Stortinget - Møte onsdag den 19. oktober 1994

Dato: 19.10.1994

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 8

Oscar D. Hillgaar (uavh): Jeg har da et spørsmål til samferdselsministeren:

Sivil luftfart påføres store merutgifter grunnet uhensiktsmessig organisering av europeisk lufttrafikktjeneste, senest bekreftet gjennom Europaparlamentets resolusjon om flykontroll 27. september 1994. I regi av flere, internasjonale, EU- og nordiske organer, arbeides det med forslag til rasjonalisering og effektivisering ved å styrke faglig kompetanse og integrere lufttrafikktjenestens ressurser på tvers av landegrensene.

Kan den norske tjenesten tilpasses en slik effektiv modell?

Statsråd Kjell Opseth: På slutten av 1980-talet vart samferdselsministrane i Den europeiske luftfartskonferansen samde om at det måtte gjerast noko for å redusere forseinkingane i flytrafikken i Europa, som då var eit stort problem. Med bakgrunn i dette vedtaket vart ein samd om at det ville vere naudsynt å utforme dei tekniske systema som den europeiske lufttrafikktenesta nyttar, mest mogleg likt og sjå til at datasystema kunne samarbeide landa imellom. Måten flygeleiarane skal gjennomføre sitt arbeid på, skal òg gjerast mest mogleg lik. Den europeiske organisasjonen for flysikring, EUROKONTROL, fekk oppgåva med å leie arbeidet i eit prosjekt som vart kalla EATCHIP.

Noreg har heile tida vore med på dette arbeidet. Sidan arbeidet i EATCHIP starta opp, har flytrafikken i Europa auka, men forseinkingane har likevel gått nedover. Noreg har no meldt seg inn i EUROCONTROL.

Noreg vil fylgje opp arbeidet som er sett i gang internasjonalt, og arbeider med å rasjonalisere den norske tenesta for at denne skal vere tilpassa dei endringar som går føre seg i Europa.

Døme på at Noreg fylgjer opp arbeidet som går føre seg i Europa, er den nye kontrollsentralen for Aust-Noreg i Røyken, som er tilpassa det europeiske samarbeidet. Det kan òg visast til at Noreg i haust har sett på om det er mogleg å nytte radarsignal frå svenske radarstasjonar for å betre overvakinga av norsk luftrom, og om Sverige er interessert i å nytte norske radarsignal der dei sjølve ikkje har god nok dekning.

Oscar D. Hillgaar (uavh): Jeg takker statsråden for svaret som var optimistisk. Jeg har en tilleggskommentar: Etter at vedtaket om omorganisering av Luftfartsverket i Norge fant sted her i Stortinget, gikk vi inn på en modell hvor man brøt opp denne tjenesten pr. regionsnivå, og man satte sammen enheter som ikke hørte med i hverandre i denne europeiske integrasjonsmodellen. Vil statsråden i fortsettelsen av dette arbeidet med integrasjon og effektivisering også se på organisasjonsmodellen slik at de naturlige tjenesteenheter som hører sammen på europeisk nivå, også får en organisering her i landet som er tilpasset dette?

Statsråd Kjell Opseth: Så langt eg kjenner til, er flygeleiartenesta organisert på ulike måtar i Europa, og i Noreg har vi valt å regionalisere også flygeleiartenester. Eg kan ikkje sjå at det er nokon erfaringar med det som tilseier at ein skulle revurdere ei slik ordning.