Innstilling fra utdannings- og forskningskomiteen om Endringar i opplæringslova, folkehøgskolelova, friskolelova m.m. (samleproposisjon)

Dette dokument

  • Innst. 298 L (2018–2019)
  • Kjeldedokument: Prop. 88 L (2018–2019)
  • Utgjevar: utdannings- og forskningskomiteen
  • Sidetal: 8
Til Stortinget

Sammendrag

Kunnskapsdepartementet legg i Prop. 88 L (2018–2019) fram forslag til fleire endringar i opplæringslova, i folkehøgskolelova og i friskolelova.

Plikt til å tilby leirskoleopphald

Departementet foreslår å lovfeste ei plikt for kommunar til å tilby leirskoleopphald eller annan skoletur med overnatting for elevar i grunnskolen. Leirskoleopphaldet eller skoleturen skal ha ei lengd på minst tre overnattingar i samanheng. Det skal vere ein del av grunnskoleopplæringa og må derfor vere i samsvar med læreplanverket for Kunnskapsløftet.

Eit klart fleirtal av dei som har gitt høyringssvar, støttar forslaget frå departementet, men det er fleire som føreset at kommunane blir kompenserte fullt ut økonomisk for den plikta dei blir pålagd. I vurderinga av dei økonomiske og administrative konsekvensane av forslaget viser departementet til at ved innføringa av gratisprinsippet i grunnskolen i 2002 blei kommunane kompenserte for utgifter til leirskoleopphald. Midlane som blei lagde inn i rammetilskotet, la til rette for at kommunane kunne tilby leirskole til alle elevar i grunnskolen. Departementet meiner derfor at skolane er kompenserte for desse kostnadene i dagens rammetilskot. Departementet foreslår at det øyremerkte tilskotet til leirskoleopplæring over kap. 225 på budsjettet til Kunnskapsdepartementet blir innlemma i rammetilskotet til kommunane. Når plikta til å tilby leirskole eller annan skoletur blir lovfesta, er det ikkje lenger nødvendig å øyremerkje midlar for å stimulere kommunane til å sende elevane på slike turar.

Høve til å påleggje skolebyte i vidaregåande opplæring

Vidare foreslår departementet ei endring i opplæringslova og i friskolelova som vil gi skoleeigaren høve til å fastsetje skolebyte for elevar i vidaregåande opplæring. Etter gjeldande rett kan kommunen påleggje ein elev i grunnskolen å byte skole, sjølv om eleven og foreldra ikkje ønskjer det. Det er omsynet til andre elevar som kan gi grunn til å flytte ein elev til ein annan skole. Tiltaket kan til dømes brukast dersom eleven mobbar medelevar.

Eit tilsvarande høve til å påleggje elevar i vidaregåande å byte skole finst ikkje i dagens regelverk. I vidaregåande opplæring kan ein derimot vise bort ein elev for opptil resten av skoleåret. Dette er ein svært streng reaksjon, som kan ha store negative verknader. Departementet meiner at det er formålstenleg å kunne påleggje skolebyte også i vidaregåande opplæring. Tiltaket kan vere aktuelt i saker der bortvising for resten av skoleåret er uforholdsmessig inngripande, eller der bortvising ikkje er aktuelt av andre årsaker.

Departementet foreslår ein ny regel om skolebyte som skal gjelde for elevar i både grunnskolen og vidaregåande opplæring, i både offentlege skolar og friskolar. Departementet foreslår at pålagt skolebyte berre kan brukast overfor ein elev dersom oppførselen til eleven i alvorleg grad går ut over tryggleiken eller læringa til ein eller fleire medelevar, og mindre inngripande tiltak ikkje vil kunne avhjelpe situasjonen

Vidare foreslår departementet at skolebyte ikkje kan påleggjast dersom det inneber at eleven må flytte frå heimen sin eller skoleskyssen blir uforsvarleg lang. Elevar i vidaregåande opplæring har dessutan rett til å halde fram på det same utdanningsprogrammet og programområdet. Avgjerda om skolebyte skal reknast som eit enkeltvedtak og skal følgje reglane om dette i forvaltningslova. Departementet foreslår å lovfeste at før det blir avgjort å påleggje skolebyte, skal den som gjer vedtaket, rådføre seg med rektoren og lærarane til eleven og sørgje for at eleven sjølv er høyrd. Omsynet til det beste for elevane skal liggje til grunn både i vurderinga av om skolebyte skal brukast, og i saksbehandlinga.

