2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Dag Terje Andersen, Eva Kristin Hansen og Magne Rommetveit, frå Høgre, Svein Harberg og Bente Stein Mathisen, frå Framstegspartiet, Grethe Andersen, frå Senterpartiet, Nils T. Bjørke, frå Sosialistisk Venstreparti, Torgeir Knag Fylkesnes, og uavhengig representant Ulf Leirstein, syner til Riksrevisjonen si undersøking av det norsk-russiske bilaterale miljøsamarbeidet (Dokument 3:8 (2018–2019)).

Komiteen har i samband med handsaminga av denne rapporten vore på synfaring på norsk og russisk side frå 27. til 29. mai 2019. Komiteen har på denne synfaringa møtt engasjerte folk og viktige institusjonar, og vil takke for den informasjonen og kunnskapen som vart komiteen til del på båe sider av landegrensene.

Komiteen har mellom anna vitja Øvre Pasvik nasjonalpark, representantar frå nikkelverket i Nikel, russiske forskarar og vidare Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) Svanhovd og målestasjonen til Norsk institutt for luftforskning (NILU) i Svanvik.

Komiteen vil streke under at den informasjonen som vart gjeven, er i tråd med dei funna Riksrevisjonen har i sin rapport, og dannar eit godt grunnlag for den tilrådinga komiteen kjem med.

Komiteen syner til at Riksrevisjonen i sin rapport har tre hovudfunn:

  • Det er framleis rom for å styrkje samarbeidet i fleire av prosjekta og å synleggjere den kunnskapen som kjem fram i samarbeidet.

  • Framleis manglar det eit felles regelverk for gjennomføringa av arbeidet.

  • Midlane til å finansiere arbeidet virkar til å bli utbetalte unødig seint.

Komiteen sluttar seg til dette og dei tilrådingane som Riksrevisjonen kjem med i sin rapport.

Komiteen meiner det er viktig å ha eit godt samarbeid mellom Noreg og Russland når det gjeld miljøsamarbeid, og særleg i grenseområda mellom dei to grannelanda. Komiteen seier seg difor særs nøgd med at det i denne saka har vore eit samarbeid på tvers av dei to riksrevisjonane i Noreg og Russland. Vi treng meir samarbeid for at vi i fellesskap kan kome fram til gode løysingar på dei miljøutfordringane me står framfor. Frå norsk side er det framleis grunn til å vere uroa over forureininga som kjem frå nikkelverka på Kolahalvøya og dei ulike kjeldene til radioaktiv forureining som finst i nærleiken av Finnmark.

Komiteen syner til miljøvernavtala mellom Noreg og Russland frå 1988 og 1992. I og med at det ikkje finst avtaler av nyare dato, er komiteen nøgd med at ein har sett mest på perioden frå 2013 til 2018. Ein parallellrevisjon som her har vore gjord, kan vere eit steg på vegen mot ei ny miljøvernavtale mellom dei to landa, men komiteen vil tilrå at dette blir eit vidare tema for Klima- og miljødepartementet å ta opp med Utanriksdepartementet for vidare modning og eventuell utgreiing.

Komiteen vil i den samanheng peike på at når det til dømes er vanskeleg å få løyve til å registrere talet på isbjørnar i russisk område og registrering av det biologiske mangfaldet, er det naudsynt å følgje opp dette. Desse døma, saman med fråveret av eit felles regelverk for den øvrige gjennomføringa av arbeidet, gjer at komiteen er utålmodig på vidare framgang i samarbeidet i og med at eit felles regelverk var noko ein var samde om å få på plass gjennom avtala frå 1992.

Komiteen vil særskilt få nemne problema med utsleppa frå nikkelverka på russisk side av grensa. Komiteen seier seg samd med Riksrevisjonen i at det er veikskap i samarbeidet som gjer at grannane ikkje har vorte samde om kva slags tolegrense som skal være styrande for miljøsamarbeidet og sikre miljøet i grenseområda. Til dømes er Pasvikprogrammet, og konklusjonane frå dette, eit døme på noko som hadde vore ein fordel å hatt semje omkring for å kome vidare i samarbeidet. Komiteen har merka seg at det ikkje har vore mogleg å få med dei russiske styresmaktene på ein slik konklusjon.

