Innstilling frå Stortingets presidentskap om endringar i Stortingets forretningsorden

Dette dokument

  • Innst. 162 S (2018–2019)
  • Kjeldedokument:
  • Utgivar: Stortingets presidentskap
  • Sidetal: 2
Til Stortinget

Innleiing

I innstillinga vert det foreslått at ein tek ut krava i Stortingets forretningsorden (fo) til underskrift på spørsmål og forslag for å leggja til rette for elektroniske løysingar ved innlevering.

Bakgrunn

Fo § 70 stiller krav om at spørsmål med skriftleg svar skal vere eigenhendig underteikna av spørjaren. Ein har ikkje formulert tilsvarande krav for andre spørsmålstypar eller for interpellasjonar, men ein legg til grunn at dette kravet må reknast som underforstått. Spørjetimespørsmål må med andre ord vere underteikna av spørjaren før fristen for innlevering i § 73 første ledd går ut.

I tråd med dette vert både spørsmål med skriftleg svar, spørjetimespørsmål og interpellasjonar leverte inn skriftleg og underteikna til Stortingets administrasjon, eller dei vert skanna med underskrift og sende administrasjonen via e-post i pdf-format. Spørsmåla vert leverte enten direkte av representanten sjølv eller av ein medarbeidar i vedkomande partigruppe.

Regelen i fo § 38 andre ledd gjeld representantforslag og grunnlovsforslag:

«Forslag og søknader skal som regel fremmes skriftlig, men må ikke være undertegnet av mer enn 10 representanter. Lovforslag skal være satt opp i lovs form.»

Alle representantar som står bak eit representantforslag eller eit grunnlovsforslag, må underteikne på det dokumentet som vert levert inn til administrasjonen. Om forslaget manglar underskrift, vil det ikkje verte tatt imot.

Såkalla «lause forslag» som vert sette fram til ein debatt, vert leverte inn i tråd med § 38 første ledd til administrasjonen seinast kl. 08.30 same dag som debatten skal haldast. I praksis har ein ikkje stilt krav om underskrift på desse.

Ny IT-løysing

Presidentskapet viser til at ein arbeider med ei ny IT-løysing for komitéane og partigruppene som skal gje eit meir brukarvennleg verktøy for representantane mellom anna ved innlevering av merknader til komitéinnstillingar, spørsmål og forslag. I samband med dette er det aktuelt å innføra ei ordning der ein kan senda inn spørsmål og forslag elektronisk frå representantane eller rådgjevarane sine PC-ar, nettbrett eller telefonar på ein enklare måte enn i dag. Løysinga vil dermed leggja til rette for ei meir fleksibel arbeidsform som presidentskapet meiner vil vera betre tilpassa representantane sine behov. Endringa fører til at gjeldande krav om underskrift på eit fysisk dokument fell bort.

Presidentskapet peikar på at med auka bruk av mobilt utstyr, aukar òg behovet for løysingar som høver til slik bruk. Samstundes er det nødvendig å sikra at spørsmål og forslag berre vert sende frå nokon som har rett til å setja fram slike, eller handlar på vegne av desse, det vil si representantane sjølve eller tilsette i partigruppene.

I den nye løysinga skal ein erstatte underskrift med ei form for elektronisk autentisering. For å stille spørsmål eller levere forslag gjennom den nye løysinga, må ein i utgangspunktet ha tilgang til intranettet i Stortinget. Det vil i ettertid vera mogleg å spora kor spørsmåla/forslaga er sende frå dersom det skulle oppstå spørsmål om avsendaren er korrekt. Ein vurderer dessutan å leggja opp til at den som set fram spørsmål/forslag, får ei automatisk «kvittering» for mottaket. Dette vil fungere både som ein kontroll overfor den som set fram spørsmålet/forslaget, av at det er vedkomande som har stilt/fremma spørsmålet/forslaget, og som ei stadfesting av at spørsmålet/forslaget er kome fram.

