Sammendrag

Kulturdepartementet legg i proposisjonen fram forslag til endringar i lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn (heretter stadnamnlova).

Målet med lovrevisjonen er å stille kommunane friare i avgjerder om stadnamn, både val av stadnamn og vedtak om skrivemåten av dei. Vidare er målet å følgje opp det som står om vern og bruk av samiske stadnamn i NOU 2016:18 Hjertespråket – Forslag til lovverk, tiltak og ordninger for samiske språk.

Departementet har konsultert Sametinget om tiltak i proposisjonen som kan påverke samane direkte. I konsultasjonane har det blitt konstatert semje om omtale og dei tiltaka som direkte eller indirekte følgjer opp NOU 2016:18 Hjertespråket – Forslag til lovverk, tiltak og ordninger for samiske språk.

18. oktober 2018 sende Kulturdepartementet på høyring framlegg til endringar i stadnamnlova, med høyringsfrist 14. januar 2019.

Hovudsynspunkt frå høyringa er gått igjennom i proposisjonen. Høyringssvara er tilgjengelege på regjeringa si nettside: www.regjeringa.no.

Om stadnamn

Stadnamna er ein del av vår felles kulturarv. Dei gir opplysningar om språk, terreng, ferdselsårer, dyreliv, plantevekst, militære varslingssystem, kyrkjeleg styring, folkelege gjeremål, ordbruk, arbeid, tenkjemåte og levevis.

Stadnamnlova fekk ved lovrevisjonen i 2005 ein ny paragraf, § 3 Namnevern. Vernet det her er tale om, er eit vern til støtte for traderinga av namnet. Det vil seie at lova, jf. formålsparagrafen, fremjar aktiv bruk av stadnamna som er i tråd med den tradisjonelle, lokale namngivinga på staden. Intensjonen til lovgivaren var samtidig å hindre at for eksempel eit kommersielt eller historisk interessant stadnamn som ikkje har tilknyting til ein bestemt stad eller eit bestemt namneobjekt, fortrengjer den namnetradisjonen som har tilknyting til eit bestemt namneobjekt. Det må understrekast at stadnamnlova likevel ikkje skal vere til hinder for samfunnsutvikling og endringar i administrative inndelingar, for eksempel ved kommunesamanslåingar. Når administrative ordningar blir endra, må også bruken av stadnamna endre seg noko.

Stadnamn er immaterielle kulturminne. Historisk sett er det den materielle delen av kulturarven som har vore omfatta av eit rettsleg vern. Det gjeld både nasjonalt og internasjonalt. Departementet legg til grunn at forslaga til lovendringar er innafor rammene av det som følgjer av UNESCOs konvensjon av 17. oktober 2003 om vern av den immaterielle kulturarven, som Noreg ratifiserte i 2007.

Stadnamn har ein sentral praktisk funksjon i offentlege samanhengar, ikkje berre som kulturminne. Behovet for klar og sikker stadfesting av objekt, formasjonar og fenomen inneber at skrivemåten av stadnamn som er i offentleg bruk, er kvalitetssikra og konsistent innanfor og mellom forvaltningsnivå.

Stadnamnlova er med på å leggje stadnamna til rette for samfunnet, slik at dei kan nyttast til praktiske formål, til bruk i eigedomsregister og til namnsetjing på kart. Adressefunksjonen er det viktigaste ved stadnamna.

Forslag til endringar i stadnamnlova

Formål og verkeområde

Departementet foreslår ei endring i formålsparagrafen § 1 andre ledd, slik at det går klart fram at lova også skal sikre omsynet til norske stadnamn på lik linje med samiske og kvenske stadnamn. Dette er meint for å klargjere det som alt i dag er å rekne som gjeldande rett.

Endringa er samstundes eit uttrykk for at stadnamnlova både er ei kulturminnelov og ei språklov. Ho skal både verne immateriell kultur og fremje norsk, samisk og kvensk språk i aktiv bruk, jf. stadnamnlova § 1.

Definisjonar – om reinbeitedistrikt

Reinbeitedistrikta har i dag gjerne namn på både norsk og samisk, i tillegg til eit nummer. Desse namna er i offentleg bruk. Det er reinbeitedistrikta som vel kva namn som skal ha eit vedtak om skrivemåte.

I NOU 2016:18 Hjertespråket er reinbeitedistrikt omtalte som administrative område som kan kartfestast. Det samiske språkutvalet meinte derfor at reinbeitedistrikt bør kome inn under definisjonen av stadnamn.

