Sammendrag

Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag til endring i yrkestransportlova § 6. Framlegget tek sikte på å hindre at regionreforma får utilsikta verknader for etableringa av kommersielle ekspressbussruter som ikkje mottek tilskot. Framlegget inneber vidare ei liberalisering av gjeldande ekspressbusspolitikk.

Forslaget til endring i yrkestransportlova gjev i § 6 nytt andre ledd heimel for at departementet kan fastsetje i forskrift at løyve for persontransport i rute med motorvogn ikkje skal behovsprøvast når ruta er over ei viss lengd som vert nærare fastsett av departementet. Lengda på ruter som ikkje skal behovsprøvast, skal etter lovframlegget ikkje setjast lågare enn 80 km.

Det vert òg foreslått heimel for at særskilte former for rutetransport, som vert nærare fastsett av departementet, ikkje skal behovsprøvast uavhengig av lengda på ruta.

Under føresetnad av at Stortinget vedtek framlegga til endringar i yrkestransportlova, vil departementet fastsetje nærare reglar i yrkestransportforskrifta i samsvar med lovheimelen.

Bakgrunnen for framlegget er iverksetjing av regionreforma. Etter gjeldande rett er kryssing av fylkesgrenser eit avgjerande kriterium for om det vert gitt løyve til kommersielle ruter. Samanslåing av to eller fleire fylke medfører at dei samanslegne fylka vil omfatte større geografiske område enn i dag.

Framlegget er ei oppfølging av regjeringa si politiske plattform datert 17. januar 2019, der det går fram at regjeringa vil «Liberalisere ekspressbusspolitikken fullt ut for usubsidierte ruter», som svarar til tidlegare regjeringsplattform av 14. januar 2018.

Omgrepet «ekspressbuss» kan ha ulikt innhald. I framlegget er ekspressbuss avgrensa til å gjelde kommersielle langruter, som i utgangspunktet ikkje får godtgjersle eller einerett til å utføre offentleg teneste.

Samferdselsdepartementet sitt framlegg til lovendring vart sendt til høyring 15. oktober 2018.

Økonomiske og administrative konsekvensar

For ekspressbussnæringa meiner departementet at endringa vil kunne gje ein meir føreseieleg og mindre tidkrevjande prosess knytt til handsaming av søknader om ekspressbussløyve og etablering av ruter enn i dag. Endringane vil leggje til rette for større fleksibilitet for aktørar som ønskjer å opprette kommersielle bussruter. Dette kan bidra til auka lønsemd i ekspressbussnæringa.

For brukarar av kollektivtransport meiner departementet at enklare vilkår for etablering av kommersielle bussruter kan medverke til eit betre kollektivtilbod på lengre distansar. Det kan òg gje eit noko betre tilbod lokalt ved at dei kommersielle rutene over ei viss lengd får høve til lokaltransport.

Generelt meiner departementet at framlegget til lovendring vil kunne bidra til eit betre kollektivtilbod for publikum, utan auka ressursbruk for det offentlege.