1.1 Sammendrag

I samanheng med revidert nasjonalbudsjett 2016 foreslår regjeringa følgjande lovsaker:

  • Uttak av næringsmiddel som blir levert utan vederlag til eit velgjerande føremål, blir fritatt frå meirverdiavgift (kapittel 2)

  • Lån frå deltakarlikna selskap til personleg deltakar blir skattlagd tilsvarande som utbytte (kapittel 7) .

  • Skatteavgrensingsregelen blir tilpassa trinnskatten (kapittel 8).

  • Presiseringar i skattereglane for verdipapirfond (kapittel 9).

  • Overgangsordninga for skattlegging av skog som frå 2016 ikkje lenger blir å rekne for skogbruk, blir endra slik at skogeigar kan velje å føre gjennomsnittsunderheng på vinst- og tapskonto (kapittel 10).

  • Kommunane får moglegheit til å frita fritidseigedomar frå eigedomsskatt, og må nytte lågaste skattesats på to promille for bustader og fritidsbustader første året det blir skriven ut eigedomsskatt på slik eigedom (kapittel 12 og 13).

  • Verknadstidspunktet for dei nye avskrivingsreglane om vindkraft blir utsett til 19. juni 2015 (kapittel 14).

  • Arbeidsgjevarar som gjer lønnstrekk for å dekke skatten til arbeidstakarar på Svalbard, skal betale skatten seks gonger i året i staden for to (kapittel 15).

  • Ein gjer det klart at forskottstrekkordninga for lønn skal gjelde for alle ytingar som blir skattlagt som løn. Tidspunktet for når det kan gjerast fritak frå forskotstrekk i pensjonar mv. blir endra. I berekningsgrunnlaget for forskottstrekk skal ein gjere frådrag for pensjonsinnskot til utanlandske pensjonsordningar (kapittel 16).

  • Ein gjer enkelte opprettingar og presiseringar i lovtekst. Mellom anna får nokre lover på skatte- og avgiftsområdet offisielle korttitlar (kapittel 17).

  • Ein viser også til følgjande saker som er omtalt i kapittel 4 i Meld. St. 2 (2015‑2016) revidert nasjonalbudsjett 2016:

  • I samband med budsjettet for 2017 vil det bli foreslått ei midlertidig og avgrensa ordning med utsett formuesskatt for eigarar av verksemder som går med rekneskapsmessig underskot. Ein tek sikte på at ordninga skal gjelde frå og med inntektsåret 2016.

  • Status for støtte til enøktiltak i private hushald.

  • Omtale av den generelle ordninga med meirverdiavgiftskompensasjon i kommunesektoren.

1.2 Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Tore Hagebakken, Irene Johansen, Tor Arne Bell Ljunggren, Torstein Tvedt Solberg, Vegard Grøslie Wennesland og Truls Wickholm, fra Høyre, Solveig Sundbø Abrahamsen, Svein Flåtten, Sigurd Hille, Heidi Nordby Lunde og Siri A. Meling, fra Fremskrittspartiet, Hans Andreas Limi, Roy Steffensen og Kenneth Svendsen, fra Kristelig Folkeparti, lederen Hans Olav Syversen, fra Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, fra Venstre, Terje Breivik, og fra Sosialistisk Venstreparti, Snorre Serigstad Valen, viser til at regjeringens vurderinger og forslag er omtalt i Prop. 121 LS (2015–2016). Kapitlene nedenfor i denne innstillingen følger samme kapittelinndeling som proposisjonen. Her er saksomtalene begrenset til kortere oppsummerende sammendrag. For nærmere omtaler av bakgrunn for og utfyllende vurderinger knyttet til forlagene vises det til proposisjonen.

Komiteen viser videre til at sakene omtalt i Meld. St. 2 (2015–2016) og sakene om avgift og toll i kapitlene 3–6, 11 og 19 i proposisjonen, behandles i Innst. 400 S (2015–2016) hvor også forslag til toll- og avgiftsvedtak behandles. For de øvrige sakene vises det til merknader under hvert kapittel nedenfor.

Komiteen viser for øvrig til brev av 30. mai 2016 fra finansministeren om korrigering av feil i Prop. 121 LS (2015–2016). Brevet følger som vedlegg til denne innstillingen.