Innhald

Del II

Deltakinga og eigenproduksjonen til barn og unge

0.6 Innleiing

Barn og unge må aktivt kunne delta i kunst- og kulturlivet på eigne premissar. Kulturtilbodet skal leggje til rette for gode møteplassar som byggjer fellesskap og er ein inkluderande arena. Kulturtilbodet skal gi ytringskompetanse, leggje til rette for utvikling og læring og gi barn og unge meistringsopplevingar. Kulturtilbodet skal gi barn og unge sosial og kulturell anerkjenning og byggje sosial og kulturell kompetanse.

I del II i medlinga går departementet nærmare inn på deltakinga og eigenproduksjonen til barn og unge. På kva måte kan det offentlege leggje til rette for at alle barn og unge får delta, utøve og bidra i eit kunst- og kulturtilbod på fritida? Korleis sikre eit mangfald av tilbod som er tilgjengeleg der barn og unge bur, som let dei medverke, og som er relevant for barn og unge med ulike erfaringar og kompetanse?

0.7 Lokale kulturtilbod til barn og unge

Kapittel 7 i medlinga ser på det lokale kulturtilbodet, som det frivillige kulturliv, fritidsklubbane og Ung Kultur Møtes. Kapittelet ser nærmare på tiltak for lik moglegheit for deltaking og på kor viktig det er med gode møteplassar i nærmiljøet.

0.7.1 Organiserte kunst- og kulturaktivitetar

Regjeringa vil

  • styrkje kunnskapen om deltakinga i og bruken av det frivillige kulturlivet blant barn og unge

  • styrkje Frifond organisasjon og vurdere ein ny modell for å innrette Frifondordningane slik at denne bidreg til forenkling og brei deltaking

  • styrkje arbeidet fritidsklubbane gjer med eigenorganisert aktivitet gjennom omdisponering av Frifondmidlane

  • setje i gang ein innovasjonsprosess for å identifisere behov og utvikle digitale satsingar på barne- og ungdomskulturfeltet

0.7.2 Møteplassar for kunst- og kulturaktivitet

Regjeringa vil

  • støtte initiativ frå kultursektoren til kartlegging av kulturlokale for å bidra til meir kunnskap om lokale til kulturformål

  • oppmode kommunar og andre til å bruke rettleiinga for å utvikle møteplassar for datakultur

  • leggje til rette for gode møteplassar i nærmiljøet der både frivillige organisasjonar, private aktørar og kommunale verksemder kan tilby kunst- og kulturaktivitetar for, med og av barn og unge

  • leggje til rette for samarbeid med og medverknad frå barn og unge som representerer det frivillige kulturliv, og at samarbeid mellom kulturskolen, Ung Kultur Møtes, fritidsklubbane og biblioteka blir koordinert

  • leggje til rette for lokale visningsarenaer der barn og unge kan vise fram ferdigheitene sine for eit publikum

0.7.3 Like moglegheiter til å delta

Regjeringa vil

  • styrkje arbeidet med auka mangfald i barne- og ungdomskulturen

  • føre vidare Kulturrådets arbeid som nasjonal mangfaldskoordinator for å bidra til eit meir tilgjengeleg, representativt og relevant kulturliv, også for barn og unge

  • føre vidare tilskottsordninga Inkludering i kulturliv slik at barn og unge som ikkje deltek i fritidsaktivitetar, får moglegheita til å delta jamleg i organiserte kulturaktivitetar saman med jamaldringane sine

  • leggje fram ein handlingsplan om universell utforming der tiltak for å gi barn og unge med funksjonsnedsetjing tilgang til lokale der dei kan delta i og oppleve kunst og kultur skal vurderast

  • arbeide saman med kommunesektoren og frivilligheita for å nå måla i Fritidserklæringa

  • sørgje for at kunnskap om kjønn og likestilling i fritida til barn og unge blir samla, systematisert og gjord tilgjengeleg

  • utrede moglegheita for rabattordningar for barn og unge hos institusjonane som får tilskott via Kulturdepartementets budsjett

  • leggje til rette for tett samarbeid mellom kommunar og lokale foreiningar og lag, og bidra til å sikre at tilbodet til barn og unge er godt koordinert og samordna for å nå ut med informasjon til barn og unge

0.8 Ein styrkt kulturskole for framtida

Kapittel 8 i meldinga tek utgangspunkt i utfordringar som blei presenterte i rapporten Kultur + skole = sant – et kunnskapsgrunnlag om kulturskolen.

