Innstilling fra næringskomiteen om Noregs fiskeriavtalar for 2018 og fisket etter avtalane i 2016 og 2017

Til Stortinget

1. Sammendrag

1.1 Hovudinnhaldet i meldinga

Noreg er ein havnasjon med rike fiskeressursar. I 2017 eksporterte Noreg villfanga fisk og fiskeprodukt for 26,8 mrd. kroner, som var ny rekord.

På verdsbasis er overfiske av viktige fiskebestandar ei stor utfordring, og Noreg har dei siste tiåra engasjert seg tungt i internasjonalt samarbeid for å få ei berekraftig fiskeriforvaltning.

Vi deler opp mot 90 pst. av fiskeressursane vi haustar av, med andre land. Det er forvaltninga av desse ressursane som er tema for dei årlege fiskeriavtalane. Avtalane skal sikre at haustinga av fiskebestandane er berekraftig. Dei er difor baserte på uavhengige vitskaplege råd om kvotar og forvaltningstiltak, og inneheld forpliktande føresegner om kvotefordeling, forvaltningstiltak og kontrollsamarbeid.

Det er tre overordna mål som ligg til grunn for Noreg sin medverknad i dei ulike forhandlingsprosessane og dei internasjonale organisasjonane for ressursforvaltning:

  • Å fremje ei berekraftig forvaltning av dei levande marine ressursane, basert på den best tilgjengelege vitskaplege kunnskapen og ei økosystembasert tilnærming.

  • Å sikre Noreg ein rettferdig del ved kvotefordeling av felles regulerte bestandar.

  • Å sikre tilfredsstillande kontroll og handheving innan dei forvaltningsregima der Noreg tek del.

Oversikt over fiskeriavtalane

Noreg inngår tre typar internasjonale fiskeriavtalar: tosidige avtalar, kyststatsavtalar og avtalar i regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar (RFMOar).

Noreg inngår tosidige avtalar med Russland, EU, Færøyane, Island og Grønland. Avtalane med Russland og EU er dei mest omfattande og gjeld felles forvaltning av bestandane vi deler i høvesvis Barentshavet og Nordsjøen. I tillegg blir det avtalt gjensidig løyve til å fiske i den andre parten si fiskerisone og byte av kvotar. EU er også formell motpart i avtalane om regulering av fisket i Skagerrak og Kattegat, samt svensk fiske i norsk økonomisk sone. Avtalane med Færøyane, Grønland og Island gjeld først og fremst kvotebyte. Kvotebytet har tradisjonelt vore ei vidareføring av tidlegare fiskemønster hos partane, men nivået avheng òg av variasjonar i storleiken på dei ulike bestandane. Dei tosidige avtalane omfattar dessutan kontrollsamarbeid og i ulik grad forskingssamarbeid.

Dei største bestandane i Norskehavet er makrell, norsk vårgytande sild (nvg-sild) og kolmule. Dette er bestandar som vandrar mellom sonene til fleire statar. Dei blir difor forvalta gjennom fleirsidige avtalar, såkalla kyststatsavtalar, mellom statane som har bestanden i sine soner. Noreg har også ein trepartsavtale om forvaltninga av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen, og er part i prosessen om fordeling og regulering av uer i Irmingerhavet mellom Færøyane, Grønland og Island.

FN-avtalen om fiske på det opne hav pålegg kyststatane og statar som fiskar i internasjonalt farvatn, å ta del i regionalt samarbeid om forvaltninga av vandrande fiskebestandar. RFMOane søkjer å kombinere ei langsiktig bevaring og best mogleg utnytting av fiskeressursane i konvensjonsområda sine. Det skjer gjennom regulering av fisket, miljøtiltak og kontrollsamarbeid. RFMOane har mellom anna vore viktige arenaer i kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske). Dei ulike fiskeriforvaltningsorganisasjonane Noreg deltek i, er nærare presentert i kapittel 3 i meldinga.

Kapittel 2 i meldinga gjev ei kort innføring i tema som er viktige i det internasjonale fiskerisamarbeidet. Det havrettslege rammeverket, den vitskaplege rådgjevinga og dei internasjonale havmiljøprosessane legg viktige premissar for dei årlege fiskeriavtalane. Ein omtalar dessutan det internasjonale samarbeidet mot UUU-fiske og fiskerikriminalitet.

