Søk

Hovedtrekk i statsregnskapet

Innledning

Meldinga omfattar statsrekneskapen med ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap. Løyvingsrekneskapen syner samla løyving og rekneskap for kvar post i statsbudsjettet. Under utgiftspostane ser ein òg overført løyving frå 2018 til 2019 og overført løyving frå 2019 til 2020. Kapitalrekneskapen syner statens eigedelar, gjeld og eigenkapital. Meldinga inneheld òg oversyn over rekneskapen for Svalbard, statens garantiansvar, tilsegns- og bestillingsfullmakter og oversyn over aksjar som staten eig.

Det er lagt vekt på å forklare avvik mellom budsjett og rekneskap for 2019. Budsjettutviklinga gjennom 2019 fram til nysalderinga er nærare omtalt i Prop. 28 S (2019–2020) Ny saldering av statsbudsjettet 2019.

Virusutbrotet i 2020 vil ha store konsekvensar for utgiftene og inntektene i statsbudsjettet 2020 og for overføringa til og frå Statens pensjonsfond. Marknadsverdien på Statens pensjonsfond, målt i norske kroner, vert òg monaleg påverka gjennom krisa. Rekneskapen og denne meldinga speglar statens ut- og innbetalingar og balanse til og med 31. desember 2019, i tråd med prinsippa for føring av statsrekneskapen, sjå kapittel 4.4 i meldinga. Hendingar etter balansedagen fram til meldinga vert lagd fram, vert difor ikkje omtalte i statsrekneskapen 2019.

Kapittel 1 gjer greie for hovudelementa i statsrekneskapen og budsjettpolitikken. Dette omfattar mellom anna bruken av petroleumsinntekter, veksten i statsutgiftene og statens skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg og frå petroleumsverksemda. Lånetransaksjonar og finansieringsbehov vert òg omtalte. Kapittel 2 tek føre seg områda til kvart departement for seg. I kapittel 3 er rekneskapen til Statens pensjonsfond omtalt, og i kapittel 4 er det gjort greie for statens balanse og finanspostar.

Ein viser til meldinga for nærare omtale.