå produksjon og transport av byggjemateriale, bygging, rehabilitering, riving og handsaming av avfall frå bygget. I tillegg påverkar lokaliseringa av bygget klimagassutsleppa frå transport i samband med bruken av bygget. Utsleppa frå desse fasane blir rekneskapsførte i dei sektorane der utsleppa skjer. Dette sikrar at utslepp berre blir talde éin gong. Det kan likevel vere føremålstenleg å vurdere utsleppa gjennom heile livsløpet. Dette gjer det til dømes mogleg å samanlikne eigenskapar og klimapåverknad ved ulike løysingar.

5.1.3 Føringar for energieffektive bygg i klimaforliket

Det vert i meldinga peikt på at klimaforliket frå 2008 gjev konkrete føringar for satsing på energieffektivisering og energiomlegging i byggsektoren. Partane i klimaforliket er samde om «en betydelig økt aktivitet innen utvikling av energieffektive bygg» og at Husbanken og Enova skal ha gode stønadsordningar for enøktiltak. Vidare er dei samde om å «sette av tilstrekkelige midler til kompetanseoppbygging i næringen, gjennomføring av forbildeprosjekter og forskning og utvikling på stadig mer energi- og miljøvennlige byggevarer og byggeløsninger».

Når det gjeld bygningsstandard, er partane samde om at energikrava i byggteknisk forskrift skal reviderast «langt oftere enn det som hittil har vært vanlig, minimum hvert femte år». Dei er også samde om at «erfaringene med passivhus skal følges opp, og at det skal vurderes å innføre krav om passiv husstandard for alle nybygg innen 2020». Partane vil også stille konkrete krav til energibruk og energiforsyning i offentlege byggjeprosjekt. Offentlege nybygg skal, så langt det er praktisk mogleg, overgå dei energikrava som til einkvar tid gjeld.

Regjeringa si oppfølging av klimaforliket er nærare omtala i klimameldinga.

5.1.4 Potensialet for energieffektivisering i bygg

Det vert i meldinga vist til at ein dei siste åra har fått fleire studiar av potensial for energieffektivisering i bygg. I meldinga vert det gjort nærare greie for dei, herunder studiar av Lågenergiutvalet, Arnstad-gruppa, Klimakur og Enova.

5.1.5 Enova

Enova blei stifta ved kongeleg resolusjon av 1. juni 2001 med verknad frå 22. juni 2001.

Enova har som føremål å fremje ei miljøvenleg omlegging av energibruk og energiproduksjon.

Enova forvaltar Energifondet, som skal vere ei langsiktig finansieringskjelde for omlegging av energibruk og -produksjon. Eit sentralt prinsipp da Enova blei oppretta, var at føretaket skulle oppnå det størst moglege energiresultatet per stønadskrone innanfor dei rammene som er sette.

I klimameldinga foreslår regjeringa at Enova skal forvalte den nye nasjonale satsinga på klimateknologi. Satsinga har som mål å redusere utslepp av klimagassar og gje varig sparing av energi i industrien gjennom å utvikle og ta i bruk teknologiar som kan bidra til dette.

Enova samarbeider tett med aktørane i energimarknadene gjennom investeringar, rådgjeving og kommunikasjonsverksemd. Enova har eit omfattande stønadstilbod. I tillegg driv Enova generelt rådgjevingsarbeid overfor ulike aktørar og informasjonsaktivitet retta mot barn og unge.

Ein sentral premiss for verkemiddelbruken til Enova er at stønaden skal medverke til å utløyse prosjekt som elles ikkje ville blitt gjennomførte.

5.1.6 Verkemiddel for energieffektivisering i nybygg

Det vert i meldinga vist til at sidan energikrava er blitt endra to gonger i løpet av tre år, skal ikkje krava endrast igjen før i 2015. Det gjev byggjenæringa tid til å skaffe seg nyttig erfaring med endra byggjemetodar og byggjevarer, og styresmaktene og næringa får tid til å vurdere dei tiltaka og løysingane som er valde. Det er også behov for å evaluere mellom anna kva effektar dei nye krava har på inneklimaet.

Regulatoriske verkemiddel

Det går fram av meldinga at regjeringa meiner at det å skjerpe kravsnivået i byggteknisk forskrift gjev store moglegheiter for energieffektivisering. Energikrava blir skjerpa til passivhusnivå i 2015 og nesten nullenerginivå i 2020. Eit tidleg varsel om skjerpa energikrav vil gjere situasjonen meir føreseieleg for næringa og gje auka innovasjon, marknadsutvikling og teknologiske nyvinningar.

