Forslag fra mindretall

Forslag fra Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti:
Forslag 1

Stortinget ber regjeringa leggje fram ei eiga sak for Stortinget som klargjer alle kostnadar og nye faktorar som følgje av etablering av MPA på Evenes, før arbeidet startar.

Forslag 2

Stortinget ber regjeringa, seinast i samband med statsbudsjettet for 2020, leggje fram ei sak med alle pågåande prosjekt for militær aktivitet på Andøya.

Forslag 3

Stortinget ber regjeringa vente med alle pågåande prosjekt på Evenes knytt til MPA til rapport om alliert mottak er handsama av Stortinget.

Forslag fra Senterpartiet:
Forslag 4

Stortinget ber regjeringa i statsbudsjettet for 2020 kome attende til Stortinget med ei utgreiing av eksisterande planar for eigedom, bygg og anlegg i Indre Troms opp mot reelt behov for forlegning av norske og allierte soldatar.