Det vert i meldinga peikt på at bygg er eit
grunnleggjande gode, og gode bygg er ein føresetnad for eit velfungerande
samfunn. Regjeringa ynskjer derfor ein velfungerande byggsektor.
Det vert vist til at regjeringa med dette legg
fram ei melding om ein framtidsretta bygningspolitikk.
Det vert peikt på at det er den første meldinga
om bygningspolitikk som er lagd fram for Stortinget. Meldinga vil
først og fremst rette merksemda mot område der regjeringa melder
om ein endra eller ny politikk.
Det vert vist til at mange av problemstillingane som
blir handsama i meldinga, berre markerer ein oppstart og ei retning
for korleis byggsektoren bør utvikle seg framover. Regjeringa vil
streke under at den vidare utviklinga av bygningspolitikken krev
tett oppfølging framover frå alle involverte private og offentlege
aktørar.
Det vert peikt på at for at denne sektoren skal
forbetre seg, krevst det langsiktig tenking og ei forståing for
at tiltak vil trenge tid for å verke.
Det vert vist til at det offentlege spelar ei
viktig rolle i utviklinga av byggsektoren. Erfaringa viser at initiativ
teke av offentlege byggherrar og eigedomsforvaltarar ofte spreier
seg til resten av byggsektoren. Men også byggjenæringa sjølv må
arbeide for målet om å ha bygg av høg kvalitet og med tidsriktig
utforming, bygde og drifta på ein miljøriktig og kostnadseffektiv
måte.
For å lukkast er regjeringa heilt avhengig av
eit godt samspel med dei mange bedriftene og dei tilsette i næringa.
Regjeringa vil leggje til rette for at byggjenæringa kan levere
berekraftige og tidsriktige byggverk som kan vere i bruk over lang
tid med lågast mogleg ressursbruk.
Det vert vist til at regjeringa i arbeidet med
denne stortingsmeldinga har invitert heile byggsektoren til å kome
med innspel til utforming av ein framtidsretta bygningspolitikk.
Dei mange aktørane i byggsektoren har svara godt på invitasjonen,
og innhaldet i stortingsmeldinga er prega av det gode samarbeidet.
Den gjennomsnittlege levetida for bygningar
er svært lang samanlikna med dei fleste andre investeringar. Dette
strekar under at det er viktig å ta langsiktige omsyn i dagens bygningspolitikk.
Dei økonomiske konsekvensane av tiltaka som vert
varsla i denne meldinga skal kunne dekkjast innanfor gjeldande budsjettrammer.
Regjeringa vil kome attende til eventuelle framlegg som krev auka løyvingar
i samband med dei årlege budsjettframlegga.
I kapittel 1.2 i meldinga vert det gitt ei utgreiing om
innhaldet i dei einskilde kapitla.
I meldinga vert det vist til at punkta under
illustrerer prinsippa om berekraftig utvikling når det gjeld bygg:
Bygg og sosial utvikling:
Her ligg hovudvekta på tryggleik, inneklima, bustadkvalitet og trivsel, tilgjengelegheit
og universell utforming, førebyggjande helsearbeid, arkitektur,
byggjeskikk, design og anna.
Bygg og miljø: Her ligg hovudvekta på energibruk,
energikjelder, klimagassutslepp, klimatilpassing, bevaring, miljøfarlege
stoff, miljøsanering, kjeldesortering og gjenvinning av byggavfall
og anna.
Bygg og økonomi: Her ligg hovudvekta på
verdiskaping, kostnadseffektivitet, produktivitet, livssykluskostnader,
samfunnsøkonomi og anna.
På mange miljøområde vil det kome skjerpa krav og
forventningar til at byggsektoren kan lage meir varige bygningsstrukturar
som er mest mogleg miljøvenlege. Det vil også gjelde for lokaliseringsspørsmål,
biologisk mangfald, godt inneklima, forbruk av ressursar og avfall.
Søkjelyset på berekraft vil medføre større krav
til å vurdere konsekvensane som eit bygg har gjennom heile levetida
si. Samtidig vil krav om kostnadseffektive løysingar som ikkje sløser
med ressursar eller arbeidskraft, setje nye krav til byggsektoren.
For regjeringa er god arkitektur og byggjeskikk ein naturleg del
av berekraftperspektivet.
Det vert i meldinga gjort greie for store forventa demografiske
endringar. Dei venta demografiske endringane vil, saman med ein
venta vidareført velstandsauke og fleire einpersonshushald, gje
ein sterk vekst i etterspørselen etter bygningar. Dette gjer det naudsynt
med ein offensiv bygningspolitikk som medverkar til å auke tilfanget
av bygg og bustader. Auken i folketalet fram til 2030 vil kunne
utløyse eit behov for om lag 600 000 nye bustader, 10,5 millionar
m2 nye offentlege bygg (noko som i storleik
tilsvarar om lag 500 operabygg) og mange nye bustadløysingar for
ei befolkning med fleire eldre.
Også bygningane må så langt det er mogleg og kostnadsmessig
forsvarleg, leggje til rette for ein alderdom der dei eldre kan
leve og meistre sitt eige liv. Dette inneber meir tilgjengelege
bygningar, utprøving av nye bustadkonsept og auka bruk av ny teknologi
i bustadene.
Etterspørselen etter bygg vil ifølgje SSB vere klart
størst i og rundt dei store byane, medan andre delar av landet vil
oppleve at bygningar kan bli ståande ubrukte. Den forventa velstandsauken
vil forsterke etterspørselen endå meir ved at fleire vil ynskje
seg hytter og fritidshus, og ved at den gjennomsnittlege bustadstorleiken
framleis kan kome til å auke.
Globaliseringa pregar allereie den norske byggsektoren,
og i åra som kjem, kan vi vente at byggsektoren får eit meir globalt
preg, og at den internasjonale konkurransen vil auke. Dette vil
gje utfordringar, men også nye moglegheiter for norsk byggjenæring. EU-direktiv
vil leggje føringar som den nasjonale bygningspolitikken må ta omsyn
til.
Utanlandske arbeidstakarar (og utanlandskåtte føretak)
vil stå for ein stor del av den utførande entreprenørverksemda.
Marknaden for byggjevarer blir i stigande grad ein global marknad,
og når godkjennings-, sertifiserings- og merkeordningar blir harmoniserte,
vil utanlandske byggjevarer få endå lettare tilgang til Noreg.
Det vert stilt stadig strengare krav til kvalitet
og effektivitet i både utviklings-, produksjons- og bruksfasen av
bygg.
Byggsektoren har til no berre i liten grad teke
i bruk IKT i full breidd. Truleg ser byggsektoren berre starten
på ei utvikling der IKT blir bruka langt meir aktivt enn i dag,
der planleggingsprosessar, søknadsprosessar, innkjøpsprosessar og
logistikk blir digitalisert, og der bruk av bygg, arbeidsprosessar,
samarbeid og kommunikasjon vil skje på nye måtar.
Byggjenæringa omfattar svært mange profesjonar
og mange små føretak, med einskildståande prosjekt. Denne næringsstrukturen
er med på å skape samhandlingsutfordringar i byggjeprosessen, det dempar
innovasjonstakta og gjer det vanskelegare å lære av tidlegare feil
og å få til kompetanseheving gjennom systematisk etter- og vidareutdanning.
Det er òg sprik i synspunkt på viktige saker
mellom ulike organisasjonar og aktørar i næringa.
Det vert i meldinga peikt på at utfordringane knytte
til strukturen i byggjenæringa er ei viktig grunngjeving for at
staten i ein periode bør ta ei meir aktiv rolle. Staten bør òg stø
næringa til å bli betre i stand til å møte dei bygningsmessige utfordringane samfunnet
står overfor i åra som kjem.
I tillegg meiner mange at statens verkemiddel overfor
byggsektoren er fragmenterte. Eit samansett verkemiddelapparat gjer
det utfordrande å koordinere og samordne, og kan gjere det krevjande
å nå bygningspolitiske mål.
Det vert i meldinga peikt på at den norske bustadmarknaden
i hovudsak fungerer godt. Om lag 80 pst. av befolkninga bur i ein
bustad dei sjølv eig, og dei fleste av desse bustadene er godt vedlikehaldne
og av god kvalitet. Det er likevel utfordringar i bustadmarknaden.
Det er andre typar utfordringar i distrikta enn i dei store byane,
og det er store lokale variasjonar.
For mange kommunar er det ei utfordring å finne gode
og attraktive bustader til innflyttarar.
Tilbakemeldingar frå ei rekkje kommunar viser at
eit dårleg bustadtilbod kan hindre bedrifter i å vekse, fordi det
gjer det vanskelegare å rekruttere naudsynt arbeidskraft til den
lokale arbeidsmarknaden. Regjeringa lanserer derfor i 2012 ei treårig
satsing for å medverke til attraktive lokalsamfunn. Satsinga skal
vere med på å gje eit auka tilbod av ulike typar bustader.
Det vert i meldinga vist til at bustadmarknaden
i dei store byane dei seinare åra har vore prega av stor befolkningsvekst
og høge bustadprisar. I landet som heilskap har det sidan år 2000
vore ei positiv utvikling i bustaddekninga (målt i nye bustader
i forhold til auken i talet på hushald). Men i dei største byane har
det vore eit aukande gap mellom befolkningsvekst og bustadbygging,
og bustaddekninga har gått ned.
Regjeringa vil seinare i denne stortingsperioden leggje
fram ei eiga stortingsmelding om bustadpolitikk.
Noreg har hatt ein kraftig befolkningsvekst
dei siste åra. Veksten kjem i stor grad av auka nettoinnvandring,
og hovuddelen av innvandringa blir trekt mot dei store byane. Men
arbeidsinnvandringa har også kome resten av landet til gode.
Talet på bustader som er blitt sette i gang,
har stige frå om lag 15 000 pr. år på botnnivået i 1992 til meir
enn 30 000 pr. år i perioden 2005–2007. I 2008 byrja ein kortvarig
nedgang i byggjeverksemda, og i 2011 blei det sett i gang nærmare
28 000 bustader. Prognosar for 2012 og 2013 tilseier bygging på
om lag same nivå.
For landet sett under eitt har prisane på bustader stige
nesten kontinuerleg sidan 1993, men med ein nedgang frå hausten
2007 til 2009. Det er store geografiske variasjonar i prisutviklinga,
og auken har vore størst i dei store byane.
Høg befolkningsvekst og høge bustadprisar skulle
etter vanleg marknadsteori tilseie auka bustadbygging. At dette
ikkje alltid skjer i tilstrekkeleg grad har mange forklaringar.
I dei fleste tilfella blir dette framstilt som eit problem på tilbodssida:
Det blir bygd for få bustader, og dette er prisdrivande for bustadmarknaden.
Problema på tilbodssida er viktige, men det er i tillegg også naudsynt
å forstå faktorar som påverkar etterspørselssida i bustadmarknaden.
I kapittel 1.4 i meldinga vert det gjort nærare greie for dette.
Regjeringa er oppteken av å føre ein aktiv politikk
for å sikre at bustadbygginga blir halden oppe. Men utviklinga i
bustadmarknaden i dei store byane har samansette årsaker, og mange
faktorar er med på å avgjere nivået på bustadbygginga og bustadprisane. Styresmaktskrav
og åtferda til statlege og kommunale aktørar spelar ei rolle. Men
dei andre forklaringane omkring prisvekst og bustadbygging som er
omtala over i meldinga, har liten samanheng med offentlege krav
og åtferd knytte til plan- og bygningsregelverket.
Det vert i meldinga peikt på at staten skal
medverke til gode rammevilkår for bustadbygginga gjennom mellom
anna effektive plan- og byggjesaksprosessar, men at det òg er viktig
at kommunane tek ansvar for tomtepolitikken. Dersom kommunane sjølv vil
kjøpe tomter, kan dei ta opp lån til dette gjennom Kommunalbanken.
Bygningspolitikken grensar inn mot og overlappar
mange andre politikkområde. I kapittel 1.5 i meldinga er det gjort
kort greie for avgrensingane som er valde om bygningspolitikk og
høvesvis næringsliv, energi, klima, anlegg og infrastruktur, areal
og plan, og kulturminne.
Det vert i meldinga vist til at i framtida bør
bygga vere betre enn dei vi har i dag. Bygg og aktørane i byggsektoren
er svært viktige for eit velfungerande samfunn. Det er aktørane
i byggsektoren som skal byggje framtidsbygga. Byggjenæringa har
i så måte ein stolt tradisjon å føre vidare. Hjå den dyktige handverkaren
finn vi mange av dei kvalitetane ei moderne byggjeverksemd bør satse
vidare på: ein brei kompetanse om byggjemetodar, materiale og verktøy,
ein kunnskap om klima og lokale forhold, ei forståing av kva behov
og ynske kunden har, ein respekt for tradisjonar, men også ei vilje
til å prøve ut nye løysingar, eit ansvar for heilskapen og kvaliteten
i det ferdige bygget, og ein stoltheit over å utøve yrket sitt.
Det vert i meldinga vist til at bygningspolitikken til
regjeringa dekkjer eit breitt område, og at stortingsmeldinga presenterer
mange framlegg til konkrete tiltak. Regjeringa framhevar i meldinga
likevel særleg fire satsingsområder der det har blitt varsla ein kraftfull
ny bygningspolitikk:
A. Vi skal
byggje smartare og med betre kvalitet
B. Bygg skal bruke stadig mindre energi
C. Forenkling av regelverk og byggjeprosessar
D. Eit kunnskapslyft for byggsektoren
Visjon Gode bygg for eit betre samfunn |
Hovudmål |
(Bygg og byggkvalitetar) | (Prosessar for
gode bygg) |
Godt utforma, sikre, energieffektive
og sunne bygg | Betre og meir effektive byggjeprosessar |
Delmål |
- Tidsriktig arkitektur og god byggjeskikk
skal medverke til attraktive stader | - Regelverk og byggjesaksprosessar skal
vere enkle, føreseielege og brukarvenlege |
- Sikre bygg skal møte klimaendringane | - Gode bygg føreset aktørar med riktig
kompetanse |
- Bygg skal ha tilfredsstillande inneklima,
og ein skal unngå bruk av helse- og miljøfarlege stoff | - Smartare bruk av IKT skal gje meir
kostnadseffektive byggjeprosessar og auka produktivitet |
- Prosentandelen av tilgjengelege og
universelt utforma bygg skal aukast innan 2005 | - Tilsyn og kontroll skal motivere til
auka seriøsitet i næringa og færre byggfeil |
- Energibruken i bygg skal reduserast
monaleg innan 2020 | |
Figur X Regjeringas visjon og mål for bygningspolitikken
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Lise Christoffersen, Håkon Haugli, Hilde Magnusson, Ingalill Olsen
og Eirik Sivertsen, frå Framstegspartiet, Gjermund Hagesæter, Morten Ørsal
Johansen og Åge Starheim, frå Høgre, Trond Helleland og Michael Tetzschner,
frå Sosialistisk Venstreparti, Aksel Hagen, frå Senterpartiet, Heidi
Greni, og frå Kristeleg Folkeparti, Geir Jørgen Bekkevold,
viser til Meld. St. 28 (2011–2012) Gode bygg for eit betre samfunn.
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå
Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti,
er tilfreds med at regjeringa legg fram den fyrste stortingsmeldinga
om bygningspolitikk.
Fleirtalet vil framheve fire
satsingsområder der regjeringa har varsla ein kraftfull ny bygningspolitikk:
Vi skal byggje smartare
og med betre kvalitet
Bygg skal bruka stadig mindre energi
Forenkling av regelverk og byggjeprosessar
Eit kunnskapslyft for byggsektoren
Fleirtalet viser til at Noreg
vil trenge ei monaleg auke i bustadbygginga i åra som kjem.
Talet på bustader som vert sett i gang har auka
frå om lag 15 000 pr. år på botnnivået i 1992 til meir enn 30 000
pr. år i perioden 2005–2007. Dei siste åra har det vore ein liten
nedgang i byggeverksemda, og fleirtalet ser det som
naudsynt at det vert lagt til rette for ei meir offensiv bustadbygging
då prognosane er på at me treng rundt 40 000 nye bustader pr. år i
åra frametter.
Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet
og Høgre er i utgangspunktet positive til at det vert fremja
ei bygningsmelding, men meiner meldinga ber preg av å kome frå ei
regjering som er oppteken av planprosessar og detaljstyring. Desse
medlemene er positive til energieffektive bygg og universell
utforming og meiner at det på mange områder er fornuftig å bruke
økonomiske verkemidlar for å fremje dette. Desse medlemene er
derimot negative til at staten skal pålegge den enkelte bustadbyggjar
unødige detaljkrav som pressar prisen på bustader opp. Desse
medlemene har tru på marknaden, og på at utviklinga best
skjer på frivillig basis utan unødig statleg planstyring. Desse
medlemene viser elles til sine merknader og framlegg under
det einskilde kapittel.
Desse medlemene viser til at
regjeringa har varsla ei bustadmelding tidleg neste år og meiner
at det på mange måtar ville vore hensiktsmessig å se desse to meldingane
i samanheng, eventuelt at det hadde vorte utarbeida ei samla melding
om bustad- og bygningspolitikk. Desse medlemene tar
likevel til etterretning at regjeringa har gjort det slik, og skriv
merknader ut frå dette.
Desse medlemene er trygge på
at bustadmarknaden ville fungert langt betre dersom regjeringa hadde
vore mindre ivrige etter å detaljstyre. Desse medlemene viser
til at det i dag eksisterer 22 statlege instansar som har som oppgåve
å kome med motsegner for å stanse bustadbygging, medan det er ingen
statlege instansar som har som oppgåve å fremje bustadbygging. Desse
medlemene viser òg til at det er meir enn 10 ulike lover
som detaljstyrer alt frå utarbeiding av reguleringsplanar til bygging
av bustader – i tillegg til dette kjem forskrifter og rundskriv. Desse
medlemene er derfor ikkje overraska over at det med ein
slik reguleringsiver blir bygd for få bustader. Desse medlemene meiner at
problemet i Noreg i dag ikkje er at vi har for lite bygningspolitikk,
men for mykje og for dårleg bygningspolitikk. Desse medlemene meiner
derfor at det må bli langt færre og enklare lover, forskrifter og
rundskriv, og at dette er den beste måten å få til god balanse i
bustadmarknaden.
Komiteens medlemmer fra Høyre viser
til at SSBs byggekostnadsindeks har steget med 81 pst. siden 1992,
lønningene er omtrent 150 pst. høyere enn i 1992, mens boligprisene
er steget med 560 pst. siden 1992, noe som gir oss et tydelig bilde på
noen av de utfordringene byggsektoren i dag møter.
Disse medlemmer viser også til
det såkalte «byggekostnadsprogrammet», som ble etablert i 2004 etter
et initiativ fra kommunalminister Erna Solberg og Rådet for bygg-,
anleggs- og eiendomsnæringen. Bakgrunnen for initiativet var en
lengre periode med høye boligpriser, høye byggekostnader, lav produktivitet
i næringen og et høyt antall byggfeil. I rapporten fra styret heter
det at:
«Gjennom en tydelig koordinering av prosjektene i
forhold til fokusområdene og en aktiv styring ved hjelp av definerte
kriterier og delmål, utnyttet programmet samspillet mellom prosjektene
og skapte en kultur for å dele kunnskap og erfaringer.»
Det ble tidlig i prosjektperioden lagt vekt
på dialog og informasjon, og en omfattende dugnadsbasert formidling
av resultater omkring i landet ble gjennomført. Mer enn 200 virksomheter
deltok i prosjektene. Da programmet ble avsluttet etter 5 år, overleverte
styret en sluttrapport med følgende anbefaling:
«Fem år har vist seg å være kort tid, og resultatformidling
til den store mengden virksomheter som ikke har medvirket i programmet
må fortsette etter at programmet er avsluttet. Vi overleverer denne
stafettpinnen til næringen og til myndighetene.»
Disse medlemmer beklager at dagens
regjering ikke har valgt å videreføre dette arbeidet.
Disse medlemmer vil understreke
viktigheten av arbeidet gjort gjennom byggekostnadsprogrammet, og
anbefaler at det videreføres gjennom en etablering av et permanent
senter for FoU for bygge-, anleggs- og eiendomsnæringen.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet
og Høyre viser til at nye tall fra SSB viser at fremstillingen
om fallende produktivitet i BAE-sektoren ikke helt er slik som den
beskrives i meldingen. Meldingen sier generelt lite om bolig- og bygningspolitikkens
virkninger for prisene, men omtaler i noen grad makroøkonomiske
forhold (konjunkturer, renteutvikling), samt risikoen ved lange regulerings-
og byggeprosesser. Under myndighetskrav omtales både statlige innsigelser,
energisparekrav og kravene til universell utforming som prisdrivere. Disse
medlemmer mener imidlertid at meldingen tyder på at regjeringen
mangler interesse for å se kritisk på prisdriverne, eller foreslå
endringer som kunne dempet dem.
Disse medlemmer mener evalueringen
av universell utforming også må omfatte en kost/nytte-analyse. Det
må også kunne åpnes for videre unntak fra universell utforming hva
gjelder enkelte typer kategoribygg, som f.eks. studentboliger, i
tråd med anbefalinger fra studentsamskipnadene. Husbanken må i større
grad utvikle ordninger for heis- og andre tilgjengelighetstiltak
i etablerte boligbygg, og det bør gis en generell adgang til å bygge
på en etasje eller innrede et loft til bolig mot å allokere deler
av gevinsten for dette til å bygge heis, noe som vil være til glede
for alle i eiendommen. Husbanken må i større grad utvikle ordninger
for heis- og andre tilgjengelighetstiltak i etablerte boligbygg.
Disse medlemmer mener meldingen
er sterkt preget av troen på regelstyring som drivkraft for forbedringer,
mens man samtidig kan se at ordet konkurranse nesten ikke forekommer.
Komiteens medlemmer fra Høyre vil også
understreke at innovasjon i en sektor fremmes bedre gjennom krav
til sluttresultat, eksempelvis hva akseptabel energiforbruk skal
være, fremfor detaljerte tekniske løsninger. Derfor mener disse
medlemmer det er bedre å sette nivåkrav fremfor detaljkrav
for å få frem alternative løsninger.
Disse medlemmer kan ikke se at
meldingen omtaler virkemidler for det voldsomme vedlikeholdsetterslepet
som stadig akkumuleres.
Disse medlemmer legger til grunn
at EUs bygningsdirektiv om nesten nullutslippshus skal implementeres
fullt ut i 2020, og at det da kan være naturlig å ha stilt krav
om passivhusnivå, ikke passivhusstandard til 2015. Disse
medlemmer merker seg at regjeringen ikke har fullført arbeidet
med å definere en mer detaljert passivhusstandard. Disse medlemmer mener
at dagens skjønnsmessige unntak for tilknytning til fjernvarme om
likeverdig eller bedre miljømessig energidekning bør presiseres som
en veiledning til bygningseierne om hvilke mål de skal strekke seg
etter. Disse medlemmer konstaterer at ved innføring
av EUs energibesparingsdirektiv fra 2020, som vil bli innarbeidet
i TEK20, inneholdende en nesten nullutslippsstandard, så vil huseiere
som allerede nå tilfredsstiller TEK 20 få rett til fritak fra fjernvarmetilknytning.
Disse medlemmer viser til at
plusshus er bygg som produserer mer fornybar energi enn de selv bruker.
Plusshus er allerede en viktig del av miljøsatsingen i flere europeiske
land, og det forventes at denne utviklingen også kommer til Norge.
Powerhouse-alliansen har flere norske byggeprosjekter som vil bli
såkalte plusshus. Powerhouse-alliansen består av blant annet miljøstiftelsen
Zero, arkitektfirmaet Snøhetta og flere private næringsaktører.
Disse medlemmer vil påpeke at
det er en svakhet ved bygningsmeldingen at plusshus ikke er omtalt. Disse
medlemmer vil påpeke betydningen av at plusshus får rett
til å koble seg opp på nettet som andre energiprodusenter, og at
disse i likhet med andre produsenter av ny fornybar energi får muligheten
til å bli en del av elsertifikatordningen.
Disse medlemmer noterer seg at
regjeringen er svært fornøyd med Enova. Men Enova gir stort sett
bare støtte til store prosjekter, og kun til energieffektivisering bedre enn teknisk forskrift. Enova blir
derfor ikke noen hjelp til å nå de ambisiøse TEK10, og senere TEK15
og TEK20. Disse medlemmer mener derfor at Enova ikke
vil være til hjelp for allerede eksisterende boliger, som bare i begrenset
grad vil være omfattet av nye tekniske forskrifter. Man vil ikke
nå målene for energieffektivisering i allerede oppførte, private
bygninger hvis det ikke legges inn positive virkemidler for å oppnå
dette. I en slik sammenheng bør man se på en utvidelse av Enovas
virksomhet.
Disse medlemmer viser til at
regjeringen har mange forsikringer om forenklinger i plan- og byggesaksprosessen.
Dessverre ender det i uforpliktende vurderingspunkter i meldingen. Disse
medlemmer ønsker å introdusere krav om at planprosessen
etter kommunenes valg får to hovedløp, som begge inneholder prinsippet
om to plannivåer før bygging. Det betyr at kommunen enten kan lage
en kommune(del)plan av en slik kvalitet at man kan fremme en detaljplan
på grunnlag av denne, eller at det lages en kommunal områdeplan
av en slik kvalitet at den gir grunnlag for byggesaksbehandling
direkte.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet
og Høyre mener at 5-årsbegrensningen av reguleringsplaner
bør oppheves.
