Innhald

13. Mindretallets helhetlige lovforslag

Komiteens medlemmer fra Høyre og Fremskrittspartiet viser til regjeringens forslag i Prop. 148 L (2016–2017) og Prop. 33 L (2017–2018) samt brev av 8. mars 2018 med forslag til justert lovtekst.

Departementet har i brevet merknader til de enkelte lovbestemmelsene og disse medlemmer viser til dette. Brevet ligger vedlagt innstillingen.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

«I

I lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering blir det gjort følgjande endringar:

I §§ 7 femte ledd, 14 tredje ledd, 15 tredje ledd, 18 tredje ledd, 20 fjerde ledd, 21 andre ledd, 27 andre ledd, 29 tredje ledd, 31 tredje ledd, 39 tredje ledd, 41 sjette ledd, 43 andre ledd og 48 første ledd siste punktum skal formuleringa «kan i forskrift gi nærare reglar om» endrast til «kan gi forskrift om».

§ 3 bokstav f, g, h og i skal lyde:

  • f) matrikulering: føre ei ny matrikkeleining inn i matrikkelen,

  • g) oppmålingsforretning: den oppgåva som går ut på å klarleggje og beskrive grenser og rettar til fast eigedom, og gi nødvendig dokumentasjon for krav om matrikkelføring, jf. § 33,

  • h) landmålarføretak: føretak eller offentleg eining som oppfyller krava i denne lova til å utføre oppmålingsforretning,

  • i) ansvarleg landmålar: representant for eit landmålarføretak som av føretaket er sett til å leie ei oppmålingsforretning,

§ 3 gjeldande bokstav i til l blir ny bokstav j til m.

§ 4 tredje og fjerde ledd skal lyde:

Matrikkelen kan vise til opplysningar om fast eigedom i andre register.

Departementet kan gi forskrift om innhaldet i matrikkelen, til dømes om geografiske opplysningar om rettar i fast eigedom.

§ 5 a skal lyde:

§ 5 a Matrikkelstyresmakta

Matrikkelstyresmakta skal syte for føring, ordning, drift og forvaltning av matrikkelen.

Departementet kan gi forskrift om matrikkelstyresmakta, til dømes om overføring av oppgåver og mynde til kommunar.

§ 6 første ledd bokstav d skal lyde:

  • d) opplysningar om arealoverføring, endring av grenser for festegrunn, grensejustering og klarlegging av eksisterande grense, eller

§ 6 andre ledd skal lyde:

Når det ligg føre særlege grunnar, kan matrikkelstyresmakta etter søknad føre ei ny matrikkeleining inn i matrikkelen utan at oppmålingsforretninga er fullført. Dersom forretninga ikkje blir fullført til fastsett tid, kan matrikkelstyresmakta gjere vedtak om å fullføre forretninga for den ansvarlege landmålaren eller heimelshavaren si rekning. Eit krav om dekning av kostnadane for å få fullført oppmålinga er eit særleg tvangsgrunnlag for utlegg og kan tvangsfullførast etter tvangsfullbyrdelsesloven § 7-2 bokstav e.

§ 6 fjerde ledd skal lyde:

Departementet kan gi forskrift om oppmålingsforretning før matrikkelføring, under dette om fullføring av slik oppmålingsforretning.

§ 7 overskrifta skal lyde:

§ 7 Krav om klarlagd grense før tinglysing av heimelsovergang

§ 7 tredje ledd skal lyde:

Matrikkelstyresmakta avgjer kva for eigedommar som fyller vilkåra i første og andre ledd, og noterer dette i matrikkelen.

§ 8 skal lyde:

§ 8 Krav om matrikkelføring

Krav om matrikkelføring i saker som krev oppmålingsforretning, skal utferdast av den ansvarlege landmålaren og sendast til matrikkelstyresmakta. Saman med krav om matrikkelføring skal det leggjast ved dokumentasjon som er nødvendig for føring av matrikkelen og grunnboka.

Departementet kan gi forskrift om vilkår for matrikkelføring, under dette om innhaldet i og utforminga av krav om matrikkelføring.

§ 9 overskrifta skal lyde:

§ 9 Kven som kan krevje matrikulering

§ 9 fjerde ledd skal lyde:

Departementet kan gi forskrift om kven som kan krevje matrikulering.

§ 10 overskrifta skal lyde:

§ 10 Felles vilkår for matrikulering

§ 10 sjette ledd skal lyde:

Departementet kan gi forskrift om matrikkelføring av ny matrikkeleining, til dømes om unnatak frå plikt til matrikulering og innskrenking og utviding av vilkåra for matrikulering.

