15. A-opplysningslovens virkeområde

15.1 Sammendrag

I Skatteetaten sitt arbeid med å modernisere innsendinga av grunnlagsdata, er det komme forslag om at individuelle pensjonsavtalar etter skattelova (IPA) og individuelle pensjonsavtalar etter lov om individuell pensjonsordning (IPS) og eingongsutbetalingar etter innskotspensjonslova skal vere omfatta av a-opplysningslova sitt verkeområde. Ytingar som oppgåvegivarane pliktar å rapportere inn etter a-opplysningslova, er ofte underlagde månadlege oppgjer, dette gjeld òg for løpande ytingar frå individuelle pensjonsavtalar.

Det er opplysningsplikt om løpande utbetalingar frå individuelle pensjonsavtalar (IPA og IPS), til dømes uføreytingar (tidlegare uførepensjon) og eingongsutbetalingar, etter likningslova § 5-5 nr. 3, og dette blir årleg rapportert inn som likningsoppgåver for individuelle pensjonsordningar. Løpande pensjonsytingar som blir utbetalte frå ein individuell pensjonsavtale, til dømes IPA, blir òg omfatta av opplysningsplikta i likningslova § 5-2 nr. 1 bokstav b, men denne plikta er ikkje lagd til grunn når ein rapporterer inn i gjeldande ordning. Opplysningar som blir omfatta av likningslova § 5-2, pliktas med verknad frå 1. januar 2015 rapportert inn etter reglane i a-opplysningslova ved at ein leverer a-meldingar. Det er opplysningsplikt om eingongsutbetaling etter innskotspensjonslova § 7-7 fjerde ledd etter likningslova § 5-5 nr. 3, og desse utbetalingane blir årleg rapporterte inn som likningsoppgåver for individuelle pensjonsordningar.

Det følgjer av tilvisingsføresegna i a-opplysningslova § 3 kva for opplysningar a-ordninga omfattar. Det følgjer av føresegna at alle opplysningar som blir omfatta av føresegnene om opplysningsplikt i likningslova § 5-2, skattebetalingslova § 5-11, folketrygdlova §§ 24-2, 25-1 andre ledd og 25-10, jf. § 21-4, statistikklova § 2-2 og svalbardskattelova § 5-2 femte ledd, er plikta rapportert inn etter reglane i a-opplysningslova.

Departementet foreslår å endre i likningslova § 5-2 slik at eingongsutbetalingane som er nemnde ovanfor, blir omfatta av a-opplysningslova sitt verkeområde. Alminnelege pensjonsutbetalingar kan bli overførte utan at det er nødvendig med lovendring. Vidare rår ein til at likningslova § 5-5 nr. 3 tredje og fjerde punktum blir oppheva.

Frå 1. januar 2015 er folketrygda sin uførepensjon og uførepensjon frå andre ordningar enn folketrygda erstatta av ny uføretrygd. Skattlegginga av ny uføretrygd på same vis som lønn inneber at uføretrygd og uføreytingar frå andre ordningar ikkje lenger blir omfatta av pensjonomgrepet i likningslova § 5-2 nr. 1 bokstav b, og føresegna må derfor endrast. Departementet foreslår at likningslova § 5-2 blir endra slik at det går klart fram at uføretrygd og uføreytingar blir omfatta av føresegnene og av a-opplysningslova sitt verkeområde.

Ein rår til at den nye ordninga for innrapportering tek til å gjelde straks, med verknad for ytingar som er utbetalte i inntektsåret 2015, med ei overgangsordning for utbetalingar for 2015.

15.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.