Innstilling frå transport- og kommunikasjonskomiteen om Finansiering av Nordhordlandspakken i Hordaland

Dette dokument

  • Innst. 34 S (2017–2018)
  • Kjeldedokument: Prop. 164 S (2016–2017)
  • Utgjevar: Transport- og kommunikasjonskomiteen
  • Sidetal: 2
Til Stortinget

Samandrag

Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om finansiering av prosjekt og tiltak på riks- og fylkesvegnettet i kommunane Lindås, Meland, Radøy, Fedje, Austrheim, Masfjorden og Modalen nord i Hordaland (Nordhordlandspakken).

Nordhordlandsregionen har vel 35 000 innbyggjarar, og folketalet er venta å auke til 45 000 innbyggjarar innan 2030.

Eksisterande vegnett er ikkje tilpassa veksten i regionen. Framkomsten for næringstransporten er dårleg på mange strekningar. I tillegg er det naudsynt å betre framkomsten og tryggleiken for gåande og syklande. Mange fylkesvegar har berre eitt køyrefelt utan tilbod for gåande og syklande. I perioden 2000 til 2012 vart det registrert 24 omkomne og 114 alvorleg skadde på vegane i Nordhordland.

Nordhordlandspakken omfattar prosjekt og tiltak på E39 og fylkesvegnettet. Det er lagt opp til utviding av E39 gjennom Knarvik sentrum. For å auke trafikktryggleiken er det lagt opp til bygging av gang- og sykkelvegar. I tillegg er det lagt opp til å styrke kollektivtrafikken og leggje til rette for meir miljøvennlege transportløysingar, mellom anna for å dempe trafikkveksten inn mot sentrale delar av Bergen.

Nordhordlandspakken har vore handsama av dei aktuelle kommunane og Hordaland fylkeskommune i fleire omgangar.

Kommunane handsama saka første gong sommaren og hausten 2014. Alle kommunane tilrådde gjennomføring av pakken, men fleire av vedtaka inneheld føresetnader for tilrådinga og ulike endringsframlegg. Hordaland fylkeskommune handsama saka i fylkestinget i desember 2014.

I proposisjonen sitt kapittel 3 blir det gjort greie for aktuelle prosjekt og tiltak.

I 2012 vart det registrert ein årsdøgntrafikk (ÅDT) på 49 405 køyretøy. Med føresett timesregel er det rekna med at om lag 48 pst. av trafikken er betalande trafikk. Vidare er det rekna med ein reduksjon i trafikken som følgje av bompengeinnkrevjinga på om lag 10 pst.

I finansieringsanalysen er det lagt til grunn ein årleg vekst i trafikken på 2 pst. i 2013, 1,5 pst. i 2014 og deretter 1 pst.

Finansieringsopplegg

Finansieringsplanen omfattar statlege midlar, fylkeskommunale midlar og bompengar. Samla økonomisk ramme for Nordhordlandspakken er om lag 1,5 mrd. kroner i 2017-prisnivå. Dei siste kostnadsoverslaga gjev ein samla kostnad i overkant av 1,8 mrd. 2017-kroner. Dette betyr at pakken i utgangspunktet ikkje er fullfinansiert. Porteføljen av prosjekt må derfor tilpassast den økonomiske ramma.

Det er lagt til grunn 55 mill. 2013-kroner i statlege midlar. Rekna om til 2017-prisnivå utgjer dette om lag 60 mill. kroner. Midlane er føresett løyvde til prosjekt/tiltak på riksvegnettet i perioden 2018–2023 innanfor ramma til programområdetiltak. Samferdselsdepartementet viser til at endeleg vedtak om statlege midlar, innafor ei ramme på 60 mill. kroner (2017-prisnivå), blir fatta i dei årlege budsjetta.

I tråd med vedtaket i fylkestinget 10. juni 2014 er det lagt til grunn 259 mill. 2013-kroner i fylkeskommunale middel. Rekna om til 2017-prisnivå utgjer dette om lag 280 mill. kroner.

Det blir lagt opp til å starte innkrevjinga av bompengar i 2018.