Disse medlemmer viser til at
kostnadene ved å utbedre byggeskader er store og trolig utgjør mellom
4 og 12 mrd. kroner i året. Etter en rekke utsettelser skal kravet
om uavhengig kontroll igangsettes fra nyttår. Disse medlemmer vil
imidlertid påpeke at man ikke har løst de innvendingene som BAE-næringen
har anført, nemlig mangel på kontrollkriterier og manglende ansvar
for feil gjort av kontrollørene. I tillegg er dette en bransje med
kamp om kompetent arbeidskraft, da formelle krav til kontrollørene
er at de har samme spesialistkompetanse som utførende fagspesialist.
Effekten blir at en flytter kompetansen fra produksjon til kontroll.
Disse medlemmer mener man bør
utrede å gå over fra prinsippet om offentlig kontroll til et prinsipp
om forsikring. Ved innføringen av obligatorisk forsikring mot byggefeil
blir kontrollen gjort av forsikringsselskapets kontrollører, og
kvalitetsbevisste produsenter vil over tid belønnes for lav byggefeilfrekvens,
gjennom lavere premier og egenandeler. I tillegg løser en problemet
om hvem som skal gjøre opp overfor den kjøper eller bruker som har
fremsatt klage over feilen.
Det vert i meldinga vist til at byggsektoren
er stor, fragmentert og kompleks. Han påverkar alle delar av befolkninga
og omfattar ei stor og viktig næring som har sterk innverknad på
andre delar av samfunnet. Derfor er byggsektoren eit viktig politikkområde
med eit omfattande regelverk og verkemiddelsystem.
Byggsektoren kan beskrivast som eit system av aktørar
som er gjensidig avhengige av kvarandre. I det lange livet sitt
går bygg gjennom ein utviklingsfase, ein produksjonsfase, ein bruks-
og forvaltningsfase (inkludert eventuell rehabilitering og ombygging)
og ein rivefase. Kvar av fasane har sine utfordringar og sine dominerande
aktørar.
I meldinga vert det gitt ei oversikt over fire
hovudgrupper av aktørar (sjå nærare omtale i meldinga):
Offentlege styresmakter
(statleg, fylkeskommunalt og kommunalt nivå)
Byggjenæringa
Brukarar og leigetakarar
Aktørane innanfor kunnskap og kompetanse
I Noreg er det nærare 4 millionar bygningar.
Desse fordeler seg slik på dei ulike bygningskategoriane:
Bustadbygg | 1 477 000 | (med til saman 2 343 000 bustader) |
| | |
Næringsbygg | 240 000 | |
Fiskeri- og landbruksbygg | 509 000 | |
Garasjar, uthus, anneks og liknande | 1 311 000 | |
Hytter og fritidsbustader | 443 000 | |
Bustadbygg og næringsbygg utgjer den viktigaste
delen av bygningsmassen og får størst merksemd i meldinga.
Den samla verdien av næringsbygga og bustadene
er om lag 5 900 mrd. kroner (5,9 billionar) dersom ein tek utgangspunkt
i ein kvadratmeterpris på 15 000 kroner. Den offentlege bygningsmassen
har tilsvarande ein verdi på om lag 680 mrd. kroner. Det var i 2011
om lag 181 000 tinglyste omsetningar av fast eigedom.
Av dei nærare 4 millionar bygga i landet er
om lag 6 000 freda etter kulturminnelova. I tillegg finst omlag
5 000 museumsbygg og om lag 1 000 verneverdige kyrkjer. Ei rekkje
bygningar er også regulerte til bevaring gjennom plan- og bygningslova.
Over 300 000 bygningar er bygde før år 1900, og mange av desse representerer
store verneverdiar.
Riving og sanering av bygningar og tomme bygg blir
ikkje registrert på ein samla måte. Dette gjev usikre tal for kor
mange bygningar som faktisk er i bruk.
Det har sidan 1990 blitt sett i gang bygging
av mellom 16 000 og 33 000 bustader i året, med eit botnnivå i 1992/1993
og eit toppnivå i 2006/2007. I dei siste to tiåra har det årleg
blitt sett i gang bygging av 23 000 bustader i gjennomsnitt. Det
tilsvarar ein nybyggingsrate på omlag 1,3 pst.
Sidan 1993 er det årleg sett i gang bygging
av om lag 2,2 og 6,2 millionar m2 private
næringsbygg, offentlege bygg og andre bygg. I dei siste to tiåra
har gjennomsnittleg nybyggrate for private næringsbygg og offentlege
bygg (samla) vore på om lag 1,9 pst.
Det vert i meldinga peikt på at byggje-, anleggs- og
eigedomsnæringa (BAE-næringa) er landets største næring målt i talet
på bedrifter. 33 pst. av alle bedrifter i Noreg er BAE-bedrifter.
Næringa har hatt ein kraftig vekst det siste
tiåret. BAE-næringa har størst omsetning i byregionane, men næringa
er representert i alle kommunane i landet og er relativt sett den
næringa som har størst innverknad på sysselsetjinga utanfor dei
store byane. Det er utanfor dei store byane at veksten i BAE-næringa
har vore størst. I nokre landkommunar er byggjenæringa den klart
største næringa.
BAE-næringa sysselsette i 2010 til saman nesten 340 000
personar, det vil seie om lag 13 pst. av den samla sysselsetjinga
i Noreg.
Det vert i meldinga peikt på at næringa historisk sett
har vore svært konjunkturutsett, med store svingingar i byggjeaktiviteten.
Sysselsetjinga har derfor variert mykje dei siste tiåra. Dei siste
åra har innslaget av utanlandske bedrifter og arbeidskraft auka sterkt,
og ein reknar no at 15–25 pst. av alle som er sysselsette på ein
byggjeplass, har utanlandsk statsborgarskap. Prosentdelen av fast
tilsette fagarbeidarar i entreprenørbedrifter synest å vere på veg
ned i forhold til innleigd, utanlandsk arbeidskraft frå bemanningsselskap.
Dette kan på lang sikt påverke kompetansesituasjonen i næringa.
Av samla sysselsetjing er om lag 20 pst. ufaglærte, 60 pst. er faglærte/fagskuleutdanna,
og 20 pst. har høgare utdanning.
Sysselsetjinga i BAE-næringa fordeler seg på
om lag 75 000 bedrifter, av dei eigedomsverksemd (vel 45 000), entreprenør-
og handverksbedrifter (meir enn 22 000), byggjevareproduksjon og
-handel (omlag 5 000), og tekniske rådgjevarar og arkitektar (omlag
3 500) (ein del av desse er einmannsbedrifter med låg omsetning).
Eit gjennomgåande trekk ved BAE-næringa er dei
mange små bedriftene.
Det vert i meldinga vist til at mesteparten
av bygningsmassen i Noreg er i privat eige: Over 90 pst. av bustadene
og over 60 pst. av næringsbygga er privatåtte
Mellom dei profesjonelle eigarane kan ein rekne delar
av eigarskapen til offentlege og private næringsbygg. Eigarskapen
til bustader er samansett av einskildpersonar (meir enn 80 pst.)
og av ulike typar bustadselskap (burettslag, sameige med meir).
Eigarskapen til norske næringsbygg har endra seg
merkbart frå tidleg på 1990-talet. Etter ein situasjon som var prega
av at næringslivet åtte sine eigne produksjonslokale, blei mange
bygg då tilgjengelege for ein raskt veksande eigedomsbransje.
Ei liknande utvikling har skjedd innanfor offentleg
sektor.
Det vert i meldinga peikt på at eigarskapen
og kompetansen hjå bygningseigarar er viktig for avgjerder som er
knytte til bygg, og for korleis statens bygningspolitikk blir følgd
opp.
Det vert i meldinga peikt på at bustadprisane
i Noreg sidan 1992 har stige mykje meir enn byggjekostnadene og
konsumprisane.
I gapet mellom bustadprisar og bustadprisindeksen
ligg ein formidabel verdivekst for bustadeigarar og store gevinstar
for dei som har selt tomter, og for mange aktørar i verdikjeda for
bustadbygging.
I dei seinare åra har det vore ei svak produktivitetsutvikling
i byggjenæringa. Bekymringa for den svake produktivitetsutviklinga
i byggjenæringa var ein av grunnane til at Byggjekostnadsprogrammet blei
etablert.
Dårleg produktivitetsutvikling gjev auka byggjekostnader,
dyrare bustader og næringsbygg og dårlegare ressursutnytting i samfunnet.
I meldinga vert det likevel understreka at det
er stor uvisse når det gjeld produktivitetsutviklinga i byggjenæringa,
og at det er store variasjonar mellom dei ulike bransjane og mellom
nybygging og rehabilitering. Tal frå Byggeindustrien viser også
at omsetninga per tilsett nesten er dobla dei siste tjue åra i dei største
bedriftene (men her spelar auka bruk av underentreprenørar og leigd
arbeidskraft inn).
Det vert i meldinga vist til at dette er nokre
av forklaringane som er blitt framheva for å forklare den negative
produktivitetsutviklinga: fråværet av store teknologiske nyvinningar
i næringa, liten internasjonal konkurranse, omfattande offentlege
krav og regelverk, auka bruk av utanlandske bedrifter og utanlandsk
arbeidskraft, lite merksemd rundt produktivitet i gode tider og
andre kulturelle forhold i næringa.
Det vert i meldinga vist til at dei årlege kostnadene
knytte til å utbetre byggskadar som følgje av feil under prosjektering
og bygging, truleg utgjer 2–6 pst. av dei årlege investeringskostnadene
ved nybygging. Dei fleste av desse skadane kunne vore unngått. Næringa
har sjølv sett i gang ei rekkje forbetringstiltak.
I meldinga vert det peikt på at mangelfull kvalitet på
det som blir prosjektert og bygd, svekkjer tilliten mellom partane
i byggsektoren. Det medfører ulemper for dei som skal ta i bruk
eit bygg med feil og manglar, og store meirkostnader som samla sett
gjev høgare byggjekostnader og lågare produktivitet. Årsakene til
byggfeil og -skadar er samansette, og omfanget av byggfeil og -skadar
varierer mykje mellom ulike aktørar i næringa og mellom ulike typar
byggjeoppdrag. Det er ei relativt lita gruppe useriøse aktørar som
har medverka til å skape biletet av ei heil næring som useriøs.
Kommunane fører tilsyn med byggjeverksemda, avgrensa
av ressursmessige grunnar til 5–6 pst. av alle byggjetiltak. I om
lag 10 pst. av dei tilsynssakene kommunane gjennomfører, blir det
avdekt alvorlege bygningsmessige feil og manglar som fører til sanksjonar.
Det vert i meldinga peikt på at kommunane er særs
viktige for å gjennomføre bygningspolitikken. Det er kommunane som
gjennom plan- og bygningslova fastset kvar, kva og korleis det kan
byggjast. Kommunane har ei sentral rolle som samfunnsutviklar lokalt,
gjennom planlegging, næringsutvikling, kulturpolitikk med meir.
Kommunane er òg viktige som eigar og forvaltar av grunn, tekniske
anlegg og bygg.
Den kommunale byggjesakshandsaminga skal sikre
både samfunnsmessige omsyn slik at dei oppførte bygga har god kvalitet,
og ein forsvarleg prosess overfor naboar og offentlege organ som
prosjektet har konsekvensar for. Det er store forskjellar mellom
kommunane når det gjeld ressursar og kompetanse i byggjesakshandsaming.
Talet på handsama byggjesaker i kommunane har
dei siste åra lege på mellom 130 000 og 180 000 årleg. Gjennomsnittlege
sakshandsamingstider for enkle tiltak, rammesøknader, igangsetjingsløyve
og ferdigattestar ligg mykje lågare enn dei tidsfristane som er
sette i lovverket. Her er det likevel store forskjellar mellom kommunane,
og nokre av dei store bykommunane held ofte ikkje tidsfristane.
Ifølgje brukarundersøkingar er byggjenæringa middels
godt nøgd med servicen og sakshandsaminga i kommunane, men igjen
er det store ulikskapar i korleis kommunane blir oppfatta. Størst
er misnøya med sakshandsamingstidene.
Mange statlege aktørar har roller og ansvar
overfor byggsektoren. Direktoratet for byggkvalitet og Husbanken
får i kapittel 2.6 i meldinga ein innleiande omtale.
Direktoratet for byggkvalitet (tidlegare Statens bygningstekniske
etat) er statens sentrale styresmakt for det bygningstekniske regelverket,
det er tilsynsstyresmakt for reglane om dokumentasjon av eigenskapar
ved byggjevarer, og det driv ordninga for sentral godkjenning av
føretak etter plan- og bygningslova. Direktoratet arbeider fagleg
innan bygningsteknikk, miljø, energi, helse, tryggleik og universell
utforming, og gjer framlegg om byggjeforskrifter.
Direktoratet har som oppgåve å auke kunnskapen om
byggjereglar og byggjeprosessar i næringa og kommunane. Direktoratet
arbeider også med standardisering på byggområdet og medverkar til
å utarbeide eit grunnlag for standardar, godkjenningar og harmoniserte
tekniske krav etter dei felles europeiske reglane.
Husbanken er statens sentrale organ for gjennomføring
av bustadpolitikken. Målet for bustadpolitikken er at alle skal
bu godt og trygt, og Husbankens bustadsosiale arbeid er ein viktig
berebjelke i den norske velferdspolitikken. Husbanken forvaltar økonomiske
verkemiddel som bustøtte, tilskot og lån, og medverkar med kunnskapsutvikling,
rådgjeving og kompetanseoverføring til kommunar, frivillig sektor
og andre aktørar.
Husbanken skal stimulere til berekraftig kvalitet i
bustader og bygg gjennom lån og tilskot, informasjon, støtte til
forsøksprosjekt og støtte til kompetansebygging hjå sentrale aktørar.
Viktige tema er miljø og energi, universell utforming, god byggjeskikk
og områdeutvikling. Husbanken skal samarbeide med byggje- og eigedomsnæringa,
kommunane og med andre statlege aktørar som har oppgåver og ansvar innanfor
dei aktuelle tema. Grunnlån og kompetansetilskot til berekraftig
bustad- og byggkvalitet er viktige verkemiddel.
Det vert i meldinga gitt eit kort oversyn over
dei viktigaste regulatoriske, økonomiske og kompetansemessige verkemidla
innanfor byggsektoren, sjå kap. 2.6.
Komiteen registrerer at Statistisk
sentralbyrå har korrigert sine anslag for timeproduktiviteten i byggjenæringa,
og at produktivitetsutviklinga frå år 2000 til år 2011 vert endra
frå minus 20 pst. slik det står i meldinga, til minus 9 pst. Komiteen konstaterer
at dei nye tala frå Statistisk sentralbyrå syner at næringa dermed
produserer like mykje på ein time i dag, som næringa gjorde i 1990. Komiteen ser derfor
at produktiviteten i næringa er noko betre enn det ein får inntrykk
av i meldinga, og forventar at dei nye tala frå Statistisk sentralbyrå
vert lagt til grunn for regjeringa si oppfølging av bygningsmeldinga.
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå
Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti
og Senterpartiet, viser til at det er utfordringar i bygg-
og anleggsnæringa. Mellom anna er delar av næringa prega av fallande
produktivitet og for mange byggefeil. Fleirtalet meiner
at noko av grunnen til dette er fokuset på kostnader i næringa.
Det er som oftast anbodet med lågast bod som vinn fram. Kontraktane vert
ofte delte opp i små underentreprisar – og det at ein brukar stor
grad av innleige kan vera med å overskygga god planlegging, logistikk
og samhandling. Fleirtalet meiner det er viktig at
ein set fokus på desse utfordringane i det vidare arbeidet med å
få til ein framtidsretta bygningspolitikk. Dette kan gjerast mellom
anna gjennom vektlegging av kvalitet, kompetanseutvikling og samarbeid. Fleirtalet meiner etableringa
av Bygg21 er eit riktig skritt på vegen.
Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet
og Høgre viser til oversikten av verkemidlar som staten
nyttar for å detaljstyre byggenæringa. Desse medlemene meiner
det no er på tide å forenkle og ikkje byråkratisere byggenæringa
ytterlegare. Desse medlemene viser til den sterke
prisstigninga på bustader som har funne stad dei siste 20 åra, og
at mange, spesielt blant dei unge, no har problem med å kjøpe sin
eigen bustad. Desse medlemene meiner at tilbod og
etterspurnad i ein marknad fungerer best dersom dette får fungere utan
for mykje statleg innverknad.
Desse medlemene fryktar at dei
stadig skjerpa krava frå statlege myndigheter har verka prisdrivande
på bustadmarknaden. Desse medlemene meiner derfor
at statlege verkemiddel må reduserast og gjerast enklare.
Desse medlemene vil likevel understreke
at økonomiske verkemiddel er å føretrekkja framfor absolutte krav
i lov og forskrifts form.
På denne bakgrunn fremmar desse medlemene slikt
framlegg:
«Stortinget ber regjeringa starte arbeidet med forenkling
og reduksjon av verkemiddel i byggjenæringa med sikte på å leggje
grunnlaget for ein velfungerande marknad utan unødvendige statlege
tilsyn og inngrep.»
Måla er:
Utdanninga og kunnskapsformidlinga
skal gje dyktigare aktørar i byggsektoren.
FoU skal heve kvaliteten i bygg og gjere
byggjeprosessane meir kostnadseffektive.
Det skal utviklast betre statistikk og
system for resultatevaluering.
Det vert i meldinga peikt på at dei teknologiske og
arkitektfaglege miljøa i Noreg har eit høgt fagleg nivå. Det vert
gjort greie for miljøa sine roller internasjonalt.
Det vert i meldinga peikt på at norske bygg
generelt har høg standard, men at den byggfaglege kompetansen vi
har, ikkje blir teke godt nok i bruk i heile næringa. Det samla
resultatet blir derfor ikkje så bra som det høge kompetansenivået
vårt skulle tilseie. Byggfeil kostar samfunnet fleire milliardar
i året. Mange bygg får høgare drifts- og vedlikehaldskostnader og
kortare levetid enn naudsynt, og tilfredsstiller ikkje dei krava
samfunnet set gjennom forskrifter for teknisk kvalitet, til dømes
til energieffektivitet, miljø og universell utforming.
Nye og skjerpa krav til kvalitet gjev byggjenæringa
ytterlegare utfordringar. Nye kunnskapar og metodar må utviklast,
og ei heil næring må kunne ta dei nye kunnskapane i bruk frå det
tidspunktet det kjem krav om det. Avstanden mellom ynskt kvalitet slik
det blir definert i forskrifter, og den faktiske kvaliteten som
kjem til gjennom praktisk bygging, kan auke dersom dette ikkje skjer.
Alle ledd i byggjenæringa må gjere ein meir kvalifisert innsats
og samspelet må bli betre enn i dag.
Utvikling og oppbygging av kompetanse i byggjenæringa
er meir utfordrande enn for mange andre næringar. Det vert i meldinga
peikt på nokre trekk som påverkar kompetanseutviklinga i byggjenæringa.
Det vert i meldinga peikt på at auka kompetanse i
alle ledd er ei av dei viktigaste utfordringane for byggjenæringa
i åra som kjem. Regjeringa vil medverke til eit kunnskapslyft i
norsk byggjenæring. Regjeringa ser dette som eit viktig tiltak for
å nå dei kvalitetsmåla som er sette for bygningspolitikken.
Det vert i meldinga peikt på at betringa av
kompetansen i næringa vil måtte skje på fleire måtar.
Auka kompetanse er viktig for å snu den negative produktivitetsutviklinga
som ein har hatt i byggjenæringa gjennom fleire år.
Det må vere eit mål å utvikle kompetanse og
ferdigheiter i norsk byggjenæring som ligg på eit høgt nivå internasjonalt.
Norsk byggjenæring har potensial til å utvikle spisskompetanse på
fleire område.
Kontakten det offentlege har med næringa blir ofte
oppstykka, og koordineringa mellom dei statlege verksemdene er ofte
ikkje god nok.
Det er derfor naudsynt med eit meir langsiktig
og systematisk samarbeid mellom styresmaktene og dei mange grupperingane
i byggjenæringa dersom dialogen mellom næringa og styresmaktene
skal bli meir effektiv, og dersom ein skal få ei målretta kunnskapsheving
i heile næringa.
Det vert i meldinga vist til at regjeringa vil
invitere byggjenæringa og andre sentrale aktørar til eit breitt
samarbeid for å utvikle ei kunnskapsbasert byggjenæring og auke
kompetansen og gjennomføringsevna i alle ledd i næringa, Bygg21.
Bygg21 skal med bakgrunn i dei måla som er sette for bygningspolitikken,
greie ut og føreslå tiltak for å betre kompetansen og gjennomføringsevna
i byggjenæringa.
Bygg21 skal utarbeide strategiar og tiltak for:
Dei tre innsatsområda er nærare omtalte i kapittel 3.4–3.6
i meldinga.
Kommunal- og regionaldepartementet vil ha ansvaret
for å setje i gang Bygg21 og for å samordne satsinga med andre departement.
Bygg 21 vil bli leia av et styre medan Direktoratet
for byggkvalitet får ansvar for den daglege leiinga og sekretariatsfunksjonane.
Dei som elles deltek i Bygg21, bør vere dei same som til vanleg
har ansvar for å gjennomføre strategiar og tiltak i byggsektoren, irekna
bransjen, offentlege etatar, diverse organisasjonar og initiativ.
Det første året skal Bygg21 lage eit utkast
til strategi og framlegg til prioriterte tiltak for dei tre innsatsområda.
I dette ligg òg eit framlegg til kven som skal ha ansvaret for å
gjennomføre dei ulike tiltaka.
Strategiane og tiltaka vil bli førte vidare
av byggjenæringa og styresmaktene i fellesskap. Det vil vere viktig
å sjå samanhengen mellom dei oppgåvene som næringa sjølv har ansvaret
for, og dei som må gjennomførast av offentlege organ.
Bygg21 vil greie ut tiltak som kan føre med
seg eit behov for omstillingar i byggjenæringa. Ei omfattande endring
av etablerte samhandlingsmønster og tradisjonar kan ta tid. Bygg21
vil derfor vere ei satsing som bør gå over fleire år. Satsinga må
evaluerast undervegs og korrigerast i samsvar med dette. Etter 2020
skal ein vurdere om satsinga skal avviklast, eller om ho skal førast
vidare i nye former. Det vil til dømes vere aktuelt å vurdere om
næringa sjølv skal vidareføre satsinga gjennom eit senter for utvikling
drive av næringslivet.
Strategien som Bygg21 skal utvikle, vil vere
eit framlegg som både styresmaktene og næringa må vurdere i etterhand.
Ein «nasjonal strategi» og ei felles plattform for framtidige satsingar
vil først vere forpliktande etter at dei kompetente organa på både stats-
og næringssida har akseptert strategien.
Tilsvarande initiativ som Bygg21 er sett i gang fleire
stader, mellom anna i Storbritannia og i Danmark. Framlegget om
å etablere Bygg21 er inspirert av desse initiativa.
Regjeringa vil:
Regjeringa vil ta
initiativ til å etablere Bygg21 som eit samarbeidsprosjekt med byggjenæringa for
å heve kompetansenivået.
Regjeringa vil forankre oppfølginga av
Bygg21 i KRD og leggje sekretariatet til Direktoratet for byggkvalitet.
Storleiken på FoU-innsatsen i byggsektoren er mindre
enn i mange andre næringar. Det gjeld både eigenfinansiering frå
næringa og finansiering frå det offentlege.
Forskingsrådet har fleire program som på ulikt vis
omfattar byggjenæringa. Skattefunn har i dag størst omfang av dei
prosjekta som er retta mot byggsektoren.
Forskingsrådet sine sektorovergripande program har
ført til auka FoU-løyvingar til byggjenæringa samanlikna med den
gongen næringa hadde eigne, brukarstyrte forskingsprogram. Forskingsrådet
har sett i verk fleire administrative tiltak for å mobilisere byggjenæringa
til auka FoU-innsats. Tendensen er at fleire verksemder i byggjenæringa
har eit aukande FoU-engasjement.
Det vert i meldinga peikt på at forskingsinnsatsen varierer
sterkt internt i næringa.
Forskingsrådet tek del i fellesfinansierte prosjekt i
to nettverk som er knytte til det sjuande rammeprogrammet i EU.
Denne deltakinga har gjeve mindre utteljing enn forventa.
Enova, Husbanken, Riksantikvaren og Direktoratet
for byggkvalitet brukar også midlar på utgreiingar og forskingsrelaterte
aktivitetar for byggsektoren.
Universitets- og høgskulesektoren har noko byggrelatert
FoU-aktivitet som ikkje blir fanga opp av statistikken.
I tillegg kjem innkjøp av FoU-tenester frå Statsbygg,
Forsvarsbygg og helseføretaka knytta til deira eigne byggjeprosjekt
og eigedomsforvaltning.
Kommunal og regionaldepartementet har det siste
tiåret gjennomført to større programsatsingar som har relevans for
kunnskapsutviklinga i byggsektoren: Økobyggprogrammet (1998–2002)
og Byggjekostnadsprogrammet (2005–2010).
Ein nasjonal FoU-strategi for byggjenæringa
kan fungere som retningsgjevar for framtidig forskingsinnsats og
sikre betre fordeling og betre bruk av offentlege og private forskingsmidlar.
Strategien skal medverke til meir tverrfagleg forsking der prosessorienterte
samfunnsfaglege problemstillingar og samfunnsvitskaplege tema generelt
blir meir framståande enn i tidlegare byggforsking, som tradisjonelt
har vore teknologiorientert.
Både Innovasjon Noregs og SIVAs ordningar bør
kunne utnyttast betre enn tilfellet er i dag. Ein nasjonal FoU-strategi
bør ha ein del som handlar om innovasjon og korleis innovasjonsraten
i byggjenæringa kan aukast.
