Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om endringar i statsbudsjettet 2015 under Nærings- og fiskeridepartementet

Dette dokument

  • Innst. 84 S (2015–2016)
  • Kjeldedokument: Prop. 23 S (2015–2016), kap. 926, 927, 928 og 3927
  • Dato: 01.12.2015
  • Utgjevar: kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
  • Sidetal: 2

Til Stortinget

Samandrag

Regjeringa v/Nærings- og fiskeridepartementet gjer i proposisjonen framlegg om desse endringane på statsbudsjettet for 2015:

Kap. 926 Drift av forskingsfartøy

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga på posten dekkjer utgifter knytte til bygging av nytt isgåande forskingsfartøy.

Havforskingsinstituttet har ansvaret for å gjennomføre anskaffinga, og har inngått kontrakt med verftsgruppa Fincantieri om bygging av fartøyet. Mellom anna på grunn av tilleggsavtale mellom Havforskingsinstituttet og verftet om ytterlegare betaling og forskyving av framdriftsplanen er det ikkje mogleg å gjennomføre kontraktsfesta utbetalingar i tråd med faktisk framdrift innanfor den løyvinga som er vedteken på posten for 2015.

På denne bakgrunn gjer departementet framlegg om å auke løyvinga med 109,8 mill. kroner. Dette påverkar ikkje den totale kostnadsramma for prosjektet.

Kap. 927 NIFES

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Løyvinga dekkjer utgifter knytte til oppdragsaktiviteten og motsvarast av tilsvarande inntekter under kap. 3927 post 1. Oppdragsaktiviteten har blitt mindre enn det som blei lagt til grunn i saldert budsjett 2015.

På denne bakgrunn gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga med 17,4 mill. kroner.

Kap. 928 Annan marin forsking og utvikling

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Det vil venteleg bli høgre utgifter på denne posten som følgje av høgare anslag på førstehandsverdien på omsetjing av fisk i 2015 enn det som vart lagt til grunn ved budsjetteringa av posten.

På dette grunnlaget gjer departementet framlegg om å auke løyvinga med 29 mill. kroner.

Kap. 3927 NIFES

Post 1 Oppdragsinntekter

Departementet syner til omtale under kap. 927 post 21 og gjer framlegg om å redusere løyvinga med 17,4 mill. kroner.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Christian Tynning Bjørnø, leiaren Trond Giske, Martin Henriksen, Tone Merete Sønsterud og Marianne Aasen, frå Høgre, Henrik Asheim, Norunn Tveiten Benestad, Kent Gudmundsen og Kristin Vinje, frå Framstegspartiet, Sivert Bjørnstad og Bente Thorsen, frå Kristeleg Folkeparti, Anders Tyvand, frå Senterpartiet, Anne Tingelstad Wøien, frå Venstre, Iselin Nybø, og frå Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes, har ikkje merknader og sluttar seg til proposisjonen.

Tilråding frå komiteen

Komiteen syner til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I statsbudsjettet for 2015 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

926

Forskingsfartøy

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast, blir auka med

109 800 000

frå kr 351 300 000 til kr 461 100 000

927

NIFES

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast, blir redusert med

17 400 000

frå kr 80 113 000 til kr 62 713 000

928

Annan marin forsking og utvikling

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast, blir auka med

29 000 000

frå kr 151 000 000 til kr 180 000 000

Inntekter

3927

NIFES

1

Oppdragsinntekter, blir redusert med

17 400 000

frå kr 83 913 000 til kr 66 513 000

Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 1. desember 2015

Trond Giske

Marianne Aasen

leiar

ordførar