Stortinget - Møte onsdag den 4. juni 1997

Dato: 04.06.1997

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 7

Erling Folkvord (RV): Eg skal få stille eit spørsmål til kommunal- og arbeidsminister Opseth om eit tema som for så vidt var ein gjengangar frå andre representantar overfor førre kommunalminister:

Utette skorsteinar betyr brannfare og annan helserisiko. I Noreg er det i åra 1969 til 1987 produsert elementskorsteinar der det indre røykrøret er utett. Slike feil blir ikkje påvist utan ein grundig kontroll i kvar enkelt bygning.

Vil kommunalministeren sørgje for nødvendige endringar i lov eller forskrift slik at kommunale myndigheiter får både plikt til og moglegheit til å gjennomføre trykkprøving av skorsteinspiper for å undersøkje om dei er tette?

Statsråd Kjell Opseth: Representanten Erling Folkvord har ikkje presisert kva for skorsteinar han meiner er utette. Eg reknar med at han siktar til dei skorsteinane som vart godkjende på grunnlag av ein målemetode som vart brukt ved prøving av tettleik hos Norges Branntekniske Laboratorium frå 1960-talet til 1980-talet. Hovudgrunnen til at desse krava vart innførde, var at gransking hadde vist at skorsteinar med stor lekkasje fungerte lite tilfredsstillande reint fyringsteknisk. Dei hadde større kondensering og meir beksotdanning enn tettare skorsteinar. Det var altså ikkje branntrygging eller helseforhold som var hovudgrunnen for å innføre tettleikskrav.

Norges Branntekniske Laboratorium har også vurdert faren for brann ved sprekkar i innerrøret på elementpiper. Deira konklusjon er at det ikkje er dokumentert at slike sprekkar utgjer nokon særleg brannrisiko. Eg vil leggje til at det, etter dei opplysningane eg har fått frå Statens bygningstekniske etat, ikkje er påvist at slik låg tettleik har ført til brann.

Eg vil òg nemne at det normalt er undertrykk i ein skorstein når eldstaden den er knytt til, er i bruk.

Erling Folkvord (RV): Det er jo forholdsvis kompliserte tekniske ting dette, og det kan vel godt tenkjast at statsråden og eg er amatørar på det begge to. Men så vidt eg skjønar, viser statsråden til tidlegare dårlege målemetodar som vart brukte av norske godkjenningsstyresmakter. Og etter at dei har måtta gi opp dei dårlege godkjenningsmetodane, viser statsråden framleis til dei same styresmaktorgana når det gjeld påstanden om at dette er sånne manglar som ikkje fører til brann. Norsk Leca og fleire andre produserte ei utett pipe for å få ned overflatetemperaturen slik at pipa kunne monterast inntil treverk, og dei påstår at overflatetemperaturen vil stige dersom pipa blir tetta i ettertid. Men det er nødvendig med tetting. Kven skal vere ansvarleg for kostnadene ved tetting når byggherren faktisk har bygd med utett og uforsvarleg pipe i tiltru til godkjenningsorganet? Erkjenner statsråden at staten her har eit ansvar?

Statsråd Kjell Opseth: Eg kan vere samd med representanten Folkvord i at dette ikkje er eit tema som er mest prega av politikk, det er meir fag. Eg held meg då til dei instansane som handterer dette, dvs. Norges Branntekniske Laboratorium og Statens bygningstekniske etat. Dei opplysningane som eg har derfrå, har eg då gjengitt i mitt hovudsvar, og det tyder på at sprekkar i innerrør i piper er mindre brannfarleg enn det vi som lekfolk på dette området kanskje har eit inntrykk av.

Erling Folkvord (RV): Eg ventar ikkje at statsråden her og nå skal underkjenne opplysningar som han har fått frå Statens bygningstekniske etat og andre underordna etatar. Men mi oppfatning er at etatane ikkje har vore så kvalitetsbevisste på dette området som dei skulle m.a. i den perioden då utette elementpiper vart godkjende. Sjølv om det nå har vorte nokre forskriftsendringar for framtida etter at stortingsrepresentant Finstad tok opp denne saka med den førre kommunalministeren mange gonger, treng vi nå ei erkjenning av ansvar i dei tilfella det måtte vise seg at godkjenning av utette piper gjer det nødvendig å gjennomføre framtidig tetting. Er statsråden i så fall open for å sjå på om staten som godkjenningsinstans har eit ansvar dersom det viser seg nødvendig med tetting av piper som har vore godkjende då dei vart sette opp?

Statsråd Kjell Opseth: Eg vil berre få lov å seie at dei pipene som i dag er i bruk, er godkjende i samsvar med gjeldande regelverk. På toppen av det seier også dei faginstansane vi har på dette området, at sprekkar i innerrør i piper er mindre brannfarleg enn det sannsynlegvis både eg og representanten Folkvord har som oppfatning som lekmenn. Det er heilt tydeleg at det undertrykket som ein har i ei pipe når eldstaden som er knytt til pipa, er i bruk, medfører at det er mindre brannfare, og det er jo brannfaren som er problemet på dette området. Som vi høyrde, er spørsmålet om tetting meir knytta til beksotdanning og kondensering. Sjølvsagt kan det også vere problem for den enkelte. Eg er ikkje innstilt på å gje garantiar for kva som eventuelt skal skje i framtida, men når det blir utvist eit så sterkt engasjement, får vi ta ein runde til med dei fagorgana vi har på dette området.