18. Merverdiavgift for elbiler

18.1 Sammendrag

Omsetning av elbilar er fritatt for meirverdiavgift. I behandlinga av statsbudsjettet for 2014 blei det vedteke å frita leasing av elbilar og omsetning av batteri til elbilar, sjå Innst. 4 L (2013–2014). Fritaket trer i kraft frå den tid Kongen bestemmer.

Fritak for meirverdiavgift kan vere offentleg støtte etter EØS-avtalen. Gjeldande fritak for omsetning av elbilar og den vedtekne utvidinga til leasing av elbilar og omsetning av elbilbatteri, blei notifisert til EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) 4. november 2015. ESA godkjende fritaket 21. april 2015. ESA legg til grunn at fritaket er offentleg støtte, men at det er i samsvar med EØS-avtalen. Godkjenninga gjelder òg dei andre fordelane som elbilar har og gjelder ut 2017.

Departementet vil setje i verk fritaket frå 1. juli 2015, mens Skattedirektoratet vil fastsetje forskrift om fritaket for leasing av elbilar og omsetning av batteri til elbilar frå same dato. På svært usikkert grunnlag kan ein anslå at fritak for meirverdiavgift ved leasing av elbilar og omsetning av elbilbatteri frå 1. juli 2015 gir eit provenytap på om lag 40 mill. kroner påløpt og 25 mill. kroner bokført i 2015.

18.2 Komiteens merknader

Komiteen tar omtalen til orientering.