Regjeringa gjer framlegg om lovregulering av ERIC-organisasjonsforma
i ei særskild lov om konsortium for europeisk forskingsinfrastruktur (ERIC-lova).
ERIC-forordninga vart bindande for Noreg ved EØS-komiteen
sitt vedtak 20. mars 2015 om innlemming i protokoll 31 til EØS-avtalen,
jf. Stortinget sitt vedtak 21. mai 2015 på grunnlag av Prop. 80
S (2014–2015) Samtykke til godkjennelse av EØS-komiteens beslutning
nr. 72/2015 av 20. mars 2015 om innlemmelse i EØS-avtalen av forordning
(EF) nr. 723/2009 om Fellesskapets rettslige ramme for et konsortium
for en europeisk forskningsinfrastruktur (ERIC-konsortium).
I proposisjonen syner regjeringa til at innlemminga
av forordninga gir eit rettsleg rammeverk for norsk deltaking i
det europeiske forskingsinfrastruktursamarbeidet, på lik linje med
dei andre statane som tek del i EUs rammeprogram for forsking (Horisont
2020). Europeiske forskingsinfrastrukturar er – og vil bli – etablerte
i mange land i Europa. Mange av desse brukar – eller vil ta i bruk
– ERIC som organisasjonsform. For å kunne nytte ERIC-forma også
i Noreg trengst det lovgjeving som gjennomfører forordninga i norsk
rett.
Forordninga etablerer ein ny type organisasjonsform,
som skal vere eit alternativ til det tunge instrumentet som internasjonal
organisasjon etablert ved traktat er. Dette vil vere ei nyskaping
òg i norsk rett. Eit ERIC skal vere eit eige rettssubjekt med rettsleg
handleevne.
Eit viktig kjenneteikn ved eit ERIC er at det
er sterkt knytt til det offentlege som eit verkty i den offentlege
forskingspolitikken. Det skal berre nyttast for offentleg initierte
og eigde felleseuropeiske forskingsinfrastrukturar. Medlemmene i eit
ERIC er i all hovudsak statar, og det er Noreg som stat som vil
vere norsk medlem. Eit ERIC i Noreg vil bli oppretta etter søknad
frå Noreg. Det norske bidraget til finansieringa vil kome frå offentlege
midlar.
Kunnskapsdepartementet ønskjer å tilby bruk
av ERIC-forma for organisering av – for tida – to felleseuropeiske
infrastruktursamarbeid der Noreg har tilbode vertskap. Bruk av ERIC-forma vil
lette samarbeidet mellom Noreg og EU-statar. Slik vil norske deltakarar
(forskingsinstitusjonar) i samarbeidet få same rammevilkår som samarbeidspartar
i andre land, og høve til å posisjonere Noreg som vertsstat for
felleseuropeisk forskingsinfrastruktur. Det å kunne tilby vertskap
for infrastrukturar er viktig for å vere ein fullverdig partnar
og bidragsytar til samarbeidet.
Regjeringa foreslår at det blir vedteke ei eiga ERIC-lov.
Når det gjeld lovstruktur, er det ikkje heldig med små lover. På
den andre sida er det ikkje bra å leggje saman lover som ikkje har noko
felles. Det fins inga generell «organisasjonslov», heller ikkje
ei «forskingslov».
Det vert i den samanhengen peika på at organisasjonsforma
ERIC, fordi det har medlemer og ikkje eigarar, kanskje best kan
verte samanlikna med eit samvirke. Det skal arbeide til beste for medlemene,
men har ikkje eit økonomisk føremål. Den sterke tilknytinga til
det offentlege er ein vesentleg forskjell frå samvirka. Det er ikkje
naturleg å regulere ERIC i same lov som samvirke. Det er derfor
behov for ei eiga lov.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Christian Tynning Bjørnø, leiaren Trond Giske, Martin Henriksen,
Tone Merete Sønsterud og Marianne Aasen, frå Høgre, Henrik Asheim,
Norunn Tveiten Benestad, Kent Gudmundsen og Kristin Vinje, frå Framstegspartiet, Sivert
Bjørnstad og Bente Thorsen, frå Kristeleg Folkeparti, Anders Tyvand, frå
Senterpartiet, Anne Tingelstad Wøien, frå Venstre, Iselin Nybø,
og frå Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes,
viser til proposisjonen.
Komiteen viser til tidlegare
handsaming av forskingssamarbeidet i ERIC og meiner det er bra for
Noreg at vi tek aktivt del i europeisk forskingssamarbeid. Forskingsinfrastruktur
i form av databaser, samlingar, laboratorium eller annan type anlegg
er nødvendig for å kunne drive forsking, og det vil vere til stor
vinning for mange land i Europa om vi klarer å samarbeide godt om
dette.
Eit slikt samarbeid krev eit juridisk rammeverk, og
lov om konsortium for europeisk forskingsinfrastruktur (ERIC-lova)
sikrar dette i Noreg.
Komiteen stør samrøystes lovframlegget.
Komiteen har elles
ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å
gjere slikt
vedtak til lov
om konsortium for europeisk forskingsinfrastruktur
(ERIC-lova)
§ 1 ERIC-forordninga
EØS-avtalen protokoll 31 artikkel 1 nr. 12 (forordning
(EF) nr. 723/2009 og forordning (EU) nr. 1261/2013) om Fellesskapets
rettslige ramme for et konsortium for en europeisk forskningsinfrastruktur (ERIC)
gjeld som lov med dei tilpassingar som følgjer av protokoll 31 og
avtalen elles.
§ 2 Verkeområde
Lova gjeld ikkje for Svalbard.
§ 3 Registrering
Eit konsortium for ein europeisk forskingsinfrastruktur
skal meldast til Foretaksregisteret seinast tre månader etter kunngjering
av stiftingsvedtaket, jf. forordninga artikkel 6 nr. 2.
§ 4 Avvikling
Vedtak etter forordninga artikkel 16 nr. 2 om å avvikle
eit konsortium for ein europeisk forskingsinfrastruktur skal meldast
til Foretaksregisteret innan 10 dagar. Foretaksregisteret skal registrere
meldinga og deretter kunngjere vedtaket i Brønnøysundregistra sin
elektroniske kunngjeringspublikasjon. I kunngjeringa skal kreditorane
til konsortiet varslast om at dei må melde krava sine til konsortiet
innan seks veker frå kunngjeringa. Adressa til konsortiet skal gå
fram av kunngjeringa.
Alle kreditorar med kjend adresse skal så vidt mogleg varslast
særskilt av konsortiet.
Når eit konsortium under avvikling gir melding til Kommisjonen
etter forordninga artikkel 16 nr. 3, skal det samtidig gi melding
til Foretaksregisteret.
§ 5 Forskrifter
Departementet kan i forskrift gi nærare reglar for gjennomføring
av EØS-avtalen protokoll 31 artikkel 1 nr. 12 (forordning (EF) nr.
723/2009 og forordning (EU) nr. 1261/2013) om Fellesskapets rettslige
ramme for et konsortium for en europeisk forskningsinfrastruktur
(ERIC) og om tilhøvet til anna lovgiving.
§ 6 Ikraftsetjing
Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.
Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 13. oktober 2015
Trond Giske | Marianne Aasen |
leiar | ordførar |