Sammendrag

Omprioriteringar

Regjeringa foreslår i denne proposisjonen naudsynte endringar i forsvarsbudsjettet for 2019 på utgifts- og inntektssida.

Forsvarsdepartementet foreslår at 146 mill. kroner blir omdisponerte for å styrke forsyningsberedskapen for ammunisjon i Forsvaret, jf. målsettinga for langtidsplanen for forsvarssektoren. Ved å tilføre 146 mill. kroner vil forsyningsberedskapen for ammunisjon i Forsvaret bli betrakteleg forbetra.

Det er signert kontrakt om sal av fem utrangerte C-130H Hercules transportfly med tilhøyrande reservedelar. Salet er godkjent av norske (Utanriksdepartementet og Forsvarsdepartementet) og amerikanske (United States Department of State) myndigheiter. Salsprisen er 4,5 mill. dollar, dvs. om lag 40 mill. kroner. Forsvarsdepartementet foreslår å nytte inntekta på om lag 30,0 mill. kroner frå salet av Hercules til å dekkje opp for auka valutautgifter i Forsvaret.

Vidare foreslår Forsvarsdepartementet å omdisponere 19,2 mill. kroner til etableringa av ein leir på Skjold i Troms for nederlandske styrkar som trener og øver i Noreg.

Føremål

For å skape best mogleg samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapittel og postar, og endringar i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan budsjettet blei vedtatt, legg Forsvarsdepartementet fram forslag om endringar i løyvingane til forsvarsbudsjettet for 2019.

Totalt utgjer omgrupperinga for 2019 ein foreslått auke i løyvinga til Forsvarsdepartementet på 102,8 mill. kroner på utgiftssida. På inntektssida er det forslag om å auke løyvingane med 115,7 mill. kroner. I tillegg foreslår Forsvarsdepartementet å auke ei bestillingsfullmakt med 2 523 mill. kroner. For ei nærmare omtale av endringane på kapittel- og postnivå blir det vist til proposisjonen.

Økonomisk grunnlag

Grunnlaget for omgrupperinga er vedtatt budsjett for 2019, midlar overførte frå 2018 og seinare endringar gjorde av Stortinget. Det er også teke omsyn til forsvarssektoren sin del av lønskompensasjonen for 2019.

Bestillingsfullmakter

Det er foreslått ein auke i bestillingsfullmakter i 2019 for kap. 1720 post 1, med 2 523 mill. kroner, frå 2 172 mill. kroner til 4 695 mill. kroner. Auken er knytt til bestillingar av ammunisjon, klede og utrustning samt at Forsvarets høgskole inngår kontrakt om levering av utdanning frå eksterne.