Komiteen vil peike på at sjølv om Russland framleis vurderer ratifisering av Parisavtala frå desember 2015, er det viktig at ein av omsyn til klima- og miljøarbeidet framover prøver å få til ei semje om nærare samarbeid. Dette gjeld òg arbeidet med å kartleggje det biologiske mangfaldet og kva trugsmål dette står overfor. Komiteen er difor glad for at partane har ratifisert konvensjonen om biologisk mangfald.

Komiteen vil særskilt peike på arbeidet med havmiljøsamarbeidet. Ein heilskapleg plan for forvaltninga av Barentshavet, som òg inkluderer dei russiske havområda, er viktig å arbeide saman om. Komiteen legg til grunn at Noreg vil følgje opp det pågåande russiske arbeidet med forvaltningsplanen for den russiske delen av Barentshavet. Overvakinga av økosystemet i det sårbare Barentshavet er særs viktig, og komiteen vil streke under at det er viktig at Noreg og Russland blir samde om finansiering, metodikk og kva slags miljømål som skal setjast i dette arbeidet.

Komiteen syner til konklusjonen frå Riksrevisjonen om at utbetalinga av midlane i det bilaterale samarbeidet kjem seint til partane. Komiteen er samd i dette og meiner midlane må kunne utbetalast tidlegare, slik at aktørane kan sette i verk tiltak i rett tid utan at dei sjølve må leggje ut for det som er løyvd. Komiteen legg til grunn at kontrollen med kva midlane går til, er, og skal vere, god.

Komiteen legg vidare vekt på dei seks tilrådingane som kjem frå Riksrevisjonen i rapporten:

  • For å styrke miljøkommisjonens arbeid bør Klima- og miljødepartementet i henhold til artikkel 6 i avtalen av 3. september 1992 i samarbeid med russiske myndigheter fortsette å utarbeide regler og prosedyrer for samarbeidet.

  • Klima- og miljødepartementet må fortsette arbeidet med å definere en tålegrense for naturen i grenseområdene, og Norge må fortsette å være en pådriver for å nå målet om å bringe utslippene fra nikkelverkene ned til et nivå som ikke skader helse og miljø i grenseområdene.

  • Klima- og miljødepartementet må fortsette arbeidet med å harmonisere metoder for måling av forurensning av tungmetaller både i luft og på land.

  • Klima- og miljødepartementet bør fortsette å bidra til at det blir utarbeidet en oppdatert flerbruksplan for Pasvikvassdraget. En slik flerbruksplan bør fungere som et reelt virkemiddel i arbeidet med å forvalte vassdraget og bidra til en tilpasset miljøovervåkning av området.

  • Klima- og miljødepartementet kan gjøre mer nytte av kunnskapen om truede fugle- og dyrearter som bygges opp gjennom det bilaterale miljøsamarbeidet og i større grad synliggjøre dette. Forvaltningen av arter er et nasjonalt ansvar. For felles bestander er det likevel et potensial for at Norge og Russland i større grad kan diskutere hvilke tiltak landene kan sette i verk hver for seg eller sammen for ytterligere å ta vare på de sjeldne og truede artene som man har framskaffet kunnskap om gjennom samarbeidet.

  • Utenriksdepartementet bør effektivisere den interne prosessen med å tilgjengeliggjøre midlene som finansierer store deler av det bilaterale miljøsamarbeidet på norsk side slik at midlene kan utbetales tidligere på året.

Komiteen sluttar seg til dette, og syner her elles til svara frå klima- og miljøministeren og utanriksministeren som kjem fram i rapporten, og forventar at dette blir følgt opp som lova.