Innstilling frå arbeids- og sosialkomiteen om Endringar i folketrygdlova (arbeidsavklaringspengar – bistand til å skaffe seg eller behalde arbeid)

Dette dokument

  • Innst. 267 L (2015–2016)
  • Kjeldedokument: Prop. 82 L (2015–2016)
  • Dato: 10.05.2016
  • Utgjevar: arbeids- og sosialkomiteen
  • Sidetal: 2

Til Stortinget

1. Samandrag

1.1 Departementets forslag

I proposisjonen blir det foreslått å endre folketrygdlova § 11-6. Etter denne føresegna er det eit vilkår for rett til arbeidsavklaringspengar at medlemmen får aktiv behandling eller deltek på eit arbeidsretta tiltak. Det blir foreslått å reversere deler av den lovendringa som tok til å gjelde frå 1. januar 2013, jf. lov 19. oktober 2012 nr. 68. Forslaget inneber å endre ordlyden «får aktiv» behandling til «har behov for» aktiv behandling og ordlyden «deltar på» eit arbeidsretta tiltak til «har behov for» arbeidsretta tiltak. Trygderetten vil dermed igjen få høve til å overprøve alle vurderingane som Arbeids- og velferdsetaten gjer etter folketrygdlova kapittel 11, også med heimel i folketrygdlova § 11-6, slik lovgjevar la til grunn då ordninga blei innført.

Lovendringa i 2013 førte til ei innskrenking i Trygderettens kompetanse som ikkje var tilsikta, og som er i strid med det Stortinget la til grunn då AAP-ordninga blei innført. Eit fleirtal av høyringsinstansane stør forslaget om å reversere ordlyden i folketrygdlova § 11-6 til slik han var ved innføringa av arbeidsavklaringspengar i 2010.

Forslaget følgjer også opp fråsegna frå Sivilombodsmannen i sak nr. 2014/1275 av 19. desember 2014.

Stortinget har tidlegare blitt varsla om at ordninga med arbeidsavklaringspengar vil bli gjennomgått, herunder ei grundig vurdering av heimlane for å avslå eller stanse arbeidsavklaringspengar.

På bakgrunn av innspela til høyringsinstansane blir det på noverande tidspunkt ikkje fremma forslag om å ta inn eit krav om at medlemmen må vere «i stand til å gjennomføre og nyttiggjere seg» tiltaket i folketrygdlova § 11-6 bokstav b. Føremålet var å gi etaten ein lovheimel for å avslå arbeidsavklaringspengar dersom brukaren ikkje er i stand til å gjennomføre og nyttiggjere seg tiltaket.

Det vises til proposisjonens kapittel 2 og 3 der det blir gjort greie for bakgrunn, gjeldande rett og høyringa. Høyringsfristen var 30. oktober 2015. Det nærare innhaldet i høyringsforslaget, høyringssvara, samt departementets vurderingar er gjort greie for under dei enkelte punkta i proposisjonen.

1.2 Iverksetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Det blir foreslått at lova trer i kraft frå den tida Kongen fastset. Ein foreslår at endringa skal gjelde for alle saker der kravet blir sett fram etter at lovendringa tok til å gjelde.

Lovendringa vil ikkje endre på vilkåra for rett til arbeidsavklaringspengar og vil dermed ikkje ha økonomiske konsekvensar.

Det blir lagt til grunn at lovendringa ikkje vil auke dei administrative kostandene for Arbeids- og velferdsetaten. Lovendringa reverserer den utilsikta innskrenkinga i Trygderettens kompetanse, og vil såleis føre til eit visst meirarbeid for Trygderetten ved handsaming av ein del ankesaker om arbeidsavklaringspengar. Forslaget fører likevel ikkje til større administrative kostnader for Trygderetten enn det som blei lagt til grunn då ordninga med arbeidsavklaringspengar blei innført.

2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Dag Terje Andersen, Fredric Holen Bjørdal, Lise Christoffersen og Rigmor Aasrud, frå Høgre, Stefan Heggelund, leiaren Arve Kambe, Bente Stein Mathisen og Bengt Morten Wenstøb, frå Framstegspartiet, Lene Langemyr og Erlend Wiborg, frå Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, frå Venstre, Sveinung Rotevatn, og frå Sosialistisk Venstreparti, Kirsti Bergstø, viser til Prop. 82 L (2015–2016), der regjeringa foreslår å endre folketrygdlova § 11-6. Etter denne føresegna er det i dag eit vilkår for rett til arbeidsavklaringspengar at medlemen får aktiv behandling eller deltek på eit arbeidsretta tiltak. Regjeringa foreslår å reversere ordlyden «får aktiv» behandling til «har behov for» aktiv behandling, samt ordlyden «deltar på» eit arbeidsretta tiltak til «har behov for» arbeidsretta tiltak, slik han var ved innføringa av arbeidsavklaringspengar i 2010. Med denne endringa vil Trygderetten igjen få høve til å overprøve alle vurderingane som Arbeids- og velferdsetaten gjer etter folketrygdlova kapittel 11, slik lovgjevar i si tid la til grunn då ordninga blei innført.

Komiteen merker seg at forslaget følgjer opp fråsegna frå Sivilombodsmannen i sak nr 2014/1275 av 19. desember 2014, der Sivilombodsmannen uttalte at lovendringa hadde ført til ei avgrensing i Trygderettens kompetanse. Komiteen er av den oppfatning at det er eit behov for å endre ordlyden, og viser til at eit fleirtal av høyringsinstansane stør forslaget.

3. Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak til lov

om endringar i folketrygdlova (arbeidsavklaringspengar – bistand til å skaffe seg eller behalde arbeid)

I

I lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd skal § 11-6 lyde:

§ 11-6 Behov for bistand til å skaffe seg eller beholde arbeid

Det er et vilkår for rett til ytelser etter dette kapitlet at medlemmet for å skaffe seg eller beholde arbeid som han eller hun kan utføre

a) har behov for aktiv behandling,

b) har behov for arbeidsrettet tiltak, eller

c) etter å ha prøvd tiltak etter bokstavene a eller b fortsatt anses å ha en viss mulighet for å komme i arbeid, og får oppfølging fra Arbeids- og velferdsetaten.

II

Lova tek til å gjelde frå den tida Kongen fastset. Endringa skal gjelde for alle saker der kravet blir sett fram etter at lovendringa tok til å gjelde.

Oslo, i arbeids- og sosialkomiteen, den 10. mai 2016

Arve Kambe

Sveinung Rotevatn

leiar

ordførar