Innstilling frå transport- og kommunikasjonskomiteen om Utbygging og finansiering av rv 36 på strekninga Bø–Seljord i Telemark

Dette dokument

  • Innst. 47 S (2018–2019)
  • Kjeldedokument: Prop. 113 S (2017–2018)
  • Utgjevar: transport- og kommunikasjonskomiteen
  • Sidetal: 2
Søk
Til Stortinget

Samandrag

Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om utbygging og finansiering av to delstrekningar på rv. 36 mellom Bø og Seljord i Telemark.

Rv. 36 er ei viktig transportåre mellom Grenlandsområdet og Midt-Telemark og knyter saman hovudferdselsårene E18 og E134. Langs Seljordsvatnet er det låg standard med krappe kurver og mykje stigning. Lokale styresmakter ønskjer å forsere ei utbetring gjennom bompengefinansiering.

Det er lagt opp til at utbetringa kan starte i 2019, med fullføring i løpet av 2021.

Dei to delstrekningane er ulykkesutsette. I perioden 2007–2017 var det ni ulykker med personskade på strekningane.

Det ligg føre ein godkjend reguleringsplan for begge delstrekningane. Styringsramma er sett til 264 mill. 2018-kroner og kostnadsramma til 291 mill. 2018-kroner.

Samfunnsøkonomisk netto nytte for utbygginga er rekna til om lag -240 mill. kroner. Netto nytte over totale kostnader er rekna til -0,9. Utan bompengefinansiering er prosjektet si samfunnsøkonomiske netto nytte rekna til om lag -190 mill. kroner, og netto nytte over totale kostnader er rekna til -0,8.

Utbygginga er handsama lokalpolitisk i Seljord kommune, Bø kommune, Sauherad kommune, Nome kommune og i Telemark fylkeskommune. Telemark fylkeskommune har vedteke ein fylkeskommunal garanti ved sjølvskyldnarkausjon for bompengeselskapet Vegfinans rv36 Telemark AS si gjeld, med pant i bompengeselskapet sine rettar til å krevje inn bompengar. Det samla garantibeløpet (som svarer til bompengeselskapet si samla gjeld rekna ut frå pessimistiske føresetnader) vert avgrensa oppover til 400 mill. 2017-kroner med tillegg av 10 pst. av til ei kvar tid gjeldande hovudstol til dekning av eventuelle påløpne renter og omkostninger.

Ein eventuell kostnadsauke ut over prisstigninga skal dekkjast i samsvar med gjeldande retningslinjer for bompengeprosjekt. Dersom økonomien i prosjektet blir svakare enn føresett, kan bompengeselskapet etter avtale med Vegdirektoratet auke takstane med inntil 20 pst. og forlenge innkrevjingsperioden med inntil 5 år. Innkrevjingsperioden er rekna til om lag 15 år.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Øystein Langholm Hansen, Kirsti Leirtrø, Sverre Myrli og Ingalill Olsen, frå Høgre, Solveig Sundbø Abrahamsen, Jonny Finstad, Nils Aage Jegstad og leiaren Helge Orten, frå Framstegspartiet, Tor André Johnsen, Dagfinn Henrik Olsen og Morten Stordalen, frå Senterpartiet, Bengt Fasteraune og Siv Mossleth, frå Sosialistisk Venstreparti, Arne Nævra, og frå Venstre, Jon Gunnes, viser til at rv. 36 er ei viktig ferdselsåre for lokal- og regionaltrafikken mellom Grenlandsområdet og Midt-Telemark og knyter saman hovudferdselsårene E18 og E134. Vegstandarden på strekninga Bø–Seljord er låg, med krappe svingar og delvis mykje stigning.

Komiteen er kjent med at det lokalpolitisk er gitt uttrykk for at ein primært ønskjer at strekninga blir bygt med 100 pst. statleg finansiering, men dei involverte kommunane har alle likelydande vedtak på at dersom dette ikkje er mogeleg, går ein inn for at strekninga skal byggjast med bompengefinansiering og der Telemark fylkeskommune garanterer for låneopptak avgrensa til 400 mill. kroner.

Komiteen viser til at prosjektet er tenkt finansiert på etterskotsinnkrevjing, og det skal krevjast inn bompengar i begge retningar. Det er lagt til grunn 15 års innkrevjing i ein automatisk bomstasjon på parsellen Stodi.

Gjennomsnittlege bompengetakstar blir sette til inntil kr 29,92 (2017-kroner). Med dei føresetnader som elles er lagde til grunn og trippel takst for takstgruppe 2, svarar dette til takstar på kr 31 for takstgruppe 1 og kr 93 for takstgruppe 2.

I finansieringsopplegget er det lagt til grunn fritak for nullutsleppskøyretøy i tråd med gjeldande takstretningslinjer.

Det er ein føresetnad at bompengetakstane skal regulerast i takt med prisstigninga.

Ordninga med bompengar er basert på eit rabattsystem som inneber at alle trafikantar i takstgruppe 1 med ei gyldig elektronisk brikke får 20 pst. rabatt.

Køyretøy i takstgruppe 1 betaler for maks 40 passeringar per kalendermånad ved bruk av brikke. Kjøretøy i takstgruppe 1 betaler for maks 40 passeringer per kalendermånad ved bruk av brikke.

Komiteen merker seg at etter at innkrevjinga av bompenger har starta, skal Statens vegvesen i samråd med lokale myndigheiter gjere ei vurdering av trafikksituasjonen på avlasta vegnett (fv. 156), både av omsyn til miljøet og trafikktryggleiken. Ved ein uønska auke i trafikken skal det i første omgang vurderast tiltak som senker farten, som t.d. skilting og fartsdumper. Om nødvendig må ein også vurdere innkrevjing av bompengar på avlasta vegnett.

Prosjektet rv. 36 Bø–Seljord bør leggjast inn under Vegfinans rv. 36 Telemark AS, eit dotterselskap til Vegfinans AS, som er eit regionalt bompengeselskap.

Tilråding frå komiteen

Komiteen si tilråding blir fremja av ein samla komité.

Komiteen syner til proposisjonen og sine merknader og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:
  1. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å gjennomføre prosjektet rv. 36 Bø–Seljord innanfor ei kostnadsramme på 291 mill. 2018-kroner.

  2. Stortinget samtykkjer i at bompengeselskapet får løyve til å ta opp lån og krevje inn bompengar til bompengefinansiering av utbygging av rv. 36 på strekninga Bø–Seljord i Telemark. Vilkåra går fram av Prop. 113 S (2017–-2018).

  3. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet og fastsetje nærare reglar for finansieringsordninga.

Oslo, i transport- og kommunikasjonskomiteen, den 13. november 2018

Helge Orten

Solveig Sundbø Abrahamsen

leiar

ordførar