Ny § 11 a skal lyde:

§ 11 a Særskilt om matrikkelføring av eigarseksjon

Matrikkelstyresmakta skal føre seksjonane inn i matrikkelen straks det ligg føre vedtak om seksjonering eller reseksjonering frå kommunen. Ei brukseining som skal omfatte nye eller endra ubygde delar, kan ikkje registrerast før det er halde oppmålingsforretning for grensene for utearealet, jf. § 6.

§ 12 fjerde og nytt femte og sjette ledd skal lyde:

Før matrikkelføring av endring av grenser for festegrunn som går ut over justeringar som kan behandlast etter § 16, må det vere gitt løyve som for oppretting av ny festegrunn. Det må dessutan liggje føre nødvendige fråsegner om endring av festerett, pantefråfall og konsesjonar for arealet.

Oppmålingsforretning som endrar grensene for festerett, kan krevjast av dei som er nemnde i § 9 første ledd bokstav a og f. I saker som er kravd etter § 9 første ledd bokstav a, må det liggje føre samtykke frå festaren. Endring av grenser som omfattar umatrikulerte einingar, kan berre skje i saker der dette er kravd etter § 9 første ledd bokstav f, og berre samtidig med at einingane blir matrikulerte.

Departementet kan gi forskrift om matrikkelføring av festegrunn, til dømes om kven som kan krevje matrikkelføring.

§ 14 første ledd skal lyde:

Jordsameige kan registrerast i matrikkelen med eige matrikkelnummer når det er gjort sannsynleg at eininga er eit jordsameige. Jordsameige kan registrerast sjølv om det ikkje er fullstendig avklart kven som har partar i sameiget og kor store partane er. Føresegnene i § 10 fjerde og femte ledd gjeld tilsvarande.

§ 16 skal lyde:

§ 16 Grensejustering

Ei grense mellom matrikkeleiningar kan justerast utan at det blir henta inn fråsegn om pantefråfall. Dette gjeld tilsvarande for justering av ei grense mellom ein festegrunn og grunneigedommen eller jordsameiget som festegrunnen er ein del av. Grensa kan ikkje justerast i strid med føresegner gitt i eller i medhald av anna lovgiving.

Ved justering kan berre mindre areal overførast mellom dei aktuelle einingane. Einsidig overføring av mindre areal kan utførast som grensejustering.

Panterett og festerett følgjer dei nye grensene slik dei blir fastlagde ved grensejustering.

Føresegna om panterett gjeld tilsvarande for andre rettar så langt det passar.

Grensejustering kan krevjast av dei som er nemnde i § 9. Endra grenser for festerett kan berre matrikkelførast når det ligg føre samtykke frå festaren. Grensejustering av ei umatrikulert eining kan berre skje samstundes med at eininga blir matrikulert.

Departementet kan gi forskrift om grensejustering, under dette setje areal- og verdigrenser for areal som blir overført mellom einingane.

§ 17 skal lyde:

§ 17 Klarlegging av eksisterande grense, punktfeste og stadbundne rettar

Matrikkelføring av klarlegging av eksisterande grenser, punktfeste og stadbundne rettar, utført som særskild forretning, kan krevjast av:

  • a) nokon som har grunnboksheimel som eigar eller festar til den aktuelle matrikkeleininga, eller

  • b) staten, statsføretak, fylkeskommune eller kommune.

Departementet kan gi forskrift om klarlegging av eksisterande grense, punktfeste, stadbundne rettar, om kven som kan krevje dette, og om fritak frå krav om oppmålingsforretning.

§ 19 skal lyde:

§ 19 Referanse til avtale om grenser m.m.

Matrikkelstyresmakta kan ta inn i matrikkelen referansar til avtalar om eksisterande grenser for ei matrikkeleining dersom grensa ikkje er tidlegare fastlagd i ei oppmålingsforretning eller i ei tilsvarande forretning etter anna eller tidlegare lov. Det same gjeld for avtalar om lokalisering av eksisterande og ikkje fastlagde punktfeste og om stadfesting av varige stadbundne rettar som ikkje er omfatta av § 6, og som gjeld ein del av ein eksisterande grunneigedom, anleggseigedom eller festegrunn eller av eit eksisterande jordsameige eller eit uteareal til ein eigarseksjon.

Departementet kan gi forskrift om at ein slik avtale berre kan tinglysast dersom avtalen har referanse i matrikkelen.

Departementet kan gi forskrift om avtalar som kan få referanse i matrikkelen.

§ 20 tredje ledd skal lyde:

Eigar skal varslast om registreringa på ein etter tilhøva formålstenleg og etterviseleg måte.

