Innhald

11. Fritak for merverdiavgift på dybdejournalistikk

Sammendrag

Frå 1. juli 2019 vart fritaket for meirverdiavgift for tidsskrift utvida til òg å omfatte fritak for tidsskrift i elektronisk format. I arbeidet med føresegna for elektroniske tidsskrift vart det frå fleire høyringsinstansar peikt på at framlegget ikkje tok tilstrekkeleg omsyn til dei moglegheitene til mellom anna fleksibel publisering, som ligg i elektronisk publisering.

Fritaket for aviser, både i trykt og elektronisk format, er i dag mellom anna avgrensa til aviser som har ei brei dekking av nyheits- og aktualitetsstoff. Departementet gjer framlegg om at fritaket for aviser vert utvida til òg å omfatte aviser som har ei djuptgåande dekking av nyheits- og aktualitetsstoff. Framlegget er meint å gje medium som driv denne typen journalistisk produksjon og publisering høve til å gjere seg nytte av moglegheitene som ligg i elektronisk publisering.

Departementet gjer framlegg om at endringa vert gjennomført ved ei endring av merverdiavgiftsloven § 6-1 om fritak for aviser, slik at lova ikkje berre omfattar aviser trykt på papir, men òg aviser i elektronisk format (elektroniske aviser). Dei nærare krava til kva som vert rekna som ei avis i merverdiavgiftsloven si forstand gjer departementet framlegg om vert regulert i ei ny forskrift til merverdiavgiftsloven § 6-1. Departementet gjer difor framlegg om eit nytt andre ledd i merverdiavgiftsloven § 6-1 som gjev departementet høve til å fastsetje forskrift om kva ein meiner med aviser, irekna om vilkår for fritak.

Departementet legg opp til at det i forskrifta vert fastsett at det med aviser meinast redaktørstyrte medium som vert publisert ein gong i veka eller oftare og er retta mot allmenta. I tillegg legg departementet opp til at avisa anten må ha brei journalistisk produksjon og publisere i hovudsak nyheiter og aktualitetsstoff frå ulike samfunnsområde, eller djuptgåande journalistisk produksjon og publisere i hovudsak nyheiter og aktualitetsstoff frå eit avgrensa samfunnsområde.

Framlegget til ny § 6-1 i merverdiavgiftsloven, som omfattar elektroniske aviser, dekkjer delar av fritaket i gjeldande § 6-2 i merverdiavgiftsloven om fritak for elektroniske nyheitstenester. Departementet gjer framlegg om å endre merverdiavgiftsloven § 6-2 slik at det avgrensast mot tilfelle der fritaket vil følgje av merverdiavgiftsloven § 6-1 om aviser.

Departementet legg opp til enkelte endringar i merverdiavgiftsforskriften § 6-2-1 om elektroniske nyheitstenester for å oppnå einsarta omgrep med dei nye forskriftene til merverdiavgiftsloven § 6-1 om aviser. Endringane i merverdiavgiftsloven § 6-2 eller merverdiavgiftsforskriften § 6-2-1 er elles ikkje meint å innebere endra rekkjevidde av fritaket for elektroniske nyheitstenester.

Departementet legg til grunn at framlegget til utvida omfang av fritaket for aviser ikkje inneber statsstønad som må notifiserast etter EØS-regelverket.

Departementet legg opp til at endringane tek til å gjelde frå 1. juli 2020. Endringane vil gje eit provenytap på om lag 25 mill. kroner påløpt og 15 mill. kroner bokført i 2020. Det understrekast at tala er usikre. Dei langsiktige verknadane på provenyet er truleg betydeleg større. Departementet viser til omtalen av de økonomiske og administrative følgjene av framlegget.

Departementet viser til framlegg til endring i merverdiavgiftsloven §§ 6-1 og 6-2.

Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens lovforslag.