6. Virksomheten til Norges Bank i 2014

6.1 Innledning

6.1.1 Sammendrag

Noregs Bank utfører viktige samfunnsoppgåver og forvaltar store verdiar på vegner av fellesskapet. Gjennom sentralbankverksemda skal Noregs Bank fremje stabilitet i økonomien. Målet for kapitalforvaltinga er å få så høg avkasting som mogleg på midlane i Statens pensjonsfond utland (SPU) innanfor rammene som dei politiske myndigheitene har fastsett.

Verksemda til Noregs Bank er regulert i lov om Norges Bank og pengevesenet mv. (sentralbanklova) av 24. mai 1985. Lova slår fast at Noregs Bank skal vere eit utøvande og rådgivande organ for penge-, kreditt- og valutapolitikken. Regjeringa har fastsett eit inflasjonsmål for pengepolitikken gjennom ei forskrift til sentralbanklova. Forskrifta seier at det operative målet for pengepolitikken skal vere ein årsvekst i konsumprisane som over tid er nær 2,5 pst.. Banken skal skrive ut pengesetlar og myntar, fremje eit effektivt betalingssystem innanlands og overfor utlandet og overvake penge-, kreditt og valutamarknadene. Etter forskrift frå oktober 2013 skal Noregs Bank òg utarbeide avgjerdsgrunnlag og gi Finansdepartementet kvartalsvise råd om nivået på den motsykliske kapitalbufferen i bankane.

Oppgåva Noregs Bank har med å forvalte Statens pensjonsfond utland er regulert gjennom lov om Statens pensjonsfond og mandat for forvaltinga av Statens pensjonsfond utland (SPU) fastsett av Finansdepartementet.

Ein viser til meldinga for nærmare omtale.

6.1.2 Komiteens merknader

Komiteen viser til at Norges Banks hovedstyre leder den utøvende og rådgivende virksomheten til banken, mens representantskapet skal føre tilsyn med bankens drift og med at reglene for bankens virksomhet blir fulgt. Komiteen viser til at regjeringen har lagt frem forslag til endringer i sentralbankloven i Prop. 90 L (2014–2015) som blant annet tydeliggjør representantskapets rolle når det gjelder etterkontroll, samt forslag om to visesentralbanksjefer i Norges Bank. Komiteen viser til de respektive partienes merknader om dette i finanskomiteens innstilling til Prop. 90 L (2014–2015).

Komiteen tar for øvrig omtalen til orientering.