Stortinget - Møte onsdag den 28. januar 1998

Dato: 28.01.1998

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 21

Inge Lønning(H): På vegner av representanten Petter Løvik skal eg få leggje fram dette spørsmålet for kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:

Oppslag i media viser at vedtaket om å redusere studenttalet ved universiteta nå gir seg direkte utslag i svekt undervisningstilbod til studentar som allereie er i gang med studia.

Kva vil Regjeringa gjere for å bøte på desse problema?

Statsråd Jon Lilletun: Stortinget vedtok ved handsaminga av statsbudsjettet for 1998 ein reduksjon i talet på studieplassar i universitetssektoren på om lag 2.000 i høve til hausten 1997. I samband med denne reduksjonen er det samla trekt inn om lag 60 mill. kr frå dei fire universiteta. Midlane som vart trekte inn frå universiteta, var føresett m.a å finansiere tiltak i Handlingsplan for helse- og omsorgspersonell, dvs. studieplassar i prioriterte utdanningar som sjukepleie, vernepleie og medisin.

Eg viser til at Stortinget gjennom handsaminga av Innst.S.nr.260 (1996-1997), jf. St.prp.nr.59 (1996-1997) , gav samtykke til regulering av opptaket til studium ved universiteta i Oslo, Bergen, Tromsø samt Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i samsvar med opptaksrammer for studieåret 1997-98, gjevne i St.prp.nr.59 (1996-1997) . Vidare er det i St.prp.nr.1 (1997-1998) m.a fastsett måltal for talet på studentar og talet på uteksaminerte kandidatar.

Innafor ovannemnde føringar har universiteta fridom til sjølve å disponere tildelte midlar, jf. praktiseringa av ein rammestyrt budsjettprosess i staten. Dette fører med seg at universiteta sjølve fordeler midlar på fakultet og institutt. Eg har forståing for at avvegingane for universiteta ikkje har vore enkle. Ut frå statsbudsjettet for 1998 tyder oppslag i media på at den reduserte løyvinga på samla 60 mill. kr er handsama noko forskjellig ved dei fire universiteta.

Oppslag i media har fokusert spesielt på redusert opptakskapasitet ved einskilde studium ved Universitetet i Oslo. I statsbudsjettet for 1998 er det lagt til grunn at talet på studieplassar skal bli redusert med 918, frå om lag 34.000 i 1997. Dette utgjer ein reduksjon på i underkant av 3 %. Intensjonen er at reduksjonane skal skje gjennom avgang av studentar som fullfører studiet sitt eller fell frå før dei har fullført, og gjennom redusert opptak til grunnivå.

Departementet har teke opp med institusjonane at studentar som allereie er i gang med studieløpet sitt, ikkje skal verte berørte. Eg vil syte for at dette på nytt vert presisert overfor universiteta.

Lodve Solholm hadde her igjen teke over presidentplassen.

Inge Lønning (H): Eg takkar for svaret. Det vil på dette tidspunktet vere uråd å gjere noko for å rette opp stoda når det gjeld vårsemesteret 1998, men det vil sjølvsagt vere råd å gjere noko konkret frå statsråden si side i samband med revidert nasjonalbudsjett med tanke på det andre semesteret i 1998, haustsemesteret. Det som røynslene viser, er at når institusjonane får beskjed om nedskjering av studenttalet på eit så seint tidspunkt som dei fekk denne gongen, er det praktisk talt uråd å løyse problemet utan å skape vanskar for studentar som har planlagt eit studieløp. Den einaste måten det er råd å spare pengar på, er å skjere ned på time- og hjelpelærarbudsjettet.

Statsråd Jon Lilletun: Eg klarer ikkje å la vere fyrst å seie at det er nesten ei høgtidsstund i salen når representanten Lønning på ein så framifrå måte bruker nynorsk. Eg meiner at så godt som han snakkar det, burde det verte den målforma han bruker til vanleg.

Når det gjeld dei oppslaga som har vore i forhold til Universitetet i Oslo, om at berre 40 studentar opphavleg vart tekne opp ved studiet i biologi, mot normalt 80 og i fjor 120, har departementet fått munnleg melding om at talet no er auka til 60, så dei har klart å gjere noko på kort sikt.

Elles er eg sjølvsagt samd med representanten Lønning i at når det er så korte fristar, er det vanskeleg for universiteta. Men eg vil stadfeste at vi vil fylgje dette nøye, slik at nedskjeringa fyrst og fremst går i høve til mindre opptak og ikkje rammar studentar som er i eit studieløp.

Inge Lønning (H): « Den største gleda ein kan ha, det er å gjere andre glad », så eg skal vurdere å halde fram.

Eg har eit tilleggsspørsmål til som eg gjerne vil leggje fram for statsråden. Mitt inntrykk er at Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet er av dei departementa som er mest restriktive når det gjeld å kommunisere med sine institusjonar undervegs i budsjettprosessen. Kunne statsråden tenkje seg å endre på den praksisen, slik at institusjonane på eit tidlegare tidspunkt får signal som dei kan ta omsyn til når dei skal planleggje?

Presidenten: Presidenten vil slutte seg til statsråden sin karakteristikk av representanten Lønnings nynorsk.

Statsråd Jon Lilletun: Vi har nyleg vedteke ei ny universitets- og høgskulelov. På mange vis trur eg den er ein god arbeidsreiskap. Men det er vel heller ikkje tvil om at på enkelte område kan detaljstyringa av desse institusjonane framleis vere vel sterk.

Oppmodinga frå representanten Lønning om ein opnare kommunikasjon skal eg ta med meg. Det er sjølvsagt eit problem at ein ikkje på ein måte kan gjere budsjettframlegget kjent før det er lagt fram, men samstundes burde ein kunne ha ein kommunikasjon med institusjonane om kva som er mogleg og ikkje mogleg. Vi skal i gang med eit større arbeid når det gjeld høgare utdanning, og i den samanhengen vil eg ta med oppmodinga frå representanten Lønning.