Passivhusnivå og nesten nullenerginivå er ikkje endeleg definerte. Regjeringa vil seinare fastsetje føresegner som definerer desse nivåa.

Regjeringa er særleg oppteken av å sikre at inneklimaet blir teke vare på når vi innfører passivhusnivå og nesten nullenerginivå. Inneklima er nærare omtala i kapittel 4.7 i meldinga.

Bygg som tilfredsstiller byggteknisk forskrift, kan få ulike energimerke avhengig av oppvarmingsmetoden som er vald. Då energimerkeordninga blei innført, var det ein del kritikk av val av målepunkt for berekna energibehov og manglande samordning med byggteknisk forskrift. Marknaden synes no i større grad å ha tilpassa seg ordningane.

Det har vore ein sterk auke i bruken av fjernvarme dei siste åra. Størsteparten av fjernvarmeleveransane går til næringsbygg, men det blir levert noko fjernvarme også til bustadbygg.

Energieffektive bygg har eit lågt behov for energi til oppvarming. Ein bør sjå valet av oppvarmingsløysing i samanheng med oppvarmingsbehovet. Når det skal byggjast i område som har tilknytingsplikt til fjernvarme, kan dette påverke utbyggjaren. Det kan opplevast som kostbart å investere i energieffektive løysingar dersom ein også må leggje til rette for vassboren varme i alle rom og knyte seg til fjernvarmeanlegg. Dersom ein framover får bygg som produserer meir energi enn det huseigaren sjølv treng («plusshus»), kan det òg vere ynskjeleg å ha høve til å levere energi tilbake på nettet.

Fjernvarmeverksemd er regulert gjennom energilova og plan- og bygningslova. Konsesjonsplikt gjeld for fjernvarmeanlegg som yter over 10 MW.

Der det ligg føre ein konsesjon for fjernvarmeanlegget etter energilova, kan kommunen vedta tilknytingsplikt i planføresegnene sine. I utgangspunktet har kommunane stor fridom til sjølve å trekkje opp grensa for når tilknytingsplikta skal gjelde.

Dersom det er krav om tilknytingsplikt i planføresegna, kan kommunane likevel gjere unntak frå tilknytingsplikta når tiltakshavaren kan dokumentere at ei anna løysing er «miljømessig betre».

Erfaringar tyder på at kommunane i varierande grad er kjende med handlingsrommet som regelverket for tilknytingsplikt opnar for, og at praksis varierer. Regjeringa vil leggje til rette for at handsaminga av tilknytingsplikta blir meir føreseieleg. Det kan til dømes vere aktuelt å rettleie kommunane i kva moglegheiter som ligg i dagens regelverk. Ein kan òg vurdere om fritak kan bli ein rett når visse føresetnader er til stades.

Verkemiddel som gjeld kompetanse og økonomi

Det vert i meldinga vist til at det for å oppfylle komande forskriftskrav er behov for både kompetanseheving og utvikling av dokumenterte løysingar. I førebileteprosjekt kan ein prøve ut energi- og miljøvenlege byggjemetodar, og erfaringa frå desse prosjekta kan brukast til å utarbeide dokumenterte løysingar.

Byggje- og eigedomsmarknaden er i endring, det er auka etterspurnad etter framtidsretta energiløysingar, og marknaden er i større grad villig til å betale for dette. Det er fleire aktørar i byggjenæringa som viser vilje til å liggje i framkant av dagens regelverk.

Det er til no bygd eller planlagt meir enn 1 000 bustader på passivhusnivå i Noreg. Det er meir enn 200 som har fått energiattest med karakteren A. Det er fleire utbyggjarar som har sett seg mål om at nybygga deira i framtida berre skal vere A-bygg. Det er også planlagt plusshus. Plusshus er bygningar som produserer like mykje eller meir energi enn det dei brukar. Dette viser at det er fullt mogleg å setje opp svært ambisiøse bygg i dag.

Statlege bygg blir gjennomgåande forvalta godt, og dei store statlege eigedomsforvaltarane har sett seg eigne, ambisiøse energimål. Statlege kontorbygg brukar til dømes 20 pst. mindre energi enn eit gjennomsnittleg kontorbygg i privat og kommunal sektor. I klimaforliket frå 2008 var det semje om at staten skal vere offensiv når det gjeld å stille energikrav til nye bygg, og liggje i framkant av forskriftskrava så langt det er praktisk mogleg. Forsvarsbygg, Statsbygg og helseføretaka har sett ambisiøse energimål for sine bygg og byggjer og rehabiliterer etter energikrav som ofte ligg framom krava i byggteknisk forskrift.

