Søk

Innhald

1. Sammendrag

Regjeringa foreslår i proposisjonen naudsynte endringar i forsvarsbudsjettet for 2018. I tillegg kjem forslag om meirinntekter for 2018 og tilbakelevering av midlar til statskassa.

Regjeringa foreslår at 288 mill. kroner blir omdisponerte til forsering av etableringa av kampflybasen på Ørland. Vidare foreslår regjeringa at 110 mill. kroner blir nytta til innkjøp av beredskapsbehaldningar for å betre materiell- og forsyningsstatusen til Forsvaret.

Vidare er det behov for å forsere grunnsikringa av Etterretningstenestas etablissement på Lutvann, og 45 mill. kroner er foreslått flytta til dette føremålet. Midlar til seglingsaktiviteten i Sjøforsvaret er også foreslått auka med 30 mill. kroner. I tillegg er Cyberforsvaret foreslått styrkt med 19 mill. kroner for å betre tryggleiksstilstanden til Forsvarets IKT-infrastruktur.

Under øvinga Trident Juncture yte Noreg logistikkstøtte til allierte som skal betalast tilbake av dei deltakande nasjonane. Logistikkstøtta er knytt til drivstoff, proviant, forlegning, kjøp av tenester og forbruksmateriell. I samband med at delar av innbetalingane frå dei deltakande nasjonane ikkje kjem før i 2019, foreslår regjeringa å omdisponere 216 mill. kroner til dette føremålet i 2018.

Tilleggsløyving KNM Helge Ingstad

Fregatten KNM Helge Ingstad kolliderte den 8. november med tankskipet Sola TS. Skadane på fregatten blei omfattande.

Det foreslås at forsvarsramma på kap. 1732 Sjøforsvaret blir auka med 50 mill. kroner i 2018.

Reduserte utgifter til operasjonar i utlandet

Det foreslås at løyvinga på 1792 post 1, blir redusert med 147,088 mill. kroner i 2018.

Grunnlaget for omgrupperinga

Økonomisk grunnlag

Grunnlaget for omgrupperinga er vedtatt budsjett for 2018, midlar overførte frå 2017 og seinare endringar gjorde av Stortinget. Det er også tatt omsyn til forsvarssektoren sin del av lønskompensasjonen for 2018.

Regjeringa foreslår under forslag til vedtak at utgiftsramma blir auka med 1 142,193 mill. kroner, og at inntektsramma blir auka med 1 239,281 mill. kroner.

Forslag til utgifts- og inntektsendringar på kapittelnivå

Kap. 1700 Forsvarsdepartementet

Post 1 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 14,758 mill. kroner grunna tilsvarande inntektsauke på kap. 4700 post 1, og gjeld hovudsakleg auka brukarbetaling på tenester leverte av Forsvarsdepartementet.

Post 43 Til disposisjon for Forsvarsdepartementet

Løyvinga på posten er foreslått redusert med 9,000 mill. kroner.

Post 78 Noregs tilskott til NATO sitt og internasjonale driftsbudsjett

Løyvinga på posten er foreslått redusert med 70 mill. kroner knytte til reduserte innbetalingar til NATO i 2018.

Kap. 4700 Forsvarsdepartementet

Post 1 Driftsinntekter

Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 14,758 mill. kroner.

Kap. 1710 Forsvarsbygg og nybygg og nyanlegg

Post 47 Nybygg og nyanlegg

Løyvinga på posten er foreslått netto redusert med 443,454 mill. kroner.

Kap. 4710 Forsvarsbygg og nybygg og nyanlegg

Post 1 Driftsinntekter

Løyvinga på posten er foreslått redusert med 12,5 mill. kroner.

Post 47 Sal av eigedom

Løyvinga på posten er foreslått auka med 12,500 mill. kroner knytt til at Forsvarsbygg har inngått ei forliksavtale med Avinor AS om sal av eit omtvista areal ved Flesland lufthamn Bergen.

Inntektsendringane gjer inga endring av utgiftsramma.

Kap. 1720 Felleskapasitetar i Forsvaret

Post 1 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 1 126,96 mill. kroner.

Kap. 4720 Felleskapasitetar i Forsvaret

Post 1 Driftsinntekter

Løyvinga på posten er foreslått auka med 899,632 mill. kroner.

Meirinntektene fører med seg ein parallell auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.

Kap. 1723 Nasjonalt tryggingsorgan

Post 1 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 22,2 mill. kroner.