Eit klart fleirtal av høyringsinstansane støttar forslaget frå departementet. Fleire er opptekne av at skolebyte kan ha mindre alvorlege konsekvensar enn bortvising.

Opplæring i kvensk i grunnskolen

Departementet følgjer opp Målrettet plan for kvensk språk 2017–2021 og foreslår at elevar i grunnskolen som har rett til opplæring i finsk, òg skal ha rett til opplæring i kvensk dersom dei heller ønskjer det. Endringa vil tydeleggjere at elevane har rett til å velje opplæring i kvensk.

Eit stort fleirtal av høyringsinstansane støttar forslaget frå departementet om å slå fast retten til opplæring i kvensk i opplæringslova.

Departementet meiner at lovendringa ikkje vil ha vesentlege økonomiske og administrative konsekvensar. Talet på elevar som får denne retten, vil ikkje endre seg, sidan vilkåra for å ha rett til opplæring i kvensk eller finsk ikkje blir endra.

Oppnemning til og samansetjing av yrkesopplæringsnemndene

Departementet foreslår å lovfeste ein rett for alle organisasjonane som i dag er representerte i det nasjonale Samarbeidsrådet for fag- og yrkesopplæring (SRY), til å vere representerte i dei fylkeskommunale yrkesopplæringsnemndene. Vidare foreslår departementet at når fylkeskommunane skal nemne opp ein representant for elevar, lærlingar eller lærekandidatar til yrkesopplæringsnemnda, så skal dei òg kunne nemne opp ein praksisbrevkandidat. Forslaget likestiller desse gruppene.

Om lag halvparten av dei som har gitt høyringssvar, støttar at alle organisasjonane som er representerte i SRY, skal ha rett til å delta i yrkesopplæringsnemndene. Av dei som ikkje støttar forslaget, er det fleire som skriv at fylkeskommunane sjølv må få bestemme samansetjinga av yrkesopplæringsnemndene, blant anna basert på regionale behov i arbeidslivet.

Departementet vurderer det slik at lovendringa ikkje vil ha vesentlege økonomiske og administrative konsekvensar for fylkeskommunane.

Politiattest

Departementet foreslår å lovfeste eit forbod mot tilsetjing i vidaregåande skolar og folkehøgskolar for personar som har dom eller førelegg for seksuelt overgrep mot mindreårig. Forbodet skal òg gjelde i vidaregåande friskolar. Etter gjeldande rett vil ein dom for seksuelle overgrep mot mindreårige ikkje gje eit automatisk forbod mot tilsetjing. Den ansvarlege for tilsetjinga må her konkret vurdere kva for konsekvensar ein slik dom skal få. Denne vurderinga er krevjande og kan få konsekvensar både for den domfelte som er tilboden ei stilling i vidaregåande skole, og for elevane. Departementet ønskjer å gi elevar i vidaregåande skole same vernet mot personar som er dømde for seksuelle overgrep mot mindreårige, som elevar i grunnskolen har i dag.

Vidare foreslår departementet å innføre plikt til å leggje fram politiattest ved alle tilsetjingar i folkehøgskolar.

Det er ingen høyringsinstansar som har uttalt seg mot forslaga om politiattest.

Forslaget vil kunne føre til at det blir utferda fleire politiattestar for folkehøgskolar. Kunnskapsdepartementet meiner at dei ekstra kostnadene som vil komme til i samband med dette, vil utgjere eit heilt ubetydeleg beløp.

Butid

Departementet omtaler i proposisjonen eit forslag om å innføre ein heimel til å utarbeide forskrifter med krav om butid for utanlandske arbeidstakarar som skal tilsetjast i barnehage eller skole. Forslaget har vore på høyring, men etter ei grundig vurdering av dei ulike høyringsinnspela har departementet komme til at det ikkje er aktuelt å fremja lovforslaget

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Martin Henriksen, Nina Sandberg, Torstein Tvedt Solberg og Kristian Torve, fra Høyre, Kent Gudmundsen, Turid Kristensen, Marianne Synnes og Mathilde Tybring-Gjedde, fra Fremskrittspartiet, Carl I. Hagen og lederen Roy Steffensen, fra Senterpartiet, Marit Arnstad og Marit Knutsdatter Strand, fra Sosialistisk Venstreparti, Mona Fagerås, fra Venstre, Guri Melby, og fra Kristelig Folkeparti, Hans Fredrik Grøvan, viser til Prop. 88 L (2018–2019) om endringer i opplæringsloven, folkehøyskoleloven, friskoleloven m.m.

