I samsvar med Grunnlova § 75 bokstav i vert
det lagt fram for Stortinget ei liste over dei pensjonane som gjeld
mellombels, og som ikkje blei reviderte av det førre storting.
Det blei i 2014 utbetalt kr 17 661 000 til pensjonar.
I statsbudsjettet for 2015 er det foreslått kr 17 800 000 på kapittel
611 Pensjoner av statskassen, jf. Prop. 119 S (2014–2015) Tilleggsbevilgninger
og omprioriteringer i statsbudsjettet for 2015.
Pensjon frå statskassa er ei særordning som
gir Stortinget høve til å gi ei pensjonsyting til personar som ikkje
har kunna tene opp pensjonsrettar på vanleg måte.
Proposisjonen no gjeld lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar.
Dei er i hovudsak sjølv borgarar i landet der
dei arbeider. Nokre av dei lokalt tilsette er norske borgarar, og
nokre av desse har òg vanleg tenestetid i Statens pensjonskasse
frå 1. januar 1996 gjennom å ha medlemskap i norsk folketrygd.
Lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar
skal som ein hovudregel sikrast gjennom lokale trygde- og forsikringsordningar.
Lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar
skal som ein hovudregel sikrast gjennom lokale trygde- og forsikringsordningar,
jf. i utanriksinstruksen.
Utanriksstasjonane skal syte for at dei lokalt
tilsette blir innlema i lokale trygde- og forsikringsordningar.
Dei aller fleste er i dag omfatta av slike lokale ordningar. Unnataksvis
kan det likevel hende at det ikkje finst lokale ordningar, eller
at dei aktuelle ordningane ikkje sikrar dei tilsette tilstrekkeleg.
I ein slik situasjon kan utanriksstasjonen søkje om pensjon frå
statskassa. Sjølv om pensjonsrettane til dei lokalt tilsette er
tatt inn i arbeidskontrakten etter utanriksinstruksen, kan tilhøve
i tenestelandet føre til at vedkomande ikkje får den ytinga han
eller ho har opparbeidt seg rett til ved alderdom, uførleik eller
tap av forsørgjar.
Utanriksdepartementet har i seinare tid lagt
stor vekt på å sørgje for at stasjonane følgjer opp instruksen så
langt råd er, og sikre at dei lokalt tilsette ved utanriksstasjonane
er med i lokale ordningar.
Samstundes blir det gjort klart at pensjon frå statskassa
berre blir gitt i særskilde høve. Utanriksdepartementet arbeider
vidare med ei breiare kartlegging av arbeidsvilkåra til lokalt tilsette,
inkludert pensjonsordningar.
Ytingar frå lokale pensjonsordningar skal kome til
frådrag i pensjonen frå statskassa. Dette gjeld anten utbetalinga
er månadleg eller, som i visse tilfelle, som eit eingongsbeløp.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Dag Terje Andersen, Fredric Holen Bjørdal, Lise Christoffersen og
Anette Trettebergstuen, fra Høyre, Stefan Heggelund, lederen Arve
Kambe, Bente Stein Mathisen og Bengt Morten Wenstøb, fra Fremskrittspartiet,
Hege Jensen og Erlend Wiborg, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen,
fra Venstre, Gunhild Berge Stang, og fra Sosialistisk Venstreparti,
Kirsti Bergstø, understreker viktigheten av at lokalt ansatte
ivaretas på en god måte, og er tilfreds med at det gjøres et arbeid
for å sikre dette. Komiteen mener Norge har et særlig
ansvar for å gå foran med et godt eksempel når det gjelder arbeidsforhold,
her har utenrikstjenesten også en viktig rolle.
Komiteen viser for øvrig til
regjeringens forslag til vedtak om pensjoner fra statskassa og slutter seg
til dette.
Komiteen har for øvrig
ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å
gjøre følgende
vedtak:
Opplysningar om søkjaren | | | | Pensjon | | |
Nr. | Namn | Alder ved avskjeden
(for etterlatne, noverande alder) | Tenestestad | Vedteke | Pr. mnd. | Gitt frå | Merknad |
| Utanriksdepartementet | | | | | | |
1 | Sangwar Ngamcharoen | 83 | Bangkok | 12.12.2014 | 1774 | 1.07.2014 | |
2 | Anne-Birgitte Stolz | 67 | Bogota | 12.12.2014 | SPK | 1.11.2014 | Tilleggstid |
3 | Shafi Ur Rehanm | 61 | Islamabad | 19.12.2014 | 904 | 1.10.2015 | |
4 | Milena Anelli Salmaso | 84 | Geneve | 10.3.2015 | 3721 | 1.08.2014 | |
5 | Charles Ssenyange | 61 | Kampala | 10.3.2015 | 2535 | 1.12.2016 | |
6 | Wafeya Rizkallah | 65 | Kairo | 21.4.2015 | 6197 | 1.09.2014 | |
7 | Anwar Inayat | 39 | Islamabad | 19.5.2015 | 231 | 1.04.2014 | |
8 | Enam Abdel Monem | 65 | Kairo | 19.5.2015 | 1136 | 1.12.2014 | |
Oslo, i arbeids- og sosialkomiteen, den
9. juni 2015
Arve Kambe | Kirsti Bergstø |
leder | ordfører |