Det er føresett at Nordhordlandspakken skal betalast ned i løpet av 12 år. Med dei føresetnadene som elles er lagt til grunn, er det rekna med at gjennomsnittleg inntekt per passering må vere om lag 6,60 kroner. Basert på dette er det førebels lagt til grunn følgjande grunntakstar utan rabatt (i 2017-prisnivå):

  • Takstgruppe 1 (køyretøy med tillaten totalvekt til og med 3 500 kg og køyretøy i køyretøygruppe M1): om lag 19 kroner.

  • Takstgruppe 2 (køyretøy med tillaten totalvekt frå og med 3 501 kg med unntak av køyretøy i køyretøygruppe M1): om lag 31 kroner.

Basert på føresetnadene i proposisjonen er brutto bompengeinntekter rekna til om lag 1 480 mill. kroner. Av dette er om lag 1 160 mill. kroner føresett nytta til gjennomføring av prosjekt og tiltak innanfor Nordhordlandspakken, om lag 110 mill. kroner til å dekke finansieringskostnader og om lag 210 mill. kroner til å dekke innkrevjingskostnader og kostnader til drift av bompengeselskapet.

Hordaland fylkeskommune har fatta vedtak om å stille garanti ved sjølvskuldnargaranti for eit maksimalt låneopptak på 750 mill. kroner. Garantien gjeld til utgangen av innkrevjingsperioden for bompengar på 12 år, med tillegg av inntil 2 år.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Øystein Langholm Hansen, Kirsti Leirtrø, Sverre Myrli og Ingalill Olsen, frå Høgre, Solveig Sundbø Abrahamsen, Jonny Finstad, Nils Aage Jegstad og leiaren Helge Orten, frå Framstegspartiet, Tor André Johnsen, Morten Stordalen og Bengt Rune Strifeldt, frå Senterpartiet, Siv Mossleth og Ivar Odnes, frå Sosialistisk Venstreparti, Arne Nævra, og frå Venstre, Jon Gunnes, viser til proposisjonen og forslag om finansiering av prosjekt og tiltak på riks- og fylkesvegnettet i kommunane Lindås, Meland, Radøy, Fedje, Austrheim, Masfjorden og Modalen nord i Hordaland (Nordhordlandspakken). Komiteen viser til at prosjektet vil knytte denne felles vekst-, bu- og arbeidsmarknadsregionen tettare saman, samt leggje til rette med nødvendig infrastruktur for forventa folketalsvekst som følgje av petroleumsutbygging og andre samfunnsinvesteringar i regionen. Komiteen merkar seg også at det leggast godt til rette for å auke trafikktryggleiken gjennom ei rekkje tiltak for gåande og syklande samt styrking av kollektivtrafikken og miljøvennlege løysingar. Komiteen viser til at Nordhordlandspakken er forankra gjennom vedtak i kommunale og regionale myndigheiter angåande både val av transport og finansieringsløysing med ei samla økonomisk ramme på 1,5 mrd. kroner, inkludert bompengeinntekter på 1 480 mill. kroner. Komiteen viser til at dei siste kostnadsoverslaga viser ein samla kostnad på i overkant av 1,8 mrd. kroner. Dette betyr at pakken ikkje er fullfinansiert. Komiteen legg til grunn at porteføljen av prosjekt må tilpassast innanfor den økonomiske ramma til pakken på om lag 1,5 mrd. kroner.

Komiteen legg til grunn at bompengetakstane kan setjast lågare, basert på markedsrente eller binding av renta, og meiner dette er ein moglegheit fylkeskommunen kan gjere seg nytte av, dersom det er eit lokalt ønske om det.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet merker seg at passeringstaket er satt til 50 passeringer pr. måned for alle kjøretøy med gyldig brikke og avtale. Disse medlemmer mener at et passeringstak på 40 passeringer kan etableres dersom det er lokalpolitisk enighet om dette, for å unngå at noen får urimelige økonomiske belastninger.

Tilråding frå komiteen

Tilrådinga frå komiteen blir fremja av ein samla komité.

Komiteen viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:
  • 1. Stortinget samtykker i at bompengeselskapet får løyve til å ta opp lån og krevje inn bompengar til delvis bompengefinansiering av Nordhordlandspakken. Vilkåra går fram av proposisjonen.

  • 2. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet og fastsetje nærare reglar for finansieringsordninga.

Oslo, i transport- og kommunikasjonskomiteen, den 21. november 2017

Helge Orten

Jonny Finstad

leiar

ordførar