Brev fra Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet v/statsråden til kommunal- og forvaltningskomiteen, datert 23. november 2015

Vurdering av dokument 8:10 (2015-2016)

Eg viser til brevet dykkar av 21. oktober 2015 der de ber om vurderinga mi av representantforslag frå stortingsrepresentantane Sveinung Rotevatn, Iselin Nybø, Karin Andersen og Ingunn Gjerstad om å opne for moglegheit til å erverve dobbelt statsborgarskap.

Eg har merka meg argumenta til ovannemnde stortingsrepresentantar for å endre prinsippet om eitt statsborgarskap i lov 10. juni 2005 nr. 51 om norsk statsborgerskap (statsborgerloven). Det blir oppført som bakgrunn for forslaget at eit moderne demokrati ikkje bør tvinge frie menneske til å seie frå seg eit statsborgarskap dei har fått og ynskjer å halde på. Til dette vil eg seie at spørsmålet blei nøye vurdert før innføring av ny statsborgerlov i 2005, og eg meiner det er grunn til å halde fast ved vurderingane og konklusjonen som blei gjort den gongen.

Forslagsstillarane oppfører at det er vanskeleg å seie ifrå seg det tidlegare statsborgarskapet sitt ved søknad om norsk statsborgarskap. Her vil eg likevel understreke at det følgjer av statsborgerloven § 10 første ledd at: Det kan gjøres unntak fra kravet om løsning dersom løsning anses rettslig eller praktisk umulig eller av andre grunner fremstår som urimelig. Denne avgjerda gjer at det i mange tilfelle blir gitt unntak frå løysingskravet der det er vanskeleg for søkjaren å seie ifrå seg det tidlegare statsborgarskapet sitt.

Forslagsstillarane skriv at utviklinga internasjonalt har medført at prinsippet om eit statsborgarskap i stor grad er forlate, og meiner dette talar for at Noreg skal gjere det same. Her vil eg påpeike at òg ved innføringa av ny statsborgerlov var mange land som hadde prinsipp om dobbelt statsborgarskap, sjå punkt 4.2 .8 i Ot.prp. nr. 41 (2004–2005). Her går det fram at både Finland, Sverige og Island nyleg hadde forlate prinsippet om eit statsborgarskap. I punktet går det òg fram at ei rekkje andre europeiske land har prinsipp om dobbelt statsborgarskap allereie den gongen, men Noreg kom likevel til eit anna resultat.

Forslagsstillarane peikar på at i NOU 2000:32 gjekk eit fleirtal i statsborgarskapsutvalet inn for at det skulle vere mogleg med dobbelt statsborgarskap i Noreg. Fleirtalet i utvalet oppførde at fleire av argumenta mot dobbelt statsborgarskap tvert imot var argument for dobbelt statsborgarskap, til dømes høvet til å yte vern og bistand i utlandet. Forslagsstillarane meiner òg at argumentet om at ein skal unngå dobbel verneplikt ikkje er særleg relevant, sidan Noreg har gjort ei rekkje avtalar med andre land om avtening av verneplikt, grunna i omsynet til dei som av ulike årsaker har dobbelt statsborgarskap i dag.

Eg er kjent med at fleirtalet i statsborgarskapsutvalet vurderte det slik at det burde vere mogleg å ha dobbelt statsborgarskap i Noreg. Likevel konkluderte Bondevik II regjeringen med at statsborgerloven skulle byggje på eit prinsipp om eitt statsborgarskap, og dette forslaget vart vedteke av Stortinget. Eg kan ikkje sjå at forslaget frå ovannemnde stortingsrepresentantar inneheld vesentleg nye moment samanlikna med det som var kjent ved innføring av ny statsborgerlov for under ti år sidan. Forslagsstillarane peikar på at SSB-rapporten "Overgang til norsk statsborgarskap 1977–2011" viser at mange som har høve til å få norsk statsborgarskap lèt vere å søkje på grunn av prinsippet om eitt statsborgarskap. Sjølv om desse tala ikkje fanst på tidspunktet då statsborgerloven blei vedtatt i 2005, så blei det lagt til grunn at mange vil avstå frå å søkje på grunn av prinsippet om eitt statsborgarskap. Dette går fram av punkt 4.2 .11 i Ot.prp. nr. 41 (2004–2005).

For meg er det viktig at statsborgarskap skal hengje høgt. Dette blei sist understreka i tilleggsnummer om auka asylankomster Prop. 1 S Tillegg 1 (2015–2016) der det går fram at regjeringa vil vurdere å fremje forslag om å heve botidskravet for å få statsborgarskap. Vi vil òg innføre krav om norskkunnskapar og bestått prøve i samfunnsfag, jf. Prop. 144 L (2014–2015). Statsborgarskapet er eit viktig symbol på tilhøyrsla, og viser lojalitet til det norske politiske fellesskapet og dei prinsippa som ligg til grunn for dette, og det bør vera klart kor den primære lojaliteten ligg. Konklusjonen min er derfor at eg ikkje tilrår representantforslaget om å endre prinsippet om eitt statsborgarskap.

Ein del av representantforslaget handlar om at det bør lempast på språkkrav for nordiske borgarar som søkjer norsk statsborgarskap. Her vil eg gjere merksam på punkt 6.3 i Prop. 144 L (2014–2015) som gir ei forklaring for at nordiske borgarar som forstår det norske eller samiske språket, korkje er omfatta av gjeldande språkkrav i statsborgerloven eller dei nye krava som blir føreslått i proposisjonen.