2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Dag Terje Andersen, Eva Kristin Hansen og Magne Rommetveit, frå Høgre, Svein Harberg og Bente Stein Mathisen, frå Framstegspartiet, Carl I. Hagen og Ulf Leirstein, frå Senterpartiet, Nils T. Bjørke, frå Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes, og frå Kristeleg Folkeparti, Hans Fredrik Grøvan, syner til Riksrevisjonens undersøking av Noregs internasjonale klima- og skogsatsing (Dokument 3:10 (2017–2018)), som peikar på fem hovudfunn:

  • Resultata av REDD+-arbeidet er forsinka og usikre.

  • Kontrollen av gjennomføringa og resultata av REDD+ fungerer ikkje godt nok.

  • Det norske bidraget til REDD+ har ikkje utløyst nok pengar frå andre givarar.

  • Klima- og miljødepartementet er ikkje systematisk nok i innhentinga og bruken av informasjon om resultata av den norske klima- og skogsatsinga.

  • Departementa si oppfølging av risikoen for misleghald er ikkje god nok.

Komiteen deler i all hovudsak synet på dei funna som Riksrevisjonen har kome fram til, samstundes som komiteen er av den oppfatninga at det innanfor REDD+-programmet er tiltak som har særs god effekt, og det er andre tiltak som har mindre effekt.

Komiteen har både gjennom rapporten og ved si synfaring i Brasil i september 2018 sett nærare på den satsinga som er gjord gjennom REDD+-programmet, og vil streke under at det kan vere delar av rapporten som kunne vore noko annleis om Riksrevisjonen sjølv hadde vore ute i felten for å undersøkje tilhøva, slik komiteen gjorde på si reise.

Komiteen meiner tala som syner at uthogginga av regnskogen i Amazonas har gått merkbart ned sidan 2004 til no, syner at hjelpa i all hovudsak når fram. Ein nedgang i hogsten frå 27 772 km² i 2004 til 6 624 km² i 2017 er eit monaleg bidrag og ei oppmuntring for vidare innsats. Komiteen har vidare merka seg at FNs klimakonvensjon no har eit anna referansenivå enn det som opphaveleg vart sett for meir enn ti år sidan.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemen Carl I. Hagen frå Framstegspartiet, vil peike på at det var rett av den norske regjeringa i 2007 å satse på å bevare den tropiske skogen i utviklingsland av omsyn til klimaet. Ved å auke opptaket av og ved å lagre karbon kan ein få eit betre klima ved å satse på klimatiltak i skogen. Fleirtalet vil òg leggje vekt på at Noreg, som ein liten nasjon med store ressursar, kan og skal vere eit føregangsland i arbeidet med å nå både klimapolitiske og utviklingspolitiske mål.

Komiteen vil særskilt få peike på dei mange små og mellomstore lokale tiltaka der lokalsamfunn i fellesskap får utvikla seg på ein berekraftig måte. Komiteen fekk eit innblikk i dette på synfaringa si i september 2018, der mellom anna familiar har fått ein betre kvardag takka vere opplæring som er gjeve via midlar frå Amazonasfondet. Som oftast er det dei prosjekta som har mest lokal forankring som gjev dei beste, konkrete resultata. For komiteen var det òg nyttig å sjå at dei som var avhengige av å få bruke ressursane i regnskogen, fekk lov til å bruke dei på ein berekraftig måte.

Komiteen syner elles til rapporten og dei mange stadene der Noreg si internasjonale klima- og skogsatsing går føre seg. I Etiopia, Colombia, Kongo og Indonesia har ein spesialutsendingar ved dei norske ambassadane. Ein legg til grunn at oppfølginga av dei ulike prosjekta skjer i tett dialog mellom våre ambassadar på vegner av den norske staten. Komiteen meiner det er særs viktig å ha ein brei dialog mellom styresmaktene i dei ulike landa, men òg å sørgje for at dei urfolka og menneska som bur tett på regnskogen og er avhengige av han, blir tekne med på råd.

Komiteen deler uroa til Riksrevisjonen om svak framdrift i det omfattande arbeidet med å leggje til rette for utsleppsreduksjonar gjennom nasjonale REDD+-satsingar. Samstundes er det positivt at mange utviklingsland har vist interesse for å delta i arbeidet, i og med at 36 land har fått stønad frå Noreg. Komiteen merkar seg at det er utfordringar i landa med dei største skogområda, slik som Indonesia, Brasil og Kongo.

Komiteen syner til at Riksrevisjonen er uroa over kontrollen med gjennomføringa, og at resultata av REDD+ ikkje fungerer godt nok. I tråd med tidlegare vedtak i Stortinget og funn i revisjonen meiner komiteen det er naudsynt at Klima- og miljødepartementet set klare krav rundt dei såkalla sikringsmekanismane. Det er viktig at midlane blir brukte rett og ikkje står i strid med mål om kamp mot fattigdom, rettane til urfolk og bevaring av naturskogen. Komiteen legg difor til grunn at Klima- og miljødepartementet vil kome med fleire tiltak i forvaltninga av dei norske midlane, slik at me kan vere trygge på at det er openheit omkring kva resultat som blir oppnådd.

Komiteen legg vekt på at sjølv om Riksrevisjonen peikar på at det kan vere ein langsam prosess frå tiltak blir iverksette til pengane blir utbetalte, er det rett å ha ein kontroll over pengane som gjer det mogleg å etterprøve kva pengane har gått til. Komiteen syner til at det kan vere motstrid i desse ynskja sett frå norsk side; på den eine sida å få til gode og raske resultat med klimaeffekt og på den andre sida å ha kontroll med pengebruken.

