Innledning

Meldinga omfattar statsrekneskapen med ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap. Løyvingsrekneskapen syner samla løyving og rekneskap for kvar post i statsbudsjettet. Under utgiftspostane ser ein òg overført løyving frå 2017 til 2018 og overført løyving frå 2018 til 2019. Kapitalrekneskapen syner statens eigedelar, gjeld og eigenkapital. Meldinga inneheld òg oversyn over rekneskapen for Svalbard, statens garantiansvar, tilsegns- og bestillingsfullmakter og oversyn over aksjar som staten eig.

Det er lagt vekt på å forklare avvik mellom budsjett og rekneskap. Budsjettutviklinga gjennom 2018 fram til nysalderinga er nærare omtalt i Prop. 33 S (2018–2019) Ny saldering av statsbudsjettet 2018.

I kapittel 1 i meldinga er det gjort greie for hovudelementa i statsrekneskapen og budsjettpolitikken. Dette omfattar mellom anna bruken av petroleumsinntekter, veksten i statsutgiftene og statens skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg og frå petroleumsverksemda. Lånetransaksjonar og finansieringsbehov vert òg omtalt. Kapittel 2 i meldinga tek føre seg områda til kvart departement for seg. I kapittel 3 i meldinga er rekneskapen til Statens pensjonsfond omtalt, og i kapittel 4 er det gjort greie for statens balanse og finanspostar.

Hovudtal

Tabell 1.1 syner statsrekneskapen 2018 etter postgrupper i statens kontoplan for høvesvis utgifter og inntekter. Dei samla utgiftene vart 1 717,6 mrd. kroner, medan inntektene før statslånemidlar vart 1 780,7 mrd. kroner. Overskot før lånetransaksjonar i statsrekneskapen og netto lånepostar (post 90–99) gjev eit brutto finansieringsbehov på -63,1 mrd. kroner. Samla inntekter medrekna statslånemidlar vert 1 717,6 mrd. kroner.

Det oljekorrigerte underskotet går fram av netto utgifter og inntekter (post 1–89) utanom kontantstraum frå petroleumsverksemda og overføringane til og frå Statens pensjonsfond utland (SPU). Underskotet vert dekt med ei overføring frå SPU til statsbudsjettet som svarar til det oljekorrigerte underskotet, slik det vart rekna i nysaldert budsjett.

Av tabell 1.1 går det fram at det oljekorrigerte underskotet i 2018 vart 218,5 mrd. kroner, som er 7,0 mrd. kroner lågare enn i nysaldert budsjett. Statsrekneskapen vart difor gjord opp med eit overskot på 7,0 mrd. kroner.

Tabell 1.1 Utgifter og inntekter 2018

Utgifter (mill. kroner)

Samla

Sum utan overføring SPU

Utan petroleum og overføring SPU

Kontantstraum petroleum

Overføring SPU

Driftsutgifter (post 1–29)

172 236

172 236

172 236

0

0

Investeringar (post 30–49)

68 590

68 590

46 035

22 555

0

Overføringar (post 50–89)

1 328 278

1 077 319

1 077 319

0

250 959

Sum utgifter utan lånetransaksjonar

1 569 104

1 318 145

1 295 590

22 555

250 959

Lånetransaksjonar (post 90–99)

148 491

148 491

146 738

1 754

0

Sum utgifter med lånetransaksjonar

1 717 595

1 466 637

1 442 328

24 309

250 959

Inntekter (mill. kroner)

Sal av varer og tenester (post 1–29)

138 224

138 224

23 714

114 510

0

Inntekter i samband med nybygg, anlegg m.m. (post 30–49)

27 670

27 670

4 034

23 636

0

Skattar, avgifter og andre overføringar (post 50–89)

1 410 211

1 184 697

1 049 330

135 368

225 514

Sum inntekter utan lånetransaksjonar

1 576 105

1 350 591

1 077 078

273 513

225 514

Tilbakebetalingar (post 90–99)

204 612

204 612

202 858

1 754

0

Sum inntekter før statslånemidlar

1 780 717

1 555 203

1 279 936

275 267

225 514

Netto post 1–89, utgifter og inntekter (underskot før lånetransaksjonar)

-7 001

-32 446

218 513

-250 959

25 445

+ Netto lånetransaksjonar (post 90–99), utgifter og inntekter

-56 120

-56 120

-56 120

0

0

= Brutto finansieringsbehov (statslånemidlar)

-63 122

Sum inntekter med lånetransaksjonar

1 717 595

Tabell 1.2 syner samla eigedelar, gjeld og eigenkapital slik det går fram av kapitalrekneskapen. Eigenkapitalen minka i 2018 med 222,8 mrd. kroner. Nedgangen skriv seg frå Statens pensjonsfond. Overskotet før lånetransaksjonar aukar eigenkapitalen, medan auken i avsetjing av overførte midlar reduserer eigenkapitalen. Anna endring i eigenkapitalen er nærare omtalt i kapittel 4.

Tabell 1.2 Eigedelar, gjeld og eigenkapital (mill. kroner)

2018

2017

Endring

Sum eigedelar

9 766 982

10 060 732

-293 750

Sum gjeld

695 369

766 319

-70 950

Avslutningskonto (eigenkapital)

9 071 614

9 294 413

-222 799

Endring i eigenkapitalen:

Endra verdi Statens pensjonsfond

-241 686

Overskot før lånetransaksjonar i balansen

7 001

Auka avsetjing av overførte midlar

-2 305

Anna endring i eigenkapitalen

14 191

Tabell 1.3 syner endring i kapitalen til Statens pensjonsfond og samanhengen med overskot, valutakursregulering og realiserte og urealiserte vinstar og tap, fordelt på høvesvis SPU og SPN (Statens pensjonsfond Noreg).

Overskotet i Statens pensjonsfond vart 250,4 mrd. kroner. Til saman vert statsrekneskapen og Statens pensjonsfond gjorde opp med eit overskot på 257,4 mrd. kroner i 2018.

Tabell 1.3 Statens pensjonsfond (mrd. kroner)

SPU

SPN

Samla

Netto kontantstraum

251,0

251,0

– Overført statsbudsjettet

225,5

225,5

Renter og utbyte

217,2

7,8

225,0

Overskot

242,6

7,8

250,4

Kapital per 31.12.2017

8 484,1

240,2

8 724,3

Overskot

242,6

7,8

250,4

Valutakursregulering

223,6

-

223,6

Realiserte/urealiserte vinstar/tap

-706,9

-8,8

-715,7

Kapital per 31.12.2018

8 243,4

239,2

8 482,6

Endra verdi, fondskapital

-240,7

-1,0

-241,7