Plikt til å tilby leirskoleopphold eller annen skoletur med overnatting

Komiteen viser til at regjeringen foreslår å lovfeste en plikt for kommunene til å tilby et leirskoleopphold eller annen skoletur med overnatting for elevene i grunnskolen. Leirskoleoppholdet eller skoleturen skal være en del av grunnskoleopplæringen og inkludere minst tre overnattinger. Komiteen viser til at én av fem elever ikke får tilbud om å dra på leirskole eller skoletur med overnatting, og mener det er viktig å sikre at alle barn får tilbud om dette.

Komiteen viser til at elevene har rett til å få opplæring uten å måtte betale for den, og mener derfor det er viktig at det legges opp til at tilbudet om leirskole eller skoletur skal være gratis på linje med all opplæring i skolen. Komiteen viser til at skolene fortsatt vil ha ansvar for å organisere leirskolen, og det er stort rom for lokale variasjoner. Alle barn skal imidlertid få et tilbud, og turene må planlegges i samarbeid med elever og foreldre slik at ulike hensyn kan ivaretas.

Komiteens flertall, medlemmene fra Høyre, Fremskrittspartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti, mener at ordningen med leirskole gir elevene viktig friluftslivskompetanse og unike opplevelser ute i naturen. Alle barn og unge bør få erfaring med friluftsliv og lære å ferdes i naturen på en trygg og miljøvennlig måte. Det legger grunnlag for gode naturopplevelser og god helse gjennom hele livet. Skolen er en viktig arena for opplæring i friluftsliv for alle, fordi man der når alle uansett familiebakgrunn. Undervisning ute i naturen og nærmiljøet kan øke læringsutbyttet i skolen. Ved å ta i bruk naturen som klasserom lærer elevene bedre og er mer i aktivitet i løpet av skoledagen. Flertallet mener det er viktig at skoler som velger en annen skoletur enn leirskole, sikrer et pedagogisk tilbud med opplevelser som bidrar til å øke læringsutbyttet i skolen.

Flertallet mener at det er viktig at leirskolen eller skoleturen er sammenhengende og inkluderer flere overnattinger. For noen vil en overnattingstur uten foreldre være en ny og viktig mestringsopplevelse. Overnattingsturen vil også kunne bidra til å styrke samholdet i elevgruppen. I henhold til lovforslaget må oppholdet inkludere minst tre overnattinger, mens det for mange skoler vil være mer naturlig med en hel skoleuke. Flertallet mener det må være opp til den enkelte skole og kommune å vurdere hva som er mest hensiktsmessig, men at det er naturlig å følge utviklingen. Flertallet foreslår derfor at det vurderes om rapportering i GSI av leirskoleopphold/skoletur kan endres fra å melde fra om turen er planlagt gjennomført, til å oppgi om turen skal inkludere/har inkludert tre, fire eller flere overnattinger.

Flertallet bemerker at departementet i proposisjonen presiserer at det bør være et krav om at overnattingene gjøres i sammenheng. I forslaget til lovtekst er imidlertid dette ikke eksplisitt inntatt. Flertallet mener det bør presiseres i lovteksten at overnattingene skal skje i sammenheng.

Flertallet fremmer derfor følgende forslag:

«I opplæringslova skal ny § 13-7 b lyde:

§ 13-7 b Plikt for kommunen til å tilby leirskoleopphald eller annan skoletur

Kommunen skal som ein del av grunnskoleopplæringa tilby elevane leirskoleopphald eller annan skoletur med minst tre overnattingar i samanheng.»

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til Representantforslag 8:146 S (2014–2015) fra Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, der regjeringen ble bedt om å fremme forslag til lovfesting av elevenes rett til ett leirskoleopphold i løpet av grunnskolen. Dette ble nedstemt, men intensjonen i forslaget ble til dels ivaretatt i anmodningsvedtak nr. 479, som en enstemmig komité støttet. Det gikk ut på å be regjeringen utrede hvordan læreplanen i stedet kunne bidra til å ivareta at alle elever fikk tilbud om en overnattingstur av flere dagers varighet og med et pedagogisk opplegg i tråd med kompetansemål i skolens læreplaner, for eksempel gjennom leirskole, studieturer eller andre løsninger i regi av skolen. Siden den gang har den høyreledede regjeringen ved flere anledninger forsøkt å utkvittere anmodningsvedtaket uten å finne løsninger som ivaretar stortingsflertallets vilje. I den forbindelse viser disse medlemmer til merknad fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre i Innst. 12 S (2016–2017), der de konstaterer at departementet verken har utredet eller på annen måte forklart hvordan læreplaner kunne bidra til å nå dette målet, men at det i stedet ble slått fast at å bruke læreplaner som virkemiddel ville være i strid med metodefriheten, og at videre utredning på denne bakgrunn ble avvist. Disse medlemmer mener dette vitner om dårlig politisk håndverk og en uakseptabel trenering i oppfølgingen av anmodningsvedtak fra Stortinget.

