9. Refusjon av utbytteskatt – renteberegningstidspunkt

9.1 Sammendrag

Når Skatteetaten skal rekne ut renter på refusjonskrav av kjeldeskatt på utbyte, må dei hente inn dato på utbetaling frå skatteoppkrevjaren og rekne ut rentene manuelt for kvar enkelt refusjonssøknad, òg når det er utbyte til fleire aksjonærar frå same selskap. Saksbehandlinga er svært ressurskrevjande for Skatteetaten.

Av den grunn foreslår departementet å endre tidspunktet ein reknar renter frå i saker om refusjon av utbyteskatt til utanlandske aksjonærar, og i staden rekne rentene frå 1. juli i det året utbytet vert utdelt. I dag vert rentene rekna frå det tidspunktet skatten vart betala til staten. Endringa vil gjere saksbehandlinga mykje enklare, og dei utanlandske aksjonærane vil få refusjonen raskare enn i dag.

Departementet antek at framlegget ikkje vil verke inn på det samla provenyet, og at framlegget vil ha liten økonomisk verknad for aksjonærane.

Departementet syner til framlegg om endringar i skattebetalingsloven § 11-4.

Departementet foreslår at endringane tek til å gjelde frå 1. juli 2019 med verknad for vedtak om refusjon som vert fatta frå og med denne datoen.

9.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens lovforslag.