Kap. 4723 Nasjonalt tryggingsorgan

Post 1 Driftsinntekter

Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 21,6 mill. kroner.

Meirinntektene fører med seg ein parallell auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.

Kap. 1731 Hæren

Post 1 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 150,612 mill. kroner.

Kap. 4731 Hæren

Post 1 Driftsinntekter

Løyvinga på posten er foreslått auka med 0,618 mill. kroner knytt til inntekter frå alliert treningssenter på Åsegarden. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 4720 post 1.

Meirinntektene fører med seg ein parallell auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.

Kap. 1732 Sjøforsvaret

Post 1 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 94,523 mill. kroner.

Kap. 1733 Luftforsvaret

Post 1 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er foreslått netto redusert med 135,865 mill. kroner.

Kap. 1734 Heimevernet

Post 1 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 62,792 mill. kroner.

Kap. 1735 Etterretningstenesta

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 41,515 mill. kroner.

Kap. 1760 Forsvarsmateriell og større anskaffingar og vedlikehald

Post 1 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 106,689 mill. kroner.

Post 44 Fellesfinansierte investeringar, nasjonalfinansiert del

Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 15,072 mill. kroner knytt til royalties frå Kongsberg Defence & Aerospace og Thales Norway AS samt prosjekt Sørreisa – Restore Jetty.

Midlane er foreslått finansierte med tilsvarande inntektsauke på kap. 4760 post 1 (9,072 mill. kroner) og frå kap. 1760 post 1 (6 mill. kroner).

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald

Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 30,312 mill. kroner.

Post 48 Fellesfinansierte investeringar, fellesfinansiert del

Løyvinga på posten er foreslått redusert med 3,8 mill. kroner knytt til redusert utbetaling til NATO i samband med det maritime kommunikasjonssystemet Broadcast and ship to shore.

Post 75 Fellesfinansierte investeringar, Noregs tilskott til NATO sitt investeringsprogram for tryggleik

Løyvinga på posten er foreslått auka med 14,397 mill. kroner knytt til Noregs tilskott til NATO sitt investeringsprogram for tryggleik. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1760 post 45.

Kap. 4760 Forsvarsmateriell og større anskaffingar og vedlikehald

Post 1 Driftsinntekter

Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 121,552 mill. kroner.

Meirinntektene fører med seg ein parallell auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, inntekter

Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 46,659 mill. kroner.

Meirinntektene fører med seg ein parallell auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.

Post 48 Fellesfinansierte investeringar, fellesfinansiert del, inntekter

Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 179,462 mill. kroner.

Meirinntektene fører med seg ein parallell auke av utgiftsramma, jf. Forsvarsdepartementets generelle meirinntektsfullmakt.

Kap. 1761 Nye kampfly med baseløysing

Post 1 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er foreslått redusert med 25 mill. kroner knytt til auka bruk av konsulenttenestar på kampflyprogrammet. Midlane er foreslått omdisponerte til kap. 1761 post 45.

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald

Løyvinga på posten er foreslått auka med 25 mill. kroner knytt til auka bruk av konsulenttenester på kampflyprogrammet. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1761 post 1.

Post 47 Nybygg og nyanlegg

Løyvinga på posten er foreslått auka med 288 mill. kroner og gjeld forserte aktivitetar knytte til etablering av kampflybase på Ørland. Midlane er foreslått omdisponerte frå kap. 1710 post 47.

Kap. 1790 Kystvakta

Post 1 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er foreslått netto auka med 32,58 mill. kroner.

Kap. 1791 Redningshelikoptertenesta

Post 1 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er foreslått netto redusert med 45,377 mill. kroner.

Kap. 4791 Redningshelikoptertenesta

Post 1 Driftsinntekter

Løyvinga på posten er foreslått redusert med 45 mill. kroner knytt til forventa reduserte inntekter frå Justis- og beredskapsdepartementet.

Mindreinntektene fører med seg ein parallell reduksjon av utgiftsramma.

Kap. 1792 Norske styrkar i utlandet

Post 1 Driftsutgifter

Løyvinga på posten er foreslått netto redusert med 150,721 mill. kroner.

Bestillingsfullmakter

Det er foreslått ein auke i bestillingsfullmakter i 2018 for kap. 1720 post 1, med 25 mill. kroner, frå 1 697 mill. kroner til 1 722 mill. kroner. Auken er knytt til bestillingar for styrking av vedlikehald, reservedeler og beredskapsbehaldningar.