3. Forslag frå mindretal

Forslag frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt:
Forslag 1

Stortinget ber regjeringa sikre at tidlegare politiske føringar vert følgde opp, og at SSB-Kongsvinger vert styrkt i tal på årsverk og i innhald.

Forslag 2

Stortinget ber regjeringa leggja fram forskriftene til statistikklova for Stortinget før iverksetjing.

Forslag frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet:
Forslag 3

Statistikkloven § 19 femte ledd nytt tredje punktum skal lyde:

I tillegg oppnevnes to representanter av og blant de tilsatte.

Forslag frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt:
Forslag 4

Stortinget ber regjeringa gjennom forskrift fastsetje at SSB ikkje kan krevje brukarane for meir enn reelle marginalkostnader for å produsere tilpassa datasett og liknande tenester.

Forslag 5

Stortinget ber regjeringa syte for at alle SSB sine data som ikkje er sensitive med omsyn til personvern eller landet sin tryggleik, skal gjerast tilgjengelege gratis for befolkninga på eigna måte.

Forslag 6

Stortinget ber regjeringa fremje lovframlegg for Stortinget som gjer det tydeleg at den klare hovudregelen for SSB si verksemd er full openheit og deling av all informasjon, inkludert rådata.

Forslag frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raudt:
Forslag 7

Statistikkloven § 21 skal lyde:

Departementet kan gi forskrift som er nødvendig for å oppfylle Norges statistikkforpliktelser etter EØS-avtalen frem til XX. juni 2019 (lovens vedtakstidspunkt). Eventuelle fremtidig oppståtte forpliktelser skal legges frem for Stortinget til behandling i egen sak. EØS-forpliktelser av teknisk karakter på begrensede statistikkområder kan likevel fastsettes i forskrift uavhengig av når de inntrådte og uten behandling i Stortinget.

Forslag frå Sosialistisk Venstreparti, Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt:
Forslag 8

Lov om offisiell statistikk og Statistisk sentralbyrå (statistikkloven) § 19 femte ledd skal lyde:

(5) Rådet for Statistisk sentralbyrå skal ha femten medlemmer som oppnevnes av Kongen i statsråd for en periode på fire år. Medlemmer kan oppnevnes for en samlet periode på inntil tolv år. I tillegg oppnevnes to representanter av og blant de ansatte.

Forslag frå Senterpartiet:
Forslag 9

Stortinget ber regjeringa kome tilbake til Stortinget med eit framlegg til lovendring som inneber at det er Stortinget som skal vedta dei fleirårige nasjonale statistikkprogramma.

Forslag 10

Stortinget ber regjeringa undersøkje korleis ein best mogleg kan organisere seg slik at statistikkbrukarar, inkludert folk flest, kan få påverknad på dei nasjonale statistikkprogramma og generelt på kva statistikk som vert produsert, korleis statistikk vert gjord tilgjengeleg, og liknande tilhøve.