§ 21 første ledd andre punktum skal lyde:

Før kommunen tek ei endeleg avgjerd, skal dei som avgjerda får verknad for, få høve til å uttale seg.

§ 22 første til fjerde ledd skal lyde:

Krav om matrikkelføring skal behandlast utan unødig opphald. Krav om matrikkelføring som ikkje tilfredsstiller vilkåra etter denne lova, skal avvisast. Avvisinga skal vere skriftleg og grunngitt. Dersom kravet har mindre manglar, kan matrikkelføring likevel skje. Det skal setjast ein frist for å rette mangelen.

Matrikkelstyresmakta skal også føre inn opplysningar frå saker for dei ordinære domstolane, jordskifteretten eller tilsvarande særdomstol. Føresegnene i første ledd gjeld så langt dei passar også for matrikkelføring av slike opplysningar.

Offentlege organ skal føre opplysningar i matrikkelen når det er bestemt i lov eller forskrift eller etter avtale med matrikkelstyresmakta. Matrikkelstyresmakta kan få utlevert frå folkeregisteret og andre administrative register opplysningar som skal brukast i matrikkelen.

Føring av opplysningar i matrikkelen kan berre utførast av ein person som er godkjend av matrikkelstyresmakta. Den ansvarlege landmålaren kan ikkje matrikkelføre opplysningar om ei oppmålingsforretning som vedkommande står ansvarleg for eller har teke del i. Det same gjeld andre ansvarlege landmålarar på det same kontoret, underordna eller medhjelparar.

§ 22 sjuande ledd skal lyde:

Departementet kan gi forskrift om føring av matrikkelen og organ som kan utføre matrikkelføringsoppgåver, til dømes om informasjon til heimelshavarar eller andre saka vedkjem, om tidsfristar, rapportering, kvalitetssikring og oppbevaring av matrikkelopplysningar, og om godkjenning av personar som skal føre opplysningar i matrikkelen.

§ 23 første og andre ledd skal lyde:

Matrikkelstyresmakta tildeler matrikkelnummer ved innføring av matrikkeleining i matrikkelen.

Matrikkelstyresmakta kan tildele nytt matrikkelnummer til matrikkeleining som ikkje er nummerert i samsvar med føresegnene i denne lova.

§ 24 overskrifta skal lyde:

§ 24 Tinglysing og utferding av matrikkelbrev m.m.

§ 24 første ledd skal lyde:

Så snart oppretting av ny matrikkeleining, samanslåing, endring av eigarseksjon, arealoverføring eller endring av festegrunn ut over grensejusteringar etter § 16 er ført i matrikkelen, skal matrikkelstyresmakta sende melding om dette til tinglysing. Gjeld saka oppretting eller endring av eigarseksjon, skal kommunar som sjølv fører matrikkelen med heimel i § 5 a, likevel ikkje sende meldinga før eventuelle klager over seksjoneringsvedtaket er avgjort, jf. eierseksjonsloven § 17.

§ 24 tredje ledd skal lyde:

Så snart matrikkelstyresmakta har fått melding om at tinglysing er utført som føresett, skal ho fullføre matrikkelføringa og stadfeste dette ved å utferde matrikkelbrev. Tidspunktet for endeleg oppretting, samanslåing, endring eller arealoverføring, skal reknast samstundes med tinglysinga. Matrikkelstyresmakta skal sende matrikkelbrevet til landmålarføretaket. Er ei grense mot tilgrensande matrikkeleiningar merkt eller målt inn på nytt, skal matrikkelstyresmakta sende relevant utdrag av matrikkelbrev til eigarar og eventuelle festarar av desse einingane. I oversendinga skal det opplysast om høve til å klage og klagefristar.

§ 24 sjette ledd skal lyde:

Departementet kan gi forskrift om melding til tinglysing, utferding av matrikkelbrev m.m. og høve til å stadfeste eigedomsrett ved eigenfråsegn, og kan under dette fastsetje rutinar som sikrar samsvar mellom matrikkelen og grunnboka.

§ 25 overskrifta skal lyde:

§ 25 Matrikkelføring av opplysningar om bygningar, adresser, kommunale pålegg o.a.

§ 25 tredje til sjette ledd skal lyde:

Kommunen skal føre opplysningar om pålegg som gjeld bruk av grunn og bygningar straks kommunen har vedteke, endra eller oppheva pålegget.

Kommunen skal elles føre inn opplysningar på grunnlag av anna kommunal saksbehandling når det i lov eller forskrift er fastsett at desse opplysningane skal førast i matrikkelen.

Kommunen kan etter avtale overlate til ein annan kommune etter reglane i kommunelova kapittel 5 A eller matrikkelstyresmakta å føre matrikkelen på sine vegner.