Enova har ei eiga satsing på lågenergihus og passivhus i form av både rådgjeving og tilskot. Enova kan ikkje gje stønad til oppføring av nybygg som blir bygde etter gjeldande forskriftskrav. For nybygg inneber det at Enova berre kan gje stønad til byggjeprosjekt som er meir ambisiøse enn krava i byggteknisk forskrift.

Husbanken kan gje grunnlån til å byggje og utbetre bustader, barnehagar, studentbustader og andre lokale som er ein del av bumiljøet. For å få grunnlån må ein mellom anna oppfylle energikrav. Sjå meldinga om tre ulike måtar å oppfylle desse krava på.

Prosjekt som strekkjer seg utover energikriteria til Husbanken, til dømes passivhus, vil også kunne få grunnlån.

Kompetansetilskot til berekraftig bustad- og byggkvalitet skal vere med på å heve kompetansen når det gjeld miljøvenlege og universelt utforma bustader og bygg på attraktive stader. Tilskotet rettar seg i hovudsak mot kommunar, byggjenæringa og kompetansemiljø.

Det vert i meldinga peikt på at når energikrava blir skjerpa, er det også behov for å utvikle nye tilvisingar i Byggforskserien eller tilsvarande. I rapporten Kunnskapsbehov for å innføre passivhus som standard er konklusjonen at om lag 200 tilvisingar må oppgraderast og utarbeidast. Først då vil ein ha tilstrekkeleg med rettleiingar som viser korleis vi bør byggje for å nå passivhusnivå. Det vert i meldinga peikt på at for å utvikle rettleiingane må ein bruke erfaringar og evalueringar frå førebileteprosjekt.

Regjeringa vil:

  • Regjeringa vil skjerpe energikrava i byggteknisk forskrift til passivhusnivå i 2015 og nesten nullenerginivå i 2020. Regjeringa vil seinare fastsetje føresegner som definerer passivhusnivå og nesten nullenerginivå. Vedtak om kravsnivå blir gjorde på bakgrunn av utgreiingar av konsekvensar for samfunnsøkonomi og helse, og kompetansen i byggjenæringa.

  • Regjeringa vil leggje til rette for at handsaminga i kommunane av tilknytingsplikt for energieffektive bygg blir meir føreseieleg.

5.1.7 Energieffektivisering i eksisterande bygg

I meldinga vert det vist til at dei fleste eksisterande bygg ikkje tilfredsstiller dagens energikrav. Dette inneber at det er monaleg større energibehov i gamle bygg enn i bygg som blir oppførte etter dagens standard.

Stort potensial for å spare energi i eksisterande bygg

I dag brukar bygg om lag 83 TWh energi pr. år (2009). Det er eit stort potensial for å spare energi i eksisterande bygg. Rapporten frå Arnstad-gruppa (2010) viste at ein må spare mesteparten i eksisterande bygg, og at rundt 60 pst. av dette må sparast i bustader. Energieffektivisering i eksisterande bygg skal skje samtidig med at bygga skal ha eit godt inneklima.

Regulatoriske verkemiddel

Det vert i meldinga vist til at for å redusere energibruken monaleg må ein også ved rehabilitering av bygg utan søknadsplikt ofte utføre energieffektiviserande tiltak. Derfor vil regjeringa vurdere korleis det kan stillast forskriftskrav til utvalde bygningskomponentar når dei likevel skal skiftast ut. Økodesigndirektivet stiller allereie i dag energikrav til ulike typar produkt, og det vil i framtida kome ytterlegare krav til bygningsrelaterte komponentar.

Døme på aktuelle bygningskomponentar er vindauge, glasfelt og dører. Krava vil kunne gjelde når desse komponentane blir skifta ut i oppvarma areal. Eit slikt krav må mellom anna tilpassast mangfaldet i den eksisterande bygningsmassen, energieffektiviseringspotensialet for byggtypen og meirkostnadene ved å gjennomføre tiltaket. Regjeringa er oppteken av å ta vare på mangfaldet av bygg, og til dømes verneverdige bygg må kunne få unntak frå nye krav.