Departementet foreslår, i tråd med forslaget frå det samiske språkutvalet, å sikre at skrivemåte av namn på reinbeitedistrikt blir behandla etter reglane i stadnamnlova. Forslaget går ut på å føye til reinbeitedistrikt til oppramsinga av dei namneobjekta som Kartverket er vedtaksorgan for etter ny § 7 tredje ledd første punktum.

Val av stadnamn

Stadnamnlova søkjer å vidareføre lokal namnetradisjon ved val av namn på nye namneobjekt, fordi namna har språkhistorisk og kulturhistorisk verdi for lokalsamfunnet og nasjonen.

Etter gjeldande rett er det slik at kommunen har rett til å velje namn på alle tiltak som kommunen har ansvaret for og som treng eit namn. Stadnamnlova viser berre indirekte til at kommunen har denne kompetansen i § 1.

Fordi det er stilt spørsmål om det lovlege i dei namnevala som kommunane og fylkeskommunane gjer før vedtak om skrivemåten av dei, foreslår departementet at namnevalet av pedagogiske grunnar blir lovfesta i stadnamnlova. Forslaget er ikkje meint å innskrenke kommunane sin kompetanse, men å unngå at det kan stillast spørsmål om det lovlege ved dei namnevala kommunen gjer. Departementet foreslår å lovfeste sjølve valet av namn i eit tillegg i føresegna om vedtak og andre avgjerder etter lova i ny § 7 Avgjerder.

Departementet merkar seg at høyringsinstansane i hovudsak støttar framlegget om å lovfeste kommunane sin rett til å velje stadnamn. Ettersom regelen om namnevern i § 3 avgrensar handlefridomen til kommunen noko, er det viktig at lovteksten ikkje teier om den retten kommunen har til å velje namn.

Departementet er einig med Språkrådet i at det er betre å bruke ordet «velje» i staden for «fastsetje» om retten til å velje stadnamn. Dette vil tydeleggjere forskjellen mellom val av stadnamn og vedtak om skrivemåten av dei.

Hovudregelen både etter gjeldande praksis og lovframlegget er at kommunen sjølv vel namn på tettstader.

Namnevern

Overordna handlar føresegnene i § 3 om å vidareføre så mange namn som råd på den staden dei er knytte til. Namnevernet etter stadnamnlova skal likevel ikkje vere til hinder for nydanning av namn.

Departementet meiner at høyringa viser at både kommunar og ulike statlege kulturverninteresser opplever at stadnamna er under press. For norske namn ser det ut til at det særleg er kommersielle interesser som utgjer dette presset, kombinert med rask stadutvikling. For kvenske og samiske namn blir det ytra at det er ein fare for at norske namn fortrengjer desse mindretalsspråka, altså at fornorskingsprosessane ikkje er avslutta.

§ 3 andre ledd første punktum er formulert slik at det vert opna for namnebyte. Eit stadnamn kan bytast ut med eit anna stadnamn, men då eigentleg på to vilkår: 1) At det namnet som erstattar eit anna namn, skal ha tradisjon som namn på det same namneobjektet som det namnet som blir bytt ut, og 2) bytet skal som hovudregel føregå innanfor det same språket. I samsvar med framlegg frå Sametinget foreslår departementet at formuleringa «som er på same språk» blir føydd til i § 3 andre ledd første punktum, slik at det blir utvetydig at hovudregelen er at eit stadnamn på eitt språk ikkje kan fortrengje eit stadnamn på eit anna språk. Til dømes skal ikkje eit norsk stadnamn fortrengje eit samisk stadnamn.

Unntaksregelen i § 3 andre ledd andre punktum opnar for å vurdere namnebyte også i situasjonar der dei namna som er til vurdering, ikkje har tradisjon som namn på same namneobjekt. Regelen opnar i prinsippet også for å gjere unntak frå hovudregelen om at eit eventuelt namnebyte skal skje innanfor same språk. Unntaksregelen opnar såleis for å gjere unntak frå begge vilkåra ovanfor, men av særlege grunnar.