Disse medlemmer vil videre vise til at flere av høringsinstansene som uttalte seg om Kunnskapsdepartementets høringsforslag, er kritiske til at regjeringens lovforslag åpner for at loven skal gjelde andre og kortere skoleturer uten denne grunnleggende leirskolerammen. Norsk leirskoleforening mener at dette utvanner leirskolebegrepet og kan føre til at noen kommuner velger andre skoleturer enn et leirskoleopphold på en bemannet eller ubemannet leirskole for å spare penger. Disse medlemmer deler denne bekymringen og viser til følgende fra Utdanningsforbundets høringsuttalelse:

«Å legge til rette for eit leirskuleopphald eller tilsvarande for elevane betyr ikkje at andre typar turar er utelukka. Desse kan kome i tillegg. Lovteksten bør difor vere: Kommunen skal tilby elevane eit leirskuleopphald eller eit tilsvarande opphald.»

Disse medlemmer fremmer derfor følgende forslag:

«I opplæringslova skal ny § 13-7 b lyde:

Kommunen skal tilby elevane eit leirskuleopphald eller eit tilsvarande opphald.»

Komiteens flertall, medlemmene fra Høyre, Fremskrittspartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti, viser til at Stortinget tidligere har bedt regjeringen utrede tilbud om overnattingstur, mens man nå går enda lenger og sikrer at alle elever får tilbud om leirskole eller en annen skoletur over flere dager. Kritikken fra opposisjonen fremstår i dette lyset som underlig.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti har merket seg at flere høringsinstanser sår tvil om kommunene er tilstrekkelig kompensert for de utgifter som følger av en lovfesting. Disse medlemmer forutsetter at kommunene blir kompensert for økte utgifter, og ber regjeringen i samarbeid med KS vurdere behovet for ytterligere bevilgninger.

Komiteens medlemmer fra Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti fremmer på denne bakgrunn følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen om å kompensere kommunene for økte utgifter som følger av en lovfesting av rett til leirskole, og ber regjeringen i samarbeid med KS vurdere behovet for ytterligere bevilgninger.»

Adgang til å pålegge skolebytte i videregående opplæring

Komiteen viser til at regjeringen foreslår en lovhjemmel for å pålegge elever i videregående opplæring å bytte skole selv om eleven selv eller foreldrene ikke ønsker det. Komiteen viser til at det legges opp til at skolebytte er siste utvei, og at lovhjemmelen bare skal brukes i de mest alvorlige sakene, der andre og mindre inngripende tiltak ikke kan sikre medelevene et trygt og godt skolemiljø. Komiteen viser til at det i dag er anledning til å bortvise elever fra skolen for opptil resten av skoleåret, og mener at denne reaksjonen er mer inngripende enn et pålegg om å bytte skole.

Komiteen mener at terskelen for å kreve bytte av skole må være høy, og at det må legges til rette for at eleven som pålegges å bytte skole, får mulighet til å fullføre på normert tid.

Komiteen har merket seg at flertallet av høringsinstansene som uttalte seg om Kunnskapsdepartementets høringsforslag, er positive til forslaget om å kunne pålegge skolebytte som tiltak i alvorlige mobbesaker. Komiteen vil understreke at et slikt pålegg må brukes med varsomhet, og er enig med de høringsinstansene som peker på at terskelen for en så vidt alvorlig inngripen må være høy. Innsatsen for et trygt og inkluderende skolemiljø fritt for mobbing, krenkelser og trakassering må først og fremst handle om kunnskapsbaserte tiltak og systematisk arbeid som ivaretar alle elevers rettigheter og behov. Også barn og unge som utøver mobbing, må ivaretas på en god måte, og tiltak og sanksjoner må bygge på kunnskap om de bakenforliggende årsakene til at barn og unge tyr til en slik atferd.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti mener de videregående skolene må gis bedre rammevilkår for å se og følge opp hver enkelt elev og ivareta et trygt og inkluderende skolemiljø, og vil på denne bakgrunn vise til at Sosialistisk Venstreparti ønsker å innføre en nasjonal lærernorm i videregående opplæring og gi økte, øremerkede midler for å tilsette flere helsesykepleiere.