Regjeringa vil:
Det vert i meldinga vist til at byggjenæringa
er særleg uroleg for rekrutteringa til grunnopplæringa og etter-
og vidareutdanninga i byggfaga. Talet på søkjarar til vidaregåande
opplæring innanfor bygg- og anleggsfag har gått nedover, og fråfallet
er dessutan svært høgt. Ei av fleire forklaringar kan vere at opplæringa
ikkje er relevant nok for yrkeslivet. I ei Fafo-undersøking kjem
det fram at over halvparten av byggjebedriftene meiner kvaliteten
på lærlingar som kjem rett frå vidaregåande skule, er dårleg eller svært
dårleg.
Over 2/3 av alle bedrifter som er knytte til
Byggenæringens Landsforening, opplyser at dei driv systematisk etterutdanning
av dei tilsette, og at dei sender dei tilsette på kurs, med sertifiseringskurs
som eit av dei viktigaste. Den viktigaste metoden for kompetanseheving
i bedriftene skjer gjennom læring i det daglege arbeidet (learning
by doing).
Det manglar gode nok tilbod til handverkarar
og andre grupper om «fagleg påfyll». Men ulike profesjons- og næringsorganisasjonar
har kurs- og opplæringstilbod til sine medlemsbedrifter.
I dag er det for få handverkarar som har kunnskapar
om tradisjonelle byggjeteknikkar, og kunnskap om desse byggjeteknikkane
er ofte avgjerande når freda og verneverdige bygg skal rehabiliterast.
Verken dagens byggjenæring eller etablerte etter- og vidareutdanningstilbod
klarer å dekkje dette behovet godt nok.
Talet på sivilingeniørar innanfor byggje- og
anleggssektoren var på 1990-talet jamt dalande, men trenden synest
å ha snudd.
Utfordringa for universitetsfaga synest å vere mest
knytte til å gjere utdanningane meir relevante for arbeidslivet.
Alle lærefaga i vidaregåande opplæring er knytte til
eit fagleg råd. Dei faglege råda representerer partane i arbeidslivet
innanfor dei respektive ansvarsområda. Råda skal arbeide for å utvikle
kvaliteten i faga og sjå trendar og utviklingstrekk, slik at faga dekkjer
kompetansebehova for arbeidslivet, den einskilde og samfunnet. Fagleg
råd for bygg og anleggsteknikk er rådgjevande for alle lærefaga
innan byggjesektoren. Dei nasjonale læreplanane for byggjefaga er
utarbeidde saman med det faglege rådet og fastsette av Utdanningsdirektoratet.
Nesten alle ungdommar begynner i vidaregåande opplæring
etter avslutta ungdomsskule, men etter fem år har berre rundt 70
pst. gjennomført med full studiekompetanse eller yrkeskompetanse.
På yrkesfag gjennomfører berre litt over halvparten av elevane vidaregåande
skule med full kompetanse innan fem år. Mange yrkesfagelevar vel
å prioritere studiekompetanse framfor fagbrev etter det andre året
på vidaregåande opplæring. Faglege ferdigheiter frå grunnskulen
har stor innverknad på om ungdommane gjennomfører vidaregåande opplæring
eller ikkje. Det vert i meldinga peikt på at det for regjeringa
er ei hovudsak å få fleire ungdommar til å fullføre vidaregåande
opplæring. Regjeringa har derfor styrkt innsatsen i arbeidet mot
fråfall. Satsingsområde er tidleg innsats og kvalitetsutvikling,
tettare oppfølging av den einskilde eleven, satsing på lærarkompetanse
og satsing på ei variert og meir praktisk grunnopplæring.
Med Kunnskapsløftet blei prosjekt til fordjuping innførte
i vidaregåande opplæring, og det utgjer ein vesentleg del av fag-
og yrkesopplæringa. Faget har to mål:
Faget skal gje elevane
ei oppleving av at opplæringa er relevant for det framtidige yrket
deira, og dermed gje den einskilde betre motivasjon for å gjennomføre
opplæringa.
Faget skal gje regionalt og lokalt næringsliv
høve til å definere innhaldet i opplæringa i tråd med dei lokale
kompetansebehova. Faget gjev høve til å etablere og vidareutvikle
samarbeid med andre skular og med lokalt arbeidsliv.
På ungdomssteget blei det frå skuleåret 2009/2010
sett i gang ei utprøving med eit nytt arbeidslivsfag som skal gje
elevar som ynskjer det, betre høve til å arbeide praktisk og prøve
ut interessene sine for yrkesfagleg opplæring. Faget er eit alternativ
til eit andre framandspråk eller språkleg fordjuping. Evalueringa
av arbeidslivsfaget syner at faget har gode føresetnader for å lukkast.
Frå hausten 2008 blei det innført eit nytt obligatorisk
fag – utdanningsval. Faget skal knyte grunnskule og vidaregåande
opplæring betre saman og gje elevane kunnskap om kva dei kan oppnå
gjennom vidaregåande opplæring. Elevane skal prøve ut delar av det
faglege innhaldet i (minst to) ulike utdanningsprogram i vidaregåande
opplæring tilpassa nivået på ungdomssteget. Frå hausten 2012 blir
det innført valfag i ungdomsskulen.
Vidare starta regjeringa i 2010 prosjektet Ny GIV,
eit treårig prosjekt med det mål å etablere eit varig samarbeid
mellom stat, fylkeskommunar og kommunar for å gje elevane betre
føresetnader for å fullføre vidaregåande opplæring. Første året
med Ny GIV har gjeve 2 300 ungdommar intensivopplæring i lesing
og rekning på slutten av 10. klassesteg. I 2013 skal alle skular
med ungdomssteg og alle vidaregåande skular inviterast inn i prosjektet.
For å gjere fellesfag som norsk, engelsk og
matematikk meir relevante for yrkesfagelevar blei det sett av 10
mill. kroner i 2011 til å gje lærarane meir kompetanse og utvikle
nye læremiddel for yrkesretting av fellesfag.
Evalueringa av Kunnskapsløftet blir ferdigstilt
i 2012 og vil danne grunnlag for ei stortingsmelding i 2013. Det
å styrkje statusen for yrkesfag vil stå sentralt i den nye stortingsmeldinga.
Byggjenæringa har engasjert seg for å gjere grunn-
og vidareutdanninga i byggfaga meir relevant for dei behova næringa
har, og for å sikre framtidig rekruttering. Byggenæringens Landsforening
(BNL) har etter ei utgreiing av temaet i regi av Byggekostnadsprogrammet
utarbeidd eit framlegg til revidering av rammeplanen. Det blir hevda
at BNLs medlemsbedrifter treng til saman opptil 9 000 nye handverkarar,
men får berre om lag 2 500.
På vegen fram mot fagbrev skal eleven få praktisk
opplæring på ein arbeidsplass. Lærlingordninga generelt og i byggfaga
spesielt er under debatt. Samspelet mellom skulebasert og arbeidsplassbasert
opplæring er viktig. Samtidig er det klart at næringa sjølv har
eit ansvar for å leggje til rette for framtidig rekruttering, mellom
anna ved aktiv bruk og god oppfølging av lærlingar.
Regjeringa vil:
Det vert i meldinga vist til at byggjenæringa
er i kontinuerleg omstilling mellom anna som følgje av forskriftsendringar
og nye kvalitetskrav. Ein føresetnad for lønsame omstillingar er
omstillingsdyktige arbeidstakarar.
Verksemdene har sjølv ansvar for å sørgje for
ei opplæring som er grunngjeve i behovet for kompetanse i verksemdene.
Det er grunn til å tru at arbeidsplassen vil få ei viktigare rolle
som læringsplass, fordi verksemdene i stadig større grad har spisskompetanse
som ikkje finst i utdanningsinstitusjonane.
Gjennom Kompetansereforma frå 1999 ynskte styresmaktene
å utvikle ein velfungerande marknad for etter- og vidareutdanning
gjennom tiltak retta mot både tilbodssida og etterspørselssida.
Erfaringane frå reforma viser likevel at innføring av rettar ikkje
har vore nok til å auke dei vaksne si deltaking i grunnopplæringa
i særleg grad. På universitets- og høgskulenivå har talet på vaksne
studentar derimot auka.
Det er behov for å forbetre tilbodet om etter-
og vidareutdanning innanfor byggfaga både for å utvikle spesialkompetanse
på utvalde tema, og for å kunne oppdatere prosjekterande og utførande
på nye metodar og teknikkar etter kvart som dei ligg føre.
Det vert i meldinga vist til at lågenergiprogrammet
er eitt døme på korleis byggjenæringa og styresmaktene har gått
saman for å påskunde betre kompetanse om energieffektivisering i
bygg hos aktørane i byggjenæringa. Programmet er tiårig og blei
oppretta i 2007.
Programmet har to innsatsområder: kompetanseheving
i byggjenæringa og førebileteprosjekt. Målet er å medverke til at
den norske byggjenæringa blir leiande i Europa når det gjeld å byggje
energi- og miljøvenlege bygg, og at det innan 2017 blir bygd ein stor
prosentdel passivbygg i Noreg. Det vert i meldinga peikt på at erfaringane
med Lågenergiprogrammet er gode og at programmet vil bli knytt opp til
Bygg21.
Næringa har allereie mange tilbod som skal dekkje
behovet for etterutdanning, både bedriftsinterne tilbod og tilbod
organiserte gjennom bransjeorganisasjonar. Det kan vere mykje å
hente på meir tverrfagleg samarbeid mellom organisasjonane. Næringa
kan, om det er føremålstenleg, utvikle eigne kvalitetskrav til medarbeidarane
sine.
Regjeringa vil heile tida vere i dialog med
partane i arbeidslivet om etter- og vidareutdanning, innanfor rammene
av gjeldande regelverk og ansvarsdeling. Regjeringa legg opp til
at dette blir drøfta vidare i Bygg21.
Regjeringa vil:
Det vert i meldinga vist til at fagskulane representerer
eit alternativ til høgare utdanning, og at dei er viktige for kompetanseheving
og spesialisering innan yrkesfaga. Behovet for kompetanse som ligg mellom
fagutdanning på vidaregåande nivå og høgskulenivå, er generelt aukande.
Gjennomført utdanning fører fram til tittelen fagteknikar. Ein fagteknikar
blir til dømes bruka i mellomleiarstillingar i yrkeslivet.
Hausten 2010 oppnemnde Kunnskapsdepartementet
Nasjonalt fagskuleråd som mellom anna skal arbeide for å betre samarbeidet
mellom fagskulane og resten av utdanningssystemet og arbeidslivet.
Regjeringa vil:
Noreg har i dag 36 statlege universitet og høgskular
og ei rekkje private høgare utdanningsinstitusjonar. Det vert i
meldinga peikt på at det for byggjesektoren er særleg viktig at
ingeniørutdanninga har høg kvalitet og rekrutterer dyktige og motiverte studentar.
Ei ny forskrift om rammeplan for treårig ingeniørutdanning frå 2011
skal sikre at institusjonane legg til rette for ei integrert ingeniørutdanning med
heilskap og samanheng mellom fag, emne, teori og praksis i tillegg
til undervisningsmetodar og vurdering av studentane.
Rammeplanen skal sikre at utdanninga har eit
internasjonalt perspektiv, og at kandidatane kan fungere i eit internasjonalt
arbeidsmiljø. Visjonen for arbeidet med ny rammeplan var at framtidige
ingeniørar skal vere samfunnsengasjerte, kreative og handlekraftige
og medverke aktivt i utfordringane i framtida.
Viktige område for byggjenæringa er nye prosjekteringsformer
og behovet for prosessleiing, tverrfagleg kompetanse og tverrfagleg
samarbeid. Desse områda er godt sikra i rammeplanens krav til læringsutbytte
og nye faglege element i utdanninga.
Regjeringa vil:
Dei fleste bransje- og næringsorganisasjonane driv
ulike former for kompetansebygging og fagleg informasjon overfor
medlemsverksemdene sine.
Det vert i meldinga vist til at offentlege etatar som
Husbanken, Direktoratet for byggkvalitet, Riksantikvaren og Enova
også i stor grad er engasjerte i kunnskapsformidlinga. Byggstandardisering
gjennom Standard Noreg spelar ei viktig rolle ikkje minst som formidlingsmetode
for korleis utføringa kan skje i samsvar med forskriftskrav. Det
pågåande Lågenergiprogrammet rettar seg mot kompetanseoppbygging
innanfor energieffektivisering i bygg.
Regjeringa vil:
Det vert i meldinga vist til at profesjonelle
byggherrar og eigarar er lettare å nå med relevant informasjon enn
dei mange som byggjer sin eigen bustad, og dei mange bustadeigarane.
Viktige informantar for denne gruppa blir byggjevarebutikken, den
lokale byggmeisteren og dei lokale aktørane i byggjenæringa, i tillegg
til kommunen. Informasjon på nettet kan òg vere viktig for denne
gruppa.
Det vert i meldinga peikt på at det ikkje er
mogleg og heller ikkje ynskeleg å sentralisere all informasjon,
men at det kan vere aktuelt å sjå på om det bør opprettast ein nettportal
med relevant informasjon, og om dei ulike nettstadene kan setjast
inn i eit system der dei peikar til kvarandre.
Regjeringa vil:
Det vert i meldinga peikt på at kompetansespreiinga
kan vere meir effektiv om ho blir tilpassa lokale omstende. Sverige
har gode røynsler med å etablere regionale passivhus-senter.
Ei regional og meir desentralisert rådgjeving
kan truleg lettare nå dei mange små verksemdene og publikum generelt.
Korleis desentraliserte rådgjevingssenter eventuelt kan utviklast
og samanhengen mellom desse og dei etablerte, sentrale rådgjevingstilboda
som allereie er etablerte, vil bli nærare vurdert i Bygg21.
Regjeringa vil:
Regjeringa vil at
Bygg21 skal greie ut moglege opplegg for regionale rådgjevingssenter.
Regjeringa vil tilrå kommunane å etablere
eit lågterskeltilbod der bustadeigarar i kommunen kan få rådgjeving
om korleis utbetring kan utførast på gode måtar.
Regjeringa vil:
Regjeringa vil medverke
til at det blir bygd førebilete- og pilotprosjekt for å teste ut
byggkonsept som har kvalitetar utover minimumskrava i byggjeforskriftene.
Regjeringa vil evaluere førebileteprosjekt,
slik at dei mellom anna kan nyttast i vidare regelverksutforming.
Regjeringa vil medverke til å spreie kunnskap
frå førebileteprosjekt til aktørane i byggjenæringa og til bygg-
og bustadeigarar.
Byggforskserien til SINTEF Byggforsk er mykje bruka
som rettleiing for konstruksjon av bygg i tråd med dei krava som
er stilte i byggforskriftene. Arnstadgruppa sin rapport trekkjer
fram Byggforskserien som eit sentralt verkemiddel for å kunne setje
det breie laget i byggjenæringa i stand til å byggje bygg på passivhus-nivå.
Arnstadgruppa sin rapport konstaterer at det
vil vere behov for å oppdatere og utvikle 200 tilvisingar knytt
til passivhus-nivå. Det er viktig med ein felles fagleg struktur
og nøye kvalitetssikring av det som blir utarbeidd. Satsinga bør
derfor ha ei sentral koordinering og finansiering frå styresmaktene
i samarbeid med byggjenæringa.
Standardiseringa innanfor bygg, anlegg og eigedom
har historisk vore eit område med stor aktivitet og utgjer i dag
ein hovuddel av aktiviteten i Standard Noreg.
Regjeringa vil:
Det vert i meldinga peikt på at vi manglar god oversikt
over korleis kvaliteten på byggmassen i Noreg samla sett faktisk
er, ikkje minst korleis aktuelle byggkvalitetar, mellom anna energieffektivitet
og tilgjengelegheit, utviklar seg over tid.
Matrikkelen som mastersystem er ein kritisk
faktor for SSBs statistikk- og analyseverksemd, også når det gjeld
statistikk om byggkvalitetar. For å sikre tilstrekkeleg kvalitet
i matrikkelen (bygningsdelen) er det viktig med samspel og samarbeid
om oppdateringar med fleire bidragsytarar i eit avtalt kontrollregime.
Det bør leggjast til rette for at oppdateringar og handsamingar
i mykje større grad skjer gjennom elektronisk datautveksling og
koplingar mot andre registerkjelder/datasystem, også internt i kommunen. Noko
som i stor grad kan forbetre statistikkgrunnlaget, er høve til nettbasert
innsyn i informasjon om eigen eigedom, og at den einskilde får høve
til å melde inn feil og utbetringar.
SSB har peikt på ei rekkje moglegheiter og utfordringar
for å forbetre statistikken på ulike område som gjeld byggkvalitet.
Forbetringa av offentleg statistikk vil vere
ein kontinuerleg prosess. Kommunal- og regionaldepartementet vil
som del av sitt ansvar for byggjepolitikken samarbeide med SSB og
andre involverte departement for å søkje å framskunde prosessane
fram mot forbetra statistikkar som gjeld byggkvalitet. Den vidare
utviklinga av matrikkelen vil vere eit prioritert område.
Parallelt med statistikkforbetring vil det derfor bli
sett i gang eit arbeid med å utvikle måleindikatorar som grunnlag
for eit «nasjonalt målesystem» for dei ulike byggkvalitetane. Departementet
vil bringe inn dette som tema i Bygg21.
Regjeringa vil:
Dei økonomiske konsekvensane av dei konkrete framlegga
til tiltak som vert varsla i dette kapitlet skal kunne dekkast innanfor
gjeldande budsjettrammer. Mellom anna vil kostnader i strategiutviklingsfasen
for Bygg21, som utgreiingar og FoU-oppdrag, bli dekte innanfor KRDs
budsjettrammer. Gjennomføringa av strategien med tilhøyrande handlingsplan kan
føre med seg kostnader. Regjeringa vil kome attende til eventuelle
framlegg som krev auka løyvingar i samband med dei årlege budsjettframlegga.
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå
Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet,
meiner det er behov for å heve kompetansenivået i byggenæringa. Fleirtalet viser
til at regjeringa vil invitere byggenæringa til eit breitt samarbeid
om kompetanseutvikling gjennom prosjektet Bygg21. Programmet skal fokusere
innsatsen på FoU og innovasjon, utdanning og system for kompetanseutvikling
samt formidling av kunnskap og erfaringar.
Fleirtalet vil understreke at
det er viktig at dei tilsette og deira organisasjonar blir tekne
med i dette arbeidet med Bygg21.
Fleirtalet støttar at regjeringa
saman med Faglig råd for bygg og anleggsteknikk og Samarbeidsrådet
for yrkesopplæringen betrar kvaliteten på grunnopplæringa og sikrar
byggenæringa kvalifisert arbeidskraft, mellom anna gjennom at fleire
tek fagbrev.
Fleirtalet viser til at regjeringa
i Bygg21 vil få vurdert systema for etter- og vidareutdanning i
byggfaga, innanfor rammene av gjeldande regelverk og ansvarsfordeling. Fleirtalet viser
òg til at fagskulane vil kunne spille ei rolle i eit kunnskapslyft
for byggenæringa.
Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet,
Høgre og Kristeleg Folkeparti er positive til FoU, innovasjon
og auka kompetanse, men meiner det er svært viktig å unngå byråkrati
og auka kostnader. Desse medlemene er derfor opptekne
av at Bygg21 og andre initiativ vert utvikla i samråd med byggenæringa
og ikkje som eit pålegg frå staten overfor næringa. På dette grunnlag
er desse medlemene positive til at det vert sett
i gong tiltak for å auke kompetansen innanfor næringa.
Desse medlemene viser til at
tettleikskrava til nye bustader er blitt stadig strengare. Desse medlemene meiner
derfor at vi treng meir kunnskap om innelufta i nye bustader og
at det er viktig å få meir kunnskap om kva som skjer når bustadene vert
tettare og får mindre naturleg ventilasjon gjennom luftlekkasje,
og korleis dette vil påverke astma og allergi i folkesetnaden. Desse
medlemene ser også behov for meir kunnskap om kva konsekvensar
det har dersom ventilasjonskanalar ikkje vert reingjort og filter
ikkje vert skifta når dei skal.
På bakgrunn av dette fremmar desse medlemene følgjande
framlegg:
«Stortinget ber regjeringa prioritere inneklima som
eit satsingsområde for Bygg21.»
God arkitektur og
byggjeskikk skal prege all bygging.
Sikre bygg på trygge stader skal møte klimaendringane.
Prosentdelen av tilgjengelege universelt
utforma bygg skal aukast innan 2025.
Byggjemateriale som inneheld stoff på prioritetslista,
skal sorterast ut, og ikkje-farleg avfall skal i større grad gjenvinnast
innan 2020.
Ein skal unngå bruk av helse- og miljøfarlege stoff
i bygg innan 2020.
Bygg skal ha eit tilfredsstillande inneklima.
Det vert i meldinga peikt på at kvaliteten på
bygningar ikkje berre dreiar seg om eigenskapar ved bygget sjølv,
men må sjåast i samanheng med dei måla samfunnet har. Bygga legg
premissane for korleis vi lever og arbeider, for trivsel og livskvalitet. Bygg
har stor miljøpåverknad, og byggsektoren er ein stor forbrukar av
ressursar og skapar mykje avfall. Derfor vil det kome skjerpa krav
og forventningar til at byggjenæringa oppfyller kvalitetar som medverkar
til eit godt samfunn.
Regjeringa vil at norske bygg skal halde høg
kvalitet. Regjeringa er oppteken av at dei kvalitetskrava som blir
sette, er riktige sett i lys av ei langsiktig utvikling av bygningsmassen,
og at det blir gjort avvegingar mellom kvalitetskrav og dei økonomiske kostnadene
ved å innføre krava.
Det vert i meldinga vist til at arkitektonisk
kvalitet verkar inn på helsa og livskvaliteten til menneska, på
miljø og ressursbruk, på sosial og kulturell samhandling, på næringsutvikling
og på samfunnsøkonomi.
Regjeringa vil medverke til å skape kvalitativt gode
og trygge oppvekst- og nærmiljø, etablere gode møteplassar både
sentralt og lokalt, utvikle attraktive bygg for arbeid, rekreasjon,
læring og kultur, og medverke til å styrkje stadtilhøyrselen og
identiteten til folk.
Det er fleire viktige argument for å stimulere
til høg kvalitet i dei bygde omgjevnadene. Vi kan sjå på dei bygde
omgjevnadene som strategiske verkemiddel, der bygnings- og arkitekturpolitikken
støttar opp under overordna målsetjingar om eit meir demokratisk,
likeverdig og berekraftig samfunn.
Regjeringas arkitekturpolitikk, slik han blei
definert i Arkitektur.nå, legg til grunn ei brei forståing av arkitekturomgrepet:
Arkitektur dreiar seg om både bygningar og anlegg, uterom og landskap.
Det handlar om einskildbygg og bygningar i samspel, om heilskapen
i byar, tettstader og landskap.
God byggjeskikk er definert som «en kvalitet
ved de bygde omgivelser der hensyn til fysisk og sosialt livsmiljø,
ressursbruk/energi, universell utforming og estetikk inngår i en
stedlig helhet».
Det offentlege påverkar kvaliteten i dei bygde omgjevnadene
ved å utvikle lovverk, normer og standardar, informere, gje rettleiing,
premiere gode løysingar og ved at det offentlege er bestillar og
eigar av ein stor eigedomsmasse. Krav til god arkitektonisk kvalitet
er nedfelt i plan- og bygningslova. Det offentlege har ei viktig
rolle i å fremje bygg av høg kvalitet og lage førebileteprosjekt
som kan auke medvitet om kor viktig god arkitektur og byggjeskikk
er.
Det vert i meldinga vist til at regjeringa i
august 2009 la fram Arkitektur.nå – Norsk arkitekturpolitikk som
viser den samla statlege satsinga på arkitekturfeltet. Arkitektur.nå
skal medverke til at det offentlege er eit godt føredøme, og dokumentet
viser breidda i statlege initiativ og tiltak på tvers av forvaltningsgrenser
og -nivå. Arkitektur.nå gjer greie for seks innsatsområde for statleg
arkitekturpolitikk:
Miljø- og energivennlege
løysingar skal prege arkitekturen.
Byar og tettstader skal utviklast med arkitektur av
god kvalitet.
Staten skal ta vare på kulturmiljø og bygningsarv.
Kunnskap, kompetanse og formidling skal
lyfte arkitekturen.
Staten skal vere eit førebilete.
Norsk arkitektur skal vere synleg internasjonalt.
Stortingsmeldinga om bygningspolitikk følgjer konkret
opp fire av seks innsatsområder for arkitekturpolitikken (det gjeld
innsatsområda 1, 2, 4 og 5, medan innsatsområda 3 og 6 blir lite
omtala).
Det vert i meldinga vist til at arkitektur,
byggjeskikk, klima, miljø, tilgjengelegheit og universell utforming
er sentrale område for Husbankens arbeid når banken skal vidareutvikle
rolla si som eit nasjonalt senter for byggjeskikk og godt bumiljø.
Husbanken har ei sentral rolle som kunnskapssenter, og banken rettar
seg særleg mot kommunane.
Husbankens arbeid med byggjeskikk spenner frå kunnskapsutvikling
og samarbeid om utdanningstilbod med universitet og høgskular til
verktøy- og metodeutvikling.
Stadutvikling handlar om prosessar og fysiske tiltak
for å auke opplevinga av at ein stad er attraktiv. Det er mange
aktørar som arbeider med stadutvikling irekna kommunane, fylkeskommunane,
fleire departement og statlege etatar.
Det vert i meldinga peikt på at mange norske byar
og stader treng ei opprusting som sikrar og vidareutviklar eigenarten
til staden i nyskapande og berekraftig retning. Regjeringa ynskjer
å stimulere til dette. I 2011 etablerte kommunal- og regionalministeren ein
pris for attraktive stader.
Regjeringa vil:
I meldinga vert det vist til at det er mange
kommunar i Noreg med relativt liten byggjeaktivitet og låg kompetanse
om arkitektur og byggjeskikk. Eit heilskapleg etterutdanningstilbod
vil kunne medverke til å heve denne kompetansen i kommunane. Det ligg
også eit stort potensial i auka kunnskap og meir systematikk i forsøksarbeid
og utprøving. Her vil Husbankens arbeid for byggjeskikk og godt
bumiljø spele ei viktig rolle.