Kompetanseverkemiddel

Enova har ei omfattande satsing retta mot hushald, barn og unge. I stor grad dreier dette seg om informasjonsarbeid der Enova ynskjer å skape merksemd om lønsame tiltak for å spare energi, til dømes gjennom haldningskampanjar. Satsinga inneheld ulike verkemidlar. For nærare omtale sjå meldinga.

Enova har ei særleg satsing mot barn mellom ni og tolv år gjennom Regnmakarkonseptet, lansert i 2003.

I 2007 starta Enova eit samarbeid med Ungt Entreprenørskap for å dra i gang ei målretta satsing retta mot ungdom i vidaregåande skular.

Det er ein stor fordel dersom arkitektar, rådgjevande ingeniørar, handverkarar, byggjevareseljarar og andre som bustadeigarar er i kontakt med når dei skal pusse opp bustaden, er oppdaterte på kva energieffektiviseringstiltak som er aktuelle for ulike bustadtypar.

Regjeringa meiner at den delen av byggjenæringa som er i kontakt med bustadeigarar, er ein spesiell ressurs som bør utnyttast betre. Lågenergiprogrammet er ei sentral satsing for å auke kompetansen om energieffektivisering i byggjenæringa.

Det er behov for byggrettleiingar som viser standardiserte løysingar for energieffektiviseringstiltak i ulike byggtypar, og rekkjefølgja for når tiltaka bør gjennomførast.

Økonomiske verkemiddel

Det er i dag ulike offentlege stønads- og insentivordningar for energieffektivisering av eksisterande bygg (sjå kapittel 5.6.2 i meldinga for omtale av Husbankens grunnlån).

Regjeringa meiner at Enova har gode stønadsordningar for næringsbygg og bustader. I meldinga vert det gjort greie for deira stønadsordningar.

Regjeringa meiner Enova er eit velfungerande verkemiddel for å fremje ei miljøvenleg omlegging av energibruk og energiproduksjon.

Regjeringa vil:

  • Regjeringa vil innføre komponentkrav for eksisterande bygg og klargjere kva byggjearbeid og komponentar desse krava skal gjelde for, mellom anna ut frå ei vurdering av energieffektar og kostnader.

  • Regjeringa vil spesielt medverke til å styrkje kompetansen til dei delane av byggjenæringa som er i kontakt med bustadeigarar, slik at dei blir betre til å formidle og gjennomføre gode energieffektiviseringstiltak.

  • Regjeringa vil at Enova skal støtte opp om utviklinga av stadig meir energieffektive bygg.

  • Regjeringa vil i løpet av 2012 kome attende med eit mål for energieffektivisering i bygg.

5.1.8 Økonomiske og administrative konsekvensar

Det vert i meldinga vist til at det å setje i gang utgreiingar som grunnlag for å trappe opp energikrava kan gjerast innanfor eksisterande budsjettrammer. Ei skjerping av energikrava til passivhusnivå i 2015 og nesten nullenerginivå i 2020 vil kunne føre til auka byggjekostnader, men også gje reduserte energikostnader på grunn av lågare energibehov. Kva kostnadene og gevinstane av skjerpingane blir, er avhengig av korleis ein definerer desse nivåa.

Det å leggje til rette for at kommunal handsaming av tilknytingsplikt for energieffektive bygg blir meir føreseieleg, kan gjerast innanfor eksisterande budsjettrammer.

Innføring av komponentkrav vil vere basert på ei vurdering av energieffektar og kostnader. Før ein kan seie noko om kostnader og verknader av krav, må saka greiast ut.

5.2 Merknader frå komiteen

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti, meiner at det bør bli lagt til rette for utvikling og gjennomføring av løysingar som gjer det mogleg for hus å bli strømleverandørar. Fleirtalet viser til at Norges vassdrags- og energidirektorat har gitt ein generell dispensasjon som legg til rette for at ein forbrukskunde som i enkelttimar har overskotskraft, kan levere denne inn i nettet. Fleirtalet er positiv til ei slik forenkling av regelverket. Det er førebels få erfaringar med korleis regelverket knytta til plusshus fungerer i praksis. Fleirtalet ønskjer at det blir vurdert ytterlegare forenklingar i sakshandsaminga, dersom det skulle vise seg at regelverket ikkje fungerer tilfredsstillande.

