Nærings- og fiskeridepartementet gjer i proposisjonen
framlegg om endringar på statsbudsjettet 2014. Denne innstillinga
handsamer berre endringane under kap. 926:
Det er inngått kontrakt med det italienske verftet Fincantieri
om bygging av nytt isgåande forskingsfartøy. Ut frå betalingsplanen
i kontrakten er gjeldande løyving sett til 213,3 mill. kroner. Nærings-
og fiskeridepartementet er orientert om at det går føre seg forhandlingar
mellom partane for å kome fram til forståing av enkelte forhold
under kontrakten. Framdrifta i byggjeprosjektet ligg no etter den
tidsplanen som er fastsett i kontrakten, og det vil ikkje bli utbetalt
noko til verftet i 2014. Det vil derfor berre vere behov for midlar
til designtenester, godkjenning av klasseteikningar og drift av prosjektet.
Det er ikkje avklart om forseinkinga i framdrifta vil påverke tidspunktet
for når fartøyet er klart til bruk.
På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om
å redusere løyvinga med 173,5 mill. kroner.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Christian Tynning Bjørnø, leiaren Trond Giske, Martin Henriksen,
Tone Merete Sønsterud og Marianne Aasen, frå Høgre, Henrik Asheim,
Norunn Tveiten Benestad, Kent Gudmundsen og Kristin Vinje, frå Framstegspartiet, Sivert
Bjørnstad og Bente Thorsen, frå Kristeleg Folkeparti, Anders Tyvand, frå
Senterpartiet, Anne Tingelstad Wøien, frå Venstre, Iselin Nybø,
og frå Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes, viser
til proposisjonen og til departementet si grunngjeving, og sluttar
seg til framlegget i proposisjonen.
Komiteen viser til
proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
I statsbudsjettet for 2014 blir det gjort
følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
| | Utgifter | |
926 | | Drift av forskingsfartøy | |
| 45 | Større utstyrsanskaffelser og vedlikehald, kan overførast,
blir redusert med | 173 500 000 |
| | frå kr 213 280 000 til kr 39 780 000 | |
Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 9. desember 2014
Trond Giske | Martin Henriksen |
leiar | ordførar |