13. Første gangs utskriving av eiendomsskatt – maksimumssats

13.1 Sammendrag

I eigedomsskattelova er det sett grenser for kor høg skattesatsen kan vere første året kommunen skriv ut eigedomsskatt. Slik regelen blir tolka, er det ikkje rekna som første gongs utskriving når kommunen skiftar utskrivingsalternativ og dette medfører at nye typar eigedom blir omfatta av eigedomsskattegrunnlaget. Til dømes gjeld dette når kommunen går over frå å skrive ut eigedomsskatt på «verk og bruk» til å skrive ut eigedomsskatt i heile kommunen. Særleg for eigarar av bustader og fritidsbustader kan dette gi ei brå økonomisk belasting. Departementet gjer framlegg om at den lågaste skattesatsen på to promille må nyttast for bustader og fritidsbustader første året det blir skrive ut eigedomsskatt på slik eigedom, òg ved overgang til nytt utskrivingsalternativ.

Departementet viser til forslag til endring i eigedomsskattelova § 13.

Departementet legg til grunn at endringa ikkje vil medføre administrativt meirarbeid for kommunane.

Forslaget vil kunne få verknad for kommunar som allereie har eigedomsskatt, men ikkje på bustad- og fritidseigedom. I 2016 gjeld dette om lag 98 av 362 kommunar med eigedomsskatt. Isolert sett vil forslaget redusere dei potensielle inntektene frå eigedomsskatten for kommunar som utvidar eigedomsskattegrunnlaget. Inntektsbortfallet gjeld berre dei første åra inntil ein innanfor lovens rammer har auka satsen til det maksimale. Det vil òg vere slik at kommunane ved bruk av botnfrådrag kan regulere storleiken på utlikna eigedomsskatt. Departementet har ikkje grunnlag for å seie noko meir presist om kor mange kommunar som blir råka av endringa eller dei økonomiske konsekvensane for den einskilde kommunen eller samla for alle kommunar.

Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde frå 1. januar 2017.

13.2 Komiteens merknader

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, slutter seg til regjeringens forslag.