Alle kommunar skal ha eit kulturskoletilbod. Denne plikta er forankra i opplæringslova.

Regjeringa ønskjer framleis ein sterk kulturskole for framtida. Kulturskolen bidreg til at barn og unge trivst, får danning, og at dei får utvikle seg. Kulturskolen skal tilby barn og unge eit variert tilbod av høg kvalitet, og alle barn og unge som ønskjer det, bør få eit kulturskoletilbod. Kulturskolen speler ei viktig rolle som talentutviklar gjennom fordjupingsprogrammet sitt. I tillegg kan kulturskolen spele ei tydelegare rolle med tanke på inkludering og integrering i lokalsamfunnet.

Barnehage, skole, skolefritidsordninga (SFO) og frivilligheita er sentrale samarbeidspartnarar for kulturskolen. Det er eit mål å utnytte kompetansen i kulturskolen slik at han kjem barnehagen, skolen og SFO til gode.

Kapittelet skisserer korleis kommunane kan få til dette, og kva moglegheiter som ligg i handlingsrommet kommunane og kulturskolane har.

I meldinga presenterer regjeringa konkrete tiltak for å betre kulturskolen. For å lykkast med å nå visjonen om ein «Kulturskole for alle» må lokale og statlege myndigheiter foreine innsatsen og jobbe mot same mål.

0.8.1 Kulturskolen i Noreg

I medlinga vert det gitt ei oversikt over historia til kulturskolen frå 1960-åra fram til kulturskole-Noreg i dag.

Norsk kulturskoleråd blei stifta i 1973 og er ein landsdekkjande interesse- og utviklingsorganisasjon for kommunar som eig og driv kulturskolar. Sentralt i arbeidet til Norsk kulturskoleråd er den nyleg vedtekne «Strategi 2032 – Med kulturskolen inn i fremtiden». Her er dei vesentlege strategiområda mangfald – berekraft – digitalitet og samskaping.

0.8.2 Ansvar og utfordringar

Kulturskolane er eigde og drivne av kommunane, og dei har stort handlingsrom til å utforme og tilpasse tilbodet ut frå etterspørselen og tilgjengelege ressursar.

Kulturskolerapporten frå 2019 Kultur + skole = sant. Kunnskapsgrunnlag om kulturskolen i Norge peiker på ei rekkje faktorar som påverkar korleis kommunane og kulturskolefeltet balanserer ulike omsyn for å utnytte det handlingsrommet og det ansvaret dei har. Ei utfordring er å få opp rekrutteringa til kulturskolen. Ei anna utfordring er å finne gode løysingar på ulike forventningar til kulturskolen.

Regjeringa støttar formålet til kulturskolen, slik det er beskrive i rammeplanen for kulturskolen «Mangfold og fordypning», og støttar at kommunane held fram med å byggje kulturskolearbeidet sitt på dette formålet.

Regjeringa vil

  • at visjonen for kulturskolen skal vere «Kulturskole for alle»

  • at kulturskolen skal vere open for personar i alle aldrar. Primærmålgruppa er barn og unge i alderen 0–19 år, og barn og ungdom i skolealder skal prioriterast.