Departementet kan gi forskrift om rapportering og føring av opplysningar om bygningar, adresser og andre opplysningar kommunen skal føre i matrikkelen, og om kommunen sitt høve til å fastsetje utfyllande lokale forskrifter.

§ 26 skal lyde:

§ 26 Retting av opplysningar i matrikkelen og sletting av matrikkeleining

Matrikkelstyresmakta kan slette ei matrikkeleining frå matrikkelen dersom det ikkje låg føre grunnlag for å opprette eininga. Det same gjeld for matrikkeleiningar som fysisk ikkje lenger eksisterer. Dersom eininga er ført inn i grunnboka, kan ho berre slettast frå matrikkelen dersom ho samtidig blir sletta i grunnboka.

Eigarseksjonar som blir sletta i grunnboka etter vedtak med heimel i eierseksjonsloven § 22 andre ledd, skal slettast frå matrikkelen. Matrikkelstyresmakta fullfører slettinga ved å utferde matrikkelbrev i samsvar med § 24 tredje ledd.

Opplysningar om grenser og geografiske opplysningar om punktfeste og stadbundne rettar kan berre supplerast eller endrast på grunnlag av ny oppmålingsforretning, jf. § 17, rettskraftig avgjerd ved domstolane, jf. § 22 andre ledd, eller avtale mellom partane når vilkåra for dette er til stades, jf. § 19. Matrikkelstyresmakta kan likevel rette slike opplysningar når det blir dokumentert at opplysningane er feil, og dette kjem av feil i registreringa eller i vedlikehaldet av matrikkelen.

Andre opplysningar kan rettast av organet som fører opplysningane, dersom dei er feil, ufullstendige, grunnlaget for registreringa har falle bort, eller det ikkje er høve til å behandle dei i matrikkelen. Organet skal rette opplysningane når ein part set fram krav om det og kan dokumentere at det er grunnlag for å rette opplysningane. Matrikkelstyresmakta kan av eige tiltak rette opplysningane når dette har noko vesentleg å seie for matrikkelen som eit einsarta og påliteleg register.

Partar som retting, endring eller tilføying har noko å seie for, skal underrettast.

Denne paragrafen går framom personopplysningslova § 27 om retting av mangelfulle personopplysningar.

Departementet kan gi forskrift om rettingar, endringar og tilføyingar til matrikkelen og om sletting av matrikkeleining, til dømes om underretting og når underretting kan sløyfast.

I § 27 skal «sentral matrikkelstyresmakt» endrast til «matrikkelstyresmakta».

§ 28 skal lyde:

§ 28 Tilsyn med matrikkelføringa

Matrikkelstyresmakta skal føre tilsyn med at matrikkelen blir ført i samsvar med lov og forskrift, og kan gi pålegg om retting av opplysningar eller andre tiltak for å rette opp manglar ved måten føringa skjer på.

§ 29 første og andre ledd skal lyde:

Alle har rett til innsyn i matrikkelen. Matrikkelstyresmakta og kommunane skal syte for at informasjon om matrikkelen er tilgjengeleg på førespurnad.

Matrikkelstyresmakta skal utferde matrikkelbrev når nokon som er nemnde i § 9, krev det.

§ 30 skal lyde:

§ 30 Utlevering og behandling av matrikkelinformasjon og andre opplysningar om eigedomsoppmåling

Matrikkelinformasjon og andre opplysningar om eigedomsoppmåling kan utleverast:

  • a) for offentleg planlegging, saksbehandling og administrasjon,

  • b) for oppgåver etter denne lova, plan- og bygningsloven eller eierseksjonsloven,

  • c) ved søknad om offentleg løyve, eller

  • d) for å ta hand om andre interesser som gjeld rådvelde over matrikkeleiningar eller bruken av dei.

Matrikkelinformasjon og andre opplysningar om eigedomsoppmåling kan utleverast for andre formål dersom den som får opplysningane utlevert, skal ta i vare ei rettkommen interesse, og omsynet til personvernet for dei registrerte ikkje overstig denne interessa.

Matrikkelinformasjon og andre opplysningar om eigedomsoppmåling som ikkje inneheld personopplysningar, eller berre omfattar informasjon som identifiserer, kartfester eller typebestemmer matrikkeleiningar, bygningar eller adresser, kan utleverast i alle høve.

Det kan knytast vilkår til utlevering og behandling av matrikkelinformasjon og andre opplysningar om eigedomsoppmåling.

Matrikkelinformasjon og andre opplysningar om eigedomsoppmåling skal ikkje utleverast dersom vitale personlege eller offentlege interesser tilseier dette.