Komiteen vil peike på at det er om lag ti år sidan Stortinget gav uttrykk for at overvaking og kontrollordningar måtte på plass for å sikre at det blir betalt for reelle utsleppsreduksjonar. Komiteen forstår at dette kan vere krevjande, både teknisk og tidsmessig, men vil streke under at departementet på dette området må halde stø kurs og arbeide ytterlegare for å få dette på plass.

Komiteen er uroa over at andre givarland ikkje har bidrege med så mykje inn i REDD+-arbeidet som ein skulle ynskje. Samstundes er det vanskeleg å leggje seg opp i kva prioriteringar som blir gjorde av andre land. Komiteen meiner det samstundes ikkje bør vere til hinder for at Noreg på eigen kjøl tek tak og initiativ for å gjere viktige satsingar – sjølv om me kan risikere å stå åleine om gjennomføringa. Komiteen meiner arbeidet med å få fleire partnarar i det vidare arbeidet ikkje bør stanse opp, og vil peike på arbeidet overfor internasjonale organisasjonar for å få med seg fleire.

Komiteen seier seg nøgd med at Klima- og miljødepartementet har etablert eit resultatrammeverk for REDD+-satsinga, men vil oppmode til å arbeide betre med innhenting og analyse for å få betre systematikk som gjev grunnlag for betre styring og kontroll innanfor rammeverket. Dette vil vere med på å gje eit innblikk i framdrift og resultat av den norske klima- og skogsatsinga på ein betre måte enn i dag.

Komiteen har merka seg at statsråden er usamd i delar av Riksrevisjonen si framstilling og meiner resultata er betre enn kva rapporten maktar å formidle. Komiteen legg òg til grunn at statsråden gjennom sitt departement vil følgje opp dei fire anbefalingane som er komne frå Riksrevisjonen, og finn den vidare strategien frå statsråden sitt svar i rapporten som tilfredsstillande som ei rettesnor for det vidare arbeidet.

Komiteen har vidare i arbeidet sitt sett statsråden sin argumentasjon knytta til det offentleg-private samarbeidet som kan gje gode miljøresultat, og om samarbeidet med urfolksorganisasjonar og dei sivile samfunna som lever tett på og i regnskogen. Komiteen finn grunn til å peike på at satsinga har gjeve gode teknologiske framskritt i overvakinga av regnskogen, kamp mot skogkriminalitet og innsats for grøn vekst.

Komiteen finn det urovekkjande at oppfølgjinga av risikoen for misleghald ikkje er god nok, slik Dokument 3:10 (2017–2018) frå Riksrevisjonen syner til. Det er avgjerande at når misleghald blir oppdaga, skal dette bli slått ned på – og få konsekvensar for dei som står bak misleghaldet. Samstundes har komiteen forståing for at det er krevjande å forvalte store summar med mange aktørar. Men nettopp difor er det viktig å ha mekanismar på plass som raskt kan fange opp misleghald.

Komiteen deler synet til Riksrevisjonen om at det er sterkt kritikkverdig at Klima- og miljødepartementet ikkje har synt fram ei tøffare linje når dei har fått melding om misleghald frå sine samarbeidspartnarar. Komiteen legg til grunn at Klima- og miljødepartementet vil gjere det som er naudsynt for å opptre i tråd med dei statlege retningslinjene me har i det statlege økonomireglementet.

Komiteen registrerer at statsråden syner til stor framgang i fleire samarbeidsland, og at ein av omsyn til kontroll og kvalitetssikring har midlar ståande på konto.

Komiteen vil særleg peike på den rolla Amazonasfondet har i dette arbeidet. Dei står for dei resultatbaserte betalingane frå Noreg for investeringar i ytterlegare tiltak for redusert avskoging og berekraftig utvikling. Det er særs avgjerande at ein i arbeidet har tillit til den brasilianske utviklingsbanken (BNDES), som forvaltar Amazonasfondet. Det same gjeld òg andre finansielle samarbeidspartnarar i andre land, slik som Afrikabanken. Desse må ha orden i rekkjene og god kontroll, både internt og eksternt, i forvaltninga av pengane.

Komiteen syner til dei orienteringane dei fekk på si komitéreise, og det var tillitsvekkjande å sjå at ambassadøren på vegner av den norske stat var så involvert i forvaltninga av midlane i Amazonasfondet. For komiteen verkar det som om samarbeidet med den brasilianske utviklingsbanken og det brasilianske miljødepartementet er godt.

Komiteen vil peike på at sjølv om det me fekk sjå var tillitsvekkjande, kan det framleis vere aktørar som får pengar frå satsinga, der dei endelege resultatane kan vere usikre. Her gjeld det for departementet å vere særleg observant og følgje med i forvaltninga av pengestraumane.

Komiteen legg til grunn at Klima- og miljødepartementet tek funna frå Riksrevisjonen på alvor, og at rapporten saman med innstillinga frå Stortingets kontroll- og konstitusjonskomité blir tillagt vekt i det vidare arbeidet.

Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet, Carl I. Hagen, viser til at det er alminnelig kjent at han er klimarealist med den oppfatning at klimaendringer alltid har skjedd, og at det i all hovedsak er bestemt av naturen og kloden selv. Dette medlem mener at det å bruke store beløp for å redusere utslipp av den livgivende gassen CO2 er meget uklokt. Dette medlem er imidlertid med på de aller fleste av komiteens merknader fordi synspunktene dreier seg om departementets oppfølging av stortingsvedtak, og ethvert departement må følge stortingsvedtak, selv om de er ukloke.