Landbruks- og matdepartementet legg i proposisjonen
fram forslag om endringar i løyvingar under enkelte kapittel og
postar i statsbudsjettet for 2014. Denne innstillinga handsamar
berre endringane under kap. 1137:
I Prop. 1 S (2013–2014) blei det gjort greie
for at departementet ville setje i verk ein samanliknande studie
av utviklingstrekk innan landbruk og landbrukspolitikk i Noreg og
dei andre nordiske landa dei siste 20 åra, med ei kostnadsramme
på inntil 2 mill. kroner over post 50. Desse midlane vil bli omdisponerte
og øyremerka forsking på antibiotikaresistens.
Grunna behovet for å auke løyvinga i samband med
planlegging av fusjonen av tre forskingsinstitutt, foreslår departementet
omdisponeringar innafor ramma, slik at post 53 blir auka med 0,7 mill.
kroner. Midlane vert å hente frå kap. 1100 Landbruks- og matdepartementet
post 21 og post 50.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Christian Tynning Bjørnø, leiaren Trond Giske, Martin Henriksen,
Tone Merete Sønsterud og Marianne Aasen, frå Høgre, Henrik Asheim,
Norunn Tveiten Benestad, Kent Gudmundsen og Kristin Vinje, frå Framstegspartiet, Sivert
Bjørnstad og Bente Thorsen, frå Kristeleg Folkeparti, Anders Tyvand, frå
Senterpartiet, Anne Tingelstad Wøien, frå Venstre, Iselin Nybø,
og frå Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes,
viser til proposisjonen.
Komiteen viser til framlegget
om å omprioritere løyvinga på 2,0 mill. kroner under post 50 til forsking
på antibiotikaresistens. Komiteen ser det som viktig
at forsking på antibiotikaresistens vert prioritert av omsyn til
god dyrehelse og trygg mat for befolkninga, og stør framlegget om omprioritering
på budsjettet for 2014.
Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet,
Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti er vidare opptekne
av at den vedtekne samanliknande studien av utviklinga innafor landbruk
og landbrukspolitikk mellom Noreg og dei andre nordiske landa dei
siste 20 åra vert gjennomførd.
Komiteen viser til
proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
I statsbudsjettet for 2014 blir det gjort
følgjande endring:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
Utgifter |
1137 | | Forsking og innovasjon | |
| 53 | Omstillingsmidlar instituttsektoren mv., blir auka med
| 679 000 |
| | frå kr 3 379 000 til kr 4 058 000 | |
Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 9. desember 2014
Trond Giske | Anne Tingelstad Wøien |
leiar | ordførar |