Finansdepartementet legg med dette fram Finansmarknadsmeldinga
2014.
Kapittel 2 handlar om struktur og trendar i
den norske finanssektoren og utsiktene for finansiell stabilitet.
Kapittelet inneheld oversikter og vurderingar av marknadstilhøve,
det makroøkonomiske biletet, risikoutviklinga og soliditet og resultat
i finansinstitusjonane.
Kapittel 3 handlar om ein heilskapleg politikk for
finansmarknaden, og gjev mellom anna eit oversyn over nokre av dei
verkemidla styresmaktene tek i bruk for å sikre god handsaming av risiko
og eit godt kundevern på finansmarknaden. Kapitlet omhandlar også
korleis finanssektoren medverkar til effektiv ressursbruk i økonomien,
og føresetnadane for produksjon av finansielle tenester i Noreg.
Kapittel 4 gjev eit oversyn over viktige internasjonale
avtalar og korleis dei set rammer for finansmarknadsreguleringa
i Noreg.
Kapittel 5 handlar om hovuddraga i dei gjennomførte
regelverksendringane i Noreg, og om dei viktigaste løyvesakene som
Finansdepartementet og Finanstilsynet har handsama på finansmarknadsområdet
i 2014.
Kapittel 6 inneheld ei omtale av verksemda til Noregs
Bank i 2014 og ei vurdering av korleis pengepolitikken vart utøvd.
Kapittel 7 inneheld ei omtale av verksemda til Finanstilsynet i
2014.
Kapittel 8 inneheld ei omtale av verksemda til Folketrygdfondet
i 2014, medan kapittel 9 inneheld ei omtale av verksemda til Statens
finansfond i 2014. Kapittel 10 omhandlar verksemda til Det internasjonale
valutafondet (IMF) i 2014.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Tore Hagebakken, Irene Johansen, Tor Arne Bell Ljunggren, Marianne
Marthinsen, Torstein Tvedt Solberg og Truls Wickholm, fra Høyre, Solveig
Sundbø Abrahamsen, Svein Flåtten, Sigurd Hille, Heidi Nordby Lunde
og Siri A. Meling, fra Fremskrittspartiet, Gjermund Hagesæter, Tom
E. B. Holthe og Hans Andreas Limi, fra Kristelig Folkeparti, lederen Hans
Olav Syversen, fra Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, fra Venstre, Terje
Breivik, og fra Sosialistisk Venstreparti, Snorre Serigstad Valen,
tar omtalen til orientering.
Komiteen viser til at det ble
avholdt åpen høring om denne saken mandag 4. mai 2015, der sentralbanksjef
Øystein Olsen var invitert. Referatet fra høringen følger som vedlegg
til denne innstillingen.