I proposisjonen gjer departementet nærare greie for tolkinga av «særlege grunnar». Departementet peikar til dømes på at dersom særlege grunnar skal vurderast for å gjere unntak frå hovudregelen, må ein stå mellom to namn med i utgangspunktet likeverdig krav på vern. Det namnet som eventuelt blir flytta til ein ny stad som følgje av eit vedtak etter lova, skal vere eit nedervd namn. Det skal vurderast konkret om eit namn vil gå ut av bruk eller sikrast i bruk ved eit namnebyte. Kulturvernomsyn skal vurderast konkret, noko som sjeldan talar for at ei endring i namnebruken skal vere styrt av kommersielle interesser, eller at det er tilrådeleg å byte ut stadnamn mellom to språk. I den konkrete vurderinga av om det er særlege grunnar som tilseier at ein kan tillate namnebyte etter § 3 andre ledd, skal ein leggje vekt på kva kommunen meiner om kva som tener namnevernet lokalt.

Reglar om skrivemåten av stadnamn

Å fastsetje skrivemåten er eit verkemiddel for å verne stadnamn. Derfor fastset lova nokre rammer for normeringa. Etter formålet i lova skal resultatet av normeringa vere ei «skriftform som er praktisk, og som ikkje skyggjer for meiningsinnhaldet i namnet», jf. § 1.

Det er gjeldande § 4 i lova som inneheld hovudregelen for fastsetjing av skrivemåten. For å gi kommunane større reell innverknad på fastsetjing av skrivemåte foreslår departementet å flytte setninga «Har skrivemåten vore lenge i bruk og er vel kjend og innarbeidd, kan ein fråvike gjeldande rettskriving og rettskrivingsprinsipp», frå forskrift til stadnamnlova av 23. mai 2017 til paragrafen om reglar om skrivemåten av stadnamn i stadnamnlova. Framlegget om ny § 4 andre ledd er meint å gi eit signal om at regelen skal vurderast oftare enn før, men at han framleis er ein unntaksregel.

Departementet merkar seg at fleire av dei statlege verksemdene, mållaga og interesseorganisasjonane er negative til forslaget om å flytte den nevnde setninga frå forskrift til lov. Departementet meiner likevel at det bør opnast for at kommunane kan få større reell innverknad på fastsetjing av skrivemåte. At endringa blir flytta frå forskrift til lov, gjer at unntaket får høgare status.

Vidare meiner departementet at det lovteknisk sett er betre at unntaket frå hovudregelen står i same paragraf som hovudregelen.

Sjølv om formålet med endringa er at unntaket blir praktisert oftare, vil dette etter departementets meining ikkje undergrave formålet med lova.

I saker der det blir vurdert å bruke denne unntaksregelen, skal følgjande moment takast med i vurderinga: uttalen, innarbeidd skrifttradisjon, meiningsinnhaldet og lokale synsmåtar.

Ein må vurdere om skrivemåten vil endre den lokale uttalen av namnet. Forma som namnet har i den nedervde lokale uttalen, er utgangspunktet for normering og har i seg sjølv verdi som kulturminne.

Kunngjering og høyring

Gjeldande § 6 er ein samleparagraf for saksbehandlingsreglane i stadnamnsaker. Ein av saksbehandlingsreglane er kravet til kunngjering av at det blir reist namnesak. Det er ikkje regulert i lova kven som har ansvaret for kunngjeringa.

Kunngjering på ein eigna måte når namnesak blir reist er ein føresetnad for at dei som har rett til å uttale seg, får høve til dette. Dette er lokaldemokrati i praksis. Ein reell høyringsprosess er også avgjerande for at ei namnesak blir godt opplyst før det blir vedteke ein skrivemåte av eit stadnamn.

Departementet vurderer det slik at det vil vere klargjerande å flytte saksbehandlingsreglane som gjeld kunngjering og høyring i stadnamnsaker, frå gjeldande § 6 til ny § 8. Vidare meiner departementet at det er kommunen som er og bør vere ansvarleg for sjølve kunngjeringa, uavhengig av kven som reiser namnesaka. Forslaget er meint som ei presisering av gjeldande praksis.

Stadnamntenesta – organisering

Det er i dag ei rådgivingsteneste for stadnamn organisert under Kulturdepartementet, jf. stadnamnlova § 11.

Språkrådet fekk i 1993 delegert ansvaret for å nemne opp stadnamnkonsulentar etter § 11. Frå same tidspunkt har Språkrådet hatt ansvar for å tilsetje stadnamnsekretærar. Det administrative og økonomiske ansvaret for å drifte rådgivingsapparatet etter stadnamnlova har lege hos Språkrådet fram til i dag. Språkrådet har derimot ikkje hatt noka formalisert fagleg rolle i å førebu saker hos stadnamnsekretærane eller i dei tilrådingane som stadnamnkonsulentane i dag gjer etter § 6 første ledd sjuande punktum.

