Magnhild Meltveit Kleppa (Sp):
Mitt
spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren lyder slik:
I brev av 13. mai 1997 har kommunane
fått brev om at investeringskostnader i samband med 6-årsreforma berre blir
kompensert for skular med sju 6-åringar eller fleire.
På kva grunnlag har statsråden gitt ei
slik melding?
Statsråd Reidar Sandal:
Kyrkje-,
utdannings- og forskingsdepartementet har i brev av 13. mai 1997 informert
kommunane om dei endringane i kompensasjonen for kostnadene til
grunnskulereforma som er lagde fram i samband med revidert nasjonalbudsjett
i
St.prp.nr.63 (1996-1997)
Omprioriteringar og tilleggsløyvingar på statsbudsjettet 1997.
Proposisjonen ligg no til behandling i Stortinget. I proposisjonen er det
m.a. gjort framlegg om ein auke i kompensasjonen for investeringskostnadene
ved grunnskulereforma for skular med 6-åringar som ikkje utløyser ny klasse.
Kommunane er svært opptatt av kva dei
vil få i kompensasjon for kostnader i samband med grunnskulereforma i 1997.
Departementet har derfor sytt for at kommunane blir informerte om dei
framlegga som er gjorde i samband med revidert nasjonalbudsjett. Dersom
Stortinget ved behandlinga av St.prp.nr.63 vedtar endringar i kompensasjonen
til kommunane, vil kommunane omgåande bli informerte om dette.
Magnhild Meltveit Kleppa (Sp):
I
B.innst.S.nr.12
(1996-1997) står følgjande å lesa:
Komiteen
viser til at det ikke er beregnet noe investeringsbehov for 6-åringer som ikke
utløser nye klasser. Komiteen har imidlertid merket seg at i de tilfeller der
6-åringene innebærer en økning av antall elever i klassen, kan det etter særskilt
dokumentasjon gis kompensasjon for bygningsmessige tilpasninger eller utvidelse.
Økning i investeringsrammen som følge av dette vil bli presentert i Revidert
nasjonalbudsjett for 1997.
Et tykkjer ikkje statsråden sitt svar
er eit svar på spørsmålet mitt. Eg spurde på kva grunnlag han har sendt ut
denne meldinga. Eg kan konstatera at han har sendt denne meldinga ut på
eige grunnlag, utan å ta omsyn til at Stortinget har sagt at her kan gjevast
kompensasjon « etter særskilt dokumentasjon ».
Statsråd Reidar Sandal:
Behandlinga av
denne saka må ein sjå i perspektiv, tilbake til det tidspunktet Regjeringa
fremma St.prp.nr.39 (1995-1996), Om investeringkostnadene ved
grunnskolereformen. Der gjorde ein greie for korleis prosedyren skulle
vere. Der heiter det m.a.:
Det
kan imidlertid være behov for bygningsmessige tilpasninger eller utvidelser av
eksisterende areale i tilfeller hvor det blir en betydelig økning av antallet
elever i klassen som omfatter 6-åringer.
Kyrkje-, utdannings- og
forskningskomiteen hadde i
Innst.S.nr.184
(1995-1996) ingen kommentar til dette, utover at fleirtalet føreset at det
blir følgt opp av departementet. Dette blei òg lagt til grunn i
St.prp.nr.1, og det er sluttarbeidet med denne saka departementet har gjort.
Eg vil understreke at vi har tatt
omsyn til dei enkeltsøknadene som er komne inn, innanfor den ramma som er
fastsett.
Magnhild Meltveit Kleppa (Sp):
Det er
verdt å merka seg at komiteen faktisk ikkje har gjentatt det som statsråden
skriv i sin proposisjon. Den har ikkje understreka ordet « betydelig ». Den
har ikkje eingong gjentatt det. Det er eit signal om at Stortinget ynskjer
å gje kompensasjon til dei skulane som har meirkostnader. Det kan ikkje
tolkast som noko anna enn det. Då er det grunn til å spørja: Er det
Stortinget eller er det stortingsproposisjonen statsråden her skal ta omsyn
til?
Her er 1.400 grendeskular. Her er
udelte og todelte skular som har undersøkt saka på førehand og fått positivt
signal om at dei kan få kompensasjon. Her er 90 kommunar som til no har
fått nei på søknaden sin frå departementet.
Dette kan ikkje oppfattast som noko
anna enn eit nytt anslag frå statsråd Sandal mot grendeskulane.
Statsråd Reidar Sandal:
Eg merkar meg
at representanten Meltveit Kleppa brukar sterke ord, men det er det ikkje
grunnlag for.
Når vi har informert kommunane om det
som er Regjeringa si vurdering av dette spørsmålet, er det for å stette det
informasjonsbehovet som kommunane har. Eg er meg sjølvsagt bevisst at saka
ligg til behandling i Stortinget og skal vurderast der. Men vi har handtert
saka på grunnlag av dei signala vi har fått, og ut frå dei føresetnadene som
vi har gjort greie for i behandlinga av heile dette spørsmålet, utan at eit
fleirtal i Stortinget har motsett seg denne prosedyren tidlegare.
Eg vil på det mest bestemte avvise at
dette er noko « anslag » mot grendeskulane, slik som representanten Meltveit
Kleppa prøvde å gje inntrykk av.