Utlevering av fødselsnummer kan berre skje dersom vilkåra i personopplysningslova § 12 er oppfylte.

Departementet kan gi forskrift om behandling, utlevering og sal av matrikkelinformasjon og andre opplysningar om eigedomsoppmåling, og om fritak frå meldeplikta etter § 31 i personopplysningslova for behandling etter andre ledd.

§ 31 andre ledd skal lyde:

Ved innsyn i matrikkelen, og til bruk i oppmålingsforretningar etter denne lova, skal det saman med opplysningar frå matrikkelen vere tilgjengeleg kart som viser tekniske og topografiske forhold på og i nærleiken av den aktuelle matrikkeleininga. Kommunen skal stille til rådvelde for matrikkelstyresmakta dei opplysningane frå kommunen sitt kartverk som er nødvendige for å framstille slike kart.

§ 32 skal lyde:

§ 32 Offentlege gebyr og betaling for matrikkelopplysningar

Kommunen og matrikkelstyresmakta kan ta gebyr for matrikkelføring, utferding av matrikkelbrev og anna arbeid etter lova her etter regulativ fastsett av departementet i forskrift.

Det kan krevjast betaling for utlevering av opplysningar frå matrikkelen. Det kan ikkje takast betaling for innsyn i matrikkelen ved personleg frammøte hos kommunen eller matrikkelstyresmakta.

Departementet kan gi forskrift om betaling for opplysningar frå matrikkelen.

Kapittel 7 overskrifta skal lyde:

Kapittel 7 Oppmålingsforretning, krav til landmålarføretak og ansvarleg landmålar o.a.

§ 33 første ledd skal lyde:

Ei oppmålingsforretning går ut på å klarleggje og beskrive grenser og rettar i tråd med påstandane til partane og framlagde dokument, og elles bringe fram opplysningar og dokumentasjon som er nødvendig for matrikkelføring og eventuelt tinglysing. Den som utfører oppmålingsforretninga, skal ta vare på interessene til alle partar og utføre forretninga i samsvar med god landmålarskikk.

§ 33 tredje og fjerde ledd skal lyde:

I ei forretning som gjeld oppretting av ei ny matrikkeleining eller ei arealoverføring, skal dei nye grensene merkjast i marka i samsvar med kommunalt løyve etter plan- og bygningsloven. Nye grenser for uteareal til eigarseksjon skal merkjast i samsvar med vedtaket om dette etter eierrseksjonsloven. Dersom det under forretninga kjem opp forhold som skapar behov for å gjere mindre avvik for å kunne få ei gagnleg grense ut frå tilhøva i terrenget, må saka leggjast fram for kommunen til godkjenning.

Partane og den som utfører forretninga, har tilgang til privat og offentleg eigedom. Landmålarføretaket kan utføre oppmålingsarbeid i samband med forretninga etter reglane i § 41.

§ 33 sjette ledd skal lyde:

Departementet kan gi forskrift om utføring og dokumentasjon av oppmålingsforretning.

§ 34 første ledd tredje punktum skal lyde:

Koordinatane skal fastsetjast i eit geodetisk grunnlag som er godkjent av matrikkelstyresmakta.

§ 34 femte ledd skal lyde:

Departementet kan gi forskrift om merking, måling og kartfesting av matrikkeleiningar, under dette om når grensemerking kan utelatast.

§ 35 skal lyde:

§ 35 Avtale om og bestilling av ei oppmålingsforretning

Ein avtale om oppmålingsforretning skal vere skriftleg.

Departementet kan gi forskrift om bestilling av ei oppmålingsforretning, til dømes om innhald og utforming av ein avtale om slik forretning.

Ny § 36 skal lyde:

§ 36 Utføringa av oppdraget, varsling o.a.

Landmålarføretaket skal melde tid og stad for ei oppmålingsforretning til partane med minst to vekers varsel. Partane kan godta kortare varsel. Innkallinga skal opplyse om kva forretninga går ut på, den vidare saksgangen og om høve til klage.

Landmålarføretaket skal peike ut ein ansvarleg landmålar for kvart oppdrag. Den ansvarlege landmålaren må ha gyldig landmålarbrev. Den ansvarlege landmålaren skal ta vare på interessene til alle partane, undersøke relevante dokument og elles utføre oppdraget i samsvar med god landmålarskikk.