Presidentskapet vil peika på at det å fjerna kravet om underskrift i fo ikkje i seg sjølv føreset andre endringar i gjeldande rutinar. Føremålet med endringa gjer det likevel naturleg at føresetnaden om fysisk oppmøte for innlevering av spørsmål og forslag vert avgrensa i høve til dagens ordning. Når det gjeld spørjetimespørsmål, spørsmål med skriftleg svar og interpellasjonar, tar ein sikte på at desse i all hovudsak vil bli leverte elektronisk. Etter formalkontroll i administrasjonen vert dei sende vidare til vedkomande statsråd. Ved innlevering av representantforslag og grunnlovsforslag må som regel fleire spørsmål knytte til framsetjinga av forslaga i plenum klårleggjast med den/dei som set fram forslaget. Med dei fristane som gjeld i dag for innlevering, må dette gjerast på kort varsel. Førebels vil ein derfor vidareføre rutinen med at slike forslag også vert leverte inn fysisk, men det vil ikkje lenger vera nødvendig å henta inn underskrifter frå dei som står bak forslaget. Løysinga vil òg leggja til rette for ei enklare framsending av den elektroniske versjonen av forslaget.

Etter dagens praksis kan både representantane sjølve og deira medarbeidarar i partigruppene levera inn forslag og spørsmål. Når kravet om underskrift vert teke bort, kan ein spørja om det bør innførast ei ordning der det berre er representantane sjølve som kan levere spørsmålet/forslaget. Presidentskapet peikar på at det berre er representantane som har rett til å setja fram spørsmål eller fremma forslag. Dette følgjer av vervet som representant og er oppgåver som ikkje kan delegerast til tilsette i partigruppene. Presidentskapet meiner likevel at den tekniske løysinga ikkje i utgangspunktet bør stenga for at andre kan bistå praktisk med at spørsmål eller forslag blir sende inn, slik at løysinga legg til rette for fleire alternative framgangsmåtar. Det er ønskjeleg med ein grad av fleksibilitet rundt dei praktiske rutinane knytte til representantane sitt arbeid. Presidentskapet går derfor ikkje inn for at det skal stillast krav i fo om at representantane sjølve må senda inn spørsmål eller forslag.

Endringar i forretningsordenen

På bakgrunn av merknadene over fremmer presidentskapet følgjande forslag til endringar i forretningsordenen:

«§ 38 andre ledd første punktum skal lyde:

Forslag og søknader skal som regel fremmes skriftlig, men kan ikke fremsettes på vegne av flere enn 10 representanter.

§ 70 første ledd siste punktum vert oppheva.»

Det er etter dette heller ikkje lenger ein føresetnad at representantforslag, grunnlovsforslag, spørjetimespørsmål, spørsmål med skriftleg svar eller interpellasjonar vert underteikna. Spørsmål til presidentskapet vil i praksis bli stilt i form av eit brev til presidentskapet, også etter innføringa av den nye løysinga. Det er få slike spørsmål, og presidentskapet legg til grunn at det er naturleg å vidareføra kravet om at slike skriftlege førespurnader er underteikna av spørjaren.

Presidentskapet peikar elles på at det med dette ikkje er tatt standpunkt til kva for formkrav som bør stillast til svara frå statsrådane på spørsmål med skriftleg svar.

Tilråding frå presidentskapet

Presidentskapet rår Stortinget til å gjera følgjande

vedtak:
I

I Stortingets forretningsorden vert det gjort følgjande endringar:

§ 38 andre ledd første punktum skal lyde:

Forslag og søknader skal som regel fremmes skriftlig, men kan ikke fremsettes på vegne av flere enn 10 representanter.

§ 70 første ledd siste punktum vert oppheva.

II

Endringane trer i kraft straks.

Oslo, i Stortingets presidentskap, den 7. februar 2019

Tone Wilhelmsen Trøen

Eva Kristin Hansen

Morten Wold

Magne Rommetveit

Nils T. Bjørke

Abid Q. Raja