Kommunal- og moderniseringsdepartementet legg
i proposisjonen fram sak om lønsregulering frå 1. mai 2014 for arbeidstakarar
i det statlege tariffområdet mv. og om endringar i statsbudsjettet
for 2014.
Det vert i proposisjonen vist til at forhandlingane mellom
staten v/Kommunal- og moderniseringsdepartementet og hovudsamanslutningane
for tenestemenn, LO Stat, YS Stat, Unio og Akademikerne, om ny hovudtariffavtale
i staten for perioden 1. mai 2014 til 30. april 2016, vart innleia
7. april 2014.
Forhandlingane heldt fram til 30. april. På
bakgrunn av staten sine krav/tilbod 30. april, kravde LO Stat, YS
Stat, Unio og Akademikerne forhandlingane avslutta på møtet den
30. april kl. 16.00, og det vart konstatert brot i forhandlingane.
Meklinga mellom partane vart opna 5. mai 2014 hos
Riksmeklaren, og heldt fram til og med 26. mai 2014 der Riksmeklaren
la fram forslag til nye hovudtariffavtalar i staten. Riksmeklaren
sitt forslag vart same dagen akseptert av staten og Akademikerne. LO
Stat, YS Stat og Unio orienterte om at dei tilrådde meklingsresultatet
og ville sende det ut til avrøysting. Svarfristen for avrøystinga
er sett til 20. juni 2014.
Hovudtrekka i Riksmeklaren sitt forslag går
fram av proposisjonen og er dels gitt igjen her:
Oppgjeret for første avtaleår inneber ein årslønsauke
på 3,3 pst, på linje med arbeidslivet elles. I fall årslønnsauka
i det statlege tariffområdet syner seg å avvike frå lønsutviklinga
elles i arbeidslivet skal dette reflekterast i dei tillegga som
vert gitt i mellomoppgjeret i 2015. Øvrige løns- og arbeidsvilkår
i hovudtariffavtalane vert i hovudsak vidareført.
Det er gitt generelle tillegg på hovudlønstabellen i
staten – tabell A – frå 1. mai 2014. Frå og med lønstrinn 19 til
og med lønstrinn 53 vert det gitt eit tillegg frå 6 500 til 8 800
kroner. Frå og med lønnstrinn 54 til og med lønnstrinn 101 vert
det gitt eit tillegg på 1,98 pst.
I første avtaleår vert sentrale tiltak per 1. juli 2014
iverksatt innanfor ei økonomisk ramme på 0,08 pst. per dato. Tiltaka
fører mellom anna til at nokre tilsette får eit lønstrinn i tillegg.
Med verknad frå 1. august 2014 skal det førast lokale
forhandlingar innanfor ei økonomisk ramme på 1,75 pst. per dato
av lønsmassen.
Det vert avsett til saman 35 mill. kroner til
kompetanseutvikling, medbestemming og omstillingsarbeid for heile
tariffperioden, 1. mai 2014–30. april 2016. Sjå proposisjonen for
nærare omtale.
Forhandlingsstadene for tariffperioden 2014–2016
vert fastsett med verknad frå 1. mai 2014.
Det er tatt inn i hovudtariffavtalane ei ny
«Intensjonserklæring om omstilling under trygghet». I tillegg har
partane blitt samde om nedsetjing av ei partsamansett arbeidsgruppe
som skal «vurdere hvordan arbeidstidsordningen i staten best kan
sikre fleksibilitet, gode arbeidsforhold inkludert HMS og tilpasses virksomhetenes
utfordringer fremover».
Kommunal- og moderniseringsdepartementet ber
i proposisjonen om fullmakt til å gjere avtalane gjeldande for arbeidstakarar
som ikkje er medlem av organisasjonar med forhandlingsrett – og
som difor ikkje direkte vert omfatta av dei avtalar som er inngått.
Samla bruttoutgifter ved lønsreguleringa for
arbeidstakarar i det statlege tariffområdet per 1. mai 2014, er
for tidsrommet 1. mai–31. desember 2014 rekna til om lag 2,155 mrd.
kroner.
