Søk

Sammendrag

Innleiing

I proposisjonen vert det fremja forslag om endringar av løyvingane under enkelte kapittel under programområde 09 Arbeid og sosiale formål, programområde 29 Sosiale formål, folketrygda, programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda, samt enkelte av inntektene for 2018.

Dei reviderte overslaga for folketrygda sine utgifter og inntekter i 2018 bygger i hovudsak på tal frå rekneskap per 30. september 2018.

Det vert fremja forslag om å redusere løyvingane under utgiftskapitla under programområde 09 Arbeid og sosiale formål utanom lånetransaksjonar med 277 mill. kroner, å redusere løyvingane under programområde 29 Sosiale formål, folketrygda med 2 323 mill. kroner og å redusere løyvingane under programområde 33 Arbeidsliv, folketrygda med 685 mill. kroner. Samla vert det gjort framlegg om at løyvingane under utgiftskapitla utanom lånetransaksjonar blir sett ned med 3 285 mill. kroner.

Det vert fremja forslag å redusere løyvingane for inntekter utanom lånetransaksjonar under inntektskapitla med 267 mill. kroner.