Verdiane vi forhandlar om

Den samla fangstverdien av fiskeriavtalane Noreg inngjekk med andre land i 2017, er rekna til 46,7 mrd. kroner. Noreg sin del utgjorde ein tredel av totalen, eller om lag 16 mrd. kroner. I tillegg kjem verdiane som blir skapte av vidareforedling av fangsten. Den reelle verdien av avtalane er avhengig av i kor stor grad Noreg nyttar kvotane fullt ut.

Figur 1.2 i meldinga viser korleis den økonomiske verdien var fordelt mellom dei viktigaste avtalane i 2017.

Torsken i Barentshavet er den kommersielt viktigaste bestanden Noreg har. Den norske kvoten hadde i 2017 ein verdi på om lag 7,3 mrd. kroner. Det er grunnen til at meir enn halvparten av dei samla verdiane av fiskeriavtalane kjem frå Russlandsavtalen. 29 pst. av verdiane frå avtalane totalt skriv seg frå kyststatsavtalane for dei tre pelagiske bestandane. Makrellen er for tida den viktigaste, med ein verdi på om lag 2,2 mrd. kroner i 2017. Avtalen med EU om forvaltninga av fellesbestandane i Nordsjøen stod for åtte pst. av verdiane.

1.2 Fiskeriavtalane for 2018

Figur 1.3 i meldinga viser den avtalte totalkvoten for viktige bestandar for Noreg i perioden 2015–2018, medan figur 1.4 viser den fastsette norske delen av kvotane på desse bestandane i 2018. Dei endelege kvotane til Noreg vil skilje seg noko frå denne fordelinga, fordi vi byter kvotar i dei ulike avtalane etter at totalkvotane er fastsette.

Kapittel 3 presenterer dei fastsette kvotane og fordelinga av desse i alle dei ulike avtalane. Kapittel 4 inneheld ein gjennomgang av status og vitskapleg rådgjeving for dei ulike bestandane.

Avtalen med Russland

Noreg og Russland har avtalt totalkvotar for 2018 på fellesbestandane i Barentshavet og fordelinga mellom Noreg, Russland og avsetnad til tredjeland. Landa har også avtalt gjensidig rett til å fiske i kvarandre sine soner og har bytt kvotar som gjeld både fellesbestandar og nasjonale bestandar.

Torsken og hysa i Barentshavet har vore på eit svært høgt nivå dei siste åra. Dei to bestandane blir delte likt mellom Noreg og Russland etter at ein har sett av kvotar til tredjeland. Tredjelandskvoten blir bytt mot kvotar på andre artar. Torskekvoten er kring 14 pst. lågare enn i 2017, men er framleis høg historisk sett. Kvotenivået er venta å sikre eit høgt utbyte på lang sikt. Hysekvoten er sett ned med om lag 13 pst. frå 2017.

Noreg og Russland vedtok å vidareføre kvotefleksibilitet mellom år i fisket etter torsk og hyse. Det inneber at partane kan overføre inntil 10 pst. av kvoten til neste år, eller fiske inntil 10 pst. av eigen kvote på forskot.

For første gong sidan 2015 vart det vedtatt å opne for kommersielt loddefiske i Barentshavet i 2018. I tråd med forvaltningsregelen vart loddekvoten fastsett til 205 000 tonn, som er den høgaste kvoten sidan 2012.

Noreg og Russland er einige om å vidareføre arbeidet i analysegruppa i 2018, som har vore sentral i kontrollsamarbeidet med Russland i Barentshavet. Partane skal sjå nærare på norsk og russisk fiskeriregelverk om utkast av fisk.

Avtalane med EU

Noreg og EU har eit felles ansvar for å forvalte fiskeressursane i Nordsjøen. I kvoteavtalen for 2018 er kvotane for torsk, sei, hyse, kviting og sild auka, medan kvoten for raudspette er minka. Byteavtalen vart balansert. Avtalen inneheld òg føresegner om gjensidig løyve til å fiske i den andre parten si fiskerisone.

Av fellesbestandane i Nordsjøen er det silda og seien som har den største kommersielle verdien for Noreg. Noreg har 29 pst. av sildekvoten og 52 pst. av seikvoten. Tilstanden for nordsjøsilda og seibestanden er god.