Opplæring i kvensk i grunnskolen

Komiteen viser til at regjeringens forslag vil tydeliggjøre elevers rett til å velge opplæring i kvensk. Forslaget er en oppfølging av Målrettet plan for kvensk språk 2017–2021.

Komiteen mener det er viktig at retten til opplæring i kvensk fremgår av opplæringsloven. Komiteen vil også peke på de mulighetene kommunene har gjennom ny teknologi, og at det kan legges til rette for at elever får tilgang til distribuert undervisning i de tilfeller det er krevende å rekruttere kvalifiserte lærere eller hvor antallet elever er for lavt.

Oppnevning til og sammensetning av yrkesopplæringsnemndene

Komiteen viser til at regjeringen også foreslår en endring i opplæringsloven som medfører at alle organisasjoner som er representert i Samarbeidsrådet for fag- og yrkesopplæring (SRY), får rett til å være representert i yrkesopplæringsnemndene.

Komiteens flertall, medlemmene fra Høyre, Fremskrittspartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti, mener at sammensetningen av nemndene i størst mulig grad bør gjenspeile bredden i arbeidslivet, og at det da er naturlig å inkludere både partene i arbeidslivet, elev- og lærerorganisasjonene og skoleeiere. Flertallet viser til at det i dag er betydelige variasjoner i hvilke organisasjoner som er representerte i yrkesopplæringsnemndene, og at relevante aktører etter dagens regler risikerer å bli utelatt. Flertallet vil presisere at alle organisasjoner som er representert i SRY, får en rett til å sitte i nemnda, men at dette ikke er en plikt. Organisasjoner som i dag er representerte i SRY, vil imidlertid nå få en invitasjon til å delta før nemndene blir nedsatt av fylkeskommunen.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Senterpartiet vil understreke at yrkesfagsnemndene spiller en viktig rolle for å sikre kvaliteten i yrkesfagutdanninger, særlig i arbeidet med dimensjonering av skoleplasser, nok læreplasser og et utdanningstilbud tilpasset regionale behov. Hvert år står over 7 000 søkere uten læreplass, og samtidig er det et stort behov for flere fagarbeidere i arbeidslivet. Disse medlemmer mener målet med å endre yrkesopplæringsnemndenes sammensetning må være å legge til rette for bedre kvalitet i arbeidet ute i fylkene, og mener de foreslåtte lovendringene er svakt begrunnet.

Disse medlemmer viser til at LO, NHO og ni fylker i høringen var mot regjeringens forslag, og mener det er grunn til å lytte til deres bekymringer om at det først og fremst bør være regionale behov som styrer sammensetningen av nemndene, og at yrkesopplæringsnemndene ikke bør bli for store. LO viser i sitt høringssvar også til at yrkesopplæringsnemndene har en annen rolle enn det nasjonale organet SRY. Videre viser disse medlemmer til NHOs høringsinnspill om at det i dag er stor variasjon i sammensetningen av nemndene fra fylke til fylke, og at dette viser at dagens lovverk fungerer godt.

Disse medlemmer vil understreke at det er viktig med god representativitet i yrkesopplæringsnemndene, men at det i denne sammenheng må være det avtagende arbeidslivet i det enkelte fylke eller region som er representert, de som skal ta imot praksiselever, lærlinger og fagarbeidere underveis og etter fullført utdanning. Disse medlemmer støtter derfor ikke en den foreslåtte lovendringen.

Dersom lovendringen vedtas, mener disse medlemmer det er viktig at det fortsatt sikres paritet mellom partene i arbeidslivet. Det er bra at regjeringen etter høringsrunden har presisert at alle organisasjoner som er representert i SRY, skal få invitasjon, ikke plikt, til å sitte i yrkesopplæringsnemndene. Samtidig kan dette medføre en uklar og skiftende sammensetning. Disse medlemmer ber regjeringen sikre fortsatt paritet mellom partene i arbeidslivet i yrkesopplæringsnemndene og at partene i arbeidslivet fortsatt skal ha flertall.

