Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Jorodd Asphjell, Kari Henriksen, lederen Hadia Tajik og Lene Vågslid, fra Høyre, Margunn Ebbesen, Hårek Elvenes, Peter Christian Frølich og Christopher Wand, fra Fremskrittspartiet, Jan Arild Ellingsen og Håvard Jensen, fra Kristelig Folkeparti, Kjell Ingolf Ropstad, og fra Senterpartiet, Jenny Klinge, viser til proposisjonen og sluttar seg til dei endringane som det er gjort framlegg om i verjemålslova og andre tilstøytande lover. Komiteen merkar seg at dette er tale om endringar av feil og inkuriar som har vore gjort tidlegare. Komiteen legg til grunn at endringsframlegga ikkje inneber noko endring av rettstilstanden på området.

Komiteen vil i høve saka peike på kor viktig det er at gjennomføringa av verjemålsreforma skjer på ein god måte, og at departementet bør følgje med på korleis fylkesmannsembeta praktiserer lova og gjennomfører reforma.

Komiteen har under sitt arbeid med proposisjonen vorte merksam på enkelte andre inkuriar i lover under Justis- og beredskapsdepartementets ansvarsområde og har derfor teke inn eigne framlegg om å rette opp desse i lovframlegget.

Komiteen har for øvrig ingen merknader og sluttar seg til departementet sine vurderingar.