Noreg og EU har i tillegg inngått avtalar om fisket i Skagerrak/Kattegat og om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen (nabolandsavtalen). Det er silde- og rekefisket i Skagerrak som er av størst interesse for norske fiskarar.

Arbeidet for skjerpa kontroll og overvaking av ressursuttaket er ein viktig del av avtalen med EU. Nytt for 2018 er at partane er einige om å opprette ei arbeidsgruppe for kontroll av nordsjøbestandar.

Kyststatsavtalane

Makrell

Makrellbestanden har vore i god forfatning dei siste åra. Noreg, EU og Færøyane inngjekk i 2014 ein femårig rammeavtale for forvaltning av makrell. Avtalen gjev Noreg 26,67 pst. av delen til dei tre partane i avtalen. I tillegg er det sett av ein del til andre land. Det er gjort forsøk på å inkludere Island og Grønland i denne avtalen, men det har ikkje lukkast. Noreg, EU og Færøyane har difor frå og med 2015 inngått årlege trepartsavtalar om forvaltning av makrell, i tråd med rammeavtalen frå 2014.

Norsk vårgytande sild

Norsk vårgytande sild (nvg-sild) er den største sildebestanden i verda, men har vore inne i ein periode med reduksjon. EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland er kyststatar til nvg-silda. Dei siste åra har Færøyane kravd ein høgare del av den totale kvoten. Det færøyske kravet har ført til at spørsmålet om delinga mellom partane har blitt opna på nytt. Kyststatane har forhandla om delinga i fleire forhandlingsrundar, men har ikkje klart å bli einige om ein ny fempartsavtale.

For 2018 har partane blitt samde om ein totalkvote på nvg-sild på 435 000 tonn. Fram til no er det ikkje nådd ein avtale om fordelinga av andelar til statane, og kvotane vert fastsette unilateralt. I mangel på semje mellom alle partane inngjekk Noreg og EU 7. desember 2017 ein bilateral soneadgangsavtale for nvg-sild og kolmule for 2018. Avtalen gjev begge partar tilgang til å fiske sine tradisjonelle delar av kyststatskvotane i kvarandre sine farvatn. Kvotane bind ikkje partane opp med omsyn til framtidige forhandlingar om delar. I ein situasjon utan avtalar gjev tilgangsavtalen noko stabilitet for 2018. Med utgangspunkt i ein felles kyststatsrapport om nvg-silda si sonetilhøyrsle har Noreg sett ein kvote for 2018 som inneber ein del på 70 pst.

Kolmule

Kolmule er den tredje store pelagiske bestanden i Nordaust-Atlanteren. Bestanden gjekk ned frå 2003 til 2009, men trenden har snudd, og gytebestanden har nær dobla seg. Bestanden er no i god stand og blir hausta berekraftig. Etter initiativ frå EU har partane utarbeidd ein felles rapport om sonetilhøyrsle for kolmulebestanden. Med utgangspunkt i rapporten krev EU ein høgare del av totalkvoten. Færøyane har følgt opp og krev også ein større del. Kyststatane har dei seinaste åra forhandla i fleire rundar om ei ny fordeling av bestanden, men ein har førebels ikkje lukkast i dette.

I forhandlingane for 2018 vart partane samde om ein totalkvote (TAC) som er basert på ICES si rådgjeving og forvaltningplanen som er evaluert av ICES. I mangel på einigheit mellom alle partane inngjekk Noreg og EU i desember 2017 ein bilateral soneadgangsavtale om nvg-sild og kolmule for 2018.

1.3 Dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane

Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC) har ein samordnande funksjon i reguleringa av fisket etter bestandar som vandrar mellom partar sine økonomiske soner og internasjonalt farvatn. Dette gjeld kolmule, norsk vårgytande sild, makrell og uer. Ettersom forhandlingane om kyststatsavtalar for kolmule og norsk vårgytande sild ikkje var avslutta før årsmøtet, vart det for 2018 vedteke foreløpige reguleringar utan kvantumsavgrensingar for desse artane. Reguleringane sikrar rapportering og hindrar ekspansjon i fisket av partar som ikkje er kontraktspartar til NEAFC. Det er venta at nye reguleringar for 2018, som er i tråd med kyststatsavtalane for høvesvis kolmule og norsk vårgytande sild, vil bli vedteke ved postavstemming. Når det gjeld makrell, er kyststatane ikkje einige om ein avtale for 2018 som omfattar alle partane. Årsmøtet vedtok difor ei regulering for internasjonalt farvatn utan kvantumsavgrensingar.