Disse medlemmer viser til forslaget om å lovfeste rett til representasjon for alle organisasjoner som i dag er representert i det nasjonale Samarbeidsrådet for fag- og yrkesopplæringsnemndene (SRY). Disse medlemmer merker seg at om lag halvparten av høringsinstansene går imot forslaget, herunder flere av høringsinstansene som er representert i SRY. Når disse organisasjonene selv går imot forslaget, mener disse medlemmer at det bør tas til følge. Disse medlemmer er enig med disse høringsinstansene i at det avgjørende for de som skal inn i yrkesopplæringsnemndene, er at de representerer arbeidslivet i den aktuelle regionen. Disse medlemmer viser til at ikke alle organisasjonene har egne regionskontor i alle fylker, og en bør derfor videreføre adgangen til regionalt å avgjøre hvilken regional representasjon som er formålstjenlig.

Disse medlemmer fremmer derfor følgende forslag:

«Opplæringslova § 12-3 andre ledd skal lyde:

Nemnda skal ha medlemmer med personlege varamedlemmer som til saman skal ha brei innsikt i heile fag- og yrkesopplæringa og i nærings- og sysselsetjingsspørsmål. Det skal i alle høve nemnast opp medlemmer frå partane i arbeidslivet etter forslag frå arbeidstakarorganisasjonane og etter forslag frå arbeidsgivarorganisasjonane. Partane i arbeidslivet skal ha fleirtal i nemnda. Dessutan skal det nemnast opp minst éin representant for elevar, lærlingar, praksisbrevkandidatar eller lærekandidatar etter forslag frå organisasjonar eller organ som representerer desse. Fylkeskommunen kan be lærarorganisasjonane om forslag til medlemmer i nemnda.»

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti merker seg at i proposisjonen viser regjeringen til at dette er én anbefaling fra arbeidsgruppa til SRY, men nevner ikke hvordan regjeringen planlegger en systematisk oppfølging av de 14 resterende anbefalingene, slik både LO og NHO etterlyser i sine høringssvar. LO understreker også at anbefalingene er en helhet, og at det er uheldig at regjeringen nå velger å kun følge opp ett forslag alene.

I proposisjonen viser regjeringen til Liedutvalgets arbeid. Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet vil understreke at utvalget ikke er partssammensatt. Partene i arbeidslivets rolle i utviklingen av fag- og yrkesopplæringen er en viktig del av den norske modellen, og det er uheldig dersom omfattende endringer i fag- og yrkesopplæringen behandles uten at partene er representert.

Politiattest

Komiteen viser til at regjeringen foreslår å innføre forbud mot ansettelse av personer som er dømt eller har vedtatt forelegg for seksuelle overgrep mot mindreårige, i fast eller midlertidig stilling på videregående skoler og folkehøyskoler. Komiteen viser videre til at det fra før er krav om fremleggelse av politiattest ved ansettelse på videregående skoler, men at regjeringen nå foreslår at det også skal legges frem politiattest ved ansettelse på folkehøyskoler.

Forslag fra mindretall

Forslag fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti:
Forslag 1

I opplæringslova skal ny § 13-7 b lyde:

Kommunen skal tilby elevane eit leirskuleopphald eller eit tilsvarande opphald.

Forslag fra Arbeiderpartiet og Senterpartiet:
Forslag 2

Opplæringslova § 12-3 andre ledd skal lyde:

Nemnda skal ha medlemmer med personlege varamedlemmer som til saman skal ha brei innsikt i heile fag- og yrkesopplæringa og i nærings- og sysselsetjingsspørsmål. Det skal i alle høve nemnast opp medlemmer frå partane i arbeidslivet etter forslag frå arbeidstakarorganisasjonane og etter forslag frå arbeidsgivarorganisasjonane. Partane i arbeidslivet skal ha fleirtal i nemnda. Dessutan skal det nemnast opp minst éin representant for elevar, lærlingar, praksisbrevkandidatar eller lærekandidatar etter forslag frå organisasjonar eller organ som representerer desse. Fylkeskommunen kan be lærarorganisasjonane om forslag til medlemmer i nemnda.

Forslag fra Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti:
Forslag 3

Stortinget ber regjeringen om å kompensere kommunene for økte utgifter som følger av en lovfesting av rett til leirskole, og ber regjeringen i samarbeid med KS vurdere behovet for ytterligere bevilgninger.

