Uførereforma blei vedteken av Stortinget i 2011 og
sett i verk frå 2015. Det er ei viktig og god reform. Eit hovudføremål
med reforma er å leggje til rette for å kombinere uføretrygd og
arbeid for dei som kan det. Skattereglane for uføretrygda blei endra
for å støtte opp om dette føremålet. Uføreytinga blir no skattlagd
som lønnsinntekt, og brutto yting frå folketrygda er auka for å kompensere
for auka skatt.
For uføre som ikkje har inntekt utover ytinga
frå folketrygda og ikkje har frådrag utover standardfrådrag, gir
reforma uendra inntekt etter skatt. For andre kan reforma gi auka
eller redusert inntekt etter skatt, avhengig av samansetjinga og størrelsen
på den samla inntekta, samt størrelsen på frådrag. Ifølgje anslag
i samband med forskotsutskrivinga av skatt for 2015 vil om lag 188 000
uføre få ei auke i inntekt etter skatt etter omlegginga. I alt vil
om lag 127 000 uføre ifølgje anslaga få ein nedgang i inntekt etter
skatt etter omlegginga. Av dei som får ein nedgang i inntekta, vil
om lag 83 000 (65 pst.) tape mindre enn 6 000 kroner etter skatt.
Av desse vil om lag 49 000 få ein nedgang på under 2 000 kroner
og om lag 19 000 mellom 2 000 og 4 000 kroner.
Ei gruppe som kan få redusert inntekt etter
skatt, er uføre med store renteutgifter. For desse innførte regjeringa
overgangsreglar for å lette overgangen til ny uføretrygd og nye
skattereglar. Overgangsreglane kompenserer etter gjeldande reglar
nedgang i inntekt etter skatt over 6 000 kroner gjennom eit frådrag
i skatt. Regjeringa vil redusere denne grensa til 4 000 kroner.
Då vil nokre fleire bli omfatta av overgangsreglane, og dei som
allereie er omfatta, vil få eit større skattefrådrag.
Beløpsgrensa i overgangsreglane er fastsett
i forskrift gitt av Finansdepartementet. Reduksjon av grensa frå
6 000 til 4 000 kroner skjer ved å endre forskrifta med verknad
frå inntektsåret 2015.
Komiteens flertall,
alle unntatt medlemmet fra Sosialistisk Venstreparti, slutter seg
til regjeringens forslag.
Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti viser
til representantforslag fra stortingsrepresentantene Kirsti Bergstø,
Karin Andersen og Snorre Serigstad Valen i Dokument 8:103 S (2014–2015)
om å sikre en varig kompensasjonsordning for uføre etter uførereformen,
og merknadene i tilhørende innstilling.