Departementet meiner at det er ei utfordring for forvaltninga av stadnamnlova at dei regionale kontora i dag kan oppfattast som frikopla frå linjene i forvaltninga, samtidig som dei har stor innverknad på demokratiske prosessar, tidvis i strid med til dømes lokale interesser.

Departementet meiner at det er behov for å samle og styrkje fagmiljøet for forvaltning av stadnamn og såleis bøte på den nedbygginga av dei namnefaglege miljøa som skjer regionalt i universitetssektoren i dag.

Ved å knyte namnekonsulenttenesta som fagstyrt organ tettare til eit rådgivande forvaltningsorgan, kan ein sikre at like saker blir behandla likt, og at regelverkspraksisen blir utvikla i tråd med saksbehandlingsprinsippa elles i forvaltninga. Det er behov for å knyte namnekonsulenttenesta til eit miljø som har eit etablert informasjonsapparat, og som kan leggje til rette for kompetanseoverføring og opplæring. Det er også behov for ei ryddig organisering, som ikkje skaper tvil om Språkrådet si rolle.

Departementet foreslår derfor å skrive Språkrådet si rolle som stadnamnteneste inn i lova. Gjeldande § 11 Stadnamnkonsulentar vert foreslått erstatta av ny § 13 med tittelen Stadnamntenesta. Departementet foreslår at paragrafen i staden for å omhandle oppnemning av konsulentar, heller skal slå fast kven som er stadnamnteneste etter lova.

Departementet meiner å kunne konkludere med at forslaget til lovendring når det gjeld organisering av stadnamntenesta, har fått svært god mottaking blant høyringsinstansane.

Som statens rådgivande organ i språkspørsmål vil Språkrådet få eit utvida mandat som følgje av dette forslaget. Språkrådets samfunnsoppdrag er å styrkje statusen og bruken av norsk språk, og forvalte rettskrivingsnormene for bokmål og nynorsk. Språkrådet skal også bidra til å auke bruken av kvensk og styrkje statusen til kvensk. Språkrådet har ikkje eit direkte mandat til å arbeide med samiske språkspørsmål, men det høyrer til det generelle oppdraget til Språkrådet å arbeide for tiltak som styrkjer også samisk. Desse overordna språkpolitiske samfunnsoppdraga høyrer derfor godt saman med det verkemiddelet stadnamnlova er til å sikre den delen av norsk, kvensk og samiske språk som stadnamna utgjer.

Oppgåvene til stadnamntenesta

Ein sentral saksbehandlingsregel i gjeldande lov § 6 første ledd sjuande punktum er at namnekonsulentane skal gi tilråding før vedtaksorganet gjer vedtak om skrivemåten. Praksis til no har vore at namnekonsulentane har gitt råd og rettleiing også om sjølve namnevalet.

Departementet foreslår å vidareføre det materielle innhaldet i eit forslag frå 2017 om at namnekonsulentane i tillegg til å gi råd om skrivemåte, også skal gi tilråding om namneskikk og namnsetjing før vedtak, jf. § 6 første ledd sjuande punktum. Bakgrunnen for dette er at departementet meiner det er behov for å gi ein heimel for at stadnamntenesta kan ha ei oppfølgingsrolle også etter at det er gjort vedtak.

Etter dei redaksjonelle endringane som er foreslåtte i proposisjonen, blir nummereringa av paragrafane endra slik at innhaldet i gjeldande § 6 blir flytt til § 9 første ledd. Samtidig blir tittelen på paragrafen endra frå § 6 Nærmare om saksbehandlinga til § 9 Tilråding. Første leddet i paragrafen er foreslått endra slik at det går klart fram at før det blir gjort vedtak om skrivemåten, skal stadnamntenesta gi tilråding om fastsetjing av namn, namneskikk og skrivemåte. Departementet foreslår også at stadnamntenesta får heimel i § 13 til å uttale seg om bruk av stadnamn – etter at vedtak er gjort.

Berre éin høyringsinstans uttalar seg negativt til at stadnamntenesta skal kunne uttale seg om bruk av stadnamn.

Forslaget vil føre til at stadnamntenesta får tydelegare heimel til å gi tilråding om avgjerder som heng saman, og som er omfatta av formålet med lova; nemleg val av eit namn, vedtak om skrivemåte og praktisk bruk av namnet.