Regjeringa meiner at arkitektur må lyftast høgare opp
på den lokale dagsordenen. Mange kommunar vil ha behov for hjelpemiddel
på både politisk og administrativt nivå, slik at dei betre kan definere
kva for kvalitetar dei ynskjer på det som blir bygd, og på by- og
stadutviklinga, og korleis dei vil møte miljø- og klimautfordringane.
Kommunane må sjå på korleis dei kan utvikle
eigen praksis, slik at dei kan koordinere innsatsen frå alle saksbehandlingsområda
på ein best mogleg måte. Dei må sjå på korleis dei sjølv kan byggje
og forvalte bygg med høg og berekraftig kvalitet på kostnadseffektive
måtar. Dei må også samordne rollene sine i samspel med privat eigedomsutvikling
for å sikre ei heilskapleg kommunal utvikling.
Byggjeskikknøkkelen er meint å vere eit verktøy i
kommunane for å systematisere arbeidet med byggjeskikk på alle nivå
i kommunen.
Byggjeskikknøkkelen skal vere eit oppslagsverk for
kommunane og andre aktørar. Byggjeskikknøkkelen vil tydeleggjere
korleis kommunane samverkar med styresmaktene på regionalt og nasjonalt
nivå i utviklinga av det bygde miljøet, korleis dei sikrar krava
til lokal iverksetjing av lover og forskrifter, og kva for mål og
strategiar dei vil leggje for estetisk utvikling.
Regjeringa oppmodar kommunane til å lage planar
og rettleiarar for arkitektur og byggjeskikk som del av det overordna
planarbeidet i kommunen. Regjeringa vil derfor utvikle og tilby
kommunane eit kompetanseprogram for arkitektur- og byggjeskikk.
Fleire kommunar, fylkeskommunar og fylkesmannsembete
har medverka til å utarbeide lokale byggjeskikk- og formingsrettleiarar.
Det vert i meldinga vist til at regjeringa satsar mykje
på å utvikle kvaliteten i skule og barnehagar. Ein viktig del av
denne satsinga går på å utvikle gode skule- og barnehagebygg. I
2002 etablerte regjeringa ei rentekompensasjonsordning for kommunane
sine investeringar i skulebygg. I forlenginga av dette, etablerte
regjeringa gjennom Utdanningsdirektoratet også ei nasjonal rådgjevingsteneste
for skuleanlegg, som først og fremst er retta mot avgjerdstakarar
i kommunane. Frå 2012 blir også barnehagar innlemma i denne rådgjevingsordninga.
På oppdrag frå norske kommunar blir mange gode
skule- og barnehageanlegg bygde og rehabiliterte, men det er også
mange døme på det motsette. For barnehagar er det utarbeidd arealnormer
for talet på barn. For skular eksisterer det ikkje slike nasjonale
normer. Det er heller ikkje noko felles system for godkjenning av
skule- og barnehagebygg.
Det vert i meldinga vist til at regjeringa ynskjer funksjonelle,
fleksible og kostnadseffektive skule- og barnehagebygg som har høg
arkitektonisk kvalitet, og som toler å bli bruka mykje. Regjeringa
vil derfor vidareutvikle rådgjevingstenesta for betre skule- og
barnehagebygg.
Regjeringa driv samarbeidsprogrammet Framtidens
byer og Framtidens Bygg som omfattar førebileteprogrammet Framtidens
bygg og FutureBuilt. Regjeringa støttar òg ei rekkje program som
handlar om kvalitet innanfor arkitektur og bygg. Det er behov for
å samle informasjon om førebileteprosjekt på éin stad og utvikle
ein felles mal for kva for informasjon som skal skaffast, og korleis
han skal presenterast. Norske arkitekters landsforbund (NAL| Ecobox)
har i dag den største samlinga av førebileteprosjekt.
Regjeringa vil:
Regjeringa vil oppmode
kommunane til å lage planar og rettleiarar for arkitektur og byggjeskikk.
Regjeringa vil utvikle Byggjeskikknøkkelen
som eit verktøy for å medverke til betre kvalitet i kommunane.
Regjeringa vil vidareutvikle rådgjevingstenesta for
betre skulebygg og barnehagar.
Regjeringa vil styrkje eksisterande førebileteprogram
og -nettverk.
Det vert i meldinga vist til at tre har vore
det dominerande byggjematerialet i norsk byggjeskikk og framleis
er det dominerande materialet i småhusbygging.
Tre og tre-baserte produkt har fått nye bruksområde
innan byggsektoren. Både endringar i regelverk og endringar i teknologisk
utvikling har ført til at det er blitt meir aktuelt å bruke tre
i prosjekt der det tidlegare ikkje var vanleg, mellom anna i større
byggjeprosjekt som fleirfamiliebustader, skular og næringsbygg.
Det er venta at denne utviklinga vil halde fram, og at marknadsdelen
for tre i slike bygg vil auke.
Regjeringas satsing på tre som byggjemateriale, og
verkemiddel for auka bruk av tre, er omtala nærmare i ei melding
til Stortinget om landbruks- og matpolitikken Meld. St. 9 (2011–2012)
Landbruks- og matpolitikken. Regjeringa ynskjer å vurdere nærmare
aktuelle verkemiddel for å utvikle bruken av tre i store bygg og
auka bruk av tre i byane.
Landbruks- og matdepartementet har foreslått
at Statsbygg skal utgreie bruken av tre i statlege bygg.
Regjeringa vil:
Det vert i meldinga peikt på at auka kunnskap
om dei komplekse endringsprosessane som skjer i norske byar, regionar
og tettstader, krev forsking som kan gje forståing av drivkreftene
bak endringsprosessane. Ei forståing av korleis omgjevnadene blir
til, og moglege politiske styringsverkemiddel, krev ei tverrfagleg
tilnærming.
På sitt beste kan arkitekturfaget medverke til
dette gjennom si erfaring med å konkretisere framtidsbilete av ei
ynskt samfunnsutvikling.
Regjeringa vil:
Det vert i meldinga vist til at byggjereglane
stiller krav til konstruksjons- og branntryggleik, sikring mot naturpåkjenningar
og tryggleik knytt til bruken av byggverk. Eit tydeleg, oppdatert
og verksamt regelverk er eit av dei viktigaste verkemidla sentrale styresmakter
har for å leggje føringar på utviklinga innanfor tryggleiksområdet.
Vi har eit godt regelverk for å ta hand om tryggleiken
i bygg, men endringar både i samfunnet og i klimaet fører til nye
behov. At talet på eldre i samfunnet vil auke sterkt i åra framover
inneber nye utfordringar mellom anna når det gjeld førebygging av heimeulukker,
og i samband med varsling og evakuering ved brann og ulukker.
Sjølv om relativt få bygg får store skadar som følgje
av vêrpåkjenningar, har vi samtidig store tryggleiksutfordringar
knytte til klimarelaterte naturpåkjenningar. Storm, stormflod, flaum
og skred har ført til skadar på bygningar for meir enn 13 mrd. kroner
i perioden 1980–2011. I tillegg kjem skadar som følgje av overvatn.
Global oppvarming vil gjere det bygde miljøet meir sårbart. Ekstremvêr
kan føre til fare for liv, helse, miljø og materielle verdiar. Eit
endra klima vil òg påverke kvar vi kan busetje oss, og det vil ha
innverknad på byggjeskikken i Noreg.
Om lag 80 pst. av den bygningsmassen som finst i
dag, vil framleis stå i 2050. Det vert i meldinga peikt på at man
derfor må sikre ei tilpassing til klimaendringane som er med på
å halde oppe eller auke levetida til eksisterande bygg.
Klimaendringane vil også få innverknad på tryggleiken
i det bygde miljøet. Dette gjeld både plasseringa av bygningar og
naudsynte bygningsmessige tiltak på grunn av auka ras- og flaumfare, meir
overvatn i område med busetjing og stigande havnivå, og det gjeld
konstruksjonstryggleiken ved auka påkjenningar som følgje av meir
og vekslande nedbør. Klimaendringane må overvakast kontinuerleg,
og behovet for endringar i byggjereglane må vurderast jamleg. Det
vil vere naudsynt å ta omsyn til effekten av framtidige klimaendringar
når dagens bygg blir oppførte.
Boligprodusentenes Forening gjennomførte ei undersøking
blant medlemmene sine i etterkant av stormane i romjula 2011 som
gjev ein klar indikasjon på at nye bustadar klarer dagens ekstremvêr.
Det vert i meldinga peikt på at både nye og
eksisterande bygg i framtida må tole andre nedbørsforhold enn i
dag. Forskarar reknar med at 2,4 millionar av dagens bygg vil liggje
i risikosona for høg ròteskade i 2100, mot knapt 0,8 millionar i
dag. Det er derfor viktig med auka merksemd rundt konsekvensar av klimaendringar
innan byggjenæringa, slik at det blir planlagt og bygd meir klimarobuste
bygningar. Det vert i meldinga vist til ulike utfordringar.
Kulturhistoriske bygningar er spesielt sårbare.
For å kunne ta omsyn til og førebygge naturfare er
det naudsynt å ha god informasjon. Dette krev ein kartlegging av
farane som er tilpassa formålet. Presise, oppdaterte digitale kartverktøy,
med godt kartgrunnlag, er vesentleg for ein effektiv sakshandsaming
på arealplanane, både i kommunane og for regionale og statlege styresmakter.
Ikkje alle kommunar har i dag tilstrekkeleg
kompetanse eller faktagrunnlag for å lage planar som tek omsyn til
flom- og rasfarar. Fortetting av byområder, der ein stor del av
overflatene er harde, kan endre avrenningsmønstret dramatisk.
Viktige hjelpemiddel for byggjenæringa og kommunar
kan vere utvikling av lokale klimaindeksar og systematisk inndeling
i klimasoner til klimatilpassingsbruk.
Regjeringa vil:
Regjeringa vil vurdere
behovet for regelendringar på bakgrunn av ny kunnskap om verknader av
klimaendringar.
Regjeringa vil medverke til å styrkje kompetansen
og faktagrunnlaget til kommunane om klimatilpassing og klimafarar
for bygningar.
Regjeringa vil vurdere behovet for å utvikle
lokale klimaindeksar og klimasoner for å gjere det tydeleg kva krav
som bør stillast til bygningsmassen og i den kommunale arealplanlegginga.
Det vert i meldinga peikt på at det meste av
dagens bygningsmasse ikkje er tilgjengeleg eller tilstrekkeleg brukande
for menneske som har nedsett funksjonsevne. Regjeringa har derfor
sett i verk tiltak for å gjere bygga meir tilgjengelege. Norge universelt
utformet 2025 er regjeringas sektorovergripande handlingsplan for
universell utforming og auka tilgjengelegheit for perioden 2009–2013.
Befolkningsgruppa over 80 år blir tredobla fram mot
2060. Dette vil auke behovet for tilgjengelegheit i det bygde miljøet.
Parallelt med veksten i prosentdelen av eldre er det venta ein nedgang
i delen yrkesaktive. Her vil velferdsteknologien komme til å spele ei
viktigare rolle.
Velferdsteknologi og fysisk tilrettelegging
av bustaden er tiltak som må sjåast i samanheng sjølv om velferdsteknologi
omfattar mange felt og dreier seg om mykje meir enn tilrettelegging
av bustader. Den bustad- og bygningsrelevante delen av velferdsteknologien
famnar vidt og kan omfatte både individuelt tilpassa hjelpemiddel
og generelle løysingar som kan inngå som ein integrert del i alle
bustader. Ei rekkje sektorar er involverte, og det er behov for
å avklare ansvarsdelinga mellom sektorane.
Smarthusteknologien er ein del av velferdsteknologien.
Smarthusteknologien vil ha relevans for utviklinga av bustad- og
bygningskvaliteten i framtida.
Der det er sett krav om universell utforming
og tilgjengelegheit i bygg, må det vere godt samband mellom bygga
og uteområda. Dette er eit omsyn kommunane kan ta om ikkje utbyggjaren
sjølv tek det, jf. paragraf 12-7, nr. 4 og 5 i plan- og bygningslova.
Regjeringa ynskjer i første omgang å utarbeide ein rettleiar om
krav til universell utforming av uteareal og kva moglegheiter kommunane
har til å fråvike minstekrav i byggteknisk forskrift.
Regjeringa vil:
Regjeringa vil etter
2014 evaluere bygningspolitiske tiltak i Norge universelt utformet
2025.
Regjeringa vil greie ut korleis velferdsteknologien
eventuelt kan integrerast i framtidige byggtekniske forskriftskrav.
Regjeringa vil sjå nærare (mellom anna
i ein rettleiar) på sambandet mellom krav til universell utforming
og tilgjengelegheit som kan setjast i den kommunale planlegginga
og dei krav som følgjer av byggteknisk teknisk forskrift.
Plan- og bygningslova av 2010 sikrar ein minstestandard
for universell utforming og tilgjengelegheit i nye bygg og bustader.
Direktoratet for byggkvalitet og Husbanken samarbeider
om to program for å styrkje kunnskapen om universell utforming,
eit retta mot byggsektoren, og eit mot kommunar og fylkeskommunar.
Husbanken har sidan 2005 stilt krav om tilgjengelegheit
som ligg høgare enn dei gjeldande krava i byggtekniske forskrifter,
i samband med at banken gjev tilsegn om grunnlån til nybygging.
Ei evaluering av grunnlånet viser ein gradvis auke i prosentdelen
av universelt utforma bustadprosjekt i perioden 2006–2009. Også
gjennom Husbankens tilskotsordningar blir det stilt krav om universell
utforming.
Det er behov for eit betre statistikkgrunnlag
som kan vise utviklinga av tilgjengelegheit i bygningar og anlegg.
Direktoratet for byggkvalitet, Husbanken og Statsbygg samarbeider
med Statens kartverk om å utarbeide indikatorar knytt til bygningsdelen
i matrikkelen for å måle utviklinga av tilgjengelegheit og universell
utforming.
Regjeringa vil:
Regjeringa vil styrkje
kompetansen om universell utforming gjennom informasjonsprogram
for universell utforming for byggsektoren og kompetanseprogram for
universell utforming for politikarar og tilsette i kommunane.
Regjeringa vil evaluere tekniske løysingar
for universell utforming og tilgjengelegheit i byggteknisk forskrift
med tanke på vidare utvikling.
Regjeringa vil utvikle eit indikatorsystem
for å måle tilgjengelegheit og universell utforming i bygningar,
anlegg og uteområde. Ein vil særskild sjå på korleis det kan vere
ein del av eller vere knytt til matrikkelen.
I plan- og bygningslova av 2010 er det gjeve
heimel for å innføre forskrifter om å oppgradere visse kategoriar
av bygg som er retta mot allmenta, til universell utforming. Det
vert i meldinga vist til at det er lagt opp til ei stegvis og prioritert
tilnærming.
Det skjer ei kontinuerleg oppgradering av bygningsmassen
gjennom riving, rehabilitering og nybygging. Det er venta at opptil
24 pst. av bygg som er retta mot allmenta, vil bli rehabiliterte
eller skifta ut fram til 2025. Det inneber fleire bygg med universell
utforming.
Somme offentlege byggeigarar har etablert rutinar
for å kartleggje tilgjengelegheit og universell utforming i eigne
bygg. Då kan dei setje av midlar på driftsbudsjettet til tilgangsoppgradering
over tid.
Regjeringa vil:
Regjeringa vil vurdere
om det over tid skal fastsetjast forskrifter om å oppgradere eksisterande bygningar,
anlegg og uteområde som er retta mot allmenta, til universell utforming.
Regjeringa vil tilby kommunar og fylkeskommunar
kunnskap og metodar, slik at dei kan oppnå universell utforming
gjennom planlegging, bygging, forvaltning og vedlikehald.
Det vert i meldinga vist til at det er naudsynt
å oppgradere tilgjengelegheita i den eksisterande bustadmassen.
Berre om lag 10 pst. av landets bustader er tilgjengelege for rullestolbrukarar.
Bustadmassen i Noreg er i all hovudsak på private
hender. Fleirleilegheitsbygg er som oftast organisert som burettslag
eller bustadsameige. Bustadtype og kven som eig bygningen, legg
føringar på korleis vi kan stimulere til betre tilgjengelegheit.
Husbanken samarbeider med Norske Boligbyggelag (NBBL) for å få inn
fleire heisar i dei eksisterande bustadblokkene. I 2011 blei det
gjennomført ein landsomfattande seminarserie retta mot burettslagsstyra,
der rehabilitering og oppgradering av eksisterande bustadbygg var
tema.
Regjeringa ser behovet for å styrkje samordninga mellom
ordningane i Husbanken og folketrygda. Regjeringa vil derfor vurdere
å gjere samarbeidet mellom Nav og Husbanken om bustadtilpassing
permanent. Regjeringa vil setje i gang eit forsøksprosjekt retta
mot fleirbustadhus der tilskot frå Nav skal brukast til å setje
inn heis framfor å installere mellombels hjelpemiddel som trappeheis.
Husbankens tilskot for tilpassing av bustad
er styrkt i 2012. For å auke tilgangen på tilgjengelege bustader
vil regjeringa vurdere å utvide tilskotet.
I 2010 bruka hushalda vel 54 mrd. kroner på
renovering, ombygging og tilbygging (ROT) av bustader. Det er ukjent
i kor stor grad investeringane i eigen bustad også medverkar til
betre tilgjengelegheit.
Regjeringa vil:
Regjeringa vil vurdere
å styrkje tilskota for tilpassing av bustader.
Regjeringa vil medverke til å få bygd fleire
heisar i eksisterande bustadblokker.
Regjeringa vil betre samordninga mellom
tilskotsordningane til Husbanken og Nav.
Regjeringa vil styrkje informasjonen til
bustadeigarar om korleis tilgjengelegheita i eksisterande bustader
kan betrast.
Det vert i meldinga vist til at bygga våre er
sette saman av ulike materiale som til saman gjer at vi får gode
og sikre bygg som vi trivst i. Alle byggjevarer er laga av materiale
med miljøpåverknad. I meldinga vert det gjeve døme på dette.
Bygg- og eigedomssektoren er den største forbrukaren
av materialressursar i Noreg. Miljøpåverknaden frå materialbruk
i bygg kan forbetrast ved å nytte byggjevarer og byggjemetodar som
reduserer ressursbruken, energibruken, bruken av helse- og miljøfarlege
stoff og avfallstype og -mengd. I tillegg vil miljøpåverknaden frå
materiale vere avhengig av korleis materiala påverkar drifta av
bygget, kor ofte materiale blir skifta ut, vedlikehaldsbehovet og
levetida til bygget. Ein levetidsanalyse av bygget vil gje god informasjon
om kva miljøpåverknad materiala i eit bygg totalt har.
Tre frå berekraftig skogbruk er eit miljøvenleg materiale
med mange bruksområde. Det er dei siste åra ført opp einskilde større
næringsbygg i tre. Det finst eit stort uutnytta potensial for auka
bruk av tre på dette området, og det er eit stort behov for utvikling
av nye løysingar.
Framstilling av treprodukt er, samanlikna med mange
andre produkt, lite energikrevjande og gjev lite prosessutslepp.
Overflatehandsaming kan endre miljøeigenskapane til treproduktet.
Det blir stadig utvikla nye miljøvennlege måtar å forhandsame treprodukt
på for å auke levetida.
Visse treprodukt treng ikkje overflatehandsaming
og er derfor svært miljøvennlege å bruke. Det vert i proposisjonen
gitt døme på slike.
Miljøpåverknaden til byggjevarer skal dokumenterast,
ifølgje byggteknisk forskrift.
For faste produkt er det vanskeleg å skaffe
god informasjon om innhald av helse- og miljøfarlege stoff. Regjeringa
vil medverke til at slik informasjon skal bli meir etterspurd. På
lengre sikt vil det føre til at framstillinga av produkt blir meir
miljøvenleg, at brukarane enklare kan vurdere miljøbelastninga til produkt,
og at fleire miljøvenlege produkt vil bli nytta.
Byggjenæringa har teke initiativ til at materiale og
produkt skal ha miljødeklarasjonar (EPD – Environmental Product
Declaration) som dokumentasjon på miljøbelastninga.
I dag finst det få byggjevarer med miljødeklarasjon
i Noreg, og det er derfor lite etterspørsel etter dei. Det vert
gjeve døme på aktørar som stiller krav til dokumentasjon.
Svana og EU Ecolabel (tidlegare Blomsten) er dei
offisielle miljømerka i Noreg, og Stiftelsen Miljømerking forvaltar
ordningane. Det er stadig fleire byggjevarer med dei offisielle
miljømerka, men omfanget er framleis lite.
Regjeringa vil:
Regjeringa vil vurdere
om det i den neste revisjonen av byggteknisk forskrift skal stillast
krav om at miljøpåverknaden av byggjevarer skal dokumenterast med
miljødeklarasjonar (EPD), dei offisielle miljømerka eller tilsvarande.
Regjeringa vil medverke til at arbeidet
med miljødeklarasjonar intensiverast og at EPD-Noreg og Stiftelsen
Miljømerking samarbeider om felles dokumentasjonskrav.
Inneklima omfattar alle fysiske og kjemiske
forhold som påverkar oss inne. Inneklima er eit eige delmål i Nasjonal
strategi for forebygging og behandling av astma- og allergisykdommer
(2008–2012).
Radon er ein radioaktiv gass som finst naturleg
i somme bergartar, og radonførekomsten kan vere svært lokal. I byggteknisk
forskrift er det sett krav til radonkonsentrasjon i innelufta. Nybygg
skal ha radonsperre, og radonkonsentrasjonen i innelufta skal vere
lågare enn 200 Bq/m3. Generelt tilrår
Statens strålevern å gjennomføre radonførebyggjande tiltak når konsentrasjonar
i innelufta overstig 100 Bq/m3. Aktuelle
bygningstekniske tiltak kan vere radonmembran, ventilering av byggjegrunnen
og auka ventilasjon. Alle desse tiltaka har relativt låge kostnader.
Regjeringa meiner at det trengst meir kunnskap om
ventilasjon, og vil opprette eit utviklingsprogram om inneklima.
Dette programmet skal evaluere kva som er avgjerande for eit godt
inneklima, korleis balansert ventilasjon fungerer i praksis i nybygg
og eksisterande bygg, og korleis det er mogleg å nytte naturleg
og hybrid ventilasjon i nybygg. Programmet vil vere ein del av Bygg21.
Skjerpa energikrav har ført til at det er spesielt viktig
ikkje å byggje inn fukt. Dersom fukt blir bygd inn, kan det oppstå
mugg-, sopp- og ròtedanning som igjen kan påverke inneklimaet negativt.
På grunn av tettare bygg og auka isolasjonstjukkleik krevst det andre
byggjemetodar enn tidlegare både for å oppnå god tetting av luftlekkasjar
i bygg og for å unngå å byggje fukt inn i konstruksjonen.
Regjeringa er merksam på utfordringane som energikrava
fører til. Når det skal utarbeidast nye energikrav, kan det vere
aktuelt å vurdere om det er behov for tiltak for å fremje kunnskap
om korleis vi kan byggje tørt og tett. Det kan til dømes vere behov for
utarbeiding av tilvisingar om korleis vi kan unngå innbygging av
fukt i bygg.
Regjeringa vil:
Regjeringa vil vurdere
behovet for eit utviklingsprogram for inneklima i samarbeid med
byggjenæringa og forskingsinstitusjonar (del av Bygg21).
Regjeringa vil vurdere behov for utarbeiding
av tilvisingar om korleis vi kan unngå innbygging av fukt i bygg,
og korleis vi kan byggje tett.
Det vert i meldinga vist til at nybygging, rehabilitering
og riving av bygg gjev store avfallsmengder. I 2010 genererte bygg-
og anleggsnæringa 1,5 millionar tonn, etter SSBs overslag, nesten
16 pst. av den totale avfallsmengda i Noreg. Om lag ein prosent
av den totale avfallsmengda frå bygg- og anleggsnæringa blei levert
som farleg avfall som kravde særskilt handsaming. Det er venta at
byggavfallsmengda vil auke i dei næraste åra på grunn av auka byggje-
og riveaktivitet.
For nybygg/rehabilitering over ein viss storleik er
det i dag forskriftskrav om å utarbeide avfallsplan, kartleggje
farleg avfall, utarbeide ei miljøsaneringsbeskriving og sortere
minst 60 pst. av avfallet. EUs rammedirektiv om avfall stiller krav
om gjenbruk eller materialgjenvinning av 70 pst. av alt byggavfall innan
2020. Klima- og forureiningsdirektoratet er gjeve i oppdrag å skildre
status og sannsynleg utvikling på området og eventuelt foreslå nye
verkemiddel for å nå målet.
I 2009 kartla Klima- og forureiningsdirektoratet eit
utval bygningsmateriale for å sjå om dei inneheldt miljøgifter.
Dei fann fleire bygningsmateriale med innhald av helse- og miljøfarlege
stoff.
Regjeringa vil:
Regjeringa vil vurdere
å skjerpe krav til utsorteringsgrad, avfallsplan, kartlegging av
farleg avfall og miljøsaneringsbeskriving.
Regjeringa vil kartleggje helse- og miljøfarlege stoff
i eksisterande bygg for å sikre betre handtering av avfall ved riving/rehabilitering.
Mange faktorar påverkar kor miljøvenleg eit bygg
er. Både utforminga av bygg, plasseringa, bruksmønstera, klimapåverknaden,
byggjemateriala, overflatehandsaminga, arealeffektiviteten, energibruken,
klimagasspåverknaden, vedlikehaldsbehovet og levetida påverkar den
totale miljøbelastninga. Derfor er eit bygg som er samansett av
miljøvenlege materiale, ikkje naudsynleg eit miljøvenleg bygg gjennom
heile levetida.
