Søk

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fredric Holen Bjørdal, Svein Roald Hansen, Ingrid Heggø, Åsunn Lyngedal og Rigmor Aasrud, fra Høyre, Elin Rodum Agdestein, lederen Henrik Asheim, Mudassar Kapur, Vetle Wang Soleim og Aleksander Stokkebø, fra Fremskrittspartiet, Sivert Bjørnstad, Bård Hoksrud og Jan Steinar Engeli Johansen, fra Senterpartiet, Sigbjørn Gjelsvik og Trygve Slagsvold Vedum, fra Sosialistisk Venstreparti, Kari Elisabeth Kaski, fra Venstre, Abid Q. Raja, fra Kristelig Folkeparti, Tore Storehaug, fra Miljøpartiet De Grønne, Kristoffer Robin Haug, og fra Rødt, Bjørnar Moxnes, tar rapporten til orientering.

Komiteen viser til at Stortinget i desse dagar behandlar eit framlegg til ny sentralbanklov der representantskapet si rolle vert styrkt.

Komiteen er opptekne av at representantskapet i tråd med dette gjer ei kritisk vurdering av eigen arbeidspraksis og ser til at denne er i tråd med målet om god og effektiv folkevald kontroll av verksemda Noregs Bank utfører på vegner av landet og folket. Det er viktig at tilsynet held eit høgt nivå og er kritisk, granskande og relevant. Komiteen peiker på at Grunnlova § 75 bokstav c tydeleg streker under Stortinget si viktige rolle overfor Noregs Bank. Representantskapet si verksemd må sjåast i ljos av dette.

Komiteen oppmodar særskilt om at ein vurderer om dagens rapport frå representantskapet til Stortinget har ei form og eit innhald som gjer at den er relevant for Stortinget og legg til rette for folkevald kontroll av Noregs Bank si verksemd. Komiteen peiker på at rapporten er lang, formalistisk og prega av standardformuleringar og avsnitt som i hovudsak er identiske frå år til år. Komiteen ber representantskapet vurdere om ein kortare og meir problemfokusert rapport kan vere meir tenleg. Ein slik rapport kunne også hatt større interesse hjå ålmenta, som er Noregs Bank sine eigentlege eigarar og oppdragsgjevarar.

Komiteen vil elles gjerne sjå at representantskapet og finanskomiteen kan kome saman for å drøfte aktuelle problemstillingar og ha ein dialog om representantskapet si verksemd.

Komiteen er opptekne av at regjeringa og Stortinget samrøystes har gått inn for at representantskapet skal oppretthaldast. Det er essensielt at representantskapet vert sikra gode arbeidsvilkår for å kunne utføre samfunnsoppdraget sitt. I dette ligg tilgang til informasjon og at representantskapet sitt sjølvstende skal sikrast.

Medlemene i komiteen frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet Dei Grøne peiker på at dagens organisering, der representantskapet sitt sekretariat (tilsynssekretariatet) held til i Noregs Bank sine lokale, ikkje står fram som ei god løysing på lengre sikt med tanke på behovet for sjølvstende. Desse medlemene meiner at det ut frå ei slik vurdering vil vere ein styrke om tilsynssekretariatet får lokale utanfor Noregs Bank. Desse medlemene ber representantskapet vurdere dette nøyare i ljos av den styrkte rolla representantskapet no får.

Desse medlemene peiker elles på at Noregs Bank formelt ikkje er underlagd lov om målbruk i offentleg teneste (mållova). Desse medlemene viser til at Noregs Bank likevel skal fylgje mållova, og at representantskapet kan føre tilsyn med dette.

Desse medlemene viser til at representantskapet – i kraft av å vere kontroll- og tilsynsorganet til Stortinget i sentralbanken – skal føre direkte tilsyn med alle delar av verksemda. Desse medlemene meiner økonomistyringa i banken og det som står fram som ein betydeleg og aukande pengebruk, er noko representantskapet kunne undersøkje nærmare det neste året.

Desse medlemene viser til at representantskapet utfører eit viktig arbeid på vegner av Stortinget og det norske folket.