Øystein Hedstrøm (Frp):
Jeg har
følgende spørsmål til samferdselsministeren på vegne av nærings- og
energiministeren:
El-brukende bedrifter, tradere og
meglervirksomhet i kraftmarkedet påstår at Statkraft og andre større
kraftprodusenter opptrer i strid med energilovens intensjoner. Markedsmakt
ved kunstige oppkjøp, problemer med offentliggjørelse av magasinfyllinger,
påstand om mulig prissamarbeid samt Statkrafts mulighet til å legge bånd på
importen kan være prisdrivende i strid med energilovens intensjoner.
Hva kan gjøres for at prisdannelsen i
el-markedet skal fungere?
Statsråd Kjell Opseth:
Eg skal då få
gje følgjande svar på vegner av nærings- og energiministeren:
Det har i den seinare tid vore ein del
diskusjon om kvifor prisane i spotmarknaden i 1994 er høgare enn tidlegare.
Dette har kome svært overraskande på mange. Frå 1990 til september i år har
bruttoforbruket av elektrisitet auka med om lag 10 TWh blant annet på grunn
av oppgang i økonomien. I samme perioden har det ikkje kome noko særleg ny
kapasitet på nettet. Kraftmarknaden har såleis vorte gradvis strammare i
1990-åra. Saman med mindre tilsig enn normalt i 1994 og spesielle tilhøve
ved kraftmarknaden i Sverige har dette ført til at spotprisane i 1994 er
vesentleg høgare enn dei vi har hatt i fleire år. At vi har svingingar i
spotprisane når marknadstilhøva og tilsiga endrar seg, vil eg karakterisere
som normalt. Men eg vil understreke at kraftprisane ikkje er høgare enn at
dei fleste kraftprodusentane framleis ventar med å starte opp nye
utbyggingar av vasskraft.
Det er frå fleire hald sagt at dei
høge prisane skuldast at produsentane samarbeider. Det er
Konkurransetilsynet si oppgåve å overvake dette. Det er likevel ikkje lagt
fram særlege, konkrete argument som syner at Statkraft eller andre større
kraftprodusentar handlar i strid med konkurranselovgjevinga, sjølv om vi
ikkje kan utelukke dette. Med det store talet på produsentar vi har i
Noreg, med utveksling med utlandet og med konkurranseflate mot
oljemarknaden, har kvar enkelt produsent berre avgrensa høve til å påverke
spotmarknaden.
Det blir no offentleggjort tal for
magasinfyllinga kvar månad. Utviklinga i fyllingsgraden gjev ikkje grunn
til mistanke om at produsentane utnyttar ei eventuell marknadsmakt. Den
relative fyllingsgraden for september var 78,4 pst. for landet under eitt,
ein nedgang på 0,5 prosentpoeng frå august i år. Normalt vil
magasinfyllinga auke på denne tida av året. Dette viser at produsentane må
bruke noko av vatnet som ein normalt ville spare til seinare, for å dekkje
etterspurnaden etter elektrisitet.
Utvekslinga med Sverige går utanom
Statkraft, men Statkraft tek hand om utvekslinga med Danmark. Kablane til
Danmark har i år vore for dårleg utnytta. Dette problemet arbeider vi med å
løyse. Statkraft forhandlar no med ELSAM for mellom anna å få til ei betre
utveksling og dermed betre utnytting av Skagerrak-kablane.
Øystein Hedstrøm (Frp):
Jeg takker
statsråden for svaret.
Nærings- og energidepartementet er
øverste organ for håndheving av energiloven, med et omfattende
kontrollansvar for en rekke konsesjonsbelagte virksomheter. Samtidig er
departementet eier av Statkraft som den desidert største kraftprodusenten.
Selskapet har ikke bare en 30 pst. andel av den samlede
produksjonskapasiteten i det norske kraftsystemet, men innehar også en rekke
andre roller og oppgaver, herunder driften av overføringskablene til
Danmark. Ser statsråden at det i en del tilfeller kan oppstå tvil om
departementet på en enkel og grei måte kan håndtere de to konflikterende
rollene som kontrollør av energiloven og oppfølging av dens intensjoner,
samtidig som staten som eier ønsker en høy avkastning hos Statkraft? Og hva
kan gjøres for å hindre at denne dobbeltrollen gir seg utslag i sviktende
tillit blant aktørene i kraftmarkedet?
Statsråd Kjell Opseth:
Det er
Konkurransetilsynet si oppgåve å vurdere om Statkraft sine disposisjonar er
innanfor konkurranselova og energilova sine retningsliner om konkurranse.
Overvakinga av konkurransen er altså ikkje departementet si oppgåve.
Departementet er difor ikkje sett i noka dobbeltrolle i forhold til
Statkraft.
Øystein Hedstrøm (Frp):
Jeg takker
statsråden for svaret på mitt tilleggsspørsmål.
Det er sterkt ønskelig at
kraftmarkedet blir et marked med en større del av omsetningen over børs for
å hindre sterk styring av prisutviklingen. Inneværende år er det forventet
at kun 5 pst. av kraftomsetningen skjer over ukemarkedet, som i realiteten
er det prisnormerende kraftmarked. Hva kan statsråden gjøre for å fremme
dynamikken og tilpasningsevnen i energimarkedet?
Statsråd Kjell Opseth:
Samla blir det
årleg omsett 15-25 pst. av krafta gjennom marknader som blir organiserte av
Statnett Marked AS. Hovudtyngda blir omsett over døgnmarknaden, som har ei
sentral rolle i etableringa av prisar for forbrukarar og produsentar. Det
er viktig at omsetninga over denne marknaden er høg, slik at prisane som
blir danna, gjev eit truverdig bilete av krafta sin verdi. Når omsetninga
over vekemarknaden berre utgjer 5 pst. av den samla omsetjinga, må ein sjå
dette på bakgrunn av at denne marknaden er ny - den vart etablert i 1992 -
medan døgnmarknaden starta i 1971. Vekemarknaden er likevel i sterk
utvikling. Kvar veke blir det no omsett for 40-50 millioner kr. Statnett
Marked AS har nyleg kjøpt opp Norsk Kraftmarked AS, noko som vil styrkje
arbeidet med å utvikle marknaden og skape større interesse for bruk av
marknadene. I tillegg til dette blir det arbeidd med å vidareutvikle
regelverket for kraftmarknaden både i departementet, i NVE og i Statnett
Marked. Arbeidet med å utvikle dei organisatoriske marknadene er difor i
ein fase der utviklinga skjer raskt og i ei positiv retning. Høve til å
kjøpe kraft på lengre sikt i vekemarknaden blir gradvis utvida, og kraft kan
no kjøpast meir enn eitt år fram i tid.
Eg vil difor påstå at det allereie
blir gjort mykje for å betre den dynamikken og tilpassingsevna som
representanten Hedstrøm saknar.