Det vert i meldinga peikt på at for å vurdere
den totale miljøbelastninga til eit bygg må ein vurdere bygget gjennom
heile levetida. Det er teke fleire initiativ til dette. Først når
vi har eit system for å vurdere den totale miljøbelastninga til
eit bygg, vil vi kunne forstå korleis vi bør byggje for at miljøbelastninga skal
bli så lita som mogleg.
Regjeringa vil:
I meldinga vert det gjort greie for at tiltaka
i all hovudsak kan gjennomførast innanfor rammene for pågåande satsingar
eller gjeldande budsjettrammer. Sjå meldinga for detaljar.
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå
Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti,
viser til at universell utforming er eit førande prinsipp i den
nye plan- og bygningsloven. Lova bidrar til å heve kvaliteten på
nye bygg og sikre ein minstestandard. I dag er berre 10 pst. av
bustadene i landet tilgjengelege for rullestolbrukarar. Store delar
av blokkbusetnaden er utan heis. Statistisk sentralbyrå (SSB) sine
prognosar over befolkninga tilseier at om lag 630 000 personar vil
vere 80 år eller eldre i 2060, ei tredobling frå i dag. Det er viktig
at eldre i framtida får moglegheit til å bu heime lengst mogleg.
Nye bustader må bli bygde på ein måte som er tilpassa den folkesetnaden
landet får i framtida.
Fleirtalet viser til at det etter
gjeldande byggteknisk forskrift ikkje er krav til tilpassing for
rullestol i bustad. Det blir likevel krav til tilgjengelegheit for
inngangsplanet, og rullestol er på enkelte område brukt som dimensjoneringsgrunnlag
for å sikre minstekrav til funksjonalitet. Det er òg gjort nokre
endringar i regelverket som lempar på krava til universell utforming
av bustader som er bygde i bratt terreng.
Fleirtalet meiner at krava til
tilgjengelegheit ikkje medfører betydelege kostnader og finn ikkje grunn
til å dra i tvil konklusjonane i SINTEF Byggforsk sin rapport. Rapporten
slår fast at kostnadsauken ved universell utforming vil være beskjeden,
det vil seie under 40 000 kroner. I tillegg blir det slått fast at
krav til tilgjengelegheit kan ivaretakast i leilegheiter på 30 kvm.
Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet
og Høgre er av den oppfatninga at bygningsbransjen er blitt
pålagt altfor mange detaljkrav frå staten, spesielt dei siste åra. Desse medlemene viser
til at dette vil påverke både pris og produksjon av bustader ved
at nye krav gjer det dyrare å byggje og vil medføre at produksjonen
av bustader vert redusert. Begge deler vil naturleg nok auka prisen. Desse
medlemene har fått tilbakemeldingar som tyder på det no
nesten ikkje vert bygd meir av dei aller minste bustadene, noko
som medfører at prisen på dei minste bustadene i marknaden stig meir
enn andre bustader.
Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet er
usamde i staten sitt pålegg om at alle bustader skal vere universelt
utforma og meiner at eit slikt pålegg er svært uheldig for prisutviklinga, spesielt
når det gjeld dei minste bustadene.
Desse medlemene fremmar derfor
følgjande framlegg:
«Stortinget ber regjeringa fjerne kravet om
universell utforming på bustader under 55m2.»
Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet,
Høgre og Kristeleg Folkeparti viser til at kravet til radonsikring
blei kraftig skjerpa i TEK10. Alle bygningar for varig opphald skal
no ha radonsperre mot grunnen og i tillegg egna tiltak i byggegrunn
som kan aktiverast når radonkonsentrasjon i lufta inne overstig
100 Bq/M3.
Desse medlemene konstaterer at
skjerpa energikrav som vert utført på nye bustader vil medføre vesentleg
mindre luftlekkasje, noko som igjen skulle tilseie vesentleg høgare
radonkonsentrasjon i bustader oppførte etter dei nye energikrava
enn i eldre bustader. Desse medlemene kan ikkje sjå
at dette blei vurdert då det skjerpa radonkravet for nye bustader
blei innført.
Desse medlemene fremmar derfor
slikt framlegg:
«Stortinget ber regjeringa foreta ei utgreiing
av samanhengen mellom Kreftregisterets registrering av lungekreftsdødsfall
og eksponering for radon, og betydinga av nye byggs tettleik for
eksponering av radonhaldige gassar.»
Desse medlemene har merka seg
at det i meldinga står at om lag 300 årlege tilfelle av lungekreft
kjem av radon i inneluft i bustader. Desse medlemene viser
til at kartlegging av om ein bustad er utsett for radon kostar om
lag 500 kroner.
Desse medlemene meiner alle husstandar som
er risikoutsett for radon bør få tilbod om slik kartlegging. Desse
medlemene meiner at det offentlege har eit ansvar for å
sikre at alle som er risikoutsett for radon får eit slikt tilbod.
Desse medlemene fremmar derfor
slikt framlegg:
«Stortinget ber regjeringa sikre at alle som
er risikoutsett for radonproblem, får tilbod om radonmåling.»
Det vert i meldinga vist til at iNoreg er ein
stor del av den samla, stasjonære energibruken knytt til bygg.
Energibruken i bygg
skal reduserast monaleg innan 2020.
Regelverket skal vere med på å sikre at
vi får bygg med lågt energibehov.
Stønadsordningar og informasjon skal vere
med på å gjere bygg meir energieffektive.
I Noreg kjem ein stor del av energibruken i
bygg frå elektrisk kraft, hovudsakleg vasskraft. Energieffektivisering
i bygg i Noreg vil derfor særleg påverke etterspurnaden etter elektrisitet,
og vil ha mindre effekt på utslepp av klimagassar i Noreg.
I Noreg er energieffektivisering truleg den
mest miljøvenlege måten å sikre kraftforsyninga på. Energieffektivisering
vil vere med på å redusere den totale energibruken og den særleg
høge bruken av straum i vinterhalvåret.
I nybygg og eksisterande bygg er det ulike utfordringar
knytte til verkemiddel for energieffektivisering. For nye bygg (og
ved hovudombyggingar) er krava i bygningsregelverket og byggteknisk
forskrift (TEK) det viktigaste verkemidlet. Byggteknisk forskrift
har i mange år hatt krav til energieffektivitet for å sikre eit
lågt energibehov i nye bygg. I 1987, 1997 og 2007 kom det viktige
endringar med mellom anna strengare krav til isolering.
Å bruke bygningsregelverket for å fremje energieffektivisering
i eksisterande bygg er ikkje alltid like relevant. Dei som skal
pusse opp småhus – og spesielt bustader – gjennomfører sjeldan ei
søknadspliktig totalrehabilitering. Mange bustadeigarar har framleis relativt
liten kunnskap om kva energitiltak som er mest effektive og om korleis
dei kan unngå fuktskadar, eller korleis tiltak påverkar inneklimaet.
På den andre sida er det no mange som gjennomfører
oppussingar som fører til at energibruken går ned. Saman med betre
teknologi, varmare klima og redusert vekst i bustadareal per person
har dette medverka til at den samla energibruken i hushalda har
flata ut dei siste 20 åra.
Det er likevel i dei allereie eksisterande bygga det
er størst teknisk potensial for energieffektivisering. Omtrent 80
pst. av dagens bygningsmasse kjem framleis til å stå i 2050. Å stimulere
til miljøriktig forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling blir
dermed eit svært viktig satsingsområde framover. For eksisterande
bygg er det i tillegg til regelverket særleg informasjon, kompetanse
og økonomiske verkemiddel som er aktuelt for å få til meir energieffektivisering.
Energibruken til drift av bustader og yrkesbygg, det
vil seie lys, varme og elektrisk utstyr i bygg, var 83 i Norge TWh
i 2009. Dette svarar til 37 pst. av energibruken innanlands.
I 2009 stod bustader og fritidshus for om lag
55 pst. av den totale energibruken i bygg. Energibruken per bustadeining
har gått litt ned dei siste åra. Samtidig er det blitt fleire bustader,
slik at den totale energibruken i bustader har vore relativt stabil
dei siste åra.
Det er gjennom dei to siste endringane i byggteknisk
forskrift (2007 og 2010) innført strenge krav til energiforsyning
i nye bygg. I tillegg har det over fleire år vore gjennomført ei
rekkje tiltak for å redusere bruken av fossile oppvarmingskjelder
i eksisterande bygg. Regjeringa vil halde fram arbeidet med energiomlegging
i bygg.
Det kan vere klimagassutslepp frå produksjon
og transport av byggjemateriale, bygging, rehabilitering, riving
og handsaming av avfall frå bygget. I tillegg påverkar lokaliseringa
av bygget klimagassutsleppa frå transport i samband med bruken av
bygget. Utsleppa frå desse fasane blir rekneskapsførte i dei sektorane
der utsleppa skjer. Dette sikrar at utslepp berre blir talde éin
gong. Det kan likevel vere føremålstenleg å vurdere utsleppa gjennom
heile livsløpet. Dette gjer det til dømes mogleg å samanlikne eigenskapar
og klimapåverknad ved ulike løysingar.
Det vert i meldinga peikt på at klimaforliket
frå 2008 gjev konkrete føringar for satsing på energieffektivisering
og energiomlegging i byggsektoren. Partane i klimaforliket er samde
om «en betydelig økt aktivitet innen utvikling av energieffektive
bygg» og at Husbanken og Enova skal ha gode stønadsordningar for
enøktiltak. Vidare er dei samde om å «sette av tilstrekkelige midler
til kompetanseoppbygging i næringen, gjennomføring av forbildeprosjekter
og forskning og utvikling på stadig mer energi- og miljøvennlige
byggevarer og byggeløsninger».
Når det gjeld bygningsstandard, er partane samde om
at energikrava i byggteknisk forskrift skal reviderast «langt oftere
enn det som hittil har vært vanlig, minimum hvert femte år». Dei
er også samde om at «erfaringene med passivhus skal følges opp,
og at det skal vurderes å innføre krav om passiv husstandard for
alle nybygg innen 2020». Partane vil også stille konkrete krav til
energibruk og energiforsyning i offentlege byggjeprosjekt. Offentlege
nybygg skal, så langt det er praktisk mogleg, overgå dei energikrava som
til einkvar tid gjeld.
Regjeringa si oppfølging av klimaforliket er
nærare omtala i klimameldinga.
Det vert i meldinga vist til at ein dei siste
åra har fått fleire studiar av potensial for energieffektivisering
i bygg. I meldinga vert det gjort nærare greie for dei, herunder
studiar av Lågenergiutvalet, Arnstad-gruppa, Klimakur og Enova.
Enova blei stifta ved kongeleg resolusjon av 1. juni
2001 med verknad frå 22. juni 2001.
Enova har som føremål å fremje ei miljøvenleg omlegging
av energibruk og energiproduksjon.
Enova forvaltar Energifondet, som skal vere
ei langsiktig finansieringskjelde for omlegging av energibruk og
-produksjon. Eit sentralt prinsipp da Enova blei oppretta, var at
føretaket skulle oppnå det størst moglege energiresultatet per stønadskrone
innanfor dei rammene som er sette.
I klimameldinga foreslår regjeringa at Enova skal
forvalte den nye nasjonale satsinga på klimateknologi. Satsinga
har som mål å redusere utslepp av klimagassar og gje varig sparing
av energi i industrien gjennom å utvikle og ta i bruk teknologiar
som kan bidra til dette.
Enova samarbeider tett med aktørane i energimarknadene
gjennom investeringar, rådgjeving og kommunikasjonsverksemd. Enova
har eit omfattande stønadstilbod. I tillegg driv Enova generelt
rådgjevingsarbeid overfor ulike aktørar og informasjonsaktivitet
retta mot barn og unge.
Ein sentral premiss for verkemiddelbruken til Enova
er at stønaden skal medverke til å utløyse prosjekt som elles ikkje
ville blitt gjennomførte.
Det vert i meldinga vist til at sidan energikrava
er blitt endra to gonger i løpet av tre år, skal ikkje krava endrast
igjen før i 2015. Det gjev byggjenæringa tid til å skaffe seg nyttig
erfaring med endra byggjemetodar og byggjevarer, og styresmaktene
og næringa får tid til å vurdere dei tiltaka og løysingane som er valde.
Det er også behov for å evaluere mellom anna kva effektar dei nye
krava har på inneklimaet.
Det går fram av meldinga at regjeringa meiner
at det å skjerpe kravsnivået i byggteknisk forskrift gjev store
moglegheiter for energieffektivisering. Energikrava blir skjerpa
til passivhusnivå i 2015 og nesten nullenerginivå i 2020. Eit tidleg
varsel om skjerpa energikrav vil gjere situasjonen meir føreseieleg
for næringa og gje auka innovasjon, marknadsutvikling og teknologiske
nyvinningar.
Passivhusnivå og nesten nullenerginivå er ikkje endeleg
definerte. Regjeringa vil seinare fastsetje føresegner som definerer
desse nivåa.
Regjeringa er særleg oppteken av å sikre at
inneklimaet blir teke vare på når vi innfører passivhusnivå og nesten
nullenerginivå. Inneklima er nærare omtala i kapittel 4.7 i meldinga.
Bygg som tilfredsstiller byggteknisk forskrift, kan
få ulike energimerke avhengig av oppvarmingsmetoden som er vald.
Då energimerkeordninga blei innført, var det ein del kritikk av
val av målepunkt for berekna energibehov og manglande samordning
med byggteknisk forskrift. Marknaden synes no i større grad å ha
tilpassa seg ordningane.
Det har vore ein sterk auke i bruken av fjernvarme
dei siste åra. Størsteparten av fjernvarmeleveransane går til næringsbygg,
men det blir levert noko fjernvarme også til bustadbygg.
Energieffektive bygg har eit lågt behov for
energi til oppvarming. Ein bør sjå valet av oppvarmingsløysing i
samanheng med oppvarmingsbehovet. Når det skal byggjast i område
som har tilknytingsplikt til fjernvarme, kan dette påverke utbyggjaren.
Det kan opplevast som kostbart å investere i energieffektive løysingar
dersom ein også må leggje til rette for vassboren varme i alle rom
og knyte seg til fjernvarmeanlegg. Dersom ein framover får bygg
som produserer meir energi enn det huseigaren sjølv treng («plusshus»),
kan det òg vere ynskjeleg å ha høve til å levere energi tilbake
på nettet.
Fjernvarmeverksemd er regulert gjennom energilova
og plan- og bygningslova. Konsesjonsplikt gjeld for fjernvarmeanlegg
som yter over 10 MW.
Der det ligg føre ein konsesjon for fjernvarmeanlegget
etter energilova, kan kommunen vedta tilknytingsplikt i planføresegnene
sine. I utgangspunktet har kommunane stor fridom til sjølve å trekkje
opp grensa for når tilknytingsplikta skal gjelde.
Dersom det er krav om tilknytingsplikt i planføresegna,
kan kommunane likevel gjere unntak frå tilknytingsplikta når tiltakshavaren
kan dokumentere at ei anna løysing er «miljømessig betre».
Erfaringar tyder på at kommunane i varierande grad
er kjende med handlingsrommet som regelverket for tilknytingsplikt
opnar for, og at praksis varierer. Regjeringa vil leggje til rette
for at handsaminga av tilknytingsplikta blir meir føreseieleg. Det
kan til dømes vere aktuelt å rettleie kommunane i kva moglegheiter
som ligg i dagens regelverk. Ein kan òg vurdere om fritak kan bli
ein rett når visse føresetnader er til stades.
Det vert i meldinga vist til at det for å oppfylle komande
forskriftskrav er behov for både kompetanseheving og utvikling av
dokumenterte løysingar. I førebileteprosjekt kan ein prøve ut energi-
og miljøvenlege byggjemetodar, og erfaringa frå desse prosjekta
kan brukast til å utarbeide dokumenterte løysingar.
Byggje- og eigedomsmarknaden er i endring, det er
auka etterspurnad etter framtidsretta energiløysingar, og marknaden
er i større grad villig til å betale for dette. Det er fleire aktørar
i byggjenæringa som viser vilje til å liggje i framkant av dagens
regelverk.
Det er til no bygd eller planlagt meir enn 1 000 bustader
på passivhusnivå i Noreg. Det er meir enn 200 som har fått energiattest
med karakteren A. Det er fleire utbyggjarar som har sett seg mål
om at nybygga deira i framtida berre skal vere A-bygg. Det er også
planlagt plusshus. Plusshus er bygningar som produserer like mykje
eller meir energi enn det dei brukar. Dette viser at det er fullt
mogleg å setje opp svært ambisiøse bygg i dag.
Statlege bygg blir gjennomgåande forvalta godt, og
dei store statlege eigedomsforvaltarane har sett seg eigne, ambisiøse
energimål. Statlege kontorbygg brukar til dømes 20 pst. mindre energi
enn eit gjennomsnittleg kontorbygg i privat og kommunal sektor. I
klimaforliket frå 2008 var det semje om at staten skal vere offensiv
når det gjeld å stille energikrav til nye bygg, og liggje i framkant
av forskriftskrava så langt det er praktisk mogleg. Forsvarsbygg,
Statsbygg og helseføretaka har sett ambisiøse energimål for sine
bygg og byggjer og rehabiliterer etter energikrav som ofte ligg
framom krava i byggteknisk forskrift.
Enova har ei eiga satsing på lågenergihus og
passivhus i form av både rådgjeving og tilskot. Enova kan ikkje
gje stønad til oppføring av nybygg som blir bygde etter gjeldande
forskriftskrav. For nybygg inneber det at Enova berre kan gje stønad
til byggjeprosjekt som er meir ambisiøse enn krava i byggteknisk
forskrift.
Husbanken kan gje grunnlån til å byggje og utbetre
bustader, barnehagar, studentbustader og andre lokale som er ein
del av bumiljøet. For å få grunnlån må ein mellom anna oppfylle
energikrav. Sjå meldinga om tre ulike måtar å oppfylle desse krava
på.
Prosjekt som strekkjer seg utover energikriteria til
Husbanken, til dømes passivhus, vil også kunne få grunnlån.
Kompetansetilskot til berekraftig bustad- og byggkvalitet
skal vere med på å heve kompetansen når det gjeld miljøvenlege og
universelt utforma bustader og bygg på attraktive stader. Tilskotet
rettar seg i hovudsak mot kommunar, byggjenæringa og kompetansemiljø.
Det vert i meldinga peikt på at når energikrava blir
skjerpa, er det også behov for å utvikle nye tilvisingar i Byggforskserien
eller tilsvarande. I rapporten Kunnskapsbehov for å innføre passivhus
som standard er konklusjonen at om lag 200 tilvisingar må oppgraderast
og utarbeidast. Først då vil ein ha tilstrekkeleg med rettleiingar
som viser korleis vi bør byggje for å nå passivhusnivå. Det vert
i meldinga peikt på at for å utvikle rettleiingane må ein bruke
erfaringar og evalueringar frå førebileteprosjekt.
Regjeringa vil:
Regjeringa vil skjerpe
energikrava i byggteknisk forskrift til passivhusnivå i 2015 og
nesten nullenerginivå i 2020. Regjeringa vil seinare fastsetje føresegner
som definerer passivhusnivå og nesten nullenerginivå. Vedtak om
kravsnivå blir gjorde på bakgrunn av utgreiingar av konsekvensar
for samfunnsøkonomi og helse, og kompetansen i byggjenæringa.
Regjeringa vil leggje til rette for at
handsaminga i kommunane av tilknytingsplikt for energieffektive
bygg blir meir føreseieleg.
I meldinga vert det vist til at dei fleste eksisterande
bygg ikkje tilfredsstiller dagens energikrav. Dette inneber at det
er monaleg større energibehov i gamle bygg enn i bygg som blir oppførte
etter dagens standard.
I dag brukar bygg om lag 83 TWh energi pr. år (2009).
Det er eit stort potensial for å spare energi i eksisterande bygg.
Rapporten frå Arnstad-gruppa (2010) viste at ein må spare mesteparten
i eksisterande bygg, og at rundt 60 pst. av dette må sparast i bustader.
Energieffektivisering i eksisterande bygg skal skje samtidig med
at bygga skal ha eit godt inneklima.
Det vert i meldinga vist til at for å redusere
energibruken monaleg må ein også ved rehabilitering av bygg utan
søknadsplikt ofte utføre energieffektiviserande tiltak. Derfor vil
regjeringa vurdere korleis det kan stillast forskriftskrav til utvalde
bygningskomponentar når dei likevel skal skiftast ut. Økodesigndirektivet
stiller allereie i dag energikrav til ulike typar produkt, og det
vil i framtida kome ytterlegare krav til bygningsrelaterte komponentar.
Døme på aktuelle bygningskomponentar er vindauge,
glasfelt og dører. Krava vil kunne gjelde når desse komponentane
blir skifta ut i oppvarma areal. Eit slikt krav må mellom anna tilpassast
mangfaldet i den eksisterande bygningsmassen, energieffektiviseringspotensialet
for byggtypen og meirkostnadene ved å gjennomføre tiltaket. Regjeringa
er oppteken av å ta vare på mangfaldet av bygg, og til dømes verneverdige
bygg må kunne få unntak frå nye krav.
Enova har ei omfattande satsing retta mot hushald,
barn og unge. I stor grad dreier dette seg om informasjonsarbeid
der Enova ynskjer å skape merksemd om lønsame tiltak for å spare
energi, til dømes gjennom haldningskampanjar. Satsinga inneheld
ulike verkemidlar. For nærare omtale sjå meldinga.
Enova har ei særleg satsing mot barn mellom
ni og tolv år gjennom Regnmakarkonseptet, lansert i 2003.
I 2007 starta Enova eit samarbeid med Ungt Entreprenørskap
for å dra i gang ei målretta satsing retta mot ungdom i vidaregåande
skular.
Det er ein stor fordel dersom arkitektar, rådgjevande
ingeniørar, handverkarar, byggjevareseljarar og andre som bustadeigarar
er i kontakt med når dei skal pusse opp bustaden, er oppdaterte
på kva energieffektiviseringstiltak som er aktuelle for ulike bustadtypar.
Regjeringa meiner at den delen av byggjenæringa
som er i kontakt med bustadeigarar, er ein spesiell ressurs som
bør utnyttast betre. Lågenergiprogrammet er ei sentral satsing for
å auke kompetansen om energieffektivisering i byggjenæringa.
Det er behov for byggrettleiingar som viser
standardiserte løysingar for energieffektiviseringstiltak i ulike
byggtypar, og rekkjefølgja for når tiltaka bør gjennomførast.
Det er i dag ulike offentlege stønads- og insentivordningar
for energieffektivisering av eksisterande bygg (sjå kapittel 5.6.2
i meldinga for omtale av Husbankens grunnlån).
Regjeringa meiner at Enova har gode stønadsordningar
for næringsbygg og bustader. I meldinga vert det gjort greie for
deira stønadsordningar.
Regjeringa meiner Enova er eit velfungerande verkemiddel
for å fremje ei miljøvenleg omlegging av energibruk og energiproduksjon.
Regjeringa vil:
Regjeringa vil innføre
komponentkrav for eksisterande bygg og klargjere kva byggjearbeid
og komponentar desse krava skal gjelde for, mellom anna ut frå ei
vurdering av energieffektar og kostnader.
Regjeringa vil spesielt medverke til å
styrkje kompetansen til dei delane av byggjenæringa som er i kontakt
med bustadeigarar, slik at dei blir betre til å formidle og gjennomføre
gode energieffektiviseringstiltak.
Regjeringa vil at Enova skal støtte opp
om utviklinga av stadig meir energieffektive bygg.
Regjeringa vil i løpet av 2012 kome attende
med eit mål for energieffektivisering i bygg.
Det vert i meldinga vist til at det å setje
i gang utgreiingar som grunnlag for å trappe opp energikrava kan
gjerast innanfor eksisterande budsjettrammer. Ei skjerping av energikrava
til passivhusnivå i 2015 og nesten nullenerginivå i 2020 vil kunne
føre til auka byggjekostnader, men også gje reduserte energikostnader
på grunn av lågare energibehov. Kva kostnadene og gevinstane av
skjerpingane blir, er avhengig av korleis ein definerer desse nivåa.
Det å leggje til rette for at kommunal handsaming av
tilknytingsplikt for energieffektive bygg blir meir føreseieleg,
kan gjerast innanfor eksisterande budsjettrammer.
Innføring av komponentkrav vil vere basert på
ei vurdering av energieffektar og kostnader. Før ein kan seie noko
om kostnader og verknader av krav, må saka greiast ut.
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå
Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti,
meiner at det bør bli lagt til rette for utvikling og gjennomføring
av løysingar som gjer det mogleg for hus å bli strømleverandørar. Fleirtalet viser
til at Norges vassdrags- og energidirektorat har gitt ein generell
dispensasjon som legg til rette for at ein forbrukskunde som i enkelttimar
har overskotskraft, kan levere denne inn i nettet. Fleirtalet er positiv
til ei slik forenkling av regelverket. Det er førebels få erfaringar
med korleis regelverket knytta til plusshus fungerer i praksis. Fleirtalet ønskjer
at det blir vurdert ytterlegare forenklingar i sakshandsaminga,
dersom det skulle vise seg at regelverket ikkje fungerer tilfredsstillande.
Fleirtalet vil streke under at
dei løysingane som blir valde for energiforsyning til bygg vil ha
betyding for forsyningssikkerheit og klima. Fleirtalet viser
til regjeringa sin plan for ein miljøvennleg byggsektor, der det
mellom anna heiter at regjeringa vil skjerpe krava til energi i
byggeteknisk forskrift til passivhusnivå i 2015 og nesten nullenerginivå
i 2020. Fleirtalet ser fram til dei førespegla utgreiingane
av kompetanse i byggenæringa, og av samfunnsøkonomiske og helsemessige
konsekvensar. Fleirtalet ber regjeringa om også å
inkludere ei avveging mellom energiløysingar og krav til bygningskropp
i dei samfunnsøkonomiske utgreiingane slik som i plusshus.