  • at kulturskolen skal vere både ein skoleaktivitet, ein kulturaktivitet og ein fritidsaktivitet

  • at det bør vere eit politisk mål for kulturskolen at kommunane har eit breiddetilbod og eit kjernetilbod

  • oppmode til at nokon kulturskolar i kvart fylke/region tek eit særskilt ansvar for fordjupningstilbodet der det er behov for det

  • at Kulturskolerådet blir ein partnar i Fritidserklæringa

  • be om at kommunane vurderer om kulturskolen kan omfattast av fritidskortet

  • at Utdanningsdirektoratet vidareutviklar informasjon om kulturskolen, også på fleire språk, og gjer informasjonen tilgjengeleg

  • oppmode kulturskolane til å jobbe med å rekruttere breiare for å nå ut til alle barn og unge

  • oppmode kulturskolane til å jobbe for å tilby eit breitt spekter av kulturuttrykk og tilbod i porteføljen sin

0.8.3 Føringar for kulturskolen

Departementet peikar på at når meldinga drøftar styring av kulturskolen, må kva rolle staten (irekna Utdanningsdirektoratet og statsforvaltaren) har, ansvaret kommunane har og arbeidet til Kulturskolerådet vurderast under eitt. Den statlege styringa av kommunesektoren må balanserast mellom nasjonale omsyn og omsynet til det kommunale sjølvstyret. Kommunane skal ha rom for å prioritere og å tilpasse tenestene sine i tråd med lokale forhold og behov.

Regjeringa vil

  • at kulturskolen skal halde fram med å vere lovforankra i opplæringslova

  • vurdere å foreslå endringar i krava til læringsmiljøet i kulturskolen

  • formalisere at Utdanningsdirektoratet har eit oppdrag om å bidra til kulturskoleutviklinga

  • at Utdanningsdirektoratet skal halde fram med å ha ansvaret for statistikk om kulturskolen

  • at Utdanningsdirektoratet vil bidra med informasjon, rettleiing og støtte retta mot kulturskolen der det er relevant

  • be Kulturskolerådet om å vurdere endringar i rammeplanen for kulturskolen i tråd med endringane som blir skisserte i stortingsmeldinga. Rammeplanen skal halde fram med å vere rettleiande

0.8.4 Kompetanse i kulturskolen

Kvaliteten på undervisninga i kulturskolane avheng av den kunstfaglege og pedagogiske kompetansen til kulturskolelærarane. Kulturskolen er kjenneteikna av dyktige lærarar, og mange har høg formell kunstfagleg kompetanse. Det er likevel behov for å utnytte denne kompetansen betre i kommunane og å sjå på korleis kulturskolelærarar kan tileigne seg brei pedagogisk kompetanse som vil vere nyttig i kulturskolen.

Regjeringa vil

  • vurdere dei moglege rollene og ansvaret til andre yrkesgrupper, kulturskolelærarane medrekna, i barnehage, skole og SFO

  • bidra til at det blir spreidd informasjon om PPU og kulturskolen

  • ha dialog med Norsk kulturskoleråd om eit ansvar for å ha ei oversikt over kompetansebehovet i regionane og for å ha dialog med universitets- og høgskolesektoren

  • vurdere tiltak for å gjere det enklare for personar med formell kompetanse i praktiske og estetiske fag, for eksempel lærarar i kulturskolen, å kvalifisere seg for å undervise på 1.–4. trinn

  • utvide målgruppa for rekrutteringsstipendet slik at kulturskolelærarar òg kan søkje om dette stipendet

  • føre vidare forventningar om at kulturskolen blir inkludert i partnarskapssamarbeid og kompetansehevinga av praksislærarar

0.8.5 Kulturskolen i lokalsamfunnet

Kulturskolerapporten frå 2019 peiker på at korleis kommunen har plassert kulturskolen organisatorisk i kommunen, for eksempel om han er plassert under skole/oppvekst eller under kultur, vil spele inn på kva samarbeid kulturskolen inngår med andre aktørar i kommunen.

Det er store variasjonar i omfang og innhald i kulturskoletilbodet, tilsetjingsformer og kor mykje pengar kommunen bruker på kulturskolen. Dette er òg faktorar som speler inn på kva rolle kulturskolen har i lokalsamfunnet, og kor mykje samarbeid det er på tvers.

Eit samarbeid mellom kulturskolen, barnehagen, skolen og SFO finst i dag mange stader. Sidan kommunen er eigar av både kommunale barnehagar, skolar, SFO og kulturskolen, gir det anledning til å sjå ressursane på tvers av dei ulike

Det er dessutan eit stort potensial i samarbeid mellom kulturskolar og vidaregåande opplæring, ikkje minst med tanke på den høge kompetansen innan praktiske og estetiske fag mange lærarar i kulturskolen har.

