I proposisjonen legg Barne-, likestillings-
og inkluderingsdepartementet (BLD) fram endringsforslag på statsbudsjettet
for 2015.
Ansvaret for kompetanseteamet mot tvangsekteskap
og kjønnslemlesting blei overført frå IMDi til Bufdir 1. september
2015. BLD føreslår på denne bakgrunn å flytte 1,4 mill. kroner frå IMDis
driftspost kap. 820 post 1, til Bufdirs driftspost kap. 858 post
1. Midlane skal dekkje utgifter til kompetanseteamet og til heimreise
til Noreg ved tvangsekteskap, kjønnslemlesting og alvorlege inngrep
i unges fridom.
BLD føreslår i proposisjonen å redusere kap.
820 post 1 med 1,4 mill. kroner mot ein tilsvarande auke av kap.
858 post 1.
Målet med integreringstilskotet er å medverke
til rask busetjing.
Behovet i 2015 blir anslått å auke med 320,3 mill.
kroner samanlikna med gjeldande budsjett. Hovudårsaka er auka anslag
for talet på busette i 2015.
BLD føreslår i proposisjonen å auke løyvinga
på kap. 821 post 60 med 320,3 mill. kroner.
Kommunar som buset einslege mindreårige flyktningar
mottek eit særskilt tilskot. Tilskotet kjem i tillegg til det ordinære
integreringstilskotet.
Behovet i 2015 blir anslått å auke med 10,5
mill. kroner samanlikna med gjeldande budsjett. Årsaka til auken
er fleire personar i målgruppa for tilskot i 2015 enn tidlegare
lagt til grunn.
BLD føreslår i proposisjonen å auke kap. 821 post
61 med 10,5 mill. kroner.
Løyvinga til forsøket med gratis kjernetid var
totalt på 140,9 mill. kroner i saldert budsjett 2015. 51 mill. kroner
blei overført til kommunenes rammetilskot på kap. 571 post 60 i
revidert nasjonalbudsjett 2015 for å dekkje innføringa av den nye
nasjonale ordninga med gratis kjernetid i barnehage for fire- og
femåringar for familiar med låg inntekt frå 1. august 2015. Dei resterande
89,9 mill. kronene skulle i 2015 bli nytta til forsøk og utviklingsprosjekt
med rekruttering av barn til barnehage og med aktivitetar for foreldre
i Oslo, Drammen og Bergen. Kommunane har søkt om eit lågare beløp
til dette for andre halvår 2015.
BLD føreslår på denne bakgrunn å redusere kap. 821
post 62 med 6,5 mill. kroner. BLD føreslår å nytte 0,4 mill. kroner
til å dekkje meirbehov på kap. 868 post 1, jf. omtale under denne
posten.
Nokre utgifter knytte til busetjing av overføringsflyktningar
kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende utgifter).
Løyvinga på posten er anslått redusert med 21,4 mill.
kroner samanlikna med gjeldande budsjett. Hovudårsaka til endringa
er anslått reduksjon i talet på busette overføringsflyktningar i
2015.
BLD føreslår i proposisjonen å redusere kap. 3821
post 1 med 21,4 mill. kroner.
Nokre utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og
flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende
utgifter).
Løyvinga på posten er anslått å auke med 0,6 mill.
kroner samanlikna med gjeldande budsjett. Hovudårsaka er ein auke
i prognosen for busetjing av einslege mindreårige flyktningar i 2015.
BLD føreslår i proposisjonen å auke kap. 3821 post
2 med 0,6 mill. kroner.
Behovet i 2015 er anslått å auke med 264,9 mill. kroner
samanlikna med gjeldande budsjett. Hovudårsaka er ein auke i målgruppa
for norskopplæring for asylsøkarar i mottak. Det er også eit meirbehov
knytt til ei ekstra utbetaling av tilskot basert på registreringar
frå nytt Nasjonalt introduksjonsregister (NIR).
BLD føreslår i proposisjonen å auke kap. 822 post
60 med 264,9 mill. kroner.
Nokre utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og
flyktningar kan godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjende
utgifter).
Løyvinga på posten er anslått å auke med 182,5 mill.
kroner samanlikna med gjeldande budsjett. Hovudårsaka er ein auke
i prognosen for målgruppa for norskopplæring for asylsøkjarar i mottak.
BLD føreslår å auke kap. 3822 post 1 med 182,5 mill.
kroner.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Jan Bøhler, Stine Renate Håheim, Stein Erik Lauvås, Helga Pedersen
og Eirin Sund, frå Høgre, Frank J. Jenssen, Mudassar Kapur, Bjørn
Lødemel og Ingjerd Schou, frå Framstegspartiet, Mazyar Keshvari
og leiaren Helge André Njåstad, frå Kristeleg Folkeparti, Geir Sigbjørn
Toskedal, frå Senterpartiet, Heidi Greni, frå Venstre, André N.
Skjelstad, og frå Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen,
handsamar i innstillinga budsjettkapitla 820, 821, 822, 3821 og
3822, og har elles ingen merknader.
Komiteen har elles
ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å
gjere følgjande
vedtak:
I statsbudsjettet for 2015 blir det gjort
følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
Utgifter |
820 | | Integrerings- og mangfaldsdirektoratet | |
| 1 | Driftsutgifter, blir redusert med | 1 404 000 |
| | fra kr 201 460 000 til kr 200 056 000 | |
821 | | Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar | |
| 60 | Integreringstilskot, kan overførast,
blir auka med | 320 323 000 |
| | fra kr 6 637 391 000 til kr 6 957 714 000 | |
| 61 | Særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige
flyktningar,
overslagsløyving, blir auka med | 10 525 000 |
| | fra kr 433 267 000 til kr 443 792 000 | |
| 62 | Kommunale innvandrartiltak, blir redusert med | 6 450 000 |
| | fra kr 244 646 000 til kr 238 196 000 | |
822 | | Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar | |
| 60 | Tilskot til opplæring i norsk og samfunnskunnskap for
vaksne
innvandrarar, blir auka med | 264 888 000 |
| | fra kr 1 701 602 000 til kr 1 966 490 000 | |
| | fra kr 7 330 000 til kr 5 700 000 | |
| | | |
Inntekter |
3821 | | Busetjing av flyktningar og tiltak for innvandrarar | |
| 1 | Integreringstilskot for overføringsflyktningar, ODA-godkjende
utgifter,
blir redusert med | 21 405 000 |
| | fra kr 229 530 000 til kr 208 125 000 | |
| 2 | Særskilt tilskot ved busetjing av einslege, mindreårige
flyktningar,
ODA-godkjende utgifter, blir auka med | 631 000 |
| | fra kr 46 740 000 til kr 47 371 000 | |
3822 | | Opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar | |
| 1 | Norskopplæring i mottak, ODA-godkjende utgifter, blir
auka med | 182 493 000 |
| | fra kr 135 275 000 til kr 317 768 000 | |
Oslo, i kommunal- og forvaltingskomiteen, den 7. desember
2015
Helge André Njåstad |
leiar og ordførar |