Fleirtalet oppmodar regjeringa
til å leggja til rette for dei som ynskjer å byggje, eventuelt laga, plusshus
av eksisterande bygg.
Fleirtalet ber regjeringa komme
attende med kva som ligg i passivhusnivå i god tid før 2015, slik at
bransjen og dei som skal byggja kan innrette seg etter det nivået
som vert fastsett.
Fleirtalet ser at det kan opplevast
som unødvendig og kostnadskrevande å ha tilknytningsplikt til fjernvame
for energieffektive nybygg, og viser til at det i meldinga er peikt
på at regjeringa vil leggje til rette for at handsaming i kommunane
av tilknytningsplikt for energieffektive bygg vert meir føreseieleg.
Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet er
opptekne av å leggje til rette for ei god utvikling av kvaliteten
på bustader, men meiner at sentralstyrte detaljkrav ikkje er vegen
å gå. Desse medlemene har ingen ting imot at det
vert bygd bustader både med passivhusnivå og tilnærma nullenerginivå,
men meiner det er feil å setja slike krav som absolutt standard. Desse
medlemene er derfor negative til å skjerpe energikrava i
byggteknisk forskrift til passivhusnivå i 2015 og nesten nullenerginivå
i 2020.
Desse medlemene viser til at
ein i Noreg har liten erfaring med passivhus, og desse medlemene fryktar
derfor at innføring av ein slik standard kan gje negative overraskingar. Desse
medlemene viser i denne samanheng til svar på spørsmål nr.
9 frå saksordførar om at det er «lite sannsynleg» at straumbrot
eller midlertidige tekniske feil i passivhus kan gje noko helseskade. Desse
medlemene konstaterer at svaret «lite sannsynleg» tyder
at det er ein potensiell helserisiko med passivhus. Desse
medlemene ønskjer ikkje å «gamble» med folk si helse og
vil derfor arbeide mot at passivhusnivå blir innført som standard
frå 2015.
Desse medlemene viser også til
at passivhusnivå berre gjev ei årlig innsparing av energi på 30 til
40 kWh/m2 i forhold til Tek10-utføring. Med ein energipris på om
lag 90 øre kWh tilsvarar dette ei årleg sparing på om lag 2 500
til 3 500 kroner for ein bustad på 100 m2. Desse
medlemene konstaterer at dette ikkje er tilstrekkeleg til
å forsvare kostnaden privatøkonomisk.
På bakgrunn av dette fremmar derfor desse medlemene følgjande
framlegg:
«Stortinget ber regjeringa stanse planane om
å innføre krav om passivhus frå 2015.»
Desse medlemene viser til at
Noreg skil seg frå andre land ved at hovuddelen av energibruken
i bygg kjem frå elektrisitet, primært basert på vasskraft. Samanlikna
med andre land har Noreg derfor låge klimagassutslepp frå drift
av bygg. Klimagassutsleppa frå byggsektoren kjem av at bygg blir
varma opp med fossile brensel. Desse medlemene meiner
dette betyr at Noreg bør ha mindre strenge krav til energieffektivitet
i bygg enn det andre land har.
Desse medlemene sluttar seg til
skildringa av elektrisitet som kjem fram i meldinga, og ber om at
denne forståinga av elektrisitet vert lagt til grunn for korrigering
av regulering som har hatt som formål å pålegge bygg ei omlegging
av energibruk frå elektrisitet til anna energi.
Desse medlemene meiner også at
dei krava som allereie er innførte når det gjeld energibruk og energieffektivitet
i bygg er for strenge, og meiner derfor at det må takast eit initiativ
overfor bygningsbransjen med sikte på å få innspel på å reversere
nokre av dei energikrava som allereie er vedtatt.
Desse medlemene fremmar følgjande
framlegg:
«Stortinget ber regjeringa fjerne dei krava
til energieffektivitet som er knytt til TEK7 og TEK10 slik at minimumskrava
for energieffektivitet vert tilsvarande TEK97.»
Kapittel 6 i meldinga gjeld forenklingar i regelverket.
Færre tiltak skal vere søknadspliktige. Prinsippet er at enklare
tiltak på eigen eigedom først og fremst må vere eigaren sitt ansvar,
og at kommunal sakshandsaming, krav om ansvarlege, profesjonelle føretak,
tilsyn og kontroll berre skal gjelde større tiltak og tiltak som
har konsekvensar for andre enn eigaren sjølv. Det vert i meldinga
peikt på at det må setjast i verk tiltak som gjer tiltakshavaren
betre i stand til sjølv å ta dette ansvaret. Det skal skje gjennom
betre informasjon, enklare prosessar og meir tilrettelegging for
bruk av IKT.
Regjeringa vil starte eit lovarbeid for å forenkle byggjesaksprosessen
m.a. ved å leggje til rette for betre samordning mellom detaljplanprosess
og byggjesak, og samordninga mellom forskjellige regelverk og forskjellige
styresmakter skal bli betre. Det blir òg lagt opp til meir samarbeid
mellom kommunane for å sikre lik handsaming og kvalitet i sakshandsaminga,
og for å oppnå betre ressursutnytting.
Regjeringa vil leggje til rette for auka bruk
av IKT i byggjesaker. Det skal utviklast ein strategi for å etablere
eit «ByggNett». Strategien skal mellom anna omtale korleis ByggSøk,
det nasjonale systemet for innsending av elektroniske søknader,
kan utviklast vidare. Målet er at kommunane etter kvart skal kunne
gjere all sakshandsaming digitalt. Strategien vil også omtale bruk
av bygningsinformasjonsmodellar (BIM) med automatisk sjekking av
kvalitetskrav og ei mogleg integrering med Altinn, om dette let
seg gjere innanfor dei framtidige rammene for Altinn.
Bygningsregelverket
skal vere enkelt og godt samordna med anna regelverk.
Byggjesaksprosessen skal vere føreseieleg
og medverke til gode kvalitetar i det bygde miljøet.
Auka bruk av IKT skal effektivisere byggsektoren.
Det framgår av meldinga at departementet med byggjesaksprosess
meiner handsaminga av byggjetiltaket i kommunen. Prosessen er i
hovudsak regulert gjennom lovgjeving, først og fremst plan- og bygningslova
med forskrifter. Kommunane har fått stor fridom til å utforme grunnlaget
for byggjesakshandsaminga gjennom kommunale planar, og har avgjerdsmakt
i byggjesaker. Statens rolle er i hovudsak å utforme regelverket.
Staten er også overordna planstyresmakt og kan utforme statlege
arealplanar. I tillegg er Fylkesmannen som statleg styresmakt klageorgan
for kommunale vedtak i byggjesaker og reguleringsplansaker. Fylkesmannen
kan óg fremje motsegn i plansaker, som t.d. miljøstyresmakt.
Byggjesaksprosessen skal sikre interessene til samfunnet
og omgjevnadene. Dei kommunale planane gjev rammene for byggjesakshandsaminga
når det gjeld føremål (kva type bygg), korleis arealutnyttinga skal
vere, og korleis bygga blir plasserte. I tillegg kan planane ha
føresegner som gjev vilkår for bygginga, til dømes omsyn til vern
og naturmangfald, utsjånaden på bygga, naudsynt infrastruktur og
så bortetter.
Dei tekniske krava til bygga er regulerte i
byggteknisk forskrift. Dei kommunale planane skal i prinsippet ikkje
innehalde tekniske krav, men det er eit diskusjonstema om kommunane
skal kunne stille slike krav. Den tekniske kvaliteten på bygget
er det i hovudsak utbyggjaren sjølv som har ansvaret for, men mange
ålmenne omsyn grip likevel inn i byggjesakene, t.d. tryggleik mot
skred og flom, vassforsyning, radon mv.
Mange opplever at byggjesaksprosessen er komplisert
og unaudsynt tid- og ressurskrevjande.
Det går fram av meldinga at regjeringa har som mål
å redusere dei administrative byrdene for næringslivet og forbrukarane.
Då er det viktig å effektivisere og forenkle byggjesaksprosessane.
Tiltak som kan reknast som «enkle», bør også kunne ha forenkla sakshandsaming.
«Enkle tiltak» er i denne meldinga ei fellesnemning på to typar
tiltak:
Tiltak som ikkje
krev bruk av ansvarlege føretak (det som tidlegare heitte «meldingssaker«),
t.d. tilbygg på inntil 50 m2, frittståande bygningar på inntil 70
m2 som ikkje skal brukast til bustad (t.d. garasje), mellombels
tiltak og mindre antenne- og skiltanlegg.
Tiltak som krev bruk av ansvarlege føretak,
men som er enkle å handsame. Det var denne siste sakstypen som inntil
siste lovendring heitte «enkle tiltak». Døme er einebustader, fritidsbustader og
enkle lagerbygg. Eit anna døme er våtrom.
Det går fram av meldinga at enkle tiltak ikkje først
og fremst er avgrensa av storleik, men av at alle krav etter regelverket
må vere oppfylte. Det er altså i utgangspunktet sakshandsaminga
som skal vere «enkel», ikkje tiltaket.
Søknadsprosessen for slike «enkle tiltak» skapar mykje
arbeid for kommunar og tiltakshavarar, med krav om dokumentasjon
(teikningar osb.) og søknader om ansvarsrett, det vil seie erklæringar
frå profesjonelle føretak om at dei tek på seg direkte ansvar overfor
bygningsstyresmaktene. «Enkle tiltak» omfattar mellom 30 og 40 pst.
av byggjesøknadsmengda. Ressursbruken i desse sakene ligg truleg
på omlag 15–20 pst. av ressursane til byggjesakshandsaming i kommunane.
Krava om ansvar og dokumentasjon kan i mange tilfelle
bli omfattande, og dei blir praktiserte ulikt. Dei bør derfor kunne
forenklast. Det gjeld særleg enkle tiltak der arbeidet ikkje har
konsekvensar for andre enn tiltakshavaren sjølv.
Det vert i meldinga peikt på at regjeringa ynskjer at
nokre av desse enkle tiltaka ikkje skal vere søknadspliktige. Regjeringa
vil også erstatte søknadsplikta for desse tiltaka med ei ordning
der tiltakshavaren rapporterer til kommunen om tiltaket, utan at det
er behov for kommunal sakshandsaming. Omfanget av tiltak som kan
fritakast for søknadsplikt, bør greiast ut gjennom eit særskilt
lovarbeid der det blir vurdert kor langt unntaka frå sakshandsaming
skal gå.
Eit lovarbeid som tek for seg forenkling, bør
i tillegg sjå på andre forhold der den kommunale sakshandsaminga
kan forenklast og gjerast meir føreseieleg. Dette gjeld til dømes
søknad om igangsetjingsløyve. Dette har samanheng med at tiltakshavaren har
ansvaret for at dei tekniske krava blir oppfylte, og dette ansvaret
bør kome tydelegare fram i regelverket. Det kan dermed skiljast
klarare mellom rammeløyve, som uttrykkjer den samfunnsmessige vurderinga,
og igangsetjingsløyve, som er tiltakshavarens erklæring om at dei
tekniske krava er oppfylte, og at tiltaket er klart for igangsetjing.
Tiltak som ikkje er kompliserte, bør òg i større grad kunne utførast
på tiltakshavaren sitt eige ansvar. Lovarbeidet bør også omfatte
andre framlegg til regelendringar som blir presenterte i denne meldinga.
Regjeringa vil:
Regjeringa vil frita
fleire enkle tiltak frå søknadsplikt.
Regjeringa vil redusere volumet av søknader
ved å gjere klart at kommunen berre skal vurdere dei samfunnsmessige
rammene og ikkje dei tekniske krava.
Regjeringa vil redusere omfanget av den
kommunale handsaminga av søknader om igangsetjingsløyve.
Plan- og bygningslova med tilhøyrande forskrifter
er i hovudsak retta mot profesjonelle brukarar i næringa og i forvaltninga.
Det trengst både ei generell forenkling av språket og ei tydeleggjering
av visse omgrep.
Eit slikt forenklingsarbeid vil òg vere i tråd
med regjeringas prosjekt for klart språk i staten. Omgrep og formuleringar
som er vanskelege å forstå for brukarane, skal lukast ut.
Regjeringa vil:
Kommunane handsamar byggjesaker ulikt, og stiller
til dels forskjellige krav til dokumentasjon.
Det vert i meldinga peikt på at regelverket
bør gje mest mogleg føreseielege prosessar. Det kommunale skjønet
bør kunne reduserast ved at regelverket blir tydelegare. Det må
også leggjast til rette for betre førehandsinformasjon både frå
statleg hald og frå kommunane. Forbetra informasjon kan skje på
mange måtar.
Mange kommunar slit med knappe ressursar og låg
kompetanse på byggområdet. Det må leggjast betre til rette for at
fleire kommunar går saman om handsaming av byggjesaker og planar.
Staten kan stimulere kommunane til meir interkommunalt samarbeid
gjennom informasjon om samarbeidsmodellar, utveksling av informasjon
mellom kommunane, bruk av fylkesmannen sin kjennskap til kommunane
mv. Det vert ikkje lagt opp til særskilte økonomiske støtteordningar.
Fleire kommunar har allereie eit interkommunalt samarbeid
om å føre tilsyn i byggjesaker. Slike modellar er ressurssparande
og sikrar betre kvalitet, habilitet og kompetanse i sakshandsaminga.
Når det gjeld byggjesakshandsaming, er det færre samarbeidsprosjekt,
men det finst døme. I tillegg finst det nokre døme på plansamarbeid.
Regjeringa vil:
Regjeringa vil gjennomgå
regelverket for å sikre større likehandsaming med omsyn til kva
føretaka må levere, søknadsprosessen og omfanget av det skjønet
kommunane utøver.
Regjeringa vil setje i verk informasjons-
og opplæringstiltak for å få lik sakshandsaming i saker som er like.
Regjeringa vil stimulere til at kommunane
kan etablere interkommunale/regionale byggjesakskontor og byggjetilsyn.
Det vert i meldinga vist til at større utbyggingsprosjekt
berre kan gjennomførast på grunnlag av ein reguleringsplan. Sjølv
om det er mogleg å starte byggjesaksprosessen medan planarbeidet
held på, vil likevel grunneigaren/utbyggjaren i mange tilfelle først måtte
gå gjennom ein planprosess i fleire trinn. Deretter startar ein
omfattande byggjesaksprosess før prosjektet har løyve og eigedommen
er utbyggingsklar. Kommunane har eit relativt breitt spekter av verkemiddel
i planarbeidet. Dei har òg eit stort spelerom når det gjeld kva
for plantypar som skal utarbeidast for eit område.
Det vert i meldinga vist til at kommunale arealplanar
er det viktigaste grunnlaget for å gjennomføre byggjetiltak. Ei
utfordring er å effektivisere prosessen og samtidig sørgje for god
kvalitet på planane og medverke til god kvalitet på byggjetiltaka.
Det er til dømes ei krevjande planleggings- og prosjekteringsoppgåve
å sikre kvaliteten i tette byprosjekt. Sjølv om mange kommunar ikkje
har nokon aktiv tomtepolitikk, kan dei medvete og aktivt bruke dei
verkemidla som regelverket stiller til rådvelde. Når eit større planarbeid
tek til, skal kommunane lage eit eige planprogram som skal opplyse
om føremålet med arbeidet, deltakarar, framdrift, alternativ, om
det trengst utgreiingar, og så bortetter.
På overordna nivå skal kommunen lage ein kommuneplan.
I kommuneplanen skal lokalisering av ulike føremål
skje etter ein heilskapleg og god areal- og transportpolitikk. Det
er viktig at kommuneplanen avklarar arealbruken, slik at reguleringsplanarbeidet
kan skje raskt og effektivt. Dette kan skje ved:
offensiv planlegging
på kommunedelplan- og områdereguleringsnivå for å styre utviklinga
og for å klargjere areal for utbygging
samarbeid og dialog med grunneigarar og
aktørar i byggjenæringa om å utvikle bestemte areal
kombinasjon av utbyggingsavtalar og rekkjefølgjeføresegner
for å sikre ynskt kvalitet og infrastruktur, og samtidig føreseielegheit
for alle partar
utarbeiding av bustadbyggjeprogram for
å styre bustadutbygginga i samsvar med utviklinga i skulekapasitet
og barnehagetilbod
aktiv og fleksibel bruk av planverktøyet
elles for å gje god og fleksibel samanheng mellom dei ulike plannivåa
og byggjesakene
samarbeid over kommunegrensene for å oppnå betre
styring og tilrettelegging for bustadbygging, jf. plansamarbeidet
om areal og transport mellom Oslo og Akershus.
Reguleringsplanar kan utarbeidast som områderegulering,
som kan vere overordna og eit alternativ til ein kommunedelplan
for større område. Dei kan òg utarbeidast som detaljreguleringar,
som i hovudsak er knytte til konkrete utbyggingsprosjekt og blir laga
av utbyggjarane.
Det går fram av meldinga at siktemålet ikkje
er at alle planverkemiddel skal nyttast, men at regelverket skal
vere fleksibelt og gjere det mogleg med målretta planlegging. Reguleringsplanar
som er i samsvar med kommuneplanen, kan handsamast raskare enn planframlegg
som bryt med den overordna planen.
I ein del tilfelle er likevel omfanget av prosessane for
stort, mellom anna fordi det ligg større arealkonfliktar i eit område
som ikkje er avklart, og fordi kommunen i nokre tilfelle legg opp
til meir omstendeleg planlegging enn naudsynt. Dette skapar forseinkingar
i byggjeprosessane og medfører mellom anna at bustadbygginga ikkje
går raskt nok til å fylle behovet. Kommunane må tidleg søkje å få
avklaring på eit overordna nivå slik at detaljplanen kan konsentrere
seg om dei operative tiltaka og rask utsjekk av viktige samfunnsmessige
tilhøve og konsekvensar, og unngå for detaljerte planar.
Det vert i meldinga peikt på at ein kan forbetre effektiviteten
for store utbyggingsprosjekt ved å samordne prosessane betre og
redusere talet på handsamingstrinn fram til ferdig bygg. Ein må
likevel ha for auge at hovudinteressa til utbyggjarane er å få realisert
byggjeprosjekta sine innanfor dei ynskte økonomiske rammene, medan
kommunen skal sjå på dei langsiktige konsekvensane og sikre kvalitetar
i bygg og omgjevnader som understøttar det. Planlegginga må innrettast
slik at ho til dømes medverkar til rask og effektiv tilrettelegging
av tomteområde for bustadbygging. Det er også viktig at regelverket
og rettleiinga om bruken av det aktivt legg til rette for godt samordna
prosessar, særleg i koplinga mellom plan og byggjesak.
Totalt sett kan prosessen frå det ligg føre
eit framlegg om utbygging, fram til det kan gjevast byggjeløyve,
ta svært lang tid og krevje store ressursar i nokre høve, og særleg
der tilhøva er kompliserte og lite avklart i overordna plan.
Regjeringa vil at planlegginga skal rettast
inn slik at den gjev ei rask og effektiv tilrettelegging av tomteområde
for bygging av bustader, og at regelverket og bruken av det aktivt
legg til rette for godt samordna prosessar, særleg koplinga mellom
plansak og byggjesak. Det er ofte overlapping mellom kva detaljregulering
og rammeløyve kan innehalde, og det er derfor eit effektiviseringspotensial
i å redusere eit ledd i sakshandsaminga. Det kan også informerast om
at områderegulering kan nyttast i større grad som grunnlag for handsaming
av byggjesak slik at ein ikkje treng detaljregulering i så mange
tilfelle. Ein kan likeeins også gje informasjon og rettleiing om når
det skal brukast detaljplan, og om detaljnivået i dei forskjellige
plantypane. Det må også bli informert om at rammeløyve kan handsamast
samstundes med mindre endringar i områdereguleringa, slik at ein
unngår doble prosessar.
Det vert i meldinga peikt på at det er ønskjeleg
at planane ikkje stiller detaljkrav det ikkje er relevant å ta inn
i planen. For mange dispensasjonar er uheldig, fordi dei undergrev
planane og gjer dei mindre føreseielege.
Regjeringa vil utarbeide rettleiingsmateriell
som hjelper kommunar og tiltakshavarar med å få til smidigare prosessar.
Det gjeld først og fremst i tilfelle der tiltaket føreset planlegging
før godkjenning av byggjesøknad. Rettleiinga må framheve at områderegulering
i mange tilfelle er eit tilstrekkeleg plangrunnlag for ei byggjesak.
Det bør óg rettleiast om kva som er naudsynte samfunnsmessige tilhøve og
konsekvensar som bør ivaretakast i planar, og krav som kan løysast
i byggjesaka.
Vidare vert det i meldinga peikt på at rettleiinga må
leggje vekt på høvet til å nytte føresegnene om mindre endring av
reguleringsplan for å tilpasse planen til tiltaket i søknaden. I
dette ligg også ei klårgjering av kor langt ein kan gå i å nytte
mindre endring framfor full reguleringshandsaming.
Kommunane kan som hovudregel gjere bindande planvedtak.
Motsegn til ein plan inneber at kommunens rett til å gjere vedtak
fell bort, og at vedtaksmakta blir overført til Miljøverndepartementet.
Frå kommunal side og frå byggjenæringa er det reist
kritikk mot måten motsegnsordninga blir praktisert på, at ordninga
ikkje blir brukt i samsvar med intensjonen, og at det blir varsla
for mange motsegner. Det blir også hevda at truslar om motsegn blir bruka
som forhandlingstaktikk, og at praktiseringa av motsegner medfører
ein lite føreseieleg situasjon, forseinkingar og store meirkostnader
for byggjeprosjekt.
I meldinga går det fram at regjeringa meiner
motsegnsordninga er viktig for å sikre nasjonale og viktige regionale
interesser. Samtidig er det grunn til å ta alvorleg den kritikken
som blir reist mot måten ordninga fungerer på i praksis. Regjeringa
vil derfor ta initiativ til å greie ut motsegnspraksisen, innhente fakta
om og konsekvensar av motsegnsbruken og vurdere korleis bruken av
motsegner samsvarar med intensjonane i lovverket.
Regjeringa vil:
Regjeringa vil greie
ut forenklingar i plan- og bygningslova som mellom anna legg aktivt
til rette for betre samordning av detaljplanprosess og byggjesak.
Regjeringa vil greie ut praktiseringa av
motsegner i plansaker og kva konsekvensar bruken av motsegnsinstituttet
har. Regjeringa vil i den samanhengen leggje til rette for å betre
samhandlinga mellom statlege fagorgan, fylkeskommunane og kommunane.
Regjeringa vil i bustadmeldinga kome attende
til eventuelle endringar i regelverk og planprosessar som kan bidra
til betre og auka bustadbygging.
Det vert i meldinga vist til at eit problem
for tiltakshavarar i byggjesaker er at dei må ta omsyn til mange
forskjellige regelverk og styresmakter, utan at det finst gode nok
oversikter og god nok samordning. Det har i fleire samanhengar vore
peikt på behovet for betre samordning, mellom anna av Bygningslovutvalet
i NOU 2004:12 Mer effektiv bygningslovgivning II. Regjeringa har
starta eit arbeid med å sjå på dei forskjellige regelverka.
I ei byggjesak må ein tiltakshavar ta omsyn
til ei rekkje forskjellige regelverk i tillegg til plan- og bygningslova.
I ein del tilfelle stiller forskjellige styresmakter nokså like
tekniske krav, men krava kan også variere. Bygningsstyresmaktene
har plikt til å samordne fråsegner og krav frå dei forskjellige
styresmaktene i byggjesaka. Dette skjer i praksis ved at tiltakshavaren
blir gjord merksam på kva andre styresmakter som skal gjere eigne
vedtak eller uttale seg om saka. Tiltakshavaren innhentar sjølv
naudsynte samtykke, løyve eller fråsegner før kommunen kan gje eit
endeleg løyve (igangsetjingsløyve) til tiltaket.
Prosessen med å innhente naudsynte samtykke og
fråsegner kan vere omfattande, og bør kunne forenklast. Regjeringa
vil forenkle og forbetre prosessen på mellom anna desse områda:
Sikre at ein tiltakshavar
skal vete om alle relevante styresmakter.
Effektivisere arbeidsfordelinga mellom
kommunen og tiltakshavaren/søkjaren når det gjeld å ivareta forholdet
til andre styresmakter.
Avklare kva for mynde dei kommunale bygningsstyresmaktene
har overfor andre styresmakter, særleg når det gjeld skjønsmessige
forhold.
Innskjerpe tidsfristar i plan- og bygningslova
og anna regelverk med omsyn til når og korleis andre styresmakter
kan kome inn i ettertid, og kor viktig dette til dømes er med tanke
på føreseielege handsamingsprosessar.
Redusere risikoen for at eit organ både
kan gje løyve og deretter klage, i tillegg til andre moglege rolleblandingar.
Regjeringa vil:
Det går fram av meldinga at regjeringa har vurdert
om plan- og bygningslova og privatrettsleg lovgjeving, særleg forbrukarlovgjevinga,
kan samordnast betre. Privatpersonar vender seg ofte til kommunen
når huset har kvalitetsmanglar, og blir forvirra når dei får beskjed
om at dette er eit privatrettsleg forhold. I tillegg har plan- og
bygningslova reglar om ansvar, kontroll, tilsyn og dokumentasjon.
Dette gjev kommunane først og fremst høve til å følgje opp ulovlege
forhold overfor føretaka i byggjesaka, men det gjev ikkje kommunane
plikt eller ansvar for å følgje opp til dømes krav frå private tiltakshavarar.
