Innstilling fra familie- og kulturkomiteen om Endringar i statsbudsjettet 2018 under Barne- og likestillingsdepartementet

Innhald

Til Stortinget

Sammendrag

I proposisjonen legg Barne- og likestillingsdepartementet (BLD) fram endringsforslag til statsbudsjettet for 2018 i samsvar med punkt 2 nedanfor.

Kap. 840 Tiltak mot vald og overgrep

Post 61 Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving

Mindrebehovet på posten kjem av at to av sentera ikkje har oppfylt tilskotsvilkåra. BLD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 840 post 61 med 1,4 mill. kroner.

Kap. 841 Samliv og konfliktløysing

Post 21 Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving

Prognosen for bruk av meklarar utanom familievernet er høgare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett. BLD føreslår derfor å auke løyvinga under kap. 841 post 21 med 0,7 mill. kroner.

Post 23 Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving

Prognosen for talet på DNA-analysar til fastsetjing av farskap er lågare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett. BLD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 841 post 23 med 0,9 mill. kroner.

Kap. 843 Adopsjonsstønad

Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

Prognosen for talet utanlandsadopsjonar er lågare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett. BLD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 843 post 70 med 2,7 mill. kroner.

Kap. 844 Kontantstøtte

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Utbetalingane til kontantstøtte har til no i år vore lågare enn tidlegare lagt til grunn. Utgiftene i 2018 blir no rekna til 1 730 mill. kroner. BLD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 844 post 70 med 60 mill. kroner.

Kap. 845 Barnetrygd

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Utbetalingane til barnetrygd har til no i år vore noko lågare enn tidlegare lagt til grunn. Utgiftene i 2018 blir no rekna til 14 880 mill. kroner. BLD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 845 post 70 med 50 mill. kroner.

Kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet

Post 1 Driftsutgifter, kan nyttast under post 22 og post 60

Prognosar basert på aktivitetsutviklinga i det statlege barnevernet i 2018 gir eit meirbehov på 187 mill. kroner i inneverande år. Meirbehovet kjem i hovudsak av ein auke i talet på barn som er innskrivne i akuttiltak, og barn med særskilde behov. BLD føreslår å auke kap. 855 post 1 med 187 mill. kroner.

Post 22 Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 1

Prognosar basert på aktivitetsutviklinga i det statlege barnevernet i 2018 gir eit meirbehov på 119 mill. kroner til kjøp av private barnevernstenester i inneverande år. Meirbehovet kjem i hovudsak av ein auke i talet på barn som er innskrivne i akuttiltak, og barn med særskilde behov. BLD føreslår å auke kap. 855 post 22 med 119 mill. kroner.

Post 60 Refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak, kan nyttast under post 1

Utviklinga i 2018 tilseier eit mindrebehov i inneverande år på 56 mill. kroner på posten. Hovudårsakene er mindre bruk av fosterheimar levert av private aktørar og tiltak gjennomført for å redusere prisane på desse heimane. BLD føreslår å redusere kap. 855 post 60 med 56 mill. kroner.

Kap. 3855 Statleg forvalting av barnevernet

Post 1 Diverse inntekter

Prognosar viser at dei tilfeldige inntektene blir 5 mill. kroner lågare enn i vedtatt budsjett. BLD føreslår å redusere kap. 3855 post 1 med 5 mill. kroner.

Post 60 Kommunale eigendelar

Prognosar basert på dei same tala for aktivitet som på utgiftskapitlet, gir ein venta auke i inntekter frå kommunale eigendelar på 33 mill. kroner. BLD føreslår å auke kap. 3855 post 60 med 33 mill. kroner.

Kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar

Post 1 Driftsutgifter

Gjeldande løyving er basert på 89 plassar i dei statlege omsorgssentera i 2018. Det er venta at talet på einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år i 2018 og 2019 vil vere lågt. Departementet har lagt til grunn ein kapasitet på 50 statlege plassar i Prop. 1 S (2018–2019). Barne-, ungdoms- og familieetaten har i 2018 sett i gang arbeidet med å redusere talet på plassar i dei statlege omsorgssentera. Dette har gitt lågare utgifter i inneverande år.

BLD føreslår å redusere kap. 856 post 1 med 34 mill. kroner.

Kap. 3856 Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar

Post 4 Refusjon av ODA-godkjende utgifter

Nokre innanlandske utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan, ifølgje OECDs utviklingskomité, godkjennast som offisiell utviklingshjelp. I samband med revidert nasjonalbudsjett var det venta at det ville bu i gjennomsnitt 50 barn i omsorgssentera i 2018. Dette talet er no redusert til 38 barn i gjennomsnitt i 2018. Summen som kan bli rapportert inn som utviklingshjelp, blir redusert som følgje av dette og av ein reduksjon i delen av barna i omsorgssenter som er venta å ha butid under eitt år i 2018.

BLD føreslår å redusere kap. 3856 post 4 med 8,9 mill. kroner.

Kap. 871 Likestilling og ikkje-diskriminering

Post 79 Internasjonalt likestillings- og ikkje-diskrimineringsarbeid, kan overførast

Løyvinga på posten er 3,6 mill. kroner. Midlane skal nyttast til norsk deltaking i EU-programma Progress (2007–2013) og Daphne III (2007–2013). Programma blei formelt avslutta i 2013, men nokre aktivitetar har heldt fram med økonomiske forpliktingar i fleire år etter avslutningsåret. BLD vil likevel ikkje ha utgifter knytte til programma i 2018. BLD føreslår derfor å redusere løyvinga på posten til null.

Kap. 2530 Foreldrepengar

Post 70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

Utgiftene til foreldrepengar ved fødsel i 2018 blir no rekna til 18 300 mill. kroner. Dette er 890 mill. kroner lågare enn gjeldande budsjett. Mindrebehovet kjem av lågare fødselstall, lågare auke i utbetaling per mottakar og lengre sakshandsamingstid, som gjer at talet på foreldrepengesaker som kjem til utbetaling i 2018, vil bli lågare enn tidlegare lagt til grunn. BLD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 2530 post 70 med 890 mill. kroner.

Post 71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

Utbetalingane til eingongsstønad ved fødsel og adopsjon har til no i år vore noko høgare enn tidlegare lagt til grunn. Utgiftene i 2018 blir no rekna til 620 mill. kroner. BLD føreslår derfor å auke løyvinga under kap. 2530 post 71 med 5 mill. kroner.

Post 72 Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving

Utbetalingane av feriepengar av foreldrepengar har til no i år vore noko høgare enn tidlegare lagt til grunn. Utgiftene i 2018 blir no rekna til 480 mill. kroner. BLD føreslår derfor å auke løyvinga under kap. 2530 post 72 med 5 mill. kroner.

Post 73 Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving

Utbetalingane av foreldrepengar ved adopsjon har til no i år vore noko lågare enn tidlegare lagt til grunn. Utgiftene i 2018 blir no rekna til 57 mill. kroner. BLD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 2530 post 73 med 4 mill. kroner.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Odd Omland, Kristian Torve og Anette Trettebergstuen, fra Høyre, Marianne Haukland, lederen Kristin Ørmen Johnsen og Tage Pettersen, fra Fremskrittspartiet, Silje Hjemdal og Morten Wold, fra Senterpartiet, Åslaug Sem-Jacobsen, fra Sosialistisk Venstreparti, Freddy André Øvstegård, fra Venstre, Grunde Almeland, og fra Kristelig Folkeparti, Geir Jørgen Bekkevold, støtter regjeringens forslag til endringer i statsbudsjettet for 2018.

Kap. 855, post 22 Kjøp av privat barneverntjenester

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til svarbrev fra Barne- og likestillingsdepartementet v/statsråd Linda Hofstad Helleland av 4. desember 2018, hvor det fremgår at den foreslåtte økte bevilgning på 119 mill. kroner til kjøp av private tjenester, skyldes en økning i antall barn med behov for akuttiltak, og barn med særskilte behov. Av svaret fremgår det også at det ikke er mulig å splitte opp merutgiftene pr. enkeltleverandør.

Disse medlemmer viser til kontroll- og konstitusjonskomiteens behandling av Riksrevisjonens rapport i Dokument 3:8 (2017–2018), som ble behandlet i Stortinget 4. desember. I Innst. 60 S (2018–2019) uttrykkes det betydelig bekymring for myndighetenes håndtering av akuttplasseringer i barnevernet. En samlet komité uttaler at:

«Komiteen er overrasket over og bekymret for at den manglende felles forståelsen har fått råde over så lang tid.»

Videre:

«Det er spesielt urovekkende at det ikke er enighet om når bistandsplikten er oppfylt.»

Og endelig:

«Komiteen vil påpeke departementets ansvar for å følge opp de lover og forskrifter som gjelder, og gripe fatt i mangler og utfordringer en blir kjent med gjennom sine tildelingsbrev og styringsdialogen.»

Disse medlemmer vil peke på de alvorlige forhold som Riksrevisjonens rapport beskriver, at det å dele en familie er det mest alvorlige inngrep samfunnet kan gjøre, og at rettssikkerheten derfor må ha høyeste prioritet. I denne omgang begrenser regjeringen seg til å foreslå økte bevilgninger til private tjenestetilbydere. Disse medlemmer ber om en nærmere redegjørelse for hvilke grep som er gjort for å bedre forholdene vedrørende akuttplasseringer i barnevernet, senest i samband med RNB 2019. Redegjørelsen bør også inneholde en status for hvordan arbeidet med håndtering av akuttilbud hos det statlige tiltaksapparatet i barnevernet utvikler seg.

Komiteens flertall, medlemmene fra Høyre, Fremskrittspartiet og Venstre, viser til at kap. 855 dekker hele det statlige tiltaksapparatet i barnevernet, og at akuttiltak bare er en del av dette. Styrkingen av kapittelet er foreslått med 187 mill. kroner over 1-posten og 119 mill. kroner over 22-posten, og en reduksjon på 56 mill. kroner over 60-posten. Styrkingen på 1-posten er knyttet til kapasiteten i statens eget tiltaksapparat. Det statlige apparatet styrkes altså mer enn økningen i kjøp fra private tjenestetilbydere. Videre mener flertallet at oppfølging av saken i Stortinget bør skje på ordinær måte gjennom Riksrevisjonens oppfølging og Kontroll- og konstitusjonskomiteens behandling av denne.

Komiteens tilråding

Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:
I

I statsbudsjettet for 2018 gjøres følgende endringer:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

840

Tiltak mot vald og overgrep

61

Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving, vert sett ned med

1 400 000

frå kr 95 921 000 til kr 94 521 000

841

Samliv og konfliktløysing

21

Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving, vert sett opp med

700 000

frå kr 10 946 000 til kr 11 646 000

23

Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving, vert sett ned med

860 000

frå kr 5 649 000 til kr 4 789 000

843

Adopsjonsstønad

70

Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving, vert sett ned med

2 700 000

frå kr 12 172 000 til kr 9 472 000

844

Kontantstøtte

70

Tilskot, overslagsløyving, vert sett ned med

60 000 000

frå kr 1 790 000 000 til kr 1 730 000 000

845

Barnetrygd

70

Tilskot, overslagsløyving, vert sett ned med

50 000 000

frå kr 14 930 000 000 til kr 14 880 000 000

855

Statleg forvalting av barnevernet

1

Driftsutgifter, kan nyttast under post 22 og post 60, vert sett opp med

187 000 000

frå kr 3 816 878 000 til kr 4 003 878 000

22

Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 1, vert sett opp med

119 000 000

frå kr 2 561 973 000 til kr 2 680 973 000

60

Refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak, kan nyttast under post 1, vert sett ned med

56 000 000

frå kr 415 176 000 til kr 359 176 000

856

Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar

1

Driftsutgifter, vert sett ned med

34 000 000

frå kr 217 067 000 til kr 183 067 000

871

Likestilling og ikkje-diskriminering

79

Internasjonalt likestillings- og ikkje-diskrimineringsarbeid, kan overførast, vert sett ned med

3 642 000

frå kr 3 642 000 til kr 0

2530

Foreldrepengar

70

Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving, vert sett ned med

890 000 000

frå kr 19 190 000 000 til kr 18 300 000 000

71

Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving, vert sett opp med

5 000 000

frå kr 615 000 000 til kr 620 000 000

72

Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving, vert sett opp med

5 000 000

frå kr 475 000 000 til kr 480 000 000

73

Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving, vert sett ned med

4 000 000

frå kr 61 000 000 til kr 57 000 000

Inntekter

3855

Statleg forvalting av barnevernet

1

Diverse inntekter, vert sett ned med

5 000 000

frå kr 15 569 000 til kr 10 569 000

60

Kommunale eigendelar, vert sett opp med

33 000 000

frå kr 1 398 039 000 til kr 1 431 039 000

3856

Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar

4

Refusjon av ODA-godkjende utgifter, vert sett ned med

8 928 000

frå kr 61 572 000 til kr 52 644 000

Oslo, i familie- og kulturkomiteen, den 6. desember 2018

Kristin Ørmen Johnsen

leder og ordfører