Om den ansvarlege landmålaren, landmålarføretaket eller nokon av dei tilsette ved kontoret som utfører oppmålingsforretninga, har eller får ei økonomisk eller personleg interesse i eigedommen eller det ligg føre andre særeigne forhold som er eigna til å svekke tilliten til at dei opptrer upartisk, skal partane straks få opplysning om dette. Ein part kan nekte å akseptere forretninga når den ansvarlege landmålaren eller ein annan som utfører forretninga,

  • a) er part i saka

  • b) er i slekt eller svogerskap med ein part i opp-eller nedstigande linje eller i sidelinje så nær som søsken

  • c) er eller har vore gift med, bur eller har budd i eit ekteskapsliknande forhold med, er eller har vore forlova med, eller er eller har vore fosterfar, fostermor eller fosterbarn til ein part

  • d) er verje eller fullmektig for ein part i saka eller har vore slik verje eller fullmektig etter at saka begynte.

Departementet kan gi forskrift om rekkjevidda av tredje ledd og om varsling og proklama.

Ny § 37 skal lyde:

§ 37 Journalføring og arkivering

Landmålarføretaket pliktar å føre journal over bestilte og gjennomførte oppdrag. Journalen og andre dokument som gjeld oppdraget, skal oppbevarast i minst ti år etter at oppdraget er avslutta.

Departementet kan gi forskrift om journalføring og arkivering.

Ny § 38 skal lyde:

§ 38 Krav til landmålarføretak, tildeling av landmålarbrev o.a.

Eit landmålarføretak som tek på seg oppgåver etter denne lova, må ha minst éin landmålar med gyldig landmålarbrev på kvar faste kontorstad. Landmålarføretaket må ha ei forsikring eller stille anna sikker trygding som dekkjer det ansvaret landmålarføretaket og den ansvarlege landmålaren kan pådra seg i samband med utføringa av oppmålingsforretningar.

Matrikkelstyresmakta kan etter søknad tildele landmålarbrev til personar som

  • a) er myndige og eigna til å drive eigedomsoppmåling

  • b) har godkjend utdanning

  • c) har minst to års relevant erfaring etter ferdigutdanning, og

  • d) har bestått ei godkjent autorisasjonsprøve.

Landmålarbrev kan trekkjast tilbake mellombels eller varig ved brot på føresegner eller løyve gitt i eller i medhald av denne lova, plan- og bygningsloven eller eierseksjonslovn, ved gjentekne åtvaringar, eller dersom landmålaren ikkje lenger fyller vilkåra for å ha landmålarbrev. Ein landmålar som ikkje lenger tilfredsstiller krava til å ha landmålarbrev, skal sende melding om dette til matrikkelstyresmakta innan 14 dagar.

Departementet kan gi forskrift om krav til landmålarføretak, til dømes om økonomisk tryggleik og organisering av drifta.

Departementet kan gi forskrift om vilkår for landmålarbrev, tildeling og tilbaketrekking av slikt brev, krav til etterutdanning og gebyr.

Departementet kan gi forskrift om at eigedomslandmåling kan drivast mellombels av personar som er lovleg etablerte i ein annan EØS-stat med sikte på å drive slik verksemd der, og om praktiseringa av slik verksemd, medrekna unntak frå reglane i lova her.

Kapittel 8 overskrifta skal lyde:

Kapittel 8 Om geodetisk grunnlag, oppmålingsarbeid o.a.

§ 39 andre ledd skal lyde:

Kommunen skal bestemme ytterlegare geodetiske data når kommunale oppgåver etter lova her eller plan- og bygningsloven krev det og gjere dei tilgjengelege for brukarane av slike data.

§ 42 skal lyde:

§ 42 Fjerning av merke og signal

Merke og signal kan krevjast fjerna dersom bruken av eigedommen eller eigedommane dei står på gjer dette nødvendig. Fjerning skal utførast av eigarane av merket eller signalet. Fjerning av grensemerke, til dømes utgåtte grensemerke eller merke som kan forvekslast med gyldige grensemerke, skal dokumenterast og rapporterast til matrikkelstyresmakta.

Merke og signal kan også fjernast av kommunen eller staten sitt geodetiske fagorgan dersom dei er utforma og plasserte slik at det kan føre til forveksling med nærliggjande fastmerke og tilhøyrande signal. Utgåtte eller ugyldige grensemerke, eller merke som kan forvekslast med gyldige grensemerke, kan også fjernast av kommunen, jordskifteretten eller matrikkelstyresmakta. Landmålarføretak skal av eige tiltak fjerne merke som føretaket har sett ned feil.

Fastmerke og signal som inngår i det overordna nasjonale grunnlaget, kan ikkje krevjast fjerna etter første ledd eller fjernast av kommunen etter andre ledd. Det same gjeld basispunkt og monumentale fastmerke.

Dersom det er gitt erstatning etter § 41, kan erstatningssummen krevjast heilt eller delvis tilbakebetalt ved fjerning etter første ledd, dersom summen overstig det tapet som er lidd.