Regjeringa vil framheve at sjølv om dei tekniske krava
er fastsette gjennom plan- og bygningslova og kommunane har visse
verkemiddel for oppfølging, ligg likevel ansvaret for den tekniske
kvaliteten hjå tiltakshavaren, og forbrukaren er sjølv tiltakshavar om
han ikkje nyttar profesjonell hjelp. Det er derfor viktig å styrkje
kompetansen og medvettet hjå forbrukarane.
Regjeringa sette i 2007 ned eit utval for å
vurdere framlegg til regelverk som aukar bruken av tilstandsrapportar
ved sal av bustader i forbrukarforhold. I utgreiinga (NOU 2009:6)
gjekk fleirtalet i utvalet inn for at det skal vere frivillig å
leggje fram tilstandsrapport, men med sterke insitament for seljaren
til å leggje fram slike rapportar. Eit mindretal gjekk inn for at
det skal vere obligatorisk. Regjeringa arbeider med å følgje opp
utgreiinga.
Innanfor området for plan- og bygningslova kan tilstandsrapportar
brukast som grunnlag for å gje ferdigattestar for eldre bygg som
manglar ferdigattest.Tilstandsrapportar vil i tillegg kunne seie
noko om kva byggskadar som er vanlegast, og kor alvorlege dei er.
Dette kan igjen danne grunnlaget for å justere regelverket for dokumentasjon,
tilsyn og uavhengig kontroll. Eit tredje element er at ei eventuell godkjenning
av takstmenn eller andre som skal lage tilstandsrapportar, vil kunne
samordnast med den sentrale ordninga for godkjenning av føretak
etter plan- og bygningslova, og samtidig gje grunnlag for godkjenning
av fleire kontrollføretak.
Innanfor området for plan- og bygningslova vil regjeringa
leggje til rette for at tilstandsrapportar kan brukast som grunnlag
for ferdigattest der det manglar ein slik attest. Tilstandsrapportane
vil også kunne brukast i fleire andre samanhengar, som grunnlag
for ein byggskadedatabase, oversikt over radonførekomstar, universell
utforming / tilgjengelegheit, innemiljø/inneklima og så bortetter.
Regjeringa vil:
Det vert i meldinga vist til at reglane i plan-
og bygningslova i hovudsak tek utgangspunkt i nybygging. Det er
behov for tilpassingar av desse reglane med omsyn til kva krav som
skal gjelde når det blir utført arbeid på eksisterande byggverk.
Når det blir utført eit arbeid som er omfatta
av bygningslovgjevinga på eit eksisterande byggverk, er dette utgangspunktet:
Heile tilbygg blir oppførte etter gjeldande krav, men dersom arbeidet
berre omfattar arbeid på ein vegg, slår krava berre inn for den aktuelle
veggen. Det er likevel ikkje alltid dei nye krava lèt seg tilpasse
det eldre bygget på ein fornuftig og økonomisk forsvarleg måte.
Det vert i meldinga vist til at regjeringa har
lagt fram ein eigen lovproposisjon som skal gje forskriftsheimel
for krav til eksisterande byggverk (Prop. 91 L (2011–2012)). Bakgrunnen
er todelt. For det første er dei tekniske krava i nye forskrifter
meir ambisiøse, særleg når det gjeld energikrav og krav til universell
utforming og tilgjengelegheit. For det andre er høvet til å gi unntak
frå dei tekniske krava snevra inn, for å hindre at ambisjonane ikkje
blir følgde. Det er ofte vanskeleg å tilpasse nye tekniske krav
ved arbeid på eksisterande bygg. Ei slik tilpassing kan bli dyr,
utan at effekten av å oppfylle krava naudsynleg blir stor, sidan
byggverket elles ikkje har same standard. Forskriftene som kan gjevast
med heimel i dei føreslåtte reglane, vil i all hovudsak klargjere
ei tolking av lova som allereie følgjer av rettleiing og fråsegner.
Der forskriftene inneheld nye krav, må kostnadene vurderast særskilt.
Det er særleg to områder som er omfatta:
Ordninga med godkjenning av føretak som grunnlag
for ansvarsrett blei innført ved lovendringa i 1997, mellom anna
som ei vidareføring av den tidlegare entreprenørgodkjenninga. Godkjenninga
er samansett av to delar:
obligatorisk lokal
godkjenning av føretak som søkjer ansvarsrett i det einskilde tiltaket.
Det er dei kommunale bygningsstyresmaktene som gjev denne godkjenninga.
frivillig sentral godkjenning som generell
dokumentasjon av at krava til føretaket er oppfylte. Dette er eit
hjelpemiddel i den lokale godkjenninga.
Reglane om godkjenning går fram av plan- og bygningslova,
og krava gjeld utdanning, praksis og krav til system for kvalitetssikring.
Godkjenninga blir gjeven for funksjonar (ansvarleg søkjar, prosjekterande,
utførande og kontrollerande) og for spesifikke fagområde.
Ordninga er framleis under vurdering, mellom anna
på grunn av at EFTA/ESA meiner dei obligatoriske delane av henne
er i strid med tenestedirektivet.
EFTAs overvakingsorgan ESA (EFTA Surveillance
Authority) har opna formell sak mot Noreg. ESA meiner at godkjenningsordninga
er i strid med dei skyldnadene vi har etter EØS-avtalen, særleg
tenestedirektivet. Grunnlaget er krav om at tenesteytarar innanfor
bygg og anlegg må godkjennast av styresmaktene før dei kan yte tenester.
ESA meiner dette er i strid med tenestedirektivet artikkel 16, som trekkjer
grenser for lovlege hindringar for mellombelse tenesteytarar. ESA
har ikkje opna sak om Noregs krav om sentral godkjenning for ansvarleg
kontrollerande, men det blir venteleg opna sak dersom ordninga blir
sett i verk.
Det vert i meldinga peikt på at sidan kravet
i godkjenningsordninga om obligatoriske godkjenningar kan vere i
strid med EØS-rettslege skyldnader, vil regjeringa greie ut alternative
framgangsmåtar for å sikre kvalitet i byggverk. Utgangspunkta for
vurderinga er at ansvarssystemet framleis skal gjelde. Kontroll
vil framleis vere eit sentralt element i tiltaka. Nye element som
kan bli vurderte, er bruk av lovregulerte yrke i staden for godkjenning,
noko som kan vere særleg aktuelt for dei som skal kontrollere.
Det vert i meldinga vist til at det alminnelege
kravet til byggjeprodukt som blir bruka i Noreg, er at dei skal
medverke til at byggverket tilfredsstiller grunnleggjande krav til
konstruksjonstryggleik, brannsikring, hygiene, helse og miljø, tryggleik
ved bruk, vern mot støy og vibrasjonar, og energisparing og varmeisolering.
Produkt som kan dokumentere slike eigenskapar, skal fritt kunne
marknadsførast og omsetjast.
Produktdokumentasjon er også naudsynt for å sikre
økonomisk og miljøriktig drift av bygg. Utviklinga dei seinare åra
er prega av internasjonalisering og ei dreiing mot samansette produkt
og modular, som våtromsmodular og leilegheitsmodular. Mangelen på
harmoniserte produktstandardar for slike samansette produkt inneber
ei stor utfordring for styresmaktene som fører tilsyn med marknaden
for byggjevarer, mellom anna med tanke på kva som kan krevjast av
dokumentasjon. Ei uheldig side ved dette er ein risiko for at delar
av den nyare bygningsmassen i Noreg har liten eller ingen dokumentasjon
på at kvaliteten er tilfredsstillande.
Det er ein internasjonal ambisjon å styrkje
tilliten til varer som blir omsette i EØS-området. Dette skal skje
gjennom betre og felles regelverk, lik handheving, klarare prosedyrar
og administrativt samarbeid mellom EØS-statane. For å kunne sikre
dei omsyna og skyldnadene som finst i reglane, må kontrollen med
byggjevaremarknaden trappast opp.
Eit aktivt og effektivt tilsyn er viktig ikkje
berre for privatpersonar og profesjonelle entreprenørar, men også
for samfunnet generelt.
Noreg er gjennom direktiv 89/106/EØF (byggjevaredirektivet)
forplikta til å drive marknadstilsyn med byggjevarer. Byggjevaredirektivet
blir no erstatta av byggjevareforordninga, som blei formelt vedteken
9. mars 2011. Ansvaret for marknadstilsynet ligg i Direktoratet
for byggkvalitet.
Det vert i meldinga vist til at det etter initiativ
frå den norske kommunal- og regionalministeren og den svenske sivil-
og bustadministeren hausten 2011 blei etablert eit felles nordisk
prosjekt under Nordisk ministerråd. Prosjektet skal avdekkje og
byggje ned hindringar som ulikskapar i byggjereglar skapar for byggjevarehandelen
mellom landa. Samarbeidet har òg som mål å auke den nordiske innverknaden
på byggområdet i EU-arbeidet.
Regjeringa vil:
Regjeringa vil delta
aktivt i nordisk og europeisk standardiseringsarbeid på byggområdet
for å byggje ned unaudsynlege handelshindringar og medverke i utviklinga
av EU-reglar.
Regjeringa vil byggje opp eit kompetent
og effektivt marknadstilsyn med byggjevarer.
Det vert i meldinga peikt på at ressursbruken
til byggjesakshandsaming bør reduserast for både tiltakshavarar/byggherrar,
aktørar i næringa og statlege og kommunale styresmakter. Moderne
informasjons- og kommunikasjonsteknologi vil gjere det mogleg å forenkle
prosessane.
Det vert i meldinga peikt på at erfaringane
viser at det er mogleg å skape digital samhandling mellom offentlege
bygningsstyresmakter og private aktørar. Dette krev ei felles internettbasert
plattform som legg grunnlaget for ei døgnopen forvaltning.
Direktoratet for byggkvalitet har hausta viktige erfaringar
gjennom utvikling og drift av ByggSøk, som er det nasjonale systemet
for innsending av elektroniske byggjesøknader. Søkjelyset har så
langt vore retta mot å sende over søknader frå brukarane til kommunane.
Eit fleirtal av byggjesakene blir no utarbeidde ved hjelp av ByggSøk,
men det ligg eit stort potensial i å vidareutvikle dette til annan
kommunikasjon i byggjesakene. Det bør utgreiast om det er mogleg
å forenkle søkjeprosessen endå meir ved hjelp av nettbaserte system
og integrasjon med statlege felleskomponentar som matrikkelen, folkeregisteret
og Altinn. Regjeringa ynskjer at ByggSøk blir utvikla vidare slik
at det blir mogleg å nytte ByggSøk for alle byggjesøknader.
Som ein vidareføring av ByggSøk, bør det vurderast
korleis full elektronisk byggjesakshandsaming i kommunane eventuelt
skal kunne gjennomførast. Det er berre nokre få kommunar som i dag
handsamar søknadene elektronisk, og effektiviseringa av kommunal
byggjesakshandsaming vil kunne bli omfattande.
Også andre statlege og kommunale prosjekt har gjeve
viktig erfaring, til dømes eBygg og Geointegrasjonsprosjektet.
Regjeringa vil setje i gong eit arbeid for å
utvikle ein strategi med sikte på etablering av ByggNett. På sikt
kan ambisjonen for bruk av IKT i byggjeprosessen vere å utvikle
ByggNett som ei felles samhandlingsplattform for bygging og byggjesaker.
ByggNett kan då bli eit mogleg «Altinn for byggsektoren». Utviklingsarbeidet
skal skje i samarbeid med involverte statlege etatar, KS og næringa.
Strategien for ein felles samhandlingsplattform vil
også kunne vere eit grunnlag for eventuelt å leggje til rette for
eit register for dokumentasjon og oppbevaring av byggjesaker.
Det vert i meldinga peikt på at ByggNett som
eit mogleg «Altinn for byggsektoren» eventuelt ligg fleire år fram
i tid og vil krevje grundige utgreiingar for å konkretisere målsetjingar,
metodar og ulike utviklingsmodular. Det vil i første omgang bli
utvikla ein strategi for å etablere ByggNett. Strategien må byggje
på prinsippa som er lagt til grunn i regjeringa sitt digitaliseringsprogram
som vart lagt fram i april 2012. Ulike finansieringsmodellar må
også vurderast.
Utgreiinga bør gje grunnlag for å utvikle sakshandsamingsmodular
som gjer det mogleg for kommunar å drive full elektronisk sakshandsaming
innan 2015.
Det skjer ei rivande utvikling i bruken av digitale bygningsinformasjonsmodellar
(BIM). BIM er basert på opne, internasjonale standardar for informasjonsutveksling.
Noreg er mellom dei leiande på dette feltet. Kombinert med eit tydeleg
regelverk, som i minst mogleg grad er skjønsbasert, gjev denne teknologien
høve til å automatisere kontrollen av at byggjeprosjekt tilfredsstiller
krav i byggteknisk forskrift. Prinsippet er at alle aktuelle krav
blir lagde inn i modellen, slik at modellen varslar dersom nokon
krav ikkje er oppfylte.
Det vert i meldinga peikt på fleire fordelar.
Byggjetiltak og byggjesakshandsaming krev mykje
offentleg informasjon, både om personar og føretak som har interesser
i saka, om dei fysiske omgjevnadene og om kommunale planar. Det
er viktig at denne informasjonen er lett tilgjengeleg, og at han
er oppdatert.
Ved nybygging er det krav om at dokumentasjon skal
sendast til kommunen, og alle ansvarlege føretak har plikt til å
oppbevare dokumentasjon i fem år, og dokumentasjonen skal overleverast
til eigaren som grunnlag for forvaltning, drift og vedlikehald av eigedommen.
Eit bygg har lang levetid og gjennomgår ombyggingar
og oppgraderingar.
Strategien for ByggNett bør omhandle tilrettelegging
for eit digitalt bygningsregister der tiltakshavarar, eigarar og
føretak kan leggje inn og hente ut ynskt informasjon om bygg. Eit
nasjonalt bygningsregister gjev grunnlag for å måle effektar av
ulike tiltak, skadehistorikk kan gje grunnlag for læring og så bortetter.
Eit forbetra og tilgjengeleg informasjonsgrunnlag vil mellom anna
redusere risikoen for eigaren ved ombyggingar og eigarskifte og
medverke til lågare ressursbruk i saksførebuinga.
Eit eventuelt bygningsregister bør innehalde
all obligatorisk informasjon, og kan i tillegg innehalde frivillig
informasjon.
Regjeringa vil:
Regjeringa vil setje
i gong eit arbeid for å utvikle ein strategi med sikte på å etablere
ByggNett. Strategien vil mellom anna kunne omfatte
tilrettelegging for full elektronisk byggjesakshandsaming
i kommunane innan 2015
tilrettelegging for eit register for byggdokumentasjon
integrering av ByggSøk i ByggNett
integrering av bygningsinformasjonsmodellar (BIM)
integrering av ByggNett i Altinn, dersom
det let seg gjere innanfor strategien for Altinn, som er under utarbeiding
Det vert i meldinga vist til at fleire av tiltaka
i kapittel 6 føreset endringar i lov og forskrift. Regjeringa vil
starte eit lovarbeid som kan gjennomgå framlegga og vurdere andre
moglege måtar å forenkle byggjesaksprosessen på. Eit lovarbeid vil
på kort sikt krevje ressursar til utgreiing, og lovendringar krev
i tillegg ressursar til informasjon og iverksetting. Desse kostnadene
vil bli dekte innanfor gjeldande budsjettrammer. Utvikling av ein
strategi for å etablere ByggNett vil også bli gjennomført innanfor
respektive departements gjeldande budsjettrammer.
Forenkling av regelverk: Forenklingar vil føre
til mindre byråkrati, raskare sakshandsaming og reduksjon av kostnader
og dermed innebere innsparingar for utbyggjarar og for føretak som
får mindre arbeid med godkjenningar. For kommunane inneber forenklingar
mindre arbeidsbyrde og ressursbruk. Forenklingar som gir høgare
terskel for søknadshandsaming, vil også innebere færre klagesaker
– og dermed mindre arbeidsbelastning for fylkesmennene. Regelverket
vil bli meir tilgjengeleg for alle brukarar av plan- og bygningslova.
Einskapleg og føreseieleg byggjesakshandsaming:
Tiltaket krev midlar til informasjon om regelverket. Dette bør gjerast
i samarbeid med forbrukarstyresmakter, kommunar og andre. Det vil
vere kostnader med å etablere samarbeidsmodellar mellom kommunane,
men det er samstundes eit stort potensial for innsparingar for den
einskilde kommunen.
Samordning: Tiltaka på dette området vil krevje statlege
utgreiingsressursar, som vil bli dekte innanfor gjeldande budsjettrammer.
Det vil vere mogleg å få ut gevinstar i samordninga mellom ulike
regelverk og styresmakter. Det gjeld både innsparingar i den offentlege
sakshandsaminga og for den einskilde søkjar, som vil få enklare
handsaming og dokumentasjonskrav.
Kontroll av byggjevarer: Marknadskontroll krev både
nasjonal overvaking og internasjonal deltaking. Meir marknadskontroll
vil føre til like konkurransevilkår og større tryggleik for at byggjevarer
er feilfrie, og dermed medverke til ei kvalitativ forbetring av
bygningsmassen.
Strategien for ByggNett skal byggje på dei prinsippa
som er lagt til grunn i regjeringa sitt digitaliseringsprogram.
Som ledd i utviklinga av strategien vil ulike tiltak, konsekvensar
og moglege finansieringsløysingar bli nærare utgreidde. Regjeringa
vil etter strategiarbeidet kome attende med eventuelle framlegg
som krev auka budsjettrammer.
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå
Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti,
viser til at regjeringa foreslår forenklingar i byggesaksprosessane
for såkalla «enkle tiltak». Slike tiltak står for 30–40 pst. av
byggesaksmengda og om lag 15–20 pst. av ressursbruken i den kommunale
byggesakshandsaminga. Denne forenklinga vil derfor bidra til ein
stor effektiviseringsgevinst for kommunane.
Fleirtalet stør også framlegget
om å forenkla reglar og språk i plan- og bygningslova, forskrifter og
rettleiingar.
Fleirtalet ser fram til regjeringa
si sluttføring av arbeidet for å utvikla ein strategi med sikte
på å etablera ByggNett. Her vil ein sjå om ein kan få til full elektronisk
byggesakshandsaming i kommunane innan 2015 og integrera ByggSøk
i ByggNett.
Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet
og Høgre er positive til at regjeringa no endeleg har innsett
at det er på tide med forenkling.
Desse medlemene meiner at den
beste måten å forenkle på er å gå gjennom lover, forskrifter og rundskriv
med sikte på å gjera dei enklare og mindre omfattande, men konstaterer
at det er lite konkret som blir meldt når det gjelder dette.
Desse medlemene meiner at det
er fornuftig å satse meir på elektroniske register og elektronisk byggjesaksbehandling
i kommunane, og at sentrale myndigheiter må ta initiativ her.
Desse medlemene er skeptiske
til nye tilsyn og er redd for at dette vil koste langt meir enn
den nytten ein kan få ut av dette. Desse medlemene viser
i den forbindelse til at uavhengig kontroll er varsla innført frå
1. januar 2013, og kan ikkje sjå at dette er eit fornuftig pålegg. Desse
medlemene er også bekymra for den lange tida det tar å regulere nye
område til bustadbygging. Desse medlemene viser i
denne forbindelse til den omfattande bruken av motsegn som kjem
frå ulike statlege instansar og som hindrar bustadbygging.
Desse medlemene fremmar på bakgrunn
av dette følgjande framlegg:
«Stortinget ber regjeringa snarast iverksetja
tiltak som medfører at bruken av motsegner går ned.»
Desse medlemene viser
til svar på spørsmål 2 frå saksordførar datert 7. november 2012
og sluttar seg til statsråden si vurdering om at det er kommunane
som skal vedta områderegulering. Desse medlemene meiner
derimot at dette ikkje burde hindre private i å ta initiativ og
fremme framlegg om områderegulering.
Desse medlemene vil peike på
at grunneigar eller utbyggjar etter plan- og bygningsloven i dag ikkje
har lovfesta rett til å fremme områdeplan for politisk handsaming.
Lova vi har i dag gir ulik praksis frå kommune til kommune. Manglande
kapasitet i kommunane sine planetatar kan verte ein innskrenkande
faktor for ønska utbygging, og kan derfor medføre at utbyggingsområdet
ikkje vert regulert tidsnok til å møte befolkningsveksten. Manglande
initiativ frå utbyggjar/grunneigar kan òg resultera i at vedtekne
planar ikkje kan gjennomførast av økonomiske årsaker. Samtidig vil
utbyggjar/grunneigar sin rett til å fremme sine planar, eller sitt
alternativ til planetatane sine planer, gi kommunestyret fleire
alternativ for utbygging og dermed gi beslutningstakarar eit betre
grunnlag når områdeplanar skal vedtakast.
Desse medlemene ber derfor regjeringa
om å fremme framlegg om å endre plan- og bygningsloven § 12-2 (2)
slik at utbyggjarane får rett til å fremme sine områdeplanar eller
sine alternativ til områdeplanar utarbeida av kommunane sine planetatar.
Desse medlemene fremmar på bakgrunn
av dette følgjande framlegg:
«Stortinget ber regjeringa fremme nødvendige framlegg
til lovendringar som medfører at private kan komme med framlegg
om områderegulering.»
Desse medlemene viser
til at det frå 1. januar 2013 skal innførast obligatorisk, uavhengig
kontroll. Desse medlemene oppfattar dette som ei umoden
og uferdig reform som det er vanskeleg å sjå vil bety ei forbetring. Desse
medlemene viser til at tal frå «Boligprodusentenes foreining»
viser at denne kontrollen vil belaste bustadskjøpararene med minst
500 mill. kroner årleg i form av kontrollkostander og gebyr til
kommunane.
Desse medlemene fremmar på bakgrunn
av dette følgjande framlegg:
«Stortinget ber regjeringa stanse planane om
innføring av uavhengig kontroll frå 1. januar 2013.»
Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet viser
til at det i dag er eit omfattande regelverk av lover, forskrifter
og rundskriv som detaljstyrer alt frå reguleringssaker til bygging
av bustader. Desse medlemene meiner det derfor er nødvendig
med ein omfattande gjennomgang av dette byråkratiske regelverket.
Desse medlemenefremmar
derfor følgjande framlegg:
«Stortinget ber regjeringa foreta ein omfattande gjennomgang
av det regelverket som i dag styrer regulering av tomteareal og
bygging av bustader med sikte på å gjera regelverket mindre omfattande,
enklare og mindre byråkratisk.»
Desse medlemeneviser
til at regjeringa i Meld. St. 28 (2011–2012) seier at dei i bustadmeldinga
vil komme tilbake til eventuelle endringar i regelverk og planprosessar
som kan bidra til betre og økt bustadbygging.
Desse medlemene viser vidare
til at 5-årsfristen for detaljreguleringar ifølgje bygningsbransjen
skaper usikkerhet om finansiering og gjennomføring av ulike prosjekt,
at det derfor er lite hensiktsmessig å detaljregulere store prosjekt
som skal gjennomførast trinnvis. Desse medlemene fryktar derfor
at denne 5-årsregelen fører til økt byråkrati og dermed kan hemme
byggeaktiviteten og redusere bustadbygginga.
Desse medlemenefremmar
derfor følgjande framlegg:
«Stortinget ber regjeringa vurdere å fremme framlegg
om å oppheve plan- og bygningsloven § 12-4 (5), som mellom anna
seier: 'er bygge- og anleggstiltak som hjemles i plan fremmet med
bakgrunn i privat reguleringsforslag etter § 12-11, ikke satt i
gang senest fem år etter vedtak av planen, kan tillatelsen til gjennomføring
av planen ikke gis uten nytt planvedtak.»
Kapittel 7 i meldinga drøftar kva roller staten, fylkeskommunane
og kommunane har innanfor byggsektoren.
Det offentlege skal
ha framtidsretta og kostnadseffektive bygg.
Det offentlege skal vere ein pådrivar i
utviklinga av byggjenæringa.
Auka offentleg bruk av IKT skal effektivisere byggsektoren.
Bygg er ein viktig føresetnad for den offentlege tenesteproduksjonen.
Det offentlege har ein stor bygningsmasse og byggjer,
forvaltar og leiger bygningar og lokale for store summar årleg.
Totalt investerer det offentlege om lag 32 mrd. kroner årleg i nybygg
og rehabilitering, og dei årlege offentlege utgiftene til forvaltning, drift
og vedlikehald kjem opp i omlag 25 mrd. kroner. Kommunar og fylkeskommunar
står for to tredelar av dette.
Det vert i meldinga vist til at store offentlege budsjettmidlar
årleg blir bundne opp i utgifter knytte til bygging, drift og vedlikehald.
Dersom offentlege etatar kan redusere kostnadene til bygging, drift,
forvaltning og leige av bygg samtidig som dei held oppe eller aukar
kvaliteten på bygget, kan dei frigjere midlar til andre føremål.
Derfor er det viktig med gode verkemiddel som støttar opp om ei
slik utvikling.
Positive endringar i offentleg sektor er viktige
i seg sjølv. Det offentlege har i tillegg stor innverknad på utviklinga
av byggjenæringa elles som den største samla byggherre- og eigedomsforvaltargruppa
i landet.
Ved å stille høge krav kan offentlege byggherrar og
eigedomsforvaltarar fungere som ein katalysator for kvalitativt
betre og meir kostnadseffektive bygg i Noreg. Det offentlege kan
også medverke til innovasjon hjå leverandørane.
Sjølv om investeringar og drift av eit offentleg bygg
bind opp store midlar, utgjer dette likevel berre ein liten del
av alle offentlege utgifter som er knytte til til dømes sjukehus,
sjukeheimar og skular. Det er derfor ei stor utfordring å finne
dei beste bygningsmessige løysingane for den offentlege tenesteytinga som
skal skje i bygget.
Regjeringa ynskjer å medverke til at næringa
saman med relevante styresmakter kan identifisere gode tiltak for
auka kompetanse og nyskapingsevne i næringa.