Stadnamntenesta skal kunne gi tilråding om korleis reglane om bruk av stadnamn er å forstå. Grunnen til at det i høyringsnotatet er presisert at tilrådinga skal kunne skje etter vedtak er fatta, er for å tydeleggjere at tenesta også kan rådførast i saker som gjeld manglande bruk eller feilbruk av namn. Denne bruken skjer etter at namnet er vedteke. Etter framlegg til ny § 12 er Fylkesmannen klageinstans for slike saker, og kan då rådføre seg med stadnamntenesta om regelverket.

Departementet meiner at ordet «tilråding» i tittelen i § 9 er dekkjande for dei rådgivande funksjonane namnekonsulentane har i saksbehandlinga.

Klage på avgjerder etter stadnamnlova

I gjeldande stadnamnlov § 10 er det fastsett kva avgjerder etter lova ein kan klage på, kven som har klagerett, og kven det kan klagast til. Paragrafen vart sist endra i 2015. Då vart det klargjort at det også er høve til å klage ved brot på føresegnene om namnevern i § 3 i lova.

Departementet foreslår å klargjere at der Kongens mynde er delegert til eit departement, og eit departement har fatta eit vedtak i kraft av dette myndet, så er vedtaket endeleg. Forslaget inneber at det ikkje er mogeleg å klage på desse vedtaka til Klagenemnda for stadnamnsaker etter klagereglane i stadnamnlova.

Vidare foreslår departementet å fastsetje i stadnamnlova at Fylkesmannen er rett klageinstans når klagen gjeld manglande bruk og feilbruk av vedteke stadnamn, når det er kommunane og fylkeskommunane som ikkje brukar namna eller brukar dei feil.

Det er ikkje mange høyringsinstansar som har uttalt seg om desse framlegga, men dei som har kommentert dette særskilt, er hovudsakleg positive. Departementet legg til grunn at dei som støttar heile departementets framlegg, ikkje har innvendingar mot dette.

Ved at Fylkesmannen blir klageinstans i slike saker, kan Fylkesmannen påpeike og kritisere eventuell mangelfull etterleving av lova. Fylkesmannens fråsegn er ikkje å rekne som eit vedtak etter forvaltningslova, men som ei vurdering av korleis kommunane etterlever stadnamnlova. Eit motargument kan vere at Fylkesmannen ikkje nødvendigvis har den kjennskapen til stadnamnlova og dei vurderingane som knyter seg til bruk av stadnamn som trengst for å behandle desse klagane. Departementet ser dette poenget og peikar på forslaget om å ta inn i lova at stadnamntenesta også kan uttale seg om bruk av stadnamn, jf. forslag til ny § 13 andre ledd andre punktum. Dette vil sikre at Fylkesmannen kan innhente ei vurdering frå stadnamntenesta når det er behov for det.

Departementets vurdering er at føresegna bør endrast slik at det ikkje lenger står «overordna departement», jf. forslag til § 12 tredje ledd. I staden bør klagar på manglande bruk og feilbruk av stadnamn i statlege organ gå til det nærmaste overordna organet.

Gjenopning av stadnamnsaker

Vedtak som er gjorde av Klagenemnda for stadnamnsaker med heimel i gjeldande lov, blir ikkje påverka av forslaget til lovendringar. Lovendringane har ikkje tilbakeverkande kraft, og vedtaket er bindande.

Kommunane står uansett fritt til å fastsetje nye namn på stader som det tidlegare har vore reist namnesak om. Viss det blir klaga på det nye namnevedtaket, skal klagen behandlast etter dei reglane i stadnamnlova som til kvar tid gjeld.

Redaksjonelle endringar

Departementet foreslo i høyringsnotatet ei rekkje redaksjonelle endringar som var meint å gjere lova lettare tilgjengeleg for dei som skal bruke ho. Desse er ikkje meint å endre det materielle innhaldet i lova, men har berre til formål å gjere lova enklare og klarare.

Departementet merkar seg at dei høyringsinstansane som har uttalt seg om forslaga til redaksjonelle endringar i lova, er gjennomgåande positive til forslaga og meiner dei gjer lova enklare å forstå.

Etter departementets syn bør dei foreslåtte endringane gjennomførast. På bakgrunn av innspel i høyringsrunden foreslår departementet i tillegg nokre tekniske endringar i lovteksten.

Administrative og økonomiske konsekvensar

Etter departementets vurdering vil forslaga samla sett ikkje ha nemnande økonomiske og administrative konsekvensar.