Regjeringa vil leggje til rette for at kulturskolane, SFO-ane og frivilligheita kan samarbeide.

Regjeringa er positiv til arbeidet Norsk kulturskoleråd gjer med å opprette unversitetskulturskolar.

Nesten alle kulturskolane i landet har teke i bruk rammeplanen for kulturskolen. Dermed byggjer mange kulturskolar verksemda si på visjonen om at kulturskolen skal vere eit lokalt ressurssenter. Dette er eit godt utgangpunkt for å samarbeide og å utnytte ressursane betre. Ideen om kulturskolen som ressurssenter heng òg godt saman med målet til regjeringa om at alle kulturskolar skal ha eit breiddetilbod.

Regjeringa vil

  • leggje til rette for at kulturskolen kan ha ei rolle som lokalt ressurssenter i eigen kommune gjennom at gode eksempel på samarbeidsformer blir spreidde vidare

0.8.6 Kulturskolen som inkluderings- og integreringsarena

Sjølv om det lenge har vore eit uttrykt ønske at kulturskolen skal vere ein kulturskole for alle, viser ulike forskingsrapportar at kulturskolen ikkje har nådd dette målet.

Regjeringa legg til grunn at kommunane involverer kulturskolen i kommunal planlegging som fremjer inkludering og integrering.

Kulturskolane bør arbeide for, så langt det er mogleg, å tilpasse det generelle tilbodet for enkeltelevar eller grupper som har behov for ulike typar tilrettelegging. Kommunane bør òg vurdere om det er behov for særskilde tilbod til grupper eller enkeltelevar i kulturskolane. I arbeidet med aktuelle tilpassingar av tilbodet vil det vere viktig å sikre god involvering og medverknad.

Regjeringa vil

  • vurdere moglegheitene for korleis kulturskolesamarbeidet kan fremjast i det nordiske samarbeidet

  • oppmode til at kommunane utnyttar potensialet kulturskolane har som inkluderande kraft i lokalsamfunnet

0.9 Opplæring og fordjuping i kunst og kultur

Kapittel 9 i meldinga viser korleis kunst og kultur og dei praktisk og estetiske faga er ein del av barnehagen og skolen. Kapittelet beskriv arenaer der barn og unge får opplæring og fordjuping i kunst og kultur, og korleis arbeidet med fordjupning kan bli styrkt framover.

Å sikre at kunsten og kulturen har ein plass i barnehage- og skolekvardagen, er avgjerande for at alle barn og unge skal kunne lære om desse uttrykka og få eit grunnlag for vidare fordjupning viss dei ønskjer det. Skolen når alle barn og unge uavhengig av sosial, kulturell eller geografisk bakgrunn. Praktiske og estetiske fag speler ei sentral rolle for elevanes læring og utvikling innan kunst og kultur. Praktiske og estetiske læringsprosessar kan brukast i alle fag i skolen.

Regjeringa har som mål å styrkje rolla kulturskolen har som regional talentaktør.

Regjeringa har som mål å bidra til eit auka mangfald av utøvarar i kunst- og kulturlivet og å løfte fram nye stemmer. Å gi barn og unge anledning til å bli kjende med og utøve eit variert spekter av kunst- og kulturuttrykk gjennom opplæring og fordjuping i kunst og kultur er eit ledd i dette arbeidet. Dagens barn og unge er dei framtidige kulturutøvarane våre. For å sikre breidde i rekrutteringa til det kunstnariske virket er det heilt nødvendig med gode arenaer for kulturdeltaking.

Regjeringa vil

  • satse på talentprosjekt (som Talent Norges juniorsatsing, Norsk filminstitutt sitt talentarbeid og talentarbeidet til kunstinstitusjonane) for å rekruttere nye stemmer til norsk kunst- og kulturliv

  • utrede moglegheiten for ei tilskottsordning for barne- og ungdomstiltak og -ensemble på eit høgt kunstnarisk nivå

  • leggje til rette for samarbeid og samhandling mellom ulike aktørar som arbeider med kunst og kultur for barnehagebarn