Med verknad frå 2016 er toppskatten erstatta med
ein ny trinnskatt. Dette vil gi auka skatt for ei lita gruppe personar
som framleis blir skattlagd etter skatteavgrensingsregelen. Årsaka
er at skatteavgrensinga berre gjeld for skatt på alminneleg inntekt
og trygdeavgift, og ikkje for trinnskatt og formuesskatt. Den tidlegare
toppskatten gav heller ikkje skatteavgrensing. Dei fleste som har
blitt skattlagd etter denne regelen, har heller ikkje hatt høg nok
personinntekt til at dei har betalt toppskatt. Men trinnskatten
slår inn på eit lågare inntektsnivå enn det toppskatten gjorde.
Dersom reglane ikkje blir endra, vil dei som blir skattlagde etter
skatteavgrensingsregelen betale trinnskatt i tillegg til 55 pst.
skatt på nettoinntekt over ei skattefri grense. Regjeringa ynskjer
å unngå innstramminga for denne gruppa og foreslår at skatteavgrensinga
òg skal gjelde for trinn 1 og 2 i trinnskatten. Dette samsvarar med
reglane som gjaldt fram til 2016. Endringa skal etter forslaget
gjelde straks, med verknad frå og med inntektsåret 2016. Forslaget
fører til endringar i skattelova § 17-1 andre ledd.
Departementet anslår at forslaget vil redusere provenyet
med om lag 14 mill. kroner påløpt og 7 mill. kroner bokført i 2016.
Komiteen slutter seg
til regjeringens forslag.