Departementet kan gi forskrift om framgangsmåten ved fjerning av merke og signal.

§ 46 skal lyde:

§ 46 Klage, førehandsvarsel og underretning om vedtak m.m.

Det kan klagast over følgjande avgjerder etter denne lova:

  • a) matrikkelføring av saker som krev oppmålingsforretning etter § 6

  • b) vedtak om å fullføre oppmålingsforretning etter § 6 andre ledd andre punktum

  • c) avgjerd om kva som er klarlagd grense etter § 7 tredje ledd

  • d) samanslåing, jf. § 18

  • e) føring av referanse til avtale om grenser mv., jf. § 19

  • f) fastsetjing av samla fast eigedom, jf. § 20

  • g) tildeling av offisiell adresse med heimel i § 21,

  • h) sletting av matrikkeleining med heimel i § 26 første ledd

  • i) avslag på krav om retting av opplysning i matrikkelen, jf. § 26 tredje og fjerde ledd

  • j) avslag på førespurnad om innsyn i matrikkelen etter § 29

  • k) utlevering av matrikkelinformasjon og andre opplysningar om eigedomsoppmåling, jf. § 30

  • l) fastsetjing av betaling med heimel i § 32 som ikkje er fastsett i forskrift eller regulativ godkjent av departementet

  • m) tildeling og tilbaketrekking av landmålarbrev etter § 38 andre og tredje ledd

  • n) vedtak om tvangsmulkt, jf. § 48.

Klageinstans er departementet eller det klageorganet departementet peikar ut. Reglane om klage på enkeltvedtak i forvaltningsloven kapittel VI gjeld for alle klager etter første ledd.

Førehandsvarsel og underretning om vedtaket m.m. til klageinstansen i saker etter første ledd bokstav a og b skal sendast til landmålarføretaket.

Departementet kan gi forskrift om klage, førehandsvarsel og underretning.

§ 47 første ledd skal lyde:

Tvistar om gjennomføringa av oppmålingsarbeid etter § 41 eller om fjerning av merke eller signal etter § 42 blir avgjorde av fylkesmannen. Vedtaket til fylkesmannen kan ikkje klagast på.

§ 48 første ledd første punktum skal lyde:

Kommunen eller matrikkelstyresmakta kan gjere vedtak om å påleggje tvangsmulkt for å få gjennomført vedtak gitt i medhald av denne lova.

II

I lov 27. juni 2008 nr. 71 om planlegging og byggesaksbehandling blir det gjort følgjande endringar:

§ 20-1 første ledd bokstav m skal lyde:

  • m) opprettelse av ny grunneiendom, ny anleggseiendom eller nytt jordsameie, eller opprettelse av ny festegrunn for bortfeste som kan gjelde i mer enn 10 år, eller endring av grenser for slike matrikkelenheter som ikke kan behandles som grensejustering, jf. matrikkellova.

§ 21-2 sjette ledd skal lyde:

De som er nevnt i matrikkellova § 9, kan søke om tillatelse til å opprette ny grunneiendom, ny anleggseiendom, ny festegrunn eller nytt jordsameie, eller tillatelse til endring av grenser for slike matrikkelenheter som ikke kan behandles som grensejustering. Søknaden må angi hvordan enheten ønskes utformet, herunder angi grenseforløpet på kart. Søknaden må vise hvordan de nye enhetene eller grenseendringen en hensiktsmessig måte kan gå inn i en fremtidig utnytting av området, herunder også hvordan krav til tomtestørrelse, fellesareal og plassering av bebyggelsen kan oppfylles.

§ 21-9 fjerde ledd skal lyde:

Tillatelse til tiltak som nevnt i § 20-1 første ledd bokstav m, faller bort dersom det ikke er satt fram krav om matrikkelføring etter matrikkellova innen 3 år etter at tillatelsen ble gitt. Tillatelsen faller også bort dersom matrikkelmyndigheten må avvise kravet om matrikkelføring, og vilkårene for matrikkelføring ikke er rettet innen en nærmere fastsatt frist.

I § 26-1 skal «lov om eigedomsregistrering» endrast til «matrikkellova».

§ 29-4 fjerde ledd skal lyde:

Departementet kan gi forskrift med nærmere bestemmelser om plassering av byggverk, som regler om avstand mellom byggverk, avstand til nabogrense, og beregningsmåten for høyde og avstand, samt for areal på byggverk som nevnt i tredje ledd bokstav b.