Frå planleggingsfasen til nøkkelferdig bygg
har prosjektleiarar i det offentlege ansvar for ein lang serie med
anskaffingar. Gode anskaffingar og tilhøyrande kontraktsoppfølging
bør ha stor merksemd i offentlege byggjeprosjekt og i offentleg
eigedomsforvaltning. Det politiske målet med anskaffingane er at
det offentlege skal få mest og best mogleg bygg for pengane.
Offentlege byggherrar og eigedomsforvaltarar
er gjennomgåande profesjonelle og arbeider kontinuerleg med å forbetre
tenestene sine. Utan særskilde tiltak kan det derfor ventast ei
gradvis forbetring innanfor offentleg byggforvaltning, og særleg
innanfor miljøområdet. Men det er store variasjonar i kompetanse
og prestasjonar mellom offentlege byggherrar og eigedomsforvaltarar.
Det vert i meldinga vist til at hovudutfordringane for
offentlege bygg og offentleg byggverksemd kan oppsummerast slik:
Korleis kan det sikrast
betre funksjonalitet, oppnåing av kvalitets- og miljømål og betre
kvalitetar i offentlege bygg, utan at utgiftene til offentleg byggsektor
naudsynleg aukar?
Korleis kan det offentlege som store kundar
bruke den viktige posisjonen sin i marknaden til å etterspørje meir
innovasjon, betre kvalitet og høgare produktivitet i byggjenæringa,
endringar som vil kome både staten og samfunnet elles til gode?
Det vert i meldinga vist til at offentlege anskaffingar
innan bygg og eigedom er omfattande og komplekse, forpliktar store
offentlege budsjett og krev stor grad av profesjonalitet og høg
kompetanse i anskaffingsfaget. Ein viktig føresetnad for gode anskaffingar
er derfor styrkt kompetanse hjå offentlege innkjøparar av byggtenester.
Prestasjonane til offentlege byggherrar og eigedomsforvaltarar
varierer mykje, og det finst i lita grad system for læring og erfaringsutveksling
mellom offentlege etatar. Det skjer også ei mangelfull overføring
av kunnskap frå eitt byggjeprosjekt til eit anna, og frå forvaltninga
av eitt bygg til eit anna.
Regjeringa har gjennom Direktoratet for forvaltning
og IKT (Difi) lansert nettstaden Anskaffelser.no med eit eige område
for offentlege anskaffingar knytte til bygg, anlegg og eigedom.
Denne nettstaden er meint å vere eit forum for erfaringsutveksling
og læring mellom offentlege innkjøparar, særleg retta mot mindre
kommunar.
For å få meir kvalitet igjen for pengane når
det offentlege byggjer og forvaltar, er det viktig at alle offentlege
bestillarar har tilgang til den nyaste kunnskapen om beste praksis.
Regjeringa vil derfor styrkje innkjøpskompetansen til offentlege
aktørar innanfor byggsektoren, mellom anna gjennom å innhente dokumentasjon
frå beste praksis i inn- og utland.
Utarbeiding av rettleiingar, kriteriesett for
miljø og ei elektronisk, oppdatert dømesamling av «beste praksis»
vil også vere ein del av erfaringsbasert læring.
Offentlege innkjøp av byggtenester skjer desentralisert
i den einskilde etaten og i den einskilde kommunen. Staten har organisert
byggherrefunksjonen og eigedomsforvaltninga i nokre få profesjonelle kompetansemiljø
(Statsbygg, Forsvarsbygg og Helsebygg). Statsbygg har frå 2010 styrkt
innsatsen som bygg- og eigedomsfagleg rådgjevar for andre statlege
verksemder.
Dei fleste kommunar er for små til sjølve å
ha ein slik samla kompetanse og har derfor eit større behov for
kompetanseutvikling og hjelp. Kommunale byggherrar treng rettleiing
og hjelp til bygganskaffingar, og då særleg i ein tidleg planleggingsfase.
Regjeringa vil utvikle ei rettleiingsteneste for kommunale anskaffingar
innan bygg, anlegg og eigedomsforvaltning som vil vere eit viktig
supplement til nettstaden Anskaffelser.no.
Sosialt ansvar handlar om at grunnleggjande menneskerettar
blir respekterte i produksjon og handel av varer, og at riktige
omsyn blir tekne overfor arbeidstakarane. Bygg- og anleggssektoren
er ein risikosektor når det gjeld sosial dumping og dårlege arbeidsforhold.
Det er svært sannsynleg at også offentleg sektor er forbrukar av
materiale som er produsert ved bruk av barnearbeid og/eller tvangsarbeid,
eller med uregulerte tilsetjingsforhold som ofte er prega av dårleg
arbeidsmiljø, lange arbeidsdagar og brot på minstelønsavtalar.
Gjennom anskaffingar innan bygg- og eigedomsforvaltning
kan offentlege oppdragsgjevarar bruke innkjøpsmakta si for å sikre
sosialt ansvar i leverandørkjeda og på norske byggjeplassar. Difi
har utarbeidd eit verktøy for risikokartlegging og standard kontraktkrav
som sikrar det sosiale ansvaret for etisk riktig handel i det offentlege.
Regjeringa vil:
Regjeringa vil vidareutvikle
nettstaden Anskaffelser.no og utvikle ei rettleiingsteneste for
kommunale innkjøparar av bygg- og anleggstenester.
Regjeringa vil utvikle rettleiingsmateriell
og ei samling av beste praksis for offentlege byggje- og eigedomsverksemder.
I lov om offentlege anskaffingar heiter det
at «statlige, kommunale og fylkeskommunale myndigheter og offentligrettslige
organer skal under planleggingen av den enkelte anskaffelse ta hensyn
til livssykluskostnader, universell utforming og miljømessige konsekvenser
av anskaffelsen.»
Det går fram av meldinga at dei store statlege byggherrane
i lang tid har nytta levetidsplanlegging som ledd i å finne byggløysingar
som gjev lågast moglege totalkostnader over tid. Levetidskostnadar
er allereie ein del av grunnlaget for avgjerder om store statlege
investeringar i bygg. Levetidsplanlegging er likevel ikkje innarbeidd
i alle delar av offentleg byggjeverksemd, og er heller ikkje alltid
i sentrum hjå dei som prosjekterar bygg.
Investeringskostnadene til offentlege bygg utgjer mellom
50 og 65 pst. av dei samla kostnadene for bygget i heile levetida.
Andre kostnader er knytte til forvaltning, drift og vedlikehald.
I tillegg kjem kostnader til rehabilitering og ombyggingar. Kostnader som
kjem etter at bygget er ferdig, utgjer altså ein stor del av totalkostnadene
til eit bygg. Det vert i meldinga peikt på at ein bør leggje vekt
på desse kostnadene når ein skal gjere val om og korleis eit bygg
skal utformast og byggjast.
Ei for einsidig merksemd mot investeringskostnader
vil ikkje stimulere til å finne dei beste løysingane for bruks-
og driftsfasen, til dømes når det gjeld framtidig ombyggingsbehov,
energibruk, varigheit på byggjemateriala og vedlikehaldsbehov.
Hovudpoenget med å rekne ut levetidskostnader og
vurdere miljøbelastningar av bygg er å bruke denne kunnskapen når
vi skal velje mellom alternativ. Dette gjeld både når vi skal velje
om bygget skal byggjast (eventuelt rehabiliterast/ombyggjast) eller ikkje,
og når vi skal velje mellom ulike løysingsalternativ.
Meir merksemd rundt levetidsplanlegging og miljøkonsekvensar
av bygg reiser også spørsmål omkring samarbeidsformer og kontraktformer
mellom den offentlege bestillaren og private rådgjevarar og entreprenørar.
Med større merksemd omkring levetidskostnader og miljøkonsekvensar
er det naturleg at dei prosjekterande og entreprenørane i større
grad også kan bli gjorde ansvarlege for kvalitetane ved bygget i
ein lengre periode etter at det er ferdigstilt.
Både stat og kommune bør fortsette å prøve ut kontraktformer
der dei private konkurrerer om leveransar som inkluderer både det
ferdige bygget og kostnader til energibruk, drift og vedlikehald
ut over vanleg garantitid. Det går fram av meldinga at regjeringa
ynskjer at statlege byggherrar framleis prøver ut løysingar som
gjer alle aktørar ansvarlege for det ferdige bygget i eit levetidsperspektiv.
Regjeringa vil:
Det vert i meldinga vist til at Noreg er eit
land med få innbyggjarar og god plass, og at vi har hatt liten tradisjon
for å avgrense bruken av arealressursar. Resultata viser seg i eit
busetjingsmønster som er prega av einebustader med stor spreiing
og det høgaste bustadarealet per innbyggjar i Europa. God plass
er rekna som eit gode i seg sjølv. Men både økonomi og miljø tilseier
at det offentlege bør prioritere høgare dei ressursmessige sidene
rundt bruk av areal og lokale.
Arealbehovet endrar seg i takt med organisasjonsendringar
hjå dei som brukar bygga. Bygg varar mykje lenger enn levetida til
ein organisasjon. Offentlege bygg må derfor kunne tilpassast endra
verksemder, og enklast mogleg kunne huse nye verksemder. Det bør
alltid vere eit mål å unngå å bruke meir bygningsareal enn naudsynt.
Kvar einskild statleg og kommunal eigedomsforvaltar
har oversikt over eigen bygningsmasse. Det finst i dag derimot ingen
samla statistikk over korleis det offentlege brukar bygningsarealet.
Innføring av husleigesystemet for delar av den statlege
bygningsmassen har rett nok vore med på å gjere statlege leigetakarar
medvetne om at bygningsareal har ein kostnad.
Statsbygg tilbyr rådgjeving til resten av statleg sivil
sektor når dei skal leige bygg på den private marknaden. Som grunnlag
for ei slik statleg rådgjeving vil Statsbygg innanfor sin budsjettramme
etablere ein database over leigeforhold, der informasjon om arealkostnader,
arealeffektivitet, universell utforming og energibruk kan inngå.
I 2012 vil regjeringa setje i verk eit miljørapporteringssystem
for statlege verksemder (MiljøRapp). Siktemålet er mellom anna å
kunne måle utviklinga innanfor statleg bygningsmasse og grader av måloppnåing.
Gjennom dette rapporteringssystemet i Altinn vil det einskilde fagdepartementet
og staten som heilskap få oversikt over arealbruk i etatane fordelt
på type bygg, talet på tilsette, energibruk, energikjelde og anna.
Dette vil igjen gje eit grunnlag for å styrkje kunnskapen om utforming
av bygg slik at den offentlege tenesteproduksjonen kan bli betre,
og slik at offentleg sektor kan utnytte den eksisterande bygningsmassen
betre. Gjennom StatRes (statistikk for Statleg Ressursbruk og Resultat)
samlar SSB inn byggrelatert statistikk knytt til energibruk og avfall.
Den kommunale og fylkeskommunale eigedomsmassen
er dobbelt så stor som den statlege bygningsmassen. Det er store
variasjonar mellom kommunane når det gjeld storleiken på eigedomsmassen og
kompetansen og ressursane til å drive god eigedomsforvaltning. God
eigedomsforvaltning i kommunane handlar om å gje tilsette og brukarar
av kommunale tenester gode og funksjonelle bygg til lågast mogleg
kostnad.
Det vert i meldinga vist til at innføring av
Kommune-Stat-Rapportering (KOSTRA), erfaringane frå Kompetanseprogrammet
for betre eigedomsforvaltning (KoBE) og eit femårig forskningsprosjekt
ved NTNU har medverka til å auke merksemda og kunnskapen om bygg-
og eigedomsspørsmål i kommunane. Det er naturleg at kommunestyra
med jamne mellomrom har ein samla gjennomgang av sin eigen bygningsmasse
sett i lys av endringar i befolkninga og framtidige behov.
Tilgangen til pålitelege og samanliknbare nøkkeltal
er viktig for å kunne vurdere effektivitet og ytingar i kommunal
eigedomsforvaltning. Innhenting av data bør skje ut frå etablerte
rutinar for registrering av kostnader i eksisterande system. KOSTRA er
eit godt verktøy til slik nøkkeltalsgenerering og vil hjelpe kommunane
til å registrere eigedomskostnadene sine likt. Utviklinga av matrikkelen
og KOSTRA må sjåast i samanheng.
Erfaringane viser likevel at det krevst opplæring i
riktig registrering for at tala skal kunne brukast til intern styring
og i benchmarking-prosessar
Regjeringa vil:
Regjeringa vil vidareutvikle
MiljøRapp og StatRes for å måle utviklinga av statleg bruk av bygningsareal,
energibruk og andre miljøforhold.
Regjeringa vil at Statsbygg etablerer ein
database over statleg leige (sivil sektor) av lokale i den private
marknaden.
Regjeringa vil utvikle KOSTRA og bruken
av systemet vidare, slik at kommunane og fylkeskommunane kan få
betre styring med bygningsmassen.
Det vert i meldinga peikt på at staten som stor innkjøpar
har høve til å medverke aktivt til å utvikle leverandørane sine.
Store statlege byggherrar og eigedomsforvaltarar,
som Forsvarsbygg, Statsbygg og Helseføretaka, har ei viktig rolle
i å etterspørje nye løysingar. Dei store statlege byggherrane og
eigedomsforvaltarane tek allereie ansvar for innovasjon og utvikling
i byggjenæringa.
Forsking stadfestar at det er viktig å ha krevjande offentlege
kundar som ynskjer nyskaping og innovasjon i byggjenæringa.
Mangel på innovasjon er ein veikskap i byggsektoren.
For prosjektbaserte næringar med mange aktørar er dette eit strukturelt
problem, sidan det er lite som motiverer til å fremje nye løysingar
i det einskilde prosjektet. Byggjeprosjekt varar i kort tid, og
gevinsten av innovasjonar tilfell sjeldan dei som set i gang og
finansierer innovasjonen.
Samtidig viser produktivitets- og kvalitetsutviklinga
i næringa eit stort behov for innovasjon, jf. kapittel 2.4 i meldinga.
Skal næringa snu den svake trenden, trengst det samla sett ei mykje
større satsing på innovasjon. Dette må involvere alle aktørar i
næringa. Dialog med leverandørane i forkant av konkurranseutlysingar
er viktig for innovasjon.
Regjeringa vil arbeide for at statlege verksemder prioriterer
innovasjon og tidleg dialog med marknaden i innkjøpsstrategiane
sine. Det kan mellom anna skje gjennom framleis bruk av offentlege
forskings- og utviklingskontraktar (OFU-kontraktar). Slike kontraktar
inneber eit forpliktande og målretta samarbeid mellom næringslivet
og det offentlege og kan få statleg støtte frå Innovasjon Noreg.
Det går fram av meldinga at regjeringa ynskjer
å vere ein pådrivar i innovasjonsutviklinga i byggjenæringa og vil
greie ut ordningar som kan medverke til meir innovasjon i statlege
byggjeprosjekt. Slike ordningar vil inngå i statens bidrag i Bygg21.
I alle statlege byggjeprosjekt blir private rådgjevarar og entreprenørar
engasjerte, og nyskaping i statlege prosjekt vil dermed også innebere
nyskaping for dei leverandørane som er inne i prosjekta.
Innovasjonsarbeid bør knytast til konkrete byggjeprosjekt,
slik at gevinstane tilfell bygget og aktørane i prosjektet. I tillegg
kan seinare byggjeprosjekt få nytte av dei same resultata. Dette
vil sikre motivasjon hjå prosjektdeltakarane og fremje innovasjon
og søking etter nye løysingar i prosjektarbeidet.
Ei ordning for nyskaping må samordnast med eksisterande
statlege ordningar for nyskaping retta mot byggsektoren. Eventuelle
nyskapingsmidlar bør handsamast av Noregs forskingsråd eller Innovasjon Noreg.
Regjeringa vil:
Det vert i meldinga vist til at fornying av
offentleg sektor i stor grad handlar om å ta i bruk nye digitale
verktøy for å forbetre, forenkle og effektivisere offentlege tenester.
Det skjer for tida store endringar i korleis byggjeprosessar blir
gjennomførte, og korleis bygg blir forvalta og utvikla.
Byggsektoren har fram til no i for lita grad
teke i bruk og hausta gevinstar av moderne informasjonsteknologi,
og dette har verka negativt inn på produktiviteten i næringa. Mange
aktørar har nytta digitale verktøy til einskildoperasjonar (teikningar,
utrekningar, illustrasjonar osb.), men å bruke digitale verktøy slik
at samhandlinga i byggjeprosjekt blir betre, har ikkje stått sentralt.
Dei store produktivitetsgevinstane kjem ikkje før dei mange aktørane
og einskildverktøya i byggsektoren kan kommunisere og samhandle
digitalt på ein enkel måte.
IKT er eit verktøy – og gode verktøy er bra.
Men full utnytting av gode verktøy føreset ofte også ny organisering
av produksjonen. Regjeringas næringspolitikk vil støtte opp om desse
strukturendringane.
Nye verktøy krev nye måtar å arbeide på. Nye
digitale verktøy føreset ei mykje tettare samhandling mellom faga,
mellom aktørane i verdikjeda og mellom fasane i levetida til eit
bygg. Kontraktar frå statlege byggherrar og eigedomsforvaltarar
må ta omsyn til dette og føreset einskapleg informasjonsutveksling
og forbetra arbeidsprosessar.
Statlege byggherrar har på eige initiativ gått
føre og sett krav til bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi
i byggjeprosjekta sine. Gjennom å setje slike krav har dei vore
viktige pådrivarar for ny bruk av teknologi hjå arkitektar, rådgjevande
ingeniørar og entreprenørar.
Regjeringa stiller seg bak dei aktørar i næringa som
arbeider for ein felles, open, internasjonal struktur for digital
samhandling i byggsektoren. Ein slik struktur byggjer mellom anna
på dei prinsippa regjeringa har sett opp for IKT i offentlege system.
Ein felles overordna struktur vil sikre effektiv utveksling og gjenbruk
av informasjon i alle delar av byggjeprosessen. Dette må omfatte
heile verdikjeda. Informasjon som blir innhenta i samband med eit
planlagt byggjetiltak, skal så enkelt som mogleg kunne utvekslast
og brukast vidare av andre fagområde utan at det går ut over kvaliteten.
Regjeringa ynskjer å fremje digitaliseringa
av statlege byggjeprosjekt og at desse erfaringane blir overførte
til byggsektoren elles. Derfor vil regjeringa gje dei store statlege
byggherrane og eigedomsforvaltarane i oppdrag å utforme ein strategi
for auka bruk av digitale verktøy slik at staten får mest og best mogleg
bygg for pengane. Ein vedtatt strategi kan følgjast opp av konkrete
tilvisingar om kva staten bør krevje i byggjeprosjekta sine. Døme
på område som ein slik strategi bør omfatte er lista opp i meldinga.
Regjeringa vil:
Regjeringa vil medverke
til auka bruk av digitale verktøy i byggjeprosessar og eigedomsforvaltning.
Regjeringa vil sørgje for at statlege bygg-
og eigedomsaktørar samarbeider om å vere aktive pådrivarar i utviklinga
av ei felles IKT-plattform og i IKT-standardisering som er viktig
for byggjenæringa.
Det vert i meldinga vist til at regjeringa ynskjer
å medverke til å auke produktiviteten i byggjenæringa og kvaliteten
på det som blir bygd.
Regjeringa vil derfor greie ut opplegg som systematisk
måler og evaluerer entreprenørar, rådgjevarar og arkitektar som
skal levere tenester til statlege byggherrar. Avsnitta nedanfor
gjev nokre tilvisingar for kva ei slik utgreiing bør innehalde.
Eit konkret mandat for utgreiinga vil bli gjeve før oppstart.
Evalueringa bør byggje på eit system som samlar inn
sentrale nøkkeltal frå byggjeprosjekt som leverandørar har gjennomført.
Nøkkeltala vil vise korleis aktørane har prestert i konkrete prosjekt.
Over tid vil eit evalueringssystem medverke
til kulturendringar i byggsektoren. Viktige føresetnader for kontinuerlege
forbetringar er måling av prestasjonar, benchmarking mellom aktørar
i marknaden og læring av beste praksis. For at eit evalueringssystem skal
ha legitimitet, må det utviklast i samarbeid med byggjenæringa og
partane i arbeidslivet. På lengre sikt kan det vurderast om eit
slikt evalueringssystem kan bli utvida til å gjelde dei statlege
byggherrane sjølve og eventuelt også kommunale byggjeoppgåver.
Regjeringa vil:
Kompetansetiltak som er retta mot offentleg
byggje- og eigedomsverksemd har moderate kostnader. Særleg for kommunane
er det venta at nytteeffektane vil vere store; dei får betre og
meir kostnadseffektive bygg.
Rapporteringssystem: Vidareutvikling av MiljøRapp,
StatRes, KOSTRA og ein database over statlege leigeforhold kan skje
innanfor gjeldande budsjettrammer. For å unngå unødige administrative kostnader,
må innsamling av data vere målretta, standardisert og byggje mykje
på gjenbruk av eksisterande data.
Utgreiingar av bruk av levetidsanalysar, innovasjonsordningar,
auka bruk av digitale verktøy og opplegg for måling og evaluering
av leverandørar kan gjerast innanfor gjeldande budsjettrammer.
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå
Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti,
er samde i at statlege byggherrar, gjennom å stilla medvetne krav
til leverandørane sine, skal medverke til ei positiv utvikling i
byggenæringa.
Vidare viser fleirtalet til måla
om at det offentlege skal ha framtidsretta og kostnadseffektive bygg,
at det offentlege skal være ein pådrivar i utviklinga av byggenæringa
og at auka offentleg bruk av IKT skal effektivisere byggsektoren.
Fleirtalet peikar vidare på at
det i offentlege byggeprosjekt må leggjast til rette for overføring
av kunnskap og erfaringar frå prosjekt til prosjekt. Det vil vera
viktig i arbeidet mot byggjefeil, auka byggekostnader og synkande
produktivitet at kompetanse frå eit byggeprosjekt i offentleg regi
kan overførast til neste.
Fleirtalet påpeikar at manglande
innovasjon er ein veikskap i byggesektoren. Forsking stadfestar at
det er viktig å ha krevjande offentlege kundar som ynskjer innovasjon
og nyskaping i byggenæringa. Fleirtalet meiner staten
må ha ei sentral rolle her når dei byggjer, og fleirtalet ser
fram til at regjeringa utviklar ein nasjonal FoU- og innovasjonsstrategi
for byggesektoren og ber regjeringa vurdera etableringa av eit permanent
senter for FoU og innovasjon i bygg- og anleggsnæringa.
Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet
og Høgre er positive til at det offentlege er pådrivar og
førebilete så lenge dette kan forsvarast ut frå ei kost-nytte-vurdering. Desse medlemene meiner
likevel at sentrale myndigheiter skal være varsame med å pålegge
andre offentlege instansar å byggje på ein spesiell måte.
Framlegg frå Framstegspartiet, Høgre og Kristeleg
Folkeparti:
Framlegg 1
Stortinget ber regjeringa prioritere inneklima som
eit satsingsområde for Bygg21.
Framlegg 2
Stortinget ber regjeringa foreta ei utgreiing
av samanhengen mellom Kreftregisterets registrering av lungekreftsdødsfall
og eksponering for radon, og betydinga av nye byggs tettleik for
eksponering av radonhaldige gassar.
Framlegg 3
Stortinget ber regjeringa sikre at alle som
er risikoutsett for radonproblem, får tilbod om radonmåling.
Framlegg frå Framstegspartiet og Høgre:
Framlegg 4
Stortinget ber regjeringa starte arbeidet med
forenkling og reduksjon av verkemiddel i byggjenæringa med sikte
på å leggje grunnlaget for ein velfungerande marknad utan unødvendige
statlege tilsyn og inngrep.
Framlegg 5
Stortinget ber regjeringa snarast iverksetja
tiltak som medfører at bruken av motsegner går ned.
Framlegg 6
Stortinget ber regjeringa fremme nødvendige framlegg
til lovendringar som medfører at private kan komme med framlegg
om områderegulering.
Framlegg 7
Stortinget ber regjeringa stanse planane om
innføring av uavhengig kontroll frå 1. januar 2013.
Framlegg frå Framstegspartiet:
Framlegg 8
Stortinget ber regjeringa fjerne kravet om universell
utforming på bustader under 55m2.
Framlegg 9
Stortinget ber regjeringa stanse planane om
å innføre krav om passivhus frå 2015.
Framlegg 10
Stortinget ber regjeringa fjerne dei krava til
energieffektivitet som er knytt til TEK7 og TEK10 slik at minimumskrava
for energieffektivitet vert tilsvarande TEK97.
Framlegg 11
Stortinget ber regjeringa foreta ein omfattande gjennomgang
av det regelverket som i dag styrer regulering av tomteareal og
bygging av bustader med sikte på å gjera regelverket mindre omfattande,
enklare og mindre byråkratisk.
Framlegg 12
Stortinget ber regjeringa vurdere å fremme framlegg
om å oppheve plan- og bygningsloven § 12-4 (5), som mellom anna
seier: «er bygge- og anleggstiltak som hjemles i plan fremmet med
bakgrunn i privat reguleringsforslag etter § 12-11, ikke satt i gang
senest fem år etter vedtak av planen, kan tillatelsen til gjennomføring
av planen ikke gis uten nytt planvedtak».
Komiteen har elles
ingen merknader, viser til meldinga og rår Stortinget til å gjere
slikt
vedtak:
Meld. St. 28 (2011–2012)
– om gode bygg for eit betre samfunn – Ein framtidsretta bygningspolitikk
– vert å leggje ved protokollen.
Oslo, i kommunal- og forvaltningskomiteen, den 4. desember 2012
Aksel Hagen |
Gjermund Hagesæter |
leiar |
ordførar |