Komiteens tilråding

Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité, med unntak av opplæringslova § 12-3 andre ledd, som blir fremmet av komiteens medlemmer fra Høyre, Fremskrittspartiet, Sosialistisk Venstreparti, Venstre og Kristelig Folkeparti, og opplæringslova § 13-7 b, som blir fremmet av komiteens medlemmer fra Høyre, Fremskrittspartiet, Venstre og Kristelig Folkeparti.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og råder Stortinget til å gjøre følgende

vedtak til lov

om endringar i opplæringslova, folkehøgskolelova, friskolelova m.m. (plikt til å tilby skoletur med overnatting, skolebyte for elevar i vidaregåande opplæring, opplæring i kvensk, samansetjing av yrkesopplæringsnemnder, politiattest i vidaregåande skole m.m.)

I

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa blir desse endringane gjorde:

§ 2-7 overskrifta og første ledd skal lyde:
§ 2-7 Kvensk- eller finskopplæring for elevar med kvensk/norskfinsk bakgrunn

Når minst tre elevar med kvensk/norskfinsk bakgrunn ved grunnskolar i Troms og Finnmark krev det, har elevane rett til opplæring i kvensk eller finsk. Omfanget av opplæringa i tid og innhaldet i opplæringa blir fastsett i forskrifter etter § 2-2 og § 2-3 i denne lova. Frå og med 8. årstrinnet vel elevane sjølv om dei vil ha slik opplæring.

§ 2-12 tredje ledd skal lyde:

For private grunnskolar gjeld også §§ 2-2, 2-5 første, andre, tredje og sjette ledd, 2-11, 8-2, 9-1, 9-2, 9-3, 9-4, 9-5, 9-6, 9-7, kapittel 9 A, §§ 10-1, 10-2, 10-6, 10-6a, 10-9, 11-1, 11-2, 11-4, 11-7, 11-10, 13-3b, 13-5, 13-7a, 13-10, 14-1, 14-4, 15-3 og 15-4.

§ 4-5 tredje ledd første punktum skal lyde:

Lærlingar og praksisbrevkandidatar som har fylt 21 år og som inngår lærekontrakt eller opplæringskontrakt med full opplæring i bedrift, jf. § 3-3 fjerde leddet, skal ha ei prøvetid på seks månader.

§ 8-1 fjerde ledd blir oppheva.
§ 9 A-6 fjerde ledd tredje punktum skal lyde:

Fylkesmannen kan vedta reaksjonar etter skolen sitt ordensreglement, jf. § 9 A-10, eller at ein elev skal byte skole, jf. § 9 A-12.

Ny § 9 A-12 skal lyde:
§ 9 A-12 Skolebyte

Ein elev i grunnskolen kan flyttast til ein annan skole enn den skolen eleven elles har rett til å gå på, dersom oppførselen til eleven i alvorleg grad går ut over tryggleiken eller læringa til ein eller fleire medelevar. Skolebyte skal likevel ikkje skje dersom mindre inngripande tiltak vil kunne avhjelpe situasjonen. Grunnen til at ein elev kan flyttast, kan til dømes vere at eleven mobbar ein eller fleire medelevar.

Om vilkåra i første ledd er oppfylte, kan ein elev i vidaregåande opplæring flyttast til ein annan skole enn den skolen eleven er teken inn på. Eleven har rett til å halde fram på same utdanningsprogram og programområde.

Skolebyte etter første og andre ledd skal ikkje skje dersom eleven må flytte ut av heimen, eller om dagleg skyss ikkje er forsvarleg.

Kommunen gjer vedtak for elevar i grunnskolen. Fylkeskommunen gjer vedtak for elevar i vidaregåande opplæring.

Før det blir gjort vedtak om skolebyte, skal den som gjer vedtak, rådføre seg med rektor og lærarane til eleven og sørgje for at eleven blir høyrd.

Kva som er best for elevane, skal vere eit grunnleggjande omsyn i vurderingane etter første og andre ledd og i saksbehandlinga.

Noverande §§ 9 A-12 til 9 A-15 blir §§ 9 A-13 til 9 A-15 og ny § 9 A-16.

§ 10-9 overskrifta skal lyde:
§ 10-9 Politiattest og forbod mot tilsetjing.
§ 10-9 tredje ledd første punktum skal lyde:

Personar som er dømde for seksuelle overgrep mot mindreårige, kan ikkje tilsetjast fast eller mellombels i grunnskolen, i den vidaregåande skolen eller i musikk- og kulturskolen, i skolefritidsordninga, for å gi leksehjelp eller i skoleliknande aktivitetstilbod som nemnt i første ledd.

