Sammendrag

Barne- og likestillingsdepartementet legg i proposisjonen fram eit forslag til endringar i lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdloven) kapittel 14 om ytelser ved fødsel og adopsjon.

Den totale stønadsperioden ved fødsel er 49 veker med full sats (100 prosent) og 59 veker med redusert sats (80 prosent). Ved adopsjon er den totale stønadsperioden 46 veker med full sats og 56 veker med redusert sats.

Stønadsperioden etter ein fødsel og adopsjon er delt i tre delar: 15 veker er øyremerkt mor og 15 veker er øyremerkt far. Desse vekene er i folketrygdlova omtala som mødre- og fedrekvoten. Dei resterande vekene kan foreldra dele fritt mellom seg dersom vilkåra for det er oppfylt (heretter omtala som fellesdelen). Ved fødsel har mor i tillegg rett til 3 veker med foreldrepengar før fødselen og 6 veker etter fødselen. Disse 6 vekene inngår i mødrekvoten. Dette følgjer av § 14-9 femte ledd.

Mødre- og fedrekvoten har sidan 1. juli 2018 vore 15 veker anten foreldra vel full eller redusert sats. Fellesdelen er 16 veker ved full sats (80 prosent) og 26 veker ved redusert sats (100 prosent). Storleiken på fellesdelen varierer med andre ord etter kva for ein dekningsgrad foreldra vel.

Departementet føreslår å auke kvar av dei øyremerkte delane til 19 veker når foreldra vel ein dekningsgrad på 80 prosent av foreldrepengegrunnlaget (redusert sats). Dette inneber ikkje endringar i lengda på stønadsperioden etter fødsel, som er 56 veker. Den delen av stønadsperioden som foreldra står fritt til å dele, vert såleis redusert frå 26 veker til 18 veker. Når foreldra vel ein dekningsgrad på 100 prosent av foreldrepengegrunnlaget (full sats), vert det ikkje endring i dei øyremerkte delane. Forslaget om eigne kvotar for 80 prosent uttak av foreldrepengar og ei endring av kvoteomgrepet vart sendt på offentleg høyring 23. mai 2018, med frist for å kome med tilbakemeldingar den 4. juli 2018. Av dei 28 høyringsinstansane som har kommentarar til forslaget, er det 22 instansar som støttar forslaget heilt eller delvis, og 8 instansar som ikkje støttar forslaget. Dei som støttar forslaget, grunngir dette særleg med omsynet til eit likestilt arbeids- og familieliv. Fleire av dei som er imot forslaget, tek opp høvet for kvinner til å amme i tråd med nasjonale retningsliner.

Etter departementet sitt syn vil ei tredeling av stønadsperioden ved redusert sats balansere omsynet til statleg styring og behovet for valfridom og fleksibilitet for familiane på ein god måte.

Departementet føreslår at endringane skal få verknad for dei tilfella der uttak av stønadsperioden startar 1. januar 2019 eller seinare.

Denne proposisjonen er ledd to i innfasinga av punktet i regjeringa si politiske plattform om at foreldrepermisjonen skal verte delt i tre like delar.

Dei føreslåtte endringane kan altså verte gjennomført innanfor rammene av regjeringa sitt forslag til budsjettramme for 2019 på kap. 2530 Foreldrepengar og kap. 605 Arbeids- og velferdsetaten.