Mange av bestandane som blir forvalta av Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen (NAFO) er under moratorium. Noreg har rett til å fiske på lodde, torsk og to rekebestandar, men av desse er berre torskefisket ope. Det er sett i gang arbeid med å utarbeide forvaltningsplanar for viktige bestandar. Det er eit viktig steg framover. NAFO har dei siste åra lagt stor vekt på å regulere fisket med botnreiskapar slik at sårbare marine økosystem blir skåna. I dag er i alt 21 område i NAFO stengde for fiske med botnreiskapar for å verne konsentrasjonar av korallar og svamp, som har særleg sårbare økosystem. Stengingane gjeld også fleire område med undersjøiske fjell. På årsmøtet i 2017 vedtok NAFO å starte ein prosess med sikte på å minimere/eliminere utkast. I tillegg vart det vedteke endeleg mandat for NAFO si andre prestasjonsevaluering, som venteleg vil bli gjennomført i 2017 og 2018. Årsmøtet i 2017 var det første møtet under den nye NAFO-konvensjonen, som tredde i kraft 18. mai 2017.

Noreg hadde i perioden 2007–2013 forbod mot fiske og landing av makrellstørje på bakgrunn av bestandssituasjonen og fordi totalkvoten vart sett høgare enn tilrådd. Den internasjonale kommisjonen for bevaring av atlantisk tunfisk (ICCAT) har no klåre indikasjonar på at den negative trenden er snudd og at tilstanden til bestanden er betre. Noreg opna for fangst av den norske kvoten i 2014. I 2017 vart heile kvoten på 52,48 tonn fiska opp. Totalkvoten for 2018 er sett til 28 200 tonn, og den norske kvoten er auka til 104 tonn.

Kommisjonen for bevaring av dei marine levande ressursane i Antarktis (CCAMLR) har vedteke å vidareføre kvotane på krill i Antarktis på same nivå som tidlegare. Tilrådd fangst er 5,61 millionar tonn. Kvoten er ikkje delt mellom dei enkelte medlemmane. Den norske flåten fiskar om lag 60 pst. av den totale krillfangsten i konvensjonsområdet.

Den norske kvoten på vågekval blir fastsett på bakgrunn av det arbeidet som er gjort i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC) sin vitskapskomité. Kvoten for vågekval er i 2018 på 1 278 dyr, og inneber ein auke frå 999 dyr i fjor.

1.4 Fisket etter avtalane i 2017 og 2018

Norske fiskarar utnyttar generelt kvotane godt, og for dei kommersielt viktigaste bestandane blir kvotane nytta så godt som fullt ut. For fiskeslaga i tabell 1.1 i meldinga kan ein normalt overføre inntil 10 pst. av kvotane mellom år. Avvik frå full utnytting i enkelte år tyder altså ikkje nødvendigvis på at kvotane ikkje blir fiska opp. Tilgangen til å fiske i andre land sine soner blir nytta i ulik grad. Til dømes nyttar Noreg sonetilgangen vi har i russisk sone, lite, fordi vi har god tilgang i eiga sone på bestandane vi deler med Russland.

Noreg nytta heile den norske sildekvoten. I tillegg var torske- og seikvoten sør for 62°N brukbart nytta begge åra. Ifølgje offisiell fangststatistikk har EU i dei seinare åra hatt relativt god utnytting av fellesbestandane i Nordsjøen, det same gjeld kvotane dei har i norsk sone nord for 62°N.

I EU-farvatna vart dei norske kvotane av dei pelagiske artane kolmule, augepål og havbrisling godt nytta. Norske linefartøy fiska opp langekvoten og hadde god utnytting av brosmekvoten i 2016 og 2017. Det norske fisket i Skagerrak har dei siste åra i hovudsak vore konsentrert om reker og sild. EU har fiska mest av artane torsk, raudspette, sild og reker i Skagerrak. Sverige har stort sett nytta sine kvotar i norsk økonomisk sone godt.