Fleirtalet vil streke under at dei løysingane som blir valde for energiforsyning til bygg vil ha betyding for forsyningssikkerheit og klima. Fleirtalet viser til regjeringa sin plan for ein miljøvennleg byggsektor, der det mellom anna heiter at regjeringa vil skjerpe krava til energi i byggeteknisk forskrift til passivhusnivå i 2015 og nesten nullenerginivå i 2020. Fleirtalet ser fram til dei førespegla utgreiingane av kompetanse i byggenæringa, og av samfunnsøkonomiske og helsemessige konsekvensar. Fleirtalet ber regjeringa om også å inkludere ei avveging mellom energiløysingar og krav til bygningskropp i dei samfunnsøkonomiske utgreiingane slik som i plusshus.

Fleirtalet oppmodar regjeringa til å leggja til rette for dei som ynskjer å byggje, eventuelt laga, plusshus av eksisterande bygg.

Fleirtalet ber regjeringa komme attende med kva som ligg i passivhusnivå i god tid før 2015, slik at bransjen og dei som skal byggja kan innrette seg etter det nivået som vert fastsett.

Fleirtalet ser at det kan opplevast som unødvendig og kostnadskrevande å ha tilknytningsplikt til fjernvame for energieffektive nybygg, og viser til at det i meldinga er peikt på at regjeringa vil leggje til rette for at handsaming i kommunane av tilknytningsplikt for energieffektive bygg vert meir føreseieleg.

Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet er opptekne av å leggje til rette for ei god utvikling av kvaliteten på bustader, men meiner at sentralstyrte detaljkrav ikkje er vegen å gå. Desse medlemene har ingen ting imot at det vert bygd bustader både med passivhusnivå og tilnærma nullenerginivå, men meiner det er feil å setja slike krav som absolutt standard. Desse medlemene er derfor negative til å skjerpe energikrava i byggteknisk forskrift til passivhusnivå i 2015 og nesten nullenerginivå i 2020.

Desse medlemene viser til at ein i Noreg har liten erfaring med passivhus, og desse medlemene fryktar derfor at innføring av ein slik standard kan gje negative overraskingar. Desse medlemene viser i denne samanheng til svar på spørsmål nr. 9 frå saksordførar om at det er «lite sannsynleg» at straumbrot eller midlertidige tekniske feil i passivhus kan gje noko helseskade. Desse medlemene konstaterer at svaret «lite sannsynleg» tyder at det er ein potensiell helserisiko med passivhus. Desse medlemene ønskjer ikkje å «gamble» med folk si helse og vil derfor arbeide mot at passivhusnivå blir innført som standard frå 2015.

Desse medlemene viser også til at passivhusnivå berre gjev ei årlig innsparing av energi på 30 til 40 kWh/m2 i forhold til Tek10-utføring. Med ein energipris på om lag 90 øre kWh tilsvarar dette ei årleg sparing på om lag 2 500 til 3 500 kroner for ein bustad på 100 m2. Desse medlemene konstaterer at dette ikkje er tilstrekkeleg til å forsvare kostnaden privatøkonomisk.

På bakgrunn av dette fremmar derfor desse medlemene følgjande framlegg:

«Stortinget ber regjeringa stanse planane om å innføre krav om passivhus frå 2015.»

Desse medlemene viser til at Noreg skil seg frå andre land ved at hovuddelen av energibruken i bygg kjem frå elektrisitet, primært basert på vasskraft. Samanlikna med andre land har Noreg derfor låge klimagassutslepp frå drift av bygg. Klimagassutsleppa frå byggsektoren kjem av at bygg blir varma opp med fossile brensel. Desse medlemene meiner dette betyr at Noreg bør ha mindre strenge krav til energieffektivitet i bygg enn det andre land har.

Desse medlemene sluttar seg til skildringa av elektrisitet som kjem fram i meldinga, og ber om at denne forståinga av elektrisitet vert lagt til grunn for korrigering av regulering som har hatt som formål å pålegge bygg ei omlegging av energibruk frå elektrisitet til anna energi.

Desse medlemene meiner også at dei krava som allereie er innførte når det gjeld energibruk og energieffektivitet i bygg er for strenge, og meiner derfor at det må takast eit initiativ overfor bygningsbransjen med sikte på å få innspel på å reversere nokre av dei energikrava som allereie er vedtatt.

Desse medlemene fremmar følgjande framlegg:

«Stortinget ber regjeringa fjerne dei krava til energieffektivitet som er knytt til TEK7 og TEK10 slik at minimumskrava for energieffektivitet vert tilsvarande TEK97.»