Overslaget omfattar alle tilsette som går inn
under hovudtariffavtalane i staten. Meirutgifter som følgje av auka
satsar for overtid og arbeidsgivaravgift er medrekna.
Meirutgifter i samband med lønsreguleringane for
forvaltningsorgan med særskilde fullmakter og forvaltningsbedrifter
vert dekte innanfor budsjetta til verksemdene.
Verksemder med arbeidstakarar som får løn administrativt
fastsett i kontrakt, må dekkje meirutgifta av lønsregulering innanfor
eksisterande budsjett.
Etter fråtrekk av det ovanfor nemnde er meirutgiftene
rekna til 1,616 mrd. kroner. Etter vanleg praksis vert slike meirutgifter
dekte ved at det vert ført opp løyving under kap. 2315 Lønsregulering
for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, som Finansdepartementet
får fullmakt til å fordele.
For perioden 1. mai 2014–30. april 2016 vert
det avsett til saman 35 mill. kroner til kompetanseutvikling. Det
vert foreslått løyvd 17,5 mill. kroner av avsetjinga i 2014. Dei
resterande 17,5 mill. kroner vil verte foreslått løyvd på statsbudsjettet
for 2015.
Departementet foreslår at tilskotet vert auka
med 7,2 mill. kroner.
Det er avsett midlar til dekning av meirutgiftene ved
lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet mv.
Løyvinga under kap. 2309 Tilfeldige utgifter vil verte redusert
i samband med proposisjonen om ny saldering av statsbudsjettet 2014
til hausten.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Jan Bøhler, Stine Renate Håheim, Stein Erik Lauvås, Helga Pedersen,
og Eirik Sivertsen, frå Høgre, Frank J. Jenssen, Mudassar Kapur, Bjørn
Lødemel og Ingjerd Schou, frå Framstegspartiet, Mazyar Keshvari
og leiaren Helge André Njåstad, frå Kristeleg Folkeparti, Geir S.
Toskedal, frå Senterpartiet, Heidi Greni, frå Venstre, André N.
Skjelstad, og frå Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen, har
ingen merknader og sluttar seg til proposisjonen.
Komiteen har elles ingen merknader,
viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande
vedtak:
I
I statsbudsjettet for 2014 vert
det gjort følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
Utgifter |
2315 | | Lønsregulering for arbeidstakarar i
det statlege tariffområdet | |
| 1 | Driftsutgifter, løyvd med
| 1 616 000 000 |
0502 | | Tilskot til kompetanseutvikling | |
| 70 | Tilskot, kan overføres, løyvd med | 17 500 000 |
0503 | | Midlar til opplæring og utvikling av
tillitsvalde | |
| | Tilskot, auka med
| 7 209 000 |
| 70 | frå kr 159 021 000 til kr 166 230 000 | |
II
Stortinget samtykkjer i at det
med verknad frå 1. mai 2014 vert gjort regulering av lønene mv.
for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemmer
av LO Stat, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund Stat,Unio og Akademikerne
i samsvar med Riksmeklaren si møtebok av 26. mai 2014.
III
For embets- og tenestemenn som
ikkje er medlem av organisasjonar som nemnde i romertall II og difor
ikkje får sine løns- og arbeidsvilkår fastsett i hovudtariffavtale,
skal same løns- og arbeidsvilkår som etter romertall II gjelde.
Embets- og tenestemenn som er tekne ut av hovudtariffavtalen, får
sine løns- og arbeidsvilkår fastsette administrativt i eigen kontrakt.
IV
Stortinget samtykkjer i at Kongen
på vegne av staten kan bringe tvistar i samband med tariffoppgjeret
i staten i 2014 inn for Rikslønsnemnda i samsvar med lov om offentlege
tenestetvistar av 18. juli 1958 § 31, andre ledd.
V
Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet får
fullmakt til å fordele løyvinga under kap. 2315 Lønsregulering for
arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, post 1 Driftsutgifter,
på dei postane på statsbudsjettet som har lønsløyving.
Oslo, i kommunal- og forvaltningskomiteen, den 12. juni 2014
Helge André Njåstad
|
leiar og ordførar
|