Alle kyststatane har nytta kvotane sine av dei pelagiske artane norsk vårgytande sild, kolmule og makrell godt. Både i sesongen 2016/2017 og sesongen 2017/2018 nytta Noreg heile kvoten sin av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen.

1.5 Nærare om nokre av fiskeriavtalane for 2018

Forvaltninga av norsk vårgytande sild

Norsk vårgytande sild (nvg-sild) har vore den største fiskebestanden i Nord-Atlanteren og den største sildebestanden i verda. Bestanden er no på eit lågare nivå enn tidlegare.

18. januar 2007 vart det underteikna ein ny kyststatsavtale mellom EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland om forvaltninga av nvg-sild. Denne avtalen gav Noreg 61 pst. av nvg-silda. Avtalen inneheldt òg den same langsiktige forvaltningsplanen partane vart einige om under den tidlegare avtalen frå 1996. Partane var i tillegg einige om tosidige avtalar om sonetilgang.

Færøyane har dei siste åra kravd ein høgare del av den totale kvoten, noko som har ført til at heile spørsmålet om delinga mellom partane blei opna på nytt. Kyststatane har forhandla om delinga i fleire forhandlingsrundar, men har ikkje klart å bli einige om ein ny fempartsavtale.

I 2013 og 2014 inngjekk Noreg, EU, Island og Russland ein firepartsavtale med ein kvote til Færøyane basert på deira tradisjonelle del av silda. For 2015 og 2016 derimot inngjekk ikkje partane firepartsavtalar. For 2017 inngjekk alle fem kyststatane ein avtale om totalkvote (TAC). På bakgrunn av Færøyane sin auke av eigen eigarpart på kolmule, vedtok Noreg å auke sin eigarpart for nvg-sild frå 61 pst. til 67 pst. for 2017, basert på nvg-silda si sonetilhøyrsle til norske farvatn.

Etter funn av ein konverteringsfeil i bestandsberekningsmodellen blei rådet for 2018 trekt tilbake. Det blei utarbeidd eit nytt kvoteråd, og kyststatane kunne 7. desember 2017 signere ein fempartsavtale om ein totalkvote (TAC) på 435 000 tonn. I mangel av semje om fordeling, vart partane sine kvotar fastsette unilateralt. Med utgangspunkt i ein felles kyststatsrapport om nvg-silda si sonetilhøyrsle har Noreg sett ein kvote for 2018 som inneber ein eigarpart på 70 pst.

I avtalen vart kyststatane også samde om å sende ein førespurnad til ICES med tanke på revisjon av referansepunkta for nvg-sild. Referansepunkta vil danne grunnlag for ein revisjon av forvaltningsplanen som er planlagd i løpet av hausten 2018, slik at ny kvoterådgjeving frå Det internasjonale råd for havforsking for 2019 kan ta utgangspunkt i ein ny forvaltningsplan.

I mangel på semje mellom alle partane inngjekk Noreg og EU 7. desember 2017 ein bilateral soneadgangsavtale for nvg-sild og kolmule for 2018. Avtalen gjev begge partar tilgang til å fiske delar av sine tradisjonelle kvotedelar av kyststatskvotane i kvarandre sine farvatn. Kvotane bind ikkje partane opp med omsyn til framtidige forhandlingar om delar.

I ein situasjon utan avtalar om deling av andelar for 2018 er det positivt at Noreg og EU har ein avtale som gjev noko stabilitet for fiskarane i 2018. I tillegg gjev Noreg Russland tilgang til å fiske den russiske kvoten i norsk sone for å unngå fiske på småfisk i russisk sone.

Forvaltninga av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen

Ein trepartsavtale om loddebestanden ved Island, Grønland og Jan Mayen vart underteikna 12. juni 1989.

Grønland meiner at sonetilhøyrslerapportar viser at dei har krav på ein større del av den totale kvoten enn det dei har per i dag. Partane har difor møtst til forhandlingar ei rekkje gongar dei seinare åra, seinast i oktober 2017, der sonetilhøyrsle, deling og forvaltning har vore hovudtema. Partane har ikkje kome i mål med desse spørsmåla endå. Det er planlagt eit nytt møte i Reykjavik andre kvartal i 2018.

Forvaltninga av makrell

I perioden 2010–2014 gjennomførte Noreg, EU, Færøyane og Island 20 rundar med drøftingar utan at partane vart samde om ein ny kyststatsavtale om framtidig fordeling og forvaltning av makrell.

Då det i mars 2014 vart klart at ein heller ikkje for 2014 vart samde om ein kyststatsavtale, inngjekk Noreg, EU og Færøyane i staden ein trepartsavtale.

Ein har seinare gjort fleire forsøk på å inkludere Island i trepartsavtalen, men ikkje lukkast med dette. Grønland har òg delteke i dei årlege forhandlingane, då det har utvikla seg eit makrellfiske i grønlandsk farvatn, men utan at partane har blitt samde om ein felles avtale.

Noreg, EU og Færøyane har difor frå og med 2015 inngått årlege avtalar om forvaltninga av makrell i tråd med rammeavtalen frå 12. mars 2014. Hausten 2015 vart dei tre partane dessutan samde om ein forvaltningsplan for makrell. Den nye forvaltningsplanen vart fastsett hausten 2017 på grunnlag av ein såkalla benchmark for makrell frå ICES.

1.6 Bestandane – status og rådgjeving

Barentshavet

I Barentshavet finn vi framleis store mengder vaksen torsk (skrei), sjølv om vi er over toppen og mengda vil minke noko dei neste åra. Også hysebestanden står det godt til med, men rekrutteringa har vore meir normal dei siste åra, og storleiken på bestanden er litt redusert frå det rekordhøge nivået vi har hatt dei siste seks–åtte åra. Det ser også ut som om blåkveitebestanden og snabeluerbestanden er på eit stabilt og historisk sett middels nivå. Lodda var i åra 2009–2013 på eit relativt høgt og stabilt nivå, men kasta lite av seg i form av fiske, sidan det kraftige beitepresset frå torsken har teke mesteparten av den årlege produksjonen. Loddebestanden minka kraftig etter 2013, men tok seg brått opp igjen i 2017. Det var ikkje loddefiske i 2016 og 2017, men i 2018 vart det igjen opna for fiske på denne bestanden.

Norskehavet

Dei store og kommersielt viktige bestandane i Norskehavet er å finne i dei frie vassmassane – vi kallar dei pelagiske bestandar. Dei tre viktigaste er sild, makrell og kolmule.

Medan sildebestanden er på nedtur, er det motsette tilfelle for dei to andre. Makrellen har hatt svært god rekruttering, det vil seie sterke årsklassar har kome inn i bestanden i mange av dei seinare åra. Bestanden har ekspandert og dekkjer no i beiteperioden store delar av Norskehavet, havområda ved Island og Grønland og heilt nord til Svalbard. Kolmula har også, etter ein periode med svak rekruttering, no kome inn i ein betre periode, og denne bestanden er på eit høgt nivå. Silda er, som nemnt, inne i ein periode med bestandsreduksjon på grunn av manglande rekruttering. Gytebestanden blir difor redusert frå år til år både på grunn av naturleg død og fiske. Så langt har ein ikkje observert teikn til neste sterke sildeårsklasse.

Nordsjøen og Skagerrak

Nordsjøen er eit svært produktivt område, der det har vore hausta mykje sjømat på eit lite areal. Her finst både pelagisk fisk, botnfisk, reker og kreps.

I lange periodar har botnfisken vore viktigast i fiskeriet i Nordsjøen og Skagerrak, men det har gått tilbake med fangsten av botnfisk. Dei siste åra har pelagisk fisk og botnfisk omtala i denne rapporten vore omtrent på same nivå, kring 500 000 tonn kvar. Både på 1970- og 1980-talet vart det hausta rundt 1 million tonn botnfisk åleine frå dette området. Det er vanskeleg å peike på ei einskild årsak til nedgangen, men både overfiske og utkast/neddreping av yngel har utan tvil mykje av skulda. Det er likevel eit faktum at mange av bestandane i Nordsjøen i ei årrekkje har hatt dårleg rekruttering, enten gytebestanden har vore stor eller liten, utan at ein sikkert har kunna peike på årsakene til dette.

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Ruth Grung, Cecilie Myrseth, Nils Kristen Sandtrøen og Terje Aasland, fra Høyre, Mathias Bernander, Margunn Ebbesen, Kårstein Eidem Løvaas og Tom-Christer Nilsen, fra Fremskrittspartiet, Kjell-Børge Freiberg og Morten Ørsal Johansen, fra Senterpartiet, Geir Adelsten Iversen og lederen Geir Pollestad, fra Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes, fra Venstre, André N. Skjelstad, og fra Kristelig Folkeparti, Steinar Reiten, viser til Meld. St. 9 (2017–2018) om fiskeriavtalene Norge har inngått med andre land, og om fisket etter avtalene i 2016 og 2017. Komiteen viser til at dette er en årlig melding fra Nærings- og fiskeridepartementet som legges frem for Stortinget, og som gir nyttig informasjon om fiskeripolitikken.

Komiteen merker seg at fiskeriavtalene bygger på et langsiktig forvaltningsarbeid som legger grunnlaget for at vi kan høste fra robuste fiskebestander og drive lønnsom næringsaktivitet i havområdene våre.

Komiteen merker seg at Norge deler opp mot 90 pst. av fiskeressursene vi høster av, med andre land, og ser på internasjonalt samarbeid som avgjørende for en vellykket og bærekraftig fiskeriforvaltning. Komiteen har merket seg, og støtter, at det er tre overordnede mål som ligger til grunn for Norges medvirkning i de ulike forhandlingsprosessene og de internasjonale organisasjonene for ressursforvaltning, nemlig bærekraftig forvaltning av de marine ressursene, å sikre Norge en rettferdig andel av kvotene og god kontroll og håndheving innen forvaltningsregimene der Norge deltar. Komiteen legger til grunn at det arbeides med å oppnå best mulige avtaler for Norge.

Komiteen merker seg videre at Norge inngår tre typer internasjonale fiskeriavtaler: tosidige avtaler, kyststatsavtaler og avtaler i regionale fiskeriforvaltningsorganisasjoner, såkalte RFMOer.

Komiteen mener ulovlig fiske er en alvorlig trussel mot fiskeressursene, og vil understreke viktigheten av det internasjonale kontrollsamarbeidet. Komiteen vil understreke betydningen av at Norge også i årene som kommer, vektlegger arbeidet mot såkalt UUU-fiske (ulovlig, urapportert og uregulert fiske) og fiskerikriminalitet både nasjonalt og internasjonalt.

Komiteen merker seg at meldingen gir god og oppdatert kunnskap om økosystemene og bestandsutviklingen i våre havområder.

Komiteen merker seg videre at norske fiskere generelt utnytter kvotene godt, og at kvotene for de kommersielt viktigste bestandene ifølge meldingen blir utnyttet så godt som fullt ut.

Komiteen ser det som viktig at Norge har en aktiv rolle i internasjonalt havsamarbeid, både når det gjelder utvikling av internasjonalt regelverk og for forvaltningen av fiskeriene og havmiljøet. Komiteen ser det som positivt at Norge kan spille en viktig rolle globalt gjennom faglige bidrag.

Komiteen viser til Riksrevisjonens funn i sin rapport om fiskeriforvaltningen i Nordsjøen og Skagerrak (Dokument 3:9 (2016–2017)). Komiteen viser til at det her ble funnet en rekke svakheter i forvaltningen av fiskeriressursene i disse områdene, også der det foregår godt samarbeid med andre land. Komiteen mener at Riksrevisjonens anbefalinger bør følges opp snarest.

Komiteen viser til at det i samme rapport kom fram at en stor andel av det norske regelverket for fiskeri kun finnes på norsk.

På denne bakgrunn fremmer komiteen følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen på bakgrunn av Riksrevisjonens merknader og EUs uttalte ønske, komme tilbake med en vurdering av om det norske fiskeriregelverket skal tilgjengeliggjøres på engelsk.»

3. Komiteens tilråding

Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.

Komiteen har ellers ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:
I

Stortinget ber regjeringen, på bakgrunn av Riksrevisjonens merknader og EUs uttalte ønske, komme tilbake med en vurdering av om det norske fiskeriregelverket skal tilgjengeliggjøres på engelsk.

II

Meld. St. 9 (2017–2018) – Noregs fiskeriavtalar for 2018 og fisket etter avtalane i 2016 og 2017 – vedlegges protokollen.

Oslo, i næringskomiteen, den 8. mai 2018

Geir Pollestad

Cecilie Myrseth

leder

ordfører