§ 33-1 første ledd skal lyde:

Kommunestyret selv kan gi forskrift om gebyr til kommunen for behandling av søknad om tillatelse, utferdigelse av kart og attester og for andre arbeid som det etter denne lov eller forskrift påhviler kommunen å utføre, herunder behandling av private planforslag. Gebyret for behandling av slikt planforslag kan omfatte kommunens arbeid frem til det blir avgjort om forslaget skal fremmes, jf. § 12-11. Gebyret kan ikke være høyere enn de nødvendige kostnadene kommunen har med slike saker. I gebyret kan det inkluderes utgifter til nødvendig bruk av sakkyndig bistand under tilsyn. Andelen av gebyr som innkreves for tilsyn, skal framgå av forskriften. Tiltakshaver kan selv sørge for de nødvendige utredningene.

III

I lov 16. juni 2017 nr. 65 om eierseksjoner blir det gjort følgjande endringar:

§ 13 andre ledd blir oppheva. Gjeldande tredje ledd blir nytt andre ledd.

§ 14 skal lyde:

§ 14 Saksbehandlingstid for kommunens behandling av søknaden om seksjonering

Kommunen skal behandle seksjoneringssøknaden innen 12 uker etter at søknaden er mottatt. For kommuner som selv fører opplysninger om eierseksjoner i matrikkelen med hjemmel i matrikkellova § 5 a, skal tiden det tar å registrere seksjonene i matrikkelen, medregnes i fristen etter første punktum. Ved retting av søknaden etter § 12 første ledd løper fristen fra kommunen har mottatt en rettet søknad. Oversitter kommunen disse fristene, reduseres seksjoneringsgebyret etter § 15 med 25 prosent av det totale gebyret for hver påbegynte uke tidsfristen oversittes.

§ 15 skal lyde:

§ 15 Gebyrer for kommunens behandling av søknaden om seksjonering

Kommunen kan fastsette et seksjoneringsgebyr for å behandle seksjoneringssøknaden. Gebyret kan ikke være høyere enn de nødvendige kostnadene kommunen har med slike saker. Gebyret skal innbetales innen en frist som kommunen setter.

Søkeren skal betale gebyr for matrikulering og tinglysing av seksjoneringsvedtaket i samsvar med matrikkellova § 32 og tinglysingsloven § 12 b. Gebyrene skal innbetales til kommunen. Blir seksjoneringssøknaden avslått, skal kommunen tilbakebetale gebyrene.

§ 17 skal lyde:

§ 17 Matrikkelføring og tinglysing

Kommuner som selv fører opplysninger om eierseksjoner i matrikkelen med hjemmel i matrikkellova § 5 a, skal føre seksjonene inn i matrikkelen straks seksjoneringsvedtaket foreligger. En bruksenhet som skal omfatte ubebygde deler, kan ikke registreres i matrikkelen før det er holdt oppmålingsforretning for grensene for utearealet etter matrikkellova.

Når eventuelle klager over seksjoneringsvedtaket er avgjort, og det foreligger et positivt seksjoneringsvedtak, skal kommunen sende dokumentasjonen som er nødvendig for matrikkelføring og oppretting av grunnboksblad for hver seksjon, til matrikkelføring og tinglysing, jf. matrikkellova §§ 11 a og 24. Departementet kan gi forskrift om slik dokumentasjon og hvilke vedlegg som skal følge med til matrikkelføring og tinglysing.

§ 18 skal lyde:

§ 18 Utsteding av matrikkelbrev

Så snart matrikkelmyndigheten har fått melding om at seksjoneringsvedtaket er tinglyst, skal den fullføre matrikkelføringen og utstede matrikkelbrev.

§ 22 andre ledd skal lyde:

Dersom en eiendom ble seksjonert før den var ferdig utbygd, og det ikke har blitt bygget ut to eller flere bruksenheter på eiendommen innen fem år etter at seksjoneringen ble tinglyst, kan kommunen vedta at seksjoneringen skal slettes. Med ferdig utbygd menes i denne paragrafen at en bruksenhet er bygget i slik utstrekning at den oppfyller minstekravene til den type seksjon (boligseksjon eller næringsseksjon) det er tale om. Kommunen skal sende melding til matrikkelmyndigheten og tinglysingsmyndigheten om at seksjoneringen skal slettes i grunnboken og matrikkelen. Matrikkelmyndigheten og tinglysingsmyndigheten gjennomfører slettingen, og matrikkelmyndigheten utsteder deretter matrikkelbrev. Slettingen i grunnboken kan gjennomføres uten hinder av eventuelle rådighetsinnskrenkninger som hefter på noen av seksjonene.

IV

Lova gjeld frå den tida Kongen fastset. Kongen kan setje i verk dei enkelte føresegnene til ulik tid.

Departementet kan gi nærare overgangsføresegner.»