§ 12-3 andre ledd skal lyde:

Nemnda skal ha medlemmer med personlege varamedlemmer som til saman skal ha brei innsikt i heile fag- og yrkesopplæringa og i nærings- og sysselsetjingsspørsmål. Det skal i alle høve nemnast opp medlemmer frå partane i arbeidslivet etter forslag frå arbeidstakarorganisasjonane og etter forslag frå arbeidsgivarorganisasjonane. Alle organisasjonar som er representerte i organ for samarbeid om fag- og yrkesopplæringa jf. § 12-1, har rett til å vere representerte i nemnda. Partane i arbeidslivet skal ha fleirtal i nemnda. Dessutan skal det nemnast opp minst éin representant for elevar, lærlingar, praksisbrevkandidatar eller lærekandidatar etter forslag frå organisasjonar eller organ som representerer desse. Fylkeskommunen kan be lærarorganisasjonane om forslag til medlemmer i nemnda.

Ny § 13-7 b skal lyde:
§ 13-7 b Plikt for kommunen til å tilby leirskoleopphald eller annan skoletur

Kommunen skal som ein del av grunnskoleopplæringa tilby elevane leirskoleopphald eller annan skoletur med minst tre overnattingar i samanheng.

§ 15-2 andre ledd skal lyde:

Departementet er klageinstans for enkeltvedtak om inntak og spesialundervisning i den vidaregåande opplæringa, enkeltvedtak om opplæring i inntil to år ekstra etter § 3-1 femte ledd, enkeltvedtak om særskild språkopplæring etter § 3-12, enkeltvedtak om fysiske miljøforhold etter § 9 A-7 og enkeltvedtak om skolebyte etter § 9 A-12.

II

I lov 6. desember 2002 nr. 72 om folkehøyskoler skal § 6 lyde:

§ 6 Politiattest og forbud mot ansettelse

Den som skal ansettes fast eller midlertidig ved en folkehøyskole, skal legge fram politiattest som nevnt i politiregisterloven § 39 første ledd. Personer som er dømt for seksuelle overgrep mot mindreårige, kan ikke ansettes fast eller midlertidig i slike skoler. I andre tilfelle må konsekvensene av merknader på politiattesten vurderes konkret.

III

I lov 4. juli 2003 nr. 84 om frittståande skolar blir desse endringane gjorde:

§ 2-4 andre ledd skal lyde:

Opplæringslova kapittel 9 A om elevane sitt skolemiljø gjeld også for skolar godkjende etter lova her, med unntak av §§ 9 A-10 og 9 A-11. I saker om skolebyte etter § 9 A-12 er det heimkommunen eller heimfylket som gjer vedtak. Departementet er klageinstans for enkeltvedtak etter § 9 A-7 om det fysiske skolemiljøet og enkeltvedtak etter § 9 A-12 om skolebyte.

§ 3-3 første ledd andre til sjette punktum blir oppheva.
§ 4-3 overskrifta skal lyde:
§ 4-3 Politiattest og forbod mot tilsetjing.
§ 4-3 tredje ledd første punktum skal lyde:

Personar som er dømde for seksuelle overgrep mot mindreårige, kan ikkje tilsetjast fast eller mellombels i grunnskolen, i den vidaregåande skolen eller i skoleliknande aktivitetstilbod eller for å gi leksehjelp etter § 7-1 e.

IV

I lov 16. juni 2017 nr. 69 om godkjenning av yrkeskvalifikasjoner blir desse endringane gjorde:

§ 2 andre ledd første punktum skal lyde:

For yrker som omfattes av lov 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v. og lov 15. juni 2001 nr. 75 om veterinærer og annet dyrehelsepersonell, gjelder kun §§ 22 til 24.

§ 20 første ledd skal lyde:

Den ansvarlige myndigheten skal innen tre dager varsle ansvarlige myndigheter i samtlige øvrige EØS-stater om en yrkesutøver har fått begrenset retten til å utøve yrket av nasjonale myndigheter eller domstoler, både midlertidig og permanent. Dette gjelder for yrkesutøvere som utøver et lovregulert yrke med opplæring av mindreårige, herunder barnehage.

V

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset. Kongen kan setje i kraft dei ulike føresegnene til ulik tid.

Oslo, i utdannings- og forskningskomiteen, den 28. mai 2019

Roy Steffensen

Guri Melby

leder

ordfører