Innhald

Sammendrag

I proposisjonen legg Barne- og likestillingsdepartementet (BLD) fram endringsforslag til statsbudsjettet for 2018 i samsvar med punkt 2 nedanfor.

Kap. 840 Tiltak mot vald og overgrep

Post 61 Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving

Mindrebehovet på posten kjem av at to av sentera ikkje har oppfylt tilskotsvilkåra. BLD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 840 post 61 med 1,4 mill. kroner.

Kap. 841 Samliv og konfliktløysing

Post 21 Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving

Prognosen for bruk av meklarar utanom familievernet er høgare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett. BLD føreslår derfor å auke løyvinga under kap. 841 post 21 med 0,7 mill. kroner.

Post 23 Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving

Prognosen for talet på DNA-analysar til fastsetjing av farskap er lågare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett. BLD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 841 post 23 med 0,9 mill. kroner.

Kap. 843 Adopsjonsstønad

Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

Prognosen for talet utanlandsadopsjonar er lågare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett. BLD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 843 post 70 med 2,7 mill. kroner.

Kap. 844 Kontantstøtte

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Utbetalingane til kontantstøtte har til no i år vore lågare enn tidlegare lagt til grunn. Utgiftene i 2018 blir no rekna til 1 730 mill. kroner. BLD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 844 post 70 med 60 mill. kroner.

Kap. 845 Barnetrygd

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Utbetalingane til barnetrygd har til no i år vore noko lågare enn tidlegare lagt til grunn. Utgiftene i 2018 blir no rekna til 14 880 mill. kroner. BLD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 845 post 70 med 50 mill. kroner.

Kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet

Post 1 Driftsutgifter, kan nyttast under post 22 og post 60

Prognosar basert på aktivitetsutviklinga i det statlege barnevernet i 2018 gir eit meirbehov på 187 mill. kroner i inneverande år. Meirbehovet kjem i hovudsak av ein auke i talet på barn som er innskrivne i akuttiltak, og barn med særskilde behov. BLD føreslår å auke kap. 855 post 1 med 187 mill. kroner.

Post 22 Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 1

Prognosar basert på aktivitetsutviklinga i det statlege barnevernet i 2018 gir eit meirbehov på 119 mill. kroner til kjøp av private barnevernstenester i inneverande år. Meirbehovet kjem i hovudsak av ein auke i talet på barn som er innskrivne i akuttiltak, og barn med særskilde behov. BLD føreslår å auke kap. 855 post 22 med 119 mill. kroner.

Post 60 Refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak, kan nyttast under post 1

Utviklinga i 2018 tilseier eit mindrebehov i inneverande år på 56 mill. kroner på posten. Hovudårsakene er mindre bruk av fosterheimar levert av private aktørar og tiltak gjennomført for å redusere prisane på desse heimane. BLD føreslår å redusere kap. 855 post 60 med 56 mill. kroner.

Kap. 3855 Statleg forvalting av barnevernet

Post 1 Diverse inntekter

Prognosar viser at dei tilfeldige inntektene blir 5 mill. kroner lågare enn i vedtatt budsjett. BLD føreslår å redusere kap. 3855 post 1 med 5 mill. kroner.

Post 60 Kommunale eigendelar

Prognosar basert på dei same tala for aktivitet som på utgiftskapitlet, gir ein venta auke i inntekter frå kommunale eigendelar på 33 mill. kroner. BLD føreslår å auke kap. 3855 post 60 med 33 mill. kroner.

Kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar

Post 1 Driftsutgifter

Gjeldande løyving er basert på 89 plassar i dei statlege omsorgssentera i 2018. Det er venta at talet på einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år i 2018 og 2019 vil vere lågt. Departementet har lagt til grunn ein kapasitet på 50 statlege plassar i Prop. 1 S (2018–2019). Barne-, ungdoms- og familieetaten har i 2018 sett i gang arbeidet med å redusere talet på plassar i dei statlege omsorgssentera. Dette har gitt lågare utgifter i inneverande år.

BLD føreslår å redusere kap. 856 post 1 med 34 mill. kroner.

Kap. 3856 Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar

Post 4 Refusjon av ODA-godkjende utgifter

Nokre innanlandske utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan, ifølgje OECDs utviklingskomité, godkjennast som offisiell utviklingshjelp. I samband med revidert nasjonalbudsjett var det venta at det ville bu i gjennomsnitt 50 barn i omsorgssentera i 2018. Dette talet er no redusert til 38 barn i gjennomsnitt i 2018. Summen som kan bli rapportert inn som utviklingshjelp, blir redusert som følgje av dette og av ein reduksjon i delen av barna i omsorgssenter som er venta å ha butid under eitt år i 2018.

BLD føreslår å redusere kap. 3856 post 4 med 8,9 mill. kroner.

Kap. 871 Likestilling og ikkje-diskriminering

Post 79 Internasjonalt likestillings- og ikkje-diskrimineringsarbeid, kan overførast

Løyvinga på posten er 3,6 mill. kroner. Midlane skal nyttast til norsk deltaking i EU-programma Progress (2007–2013) og Daphne III (2007–2013). Programma blei formelt avslutta i 2013, men nokre aktivitetar har heldt fram med økonomiske forpliktingar i fleire år etter avslutningsåret. BLD vil likevel ikkje ha utgifter knytte til programma i 2018. BLD føreslår derfor å redusere løyvinga på posten til null.

Kap. 2530 Foreldrepengar

Post 70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

Utgiftene til foreldrepengar ved fødsel i 2018 blir no rekna til 18 300 mill. kroner. Dette er 890 mill. kroner lågare enn gjeldande budsjett. Mindrebehovet kjem av lågare fødselstall, lågare auke i utbetaling per mottakar og lengre sakshandsamingstid, som gjer at talet på foreldrepengesaker som kjem til utbetaling i 2018, vil bli lågare enn tidlegare lagt til grunn. BLD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 2530 post 70 med 890 mill. kroner.

Post 71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

Utbetalingane til eingongsstønad ved fødsel og adopsjon har til no i år vore noko høgare enn tidlegare lagt til grunn. Utgiftene i 2018 blir no rekna til 620 mill. kroner. BLD føreslår derfor å auke løyvinga under kap. 2530 post 71 med 5 mill. kroner.

Post 72 Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving

Utbetalingane av feriepengar av foreldrepengar har til no i år vore noko høgare enn tidlegare lagt til grunn. Utgiftene i 2018 blir no rekna til 480 mill. kroner. BLD føreslår derfor å auke løyvinga under kap. 2530 post 72 med 5 mill. kroner.

Post 73 Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving

Utbetalingane av foreldrepengar ved adopsjon har til no i år vore noko lågare enn tidlegare lagt til grunn. Utgiftene i 2018 blir no rekna til 57 mill. kroner. BLD føreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 2530 post 73 med 4 mill. kroner.