10. Virksomhetsvurdering av skogbruk – overgangsregel

10.1 Sammendrag

Tidlegare blei skog med ein årleg tilvekst ned til 3–5 m3 å rekne som verksemd («skogbruk») i samband med skatt. Frå 2016 er dette endra. Om skog blir å rekne som verksemd, skal no vurderast ut ifrå dei elles gjeldande reglane for klassifisering av verksemd i skatteretten.

Inntekt frå skog som ikkje er verksemd, skal ikkje gjennomsnittsliknast. For skog som frå 2016 ikkje lenger blir å rekne som verksemd, er det gjeve overgangsreglar. Etter desse overgangsreglane vil skogeigar som er skattlagt for høgare inntekt frå dei fire siste åra gjennom gjennomsnittslikninga enn det som er reell inntekt frå den same perioden («inntektsoverheng») eller for lågare inntekt («inntektsunderheng»), få inntektsoverheng til frådrag eller inntektsunderheng til inntekt i året etter siste året med gjennomsnittslikning.

Departementet gjer framlegg om å endre overgangsordninga for skog som frå 2016 ikkje lenger blir å rekne for skogbruk, slik at skogeigar kan velje å føre gjennomsnittsunderheng på vinst- og tapskonto.

Framlegget inneber ein ny regel i skattelova § 14-81 sjette ledd nytt femte punktum. Departementet legg til grunn at framlegget ikkje vil ha nemneverdige økonomiske eller administrative følgjer.

Departementet foreslår at endringa i skattelova tek til å gjelde straks med